|
Private User
12/19/2009 at 8:43 AM
|
Det er stor sannsynlighet for at Endre Hellesylt i Hellesylt, Gamel i Øye og Gamel Dale i Dale er fra samme slekt. De stammer nok på en eller annen måte fra Gamel på Velle som er nevnt i Sunnmørsættleggen, der notatene trolig kommer fra tidlig 1200-tall. |
|
12/19/2009 at 9:09 AM
|
Post deleted by Russell Sletmoen on Feb 8, 2010 at 11:39 AM |
|
|
Private User
12/19/2009 at 10:48 AM
|
På Brukarforum, Digitalarkivet fins en tråd om denne slekta:
Einaste Gamel mellom dei 598 skattytarane på Sunnmøre 1520 var Gamel i Dale (Norddal). Han var, etter ein ættlegg oppsett kring 1590, son av 'Gunhild i Gudøen', og dermed av Synnesætta (trulig var Gunhild datter av Synnesætta sin eldste kjente stamfar, Jon Bårdson n 1429). Gamel i Dale hadde datra Siri, gm Sjur på Helsem (Stranda, av Ravnætta i Ulstein), foreldre til Rike Sæmund på Myklebust (Borgund), som fikk lagmann Povel Helgeson til å skrive ættleggen for seg. Gamel i Dale må nok også ha vore far til Peder Gamelson (ukjent bustad) som var lagrettesmann 1538, som igjen må ha vore far til Gamel Pederson på Uggedal i Borgund 1586. Gamel i Dale må, svært trulig, ha hatt ei datter eller ein son som var mor eller far til Gamel på Hellesylt; denne Gamel kan ha vore fødd midt på 1500-tallet (sonen Endre Gamelson var 90 år gammal 1666, men var nok helst litt yngre). Den einaste Gamel på Sunnmøre som er nemnt på Sunnmøre før 1520, er 'Gamel a Velle', som må ha levd på 1100-tallet (nemnt i Sunnmørsættleggen). Eg trur ikkje det er svært problematisk å følge etterslekta til Gamel på Hellesylt, men bygdeboka må supplerast kraftig." Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 2.2.2003 20:26 (7): "Slektsrekka på Hellesylt:
Gamel-namnet: 1520 finn vi bare 2 Gamel'ar i det området vi har skattemanntall for, nemlig Gamel på Berstad i Nordfjord og Gamel i Dale på Indre Sunnmøre. 1521 er så nemnt ein Gamel på Ille i Sæbø skipreide, Dalane futedøme. Eg trur nok at dei yngre Gamel'ane i Romsdal og på Sunnmøre kan stamme fra Gamel i Dale, også dei i Dale i Veøy. Når det gjeld Gamel Bodvarson på Hatlelid i Hornindal, så har han eit farsnamn som er nesten like sjeldent som fornamnet: Bodvar. Dette namnet kjenner vi fra Follestadætta i Ørsta og fra Korsbrekke i Sunnylven." "Når det gjeld Gamel på Hellesylt er han bare funne nemnt 1592; bygdeboka sitt årstall '1550' må vere eit forsøk på å sette eit fødselsår for han. Endre Gamelson er oppgitt med alderen 90 år 1666, men han treng slett ikkje vere fødd 1576 av den grunn - sannsynligvis var han yngre. At Gamel kan stamme fra Norddal (dvs fra Gamel i Dale) har eg nemnt som mulig, men vi veit det ikkje. At derimot kona hans var av Flo-ætta (den eldre Flo-ætta som eigde i Augustinusgodset), ser derimot ut til å vere greitt nok. Det som står om Gamel-ætta på Øye i Sunnylven ser ut til å vere rett." Endre Hellesylt
Arne Solli, Bergen, 5.2.2003 19:01 (18): "Korporal-Pe på Hellesylt, Peder Gamelsen Kjølås (2) og Ole Gamelsen Vike (3) var brør. Dette blir stadfest i eit skifte datert 4/4-1704 etter Brit Larsd. kona til Peder Gamelsen Kjølås (2). I dette skiftet er Ole Gamelsen Vike nemnd som farbroder. Korporal-Pe (5) brukar gardsnamnet Kjølås når han giftar seg i 1747 med Steinor Torsd. Møll. Eg vil derfor tru at Korporal-Pe var son til Gamel Pedersen Kjølås (4), son til Peder Gamelsen Kjølås (2). I Stranda bygdebok III er Ole Gamelsen Vike og Peder Gamelsen Kjølås (2) oppført med fødestad Øye i Sunnylven. Eg har ikkje funne kjelder som stadfester dette, men Gamel-namnet tilseier at desse to kan stamme frå Øye i Sunnylven og far deira var Gamel Endresen Øye (1). Generasjon 1: Gamel Endresen Øye (1)
|
|
Private User
12/19/2009 at 1:06 PM
|
Gamel Dale er trolig bestefar til Gamel Hellesylt. |
|
Private User
12/22/2009 at 7:46 PM
|
Post deleted by Private User on Dec 23, 2009 at 5:02 PM |