Far til Bård Jonsson Lid

Private Userが2009年12月 19日土曜日に開始

参加者:

  • Private User
    Geni Pro
  • Private User
    Geni Pro
  • Private User
    Geni member
  • Private User
    Geni Pro

言及されたプロフィール:

5 件表示
Private User
2009年12月19日 1:49 PM

Hvem var egentlig faren til denne Bård?

Noen oppgir Jon Sigurdsson Lid, andre Jon Bårdsson Barstad. Hva fins av kilder?

Private User
2009年12月20日 6:00 AM

Bjørn Jonson Dale tar i hvert fall opp spørsmålet i denne artikkelen (men gir egentlig ikke noe konklusivt svar):

http://www.soga.no/bjodale/kronologien/hustingrid.htm

HUSTRU INGRID POVELSDATTER OG ÆTTA HENNAR

Nokre utfyllande opplysningar om Synnesætta

INNLEIING

Interessa for ættegransking er større enn noka tid. Sams for alle som granskar sunnmørsætter er den massive veggen som reiser seg når ein kjem tilbake til år 1603. Bare for nokre få ætter sin del er det råd å trenge gjennom veggen og tilbake til 1500-tallet og eit stykke ned i mellomalderen. Dette gjeld m.a nokre ætter i Volda (Randallætta, Bjørkedalsættene) og Ørsta (Folle­stadætta) og eit par ætter i Sunnylven (særlig Austenætta).

Likevel blir det litt snautt om ein skulle å klare å knytte seg til ei av disse ættene - omtrent bare eitt namn for kvart ættledd og eit omtrentlig årstall. Er det ikkje råd å finne ut meir?

Dette spørsmålet har eg stilt meg lenge, men først i den siste tida har eg hatt høve til å gi meg inn i ei grundig gransking av sunnmørske eigedoms- og ættetilhøve i mellomal­deren og utetter 1500-tallet. Siktemålet har vore å sjå om det er råd å etablere ein sammenheng mellom den såkalte Sunnmørsættleggen som dekker tida 1000-1300, grovt sett, og mykje yngre opplysningar om ætt, odel og eigedom - t.d Follestadættleggen og Synnestavla, begge fra 1500-tallet.

Her skal eg bare legge fram det "nye" eg har funne om Synnes­ætta, og særlig om ei av greinene - Povelgreina - sidan eg skreiv om denne ætta sist, men då med eit perspektiv som granskar av sunnmørsk 1600- og 1700-talls historie.

SYNNESÆTTA

Med "Synnesætta" meiner eg etterkommarane til Jon Bårdson som på ættetavla fra 1586 er ført som stamfar til "Æthen thijl Synes goos". Tavla og ætta har eg gjort greie for i stykket "Synnes­godset og Synnesætta - or soga om den sunnmørske bonde­adelen" i verket "I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie ca 800-1660" (Ålesund 1994). Dei viktigste kildene og referansane er å finne der, men eit par punkt bør kanskje gjentakast og understrekast her:

Jon Bårdson, ættfaren, er bare kjent fra eit dokument 1429 og fra tavla 1586. Vi kjenner ikkje foreldra hans, heller ikkje kona hans, og vi veit ikkje kor han budde. Han eigde mykje jordegods utanom den tredjedelen i Synnes, Nedregarden, som har gitt ætta namn, men det må vere lov å gjette på at han budde der sidan Bård Jonson, som både etter tavla og namneskikken var eldstesonen hans, budde der. Men vi veit det ikkje.

NEDREGARDEN SYNNES

Her kan det høve å ta med ei retting, nemlig at den parten i Synnes som Jon Bårdson kjøpte av Sæmund Kolbeinson 1429 ikkje var på 4.5 men 5.5 månadsmatbol, og at landskylda av det vi kan kalle Jon-parten i Synnes 1661 var på kring 6 våger fisk (1 våg = 3 pund = 4 mællag), nemlig 4.5 våger i eiga til Brandalætta, 4 pund i eiga til Erik Rød i Romsdal samt 1 mællag i eiga til Roald (Vigra) kirke. Giskeparten i Synnes var samtidig 12 våger 1 pund fisk. Alt peiker tilbake på ei gammal tredeling av Synnes før 1429, der Giskegodset eigde Øvregarden og Midtgarden, kvar med ei landskyld på 4.5 våger fisk samt 5 mæler korn (1586), og Sæmund Kolbeinson eigde Nedregarden med like stor landskyld.

OPPHAVET TIL SYNNESÆTTA

Dersom Giskegodset si eige i Synnes var gammal ætteeige, er det rimelig å tenke på slektskap mellom Giskeætta og Synnesætta. Men etter Aslak Bolts jordebok fra kring 1430 eigde erke­stolen då 6 månadsmatbol i Synnes, som før kring 1530, etter Olav Engel­brektsons jordebok, må ha vore overtatt, kanskje gjennom make­skifte, av Giskegods­et.

Storgardane Blindheim og Roald - kvar med ei skyld på 24 våger fisk 1620 (seinare nedsett) - var enno først på 1600-tallet det vi kan kalle opphavlig krongods, dvs gods som ikkje hadde vore erkegods før reform­asjonen: jordegods som blei kverrsett eller lagt som bot til krona i mellomalderen - rimeligvis Blindheims­ætta sitt gamle gods. Er dette rett, må vi rekne med at også ætta sitt øvrige gods på Vigra og andre stadar også blei kverr­sett. Dermed er det, i alle fall ikkje enno, grunn til å tru at Synnesætta skulle vere ei overlevande grein av Blind­heimsætta.

Derimot kan eg nemne eit poeng som eg ikkje var fullt klar over sist eg skreiv om Synnesætta, nemlig at Jon Bårdson må ha vore av samme ætta som mannen han kjøpte av, Sæmund Kolbeinson.

SÆMUND KOLBEINSON

Men kva for ætt var så Sæmund Kolbeinson av? Ja, ser ein bare etter namnelikskap, kan ein ta til med Jarle Sulebust sitt stykke i dette tidsskriftet for 1982, "Borgunds første 'handels­hus'­?", der personane Simon Kolbjørnson (nemnt 1338) og Kolbjørn Simonson (nemnt 1350) er omtalte, Simon som sannsynlig kjøpmann i kaup­staden Borgund, Kolbjørn som ein sannsynlig son av denne, og kanskje jamvel kjøpmann. Det er ingen ting kronologisk i vegen for at Kolbjørn Simonson 1350 kan vere far til ein Sæmund Kol­beinson 1429, og namna Simon/Sæmund og Kolbjørn/Kolbein blei ofte brukte om kvar­andre, men ikkje alltid.

Ein kan også gå til Ola Kvalsund sin fantasiful­le, for ikkje å seie fantastiske serie "Opphavet til Sævikætta i Herøy" i dette tidsskriftet sine årgangar 1963-64, 1965-66 og 1967-68, der ein finn vår Sæmund "Kolbjørnson" som ein slektning av Jon Sæmundson, som 1421 blei tildømt noke jordegods i Godøy, og som Kvalsund ikkje bare identifiserer som jordeigaren Jon Mok, men også gjør til ein ætling av hovdingane og neskongane i Sunnmørsættleggen. Men slett ikkje alle slutningane hos Kvalsund er greie, for å seie det mildt...

JON BÅRDSON SINE BARN

Tavla nemner bare Jon Bårdson sine søner, i denne rekkefølga: "Baard", "Otther", "Paall", "Jonn" og "Tosthen". Men Jon døydde barnlaus, er det tilføygd, og vidare eit namn "Oluf Kold", som er overstroke og erstatta med "Oluf". Namnet "Oluff Koll" er så ført opp på nytt, over namnet til ættfaren "Ionn" (som på tavla ikkje er ført med farsnamnet Bårdson). Og over Oluf Koll igjen namnet "Baard". Det pussige er at vi finn ein Oluf Koll mellom erkebis­pen sine sveinar 1535, og denne Oluf døydde ikkje lenge etter (utstroke av sveinelista med tilføyinga "Requiescat in pace").

Det kan neppe vere tvil om at Oluf Koll var av Synnesætta, men kven han var son av er vanskelig å seie, men det er freistande å plassere han som son av den Oluf (Jonson) som "vann" plassen hans på tavla.

Jon Bårdson må også ha hatt ei datter, nemlig den Gunhild som Sæmund Sjurson på Myklebust i Borgund, Rike-Sæmund, oppgir som oldemor i "Semunds etleg": "Gunhild i Gudøen - Gamel i Dale - Sirid - Semund i Møkelbustad". Rike-Sæmund kan vere fødd kring 1530, mora Sigrid Gamelsdt kring 1500 (gift med Sjur på Helsem, son av Ingrid på Skeide), Gamel i Dale (nemnt 1520) kring 1470 og gamle Gunhild i Godøya kring 1440.

Jon Bårdson sin eldste son Bård Jonson opptrer som lagrettes­mann både 1495 og 1516, på det siste tidspunktet som éin av 12 "gamble men". Kva var gammalt på denne tida? Det einaste vi med visse kan seie om Bård Jonson sin alder er at sonen Eiliv Bårdson allereie 1520 var brukar på Synnes (1533 erkebispen sin setesvein på Sunnmøre), og at han dermed kan vere fødd kring 1490, og faren såleis kring 1460. Men var ein 56-åring gammal 1516? Neppe. Eg trur vi må rekne med ein alder på kring 70 år, og då vil vi kunne sette eit trulig fødeår til kring 1445. Men også dette virkar litt seint, i og med at Jon Bårdson ikkje var fødd seinare enn 1409 (1429 minus lagalder 20 år). Likevel er det ingen grunn til å gjøre Jon Bårdson sine barn noke særlig eldre enn eg er komme fram til her på grunnlag av vanlig generasjonsrekning.

POVEL JONSON

Povel Jonson var Jon Bårdson sin tredje son på tavla, og eg vil rekne med at han var fødd 1440-45. Av brørne er det bare Povel som er ført opp med døtre, og bare døtre, og dette kan vel ikkje tydast som anna enn at han ikkje hadde noken son som levde opp. Dei tre døtrene heitte Ingrid, Synneve og Maritte. To av disse blei seinare kalte "hustru", ein tittel som då tilkom gifte koner av lågadel, nemlig Ingrid og Synneve (sjå nedafor).

Denne tituleringa kan vel helst sjåast som uttrykk for faren sin stand, dvs at Povel Jonson sjøl var lågadelsmann, men det kan tenkast at ei kvinne kunne bli "hustru" ved å ekte ein lågadels­mann. I fall eg har rett, må Povel Jonson vere blitt adla - anten av kongen eller, som kunne hende, av erkebispen. For Synnesætta var i seg sjøl ikkje noka adelsætt. Derimot ser vi at enkeltmed­lemmar av ætta, som Eiliv Bårdson på Synnes, kunne oppnå (ein slags) adelstand som setesvein for erkebispen (sjå nedafor om Laurens Benktson).

Dersom Povel Jonson var adelsmann var det altså av lågare rang, ikkje "riddar" men "væpnar" eller "svein". Han livnærte seg av eit lite jordegods og kanskje ein setegard han hadde fått i "len" av konge eller erkebisp. Dessutan dreiv han nok både fraktfart og kjøpmannskap på Nord Norge, slik det var vanlig i lågadelen på denne tida. Han kunne ha hus både i byen, Bergen eller Nidaros, og på landet og jamvel i eit fiskevær nordpå. I byen kunne han ha eit lite embete eller tillitsverv, t.d som rådmann. Når krig eller strid truga måtte han ruste seg for å tene herren sin, og det kunne vere ofte nok. Til daglig måtte han utføre oppgåver som t.d innkreving av landskyld og tiende. Til gjengjeld fikk han vere skattefri (leidangsfri for seg og nokre tenarar) og trulig rett til å drive kjøpmann­skap utan borgarskap i ein kjøpstad; og han fikk smykke seg med "skjold og hjelm", som mest innebar at han kunne bruke eit våpenskjold som seglmerke.

Ein lågadelsmann på denne tida var ingen opphøga, fornem figur, men først og fremst ein økonomisk entreprenør; ingen lågadelsmann levde av å vere bare dét.

HUSTRU INGRID

I eit brev fra 14. mai 1586 vedgikk herr Lauritz Knutson, sokne­prest i Ørskog, og Kolbjørn Knutson i Berkvik, at dei hadde høyrt av faren, salig (avliden) Knut Bårdson, at "salig hustru Sønue Poullsdatter" og medarvingane hennar "salig hustru Ingerii Poulsdatter" i Bergen for 30 år sidan hadde gjort eit makeskifte med far deira (hustruene sitt søskenbarn, son av Bård Jonson på Synnes). Makeskiftet gikk ut på at hustruene fikk 3 fjerdingslag (1 mællag = 4 fjerdingslag) i Synnes (i tillegg til dei 4 mællaga dei hadde fått i arv) mot at Knut Bårdson skulle få ein del av garden Aksnes. Brevet finst i den såkalte Synnessamlinga i Vitskapsselskapet i Trondheim.

Detaljane i makeskiftet er ikkje viktige her, derimot følgande: Søstrene Synneve og Ingrid er begge titulerte "hustru", begge var avlidne 1586, men 30 år før - dvs 1556 - levde dei og makeskifta sams arvegods med søskenbar­net sitt Knut. Makeskiftet fann stad i Bergen.

På Synnestavla er Ingrid Povelsdatter ført først av dei tre søstrene, så følger - under Ingrid - datra "Karynn" og hennar datter "Hustru Lijsebet". Lisbet er godt kjent, som kona til Povel Helge­sen, lagmann i Bergen og Gulating, som etter alt å dømme var den som fikk ørskogpresten Lauritz Knutson (tremenning til Karine, lagmannen si svigermor) til å sette opp Synnestavla 1586.

Far til hustru Lisbet heitte Rasmus, men til no har det ikkje vore kjent kven han var. Ein har gjetta på at han var lik rådmann i Bergen Rasmus Hanssen (nemnt 1544, Diplomatarium Norvegicum VI, 757), men bare på grunnlag av fornamnet og standen.

Hustru Ingrid sin ektemake er ikkje ein gang kjent gjennom noke farsnamn, men eg trur no det er råd å påvise kven han var.

HUSTRU INGRID SIN MAKE

Lagmannssonen Rasmus Povelsen Brandal, prest i Hareid og Ulstein, satt til han døydde 1660 med eit stort jordegods, der mestedelen ser ut til å ha vore gammalt synnesgods, som faren i si tid samla i kraft av hustru Lisbet sin odelsrett. Men éin del av godset, tredjedelen av Osnes i Ulstein og meir enn tredjedelen av Hatløygarden, er aldri nemnt i samband med Synnesgodset. Dette gjeld for så vidt også garden Brandal i Hareid, som Rasmus Povelsen eigde fullt ut.

Men om Osnes-/Hatløygodset ikkje skreiv seg fra Synnesgodset, kven kunne då ha brakt det inn i Brandalætta? Lagmannen Povel var det neppe - for han var austlending - men kva med Rasmus, mannen til Karine, og kva med den ukjente mannen til hustru Ingrid?

Så ein dag satt eg og bladde i den nye utgava av Aslak Bolts jordebok (utgitt av Riksarkivet, Oslo 1997), og med eitt såg eg det som kanskje løyser heile gåta, på ein innlagt seddel fra 1521: "Jtem Laurentz Bæntsson i Sund­mørom...gaff till sancte Oluff Ostness paa Swndmøør i Herøy søgen i Wlsteen sogen, skylder aarlige ith kørlag".

Det tok meg ikkje lang tid å finne ut at ei landskyld på eitt kyrlag først på 1500-tallet kunne svare til ei landskyld på 3 våger fisk; og 3 våger fisk svarte til 12 mællag, dvs akkurat så mykje som Bran­dalætta eigde i Osnes, og akkurat så mykje som krona (før: erke­stolen) eigde i garden først på 1600-tallet...

OSNESGODSET

Osnes hadde fire brukarar 1520 (men ingen Laurens) og Hatløyane låg då øyde og blei rimeligvis brukte under Osnes. Først på 1600-tallet var landskylda av Osnes 36 mællag og av Hatløygarden 12 mællag (dessutan blei det lagt noke grunnleige av borgarsetet Litje Hatløya, Borgarøya, og trulig også av borgarsetet Håkes­hamn). Eigarskapet til Osnes var tredelt: 12 mællag til krona med bygsel, 12 mællag til Brandalætta med bygsel og 12 mællag som Herøy prestebord bygsla men bare eigde halvdelen av; resten var i eiga til Ulstein kirke.

Ei liknande deling finn vi for Hatløygarden sin del, bare at der bygsla krona 6 mællag men eigde bare 5 (1 mællag var i eiga til Ulstein kirke) og Brandalætta bygsla likeeins 6 mællag ,men eigde bare 5 (1 mællag i eiga til Herøy prestebord). Denne for­delinga av eigedommen til Hatløygarden må ha komme til etter­kvart som han blei gjenrydda utetter 1500-tallet.

Vi veit ikkje kva tid Herøy prestebord og Ulstein kirke fikk sine partar i Osnes, men det kan neppe ha vore seinare enn 1521, då Laurens Benktson ga kyrlaget sitt til erkestolen.

Kven eigde så den delen av Osnes som etter 1521 enno var i privateige? Ein av hustru Lisbet sine forfedre eller -mødre, så mykje er klart, men kven?

Det enklaste svaret ville vere at godsgivaren 1521, Laurens Benktson, sjøl satt igjen med det siste kyrlaget i Osnes... I så fall ville han vere hustru Lisbet sin bestefar - enten morfar, og dermed hustru Ingrid Povelsdatter sin make, eller farfar, dvs far til den ellers ukjente Rasmus, hustru Lisbet sin far.

LAURENS BENKTSON

No viser det seg at Laurens Benktson er kjent fra andre kilder enn ein liten seddel i Aslak Bolts jordebok. I åra kring 1520 finn vi han m.a som skipper - eigar av ei jekt - i fart mellom Finnmark og Bergen, og som stor skattytar i fiskeværet Tunes i Finnmark, ja, han var sjuande største skattytaren i Finnmark då tiandepengeskatten blei innkravd 1520, med ein skatt på snautt 40 lodd sølv (796 skilling, 1 lodd = 20 skilling), og var dermed ein av dei rikaste mennene i Kyst Norge på den tida. Han skatta også av jordegods (sjå i registret til serien Norske Regnskaber og Jordebøger).

Og ikkje nok med dét: Laurens Benktson eigde også ein bygard på Stranden i Bergen. I det heile minner Laurens Benktson mykje om lågadelsmennene i samtida (1520 ser lågadelen ut til å ha vore tvunge til å betale skatt til kongen), og nokre år seinare finn vi han i ei stilling som kanskje gjorde han til lågadelsmann.

SETESVEINEN

1533 let erkebispen Olaf Engelbrektson lage ei liste over dei såkalte setesveinane som tente han: 18 i Finnmark - m.a Laurens Benktson på Tunes - 18 i Troms, 13 i Nord­land, 3 i Fosen, 2 på Nordmøre, 1 i Romsdalen, 1 på Sunnmøre, 1 i Nordfjord og 1 i Sogn - 58 i alt i kystlena. 11 andre budde spreidde i det norske innlandet, og 1 jamvel på Island (Oluf lagmann). Disse opplys­ningane finn ein i Olav Engelbriktssons rekneskapsbøker 1532-38 (Oslo 1936).

Ein setesvein var ein "sittande svein", i det han tilhøyrte den delen av erkebispen sin hird som ikkje følgte erkebispen til ei kvar tid, men satt ute i distrikta der erke­stolen sine største økonomiske interesser låg. Setesvein­ane må reknast som lågadel, sjøl om adelsrettane deira var avgrensa, og kanskje i stor grad blei avvikla i samband med reformasjonen.

Ein blei ikkje setesvein utan vidare. Ein måtte vere av god ætt og ein måtte ha tent erkebispen trufast, kanskje måtte ein også betale noke for å oppnå denne statusen. Det kan godt tenkast at Laurens Benktson måtte skjenke erkestolen kyrlaget i Osnes for å bli setesvein...

Seinast då erkebispen forlet Norge var Laurens Benktson sitt namn utstroke av setesveinlista. Dette kan tyde at Laurens var daud eller at han hadde tatt parti for Olaf Engelbrektson sine fiendar, derimot neppe at han bare hadde "slutta". Vi finn ikkje meir om Laurens Benktson etter 1533, men dette er ikkje nok til å slutte at han var daud.

LAURENS + INGRID = ?

Dersom Laurens Benktson og Ingrid Povelsdatter var gifte, ville dette forklare fullt ut det formoda datterbarnet hustru Lisbet sin odel til både Osnes­godset og Synnesgodset. Dette er ein god hypotese, men ikkje meir. Vi kan lett tenke oss at hustru Ingrid var gift med t.d eit søskenbarn av Laurens Benktson, eller at hustru Ingrid sin svigerson Rasmus var son av Laurens Benktson eller ein slektning av han som eigde i Osnesgodset.

Vi treng fleire haldepunkt for å seie noke avgjørande i ei slik sak. Eitt haldepunkt kan vere futen Hans Laurensson i Søvik (fut på Sunnmøre 1565-70, kanskje allereie fra 1558) sitt kjøp av synnesgods 1569. Hans Laurensson eller kona, hustru Magdalena Tørrisdatter, må ha vore av Synnesætta for å kunne kjøpe slikt gods, men ingen av dei finst på Synnestavla. Hans Laurensson døydde barnlaus 1570, og dette kan vere ei rimelig forklaring på fraværet hans fra tavla. Derimot levde hustru Magdalena, og eigde enno det godset som blei kjøpt 1569, men ho er ikkje med. Dermed er det svært trulig at ho ikkje var av ætta, men at derimot Hans Laurens­son var det. Både i stilling, stand og ektestand - gift med ei lågadelig dame - høver han i samtida godt som ein son av setesveinen Laurens Benktson og hustru Ingrid. Far hans må jo ha heitt Laurens/Lavrans/Laurits og enten faren eller mora må ha vore av Synnesætta.

Er dette nok til å etablere ein ekteskaplig sammenheng mellom Laurens Benktson og hustru Ingrid? Eg er ikkje viss. Derimot kan lagnaden til Hans Laurensson sitt synnesgods gi ein peikepinn. For enka, hustru Magdalena, overlet dette godset til sønene (med borgarmeister Jon Tomasson i Bergen) Carsten Jonson Randall til Fyrde og Tomas Jonson til Spjelkavik - som slett ikkje hadde odel i godset, som i sin tur selde det vidare til Povel Helgesen, som på kona og barna sine vegner tvillaust hadde odelen i orden.

DET ER NOK SANT...

Slik kan ein halde på med resonnement og argument i det nær ende­lause; problemet er alltid at det "endelige", empiriske og reint ut sagt udiskutable provet manglar. Men stundom vil tilfellet, gjerne kopla med ei frenetisk saumfaring av kildene på ny og på ny, at "løysinga" dukkar opp:

I eit utdrag av leidangsmanntallet fra Finnmark for 1519 fann eg Laurens Benktson som den første under Tunes med ein leidang på 3 mark (1 mark = 16 skilling); dette var heilt som venta, og eg skreiv det ned. Eg la merke til at tallet på leidangsytarar var mykje mindre enn tallet på tiandpengeskattytarar 1520, og ville telle dei opp. Det var bare 11. Men den åttande av disse alt for få leidangsytarane var ei kvinne - ikkje så uvanlig - men kva var det ikkje ho heitte? "Ingerd Paualsdotter"! Ho heitte ikkje "Anne Knutsdotter", "Gjertrud Olsdotter" eller "Bothild Jonsdotter", men nettopp det namnet som ho på sett og vis skulle heite...

Ei kvinne som blei oppført i leidangsmanntallet på denne tida var tvillaust enke og "føretakar", og tvillaust kom slike enker - sjøl dei eldste - snart i nytt ekteskap; i Finnmark representerte ei slik enke ikkje bare ein kropp, ei sjel og ein heim, men også ei rekke fiskarar og skuldmenn og, ikkje minst ei jekt eller eit skip i bergensfart - og kanskje lukke, men i alle fall velstand for han som fikk ho.

Var Laurens Benktson sein om å snu seg? Eg trur ikkje det, nei, han fridde nok omtrent på flekken...

1520 er ikkje noka Ingerd eller Ingrid Povelsdatter nemnt som skattytar på Tunes; derimot finn vi 1521 ei "hustru Ingrid" som svarte vel 35 lodd i (forsinka) tiandpengeskatt ein stad i det nordligste Norge (ei anna hustru Ingrid i Bergen med ein vaksen son, meister Hans, er nemnt samtidig), men blir så vekke. Så 1520 eller seinast 1521 må det ha skjedd, ekteskapet mellom Laurens Benktson og Ingrid Povelsdatter...

Men sjølsagt, når "alt" ser ut til stemme, må granskaren vere på vakt, men eg vedgår lett at den kritiske sansen blir veikare når ein kan føre opp slike både "rette" og "fagre" konstruk­sjonar. Problemet er bare at lenger enn dette er det stort sett ikkje råd å komme i ætte- og eigedomshistoria for denne tida.

HANS LAURENSSON

Hustru Ingrid kan ha vore mor til sunnmørsfuten og synnesætlingen Hans Laurensson som døydde barnlaus 1570. Det einaste vi ellers veit om slekta til denne futen, er at han hadde ein frende Jon, som 1571 var i teneste hos giskefuten Jens Skriver, og som då "hiertstach en anden hed Tomas". Denne hjertestukne Tomas heitte Tomas Jonson, og var son av hustru Magdalena Tørrisdatter, Hans Laurensson si enke då. (Alle disse opplysningane er fra Absalon Pederssøn: Dagbog og Oration om Mester Geble, utgitt 1970 ved Halkild Nilsen). Med andre ord: Futen Hans Laurensson sin frende Jon stakk futen sin steson Tomas Jonson i hjertet - rett nok utan at Tomas døydde. Til no har ein (og eg med) gått ut fra at denne fute­frenden Jon var lik den seinare sunnmørsfuten Jon Pederson, som seinast 1578 var fut over Giskegodset og seinast 1584 fut på Sunnmøre - ikkje minst fordi Jon Pederson budde på storgarden Søvik i Borgund, der også Hans Laurensson hadde budd. Men futefrenden Jon kan ha vore ein annan enn Jon Pederson, t.d hadde jo Maritte Povelsdatter ein son Jon. Frend­skapet kan også ha gått gjennom Jon Pederson si kone, hustru Gunhild Olufsdatter.

Rammestykke:

HUSTRU GUNHILD I SØVIK

Dersom det faktisk var Jon Pederson som 1571 blei omtalt som Hans Laurensson sin frende, treng ikkje frendskapen ha vore via slektskap mellom dei, men t.d slektskap mellom Hans Laurensson og kona til Jon Pederson, som pussig nok også bar den lågadelige hustrutittelen, nemlig hustru Gunhild Olufsdatter. Hustru Gunhild kan vere fødd kring 1540, og faren, ein lågadelig Oluf, kring 1510. Om disse var av Synnesætta, burde dei ha vore opp­førte på Synnestavla om dei satt med synnesgods; det kan likevel tenkast at tavla sin Oluf Koll t.d hadde fått sin del av godset "steint og reint" - t.d ein part i Søvik - og at Povel Helgesen ikkje såg noke høve til å nytte hustru Lisbet sin odel for å ta over dette godset. Det dreidde seg jo om storfolk på linje med han sjøl:

Jon Pederson eller hustru Gunhild eigde trulig ein del (minst 6 mællag) av Søvik, og dei fikk 1586 livsbrev fra kongen på kron­godset i garden (16 mll), og fra den tida brukte dei nok heile garden under eitt (34 mællag). Jon Pederson døydde seinast 1592, men enka levde enno 1603 og skatta av 16 mællag odelsgods (trulig skatta ho ikkje av godset som låg i Søvik).

Paret hadde minst to barn: Oluf Jonson og Åge Jonson (oftast skreve Jenssen), som brukte heile Søvik i lag, og fra 1610 dessutan Bjørnøya. Oluf er nemnt som stiftsskrivar i Trondheim len (forvaltar av kirkelig jordegods) og Åge var ei tid lensmann i Gryta skipreide. Dei eigde også jordegods, på det meste 52 mællag, og dei dreiv eit sagbruk (og trulig også trelasthand­el). Magnar Kruse Bjørge ga 1960 ut skriftet Janeckenætta, der ein finn eit eige kapittel om futen Jon Pederson i Søvik.

Oluf Jonson var gift med Bodel Jonsdatter, som hadde fleire brør og søstrene Ingeborg på Odden på Nordmøre og Marit, som først var gift med presten Arne Evensen (-1634) i Norddal, sidan med borgaren Johan Johansen på Rellingen. Alt tyder på at mor deira var den Marit på Smørholmen som 1647 eigde etter måten mykje jordegods på Nordmøre, m.a i Rånes i Kornstad, som Bodel Jonsdatter sine barnebarn på Sunnmøre tok i arv. Marit på Smør­holmen sitt jordegods stamma tydeligvis fra Aspeætta, og Marit sjøl eller mannen, Jon, må ha vore barn eller barnebarn av den "erlig svend" Ouden Torsteinson som 1578 vann tilbake mykje av ætta sitt gods fra domkirka i Trondheim (Norske Herredags Dombøger Første Række I, s 207 ff).

(Rammestykke slutt)

KARINE OG RASMUS

Hustru Ingrid si datter Karine kom til å ekte ein Rasmus og, som det ser ut til, bare få eitt barn med han som levde opp, hustru Lisbet Rasmusdatter. Som nemnt har granskarane tenkt seg rådmann­en Rasmus Hanssen i Bergen som ein høvelig ektemake for Karine, men dette ser ikkje ut til å vere rett. Denne Rasmus Hanssen ser m.a ut til å ha vore for gammal, men viktigare er det at vi har namnet på ein annan Rasmus, som tydeligvis må ha vore Povel Helgesen sin svigerfar:

RÅDMANN RASMUS PEDERSEN

Rasmus Pedersen, rådmann i Bergen, la 1610 odelsskatt av 16.5 mællag jordegods i Ulstein skipreide. Samme året svarte "Poffuell Hellesen i Branddal" odelsskatt av 76 mællag "met sine Medeig­ere". 1613 er Rasmus Pedersen ute av odelsskattemann­tallet, men Povel Helgesen og medeigarar skattar no av 66 mællag. Går vi fram til 1620 finn vi då Povel Helgesen med 87.5 mællag. Minkinga i Povel Helgesen sitt skattegrunnlag kan skuldast at han tok i bruk ein større del av garden Brandal (på 17 mællag) mellom 1610 og 1613 (1613 ser det ut til at han brukte 10 mællag). Det som ser ut til å vere visst er at det jorde­godset Rasmus Pedersen skatta av 1610, må ha vore med i Povel Helgesen si godsmasse 1620 (Povel eigde også gods på Austlandet, men dette blei ikkje skattlagt på Sunnmøre).

Omfanget av Rasmus Pedersen sitt odelsgods ser ut til å høve fullt ut med det som var Brandalætta sitt gods i Osnes og Hatløy.

Dermed ser det ut til at vi har funne Povel Helgesen sin svigerfar og hustru Lisbet sin far. Rasmus Pedersen var rådmann i Bergen seinast fra 1602 til han døydde 1616. Han var aktiv­handlar på Finnmark, dvs at han for med eige skip og dreiv kjøpmannskap der nord (Bergens domkapitels forhandlingsproto­koll 1605-24, s 51f). 1609 kallest han "Erlig och Vellacht mandt", noke som viser at han ikkje blei oppfatta som adelig i samtida.

FOR UNG?

Dei fleste som har lest om Synnes- og Brandalætta vil protestere her - for var ikkje Rasmus Pedersen alt for ung til å vere Povel Helgesen sin svigerfar?

Til no har ein rekna med at Povel Helgesen var fødd kring 1540, men dette treng ikkje vere rett. Då han 1567 (feildatert til 1557 av Aagaat Daae) skulle fare utanlands og fikk attest av rektor Jon Pederson ved Katedral­skolen i Bergen (der han hadde vore elev), treng han ikkje ha vore meir enn 18-19 år gammal. Året etter blei han byskrivar i Bergen, og då må han ha vore minst 20 år gammal. Han kan såleis ha vore fødd så seint som 1548, men rimeligvis nokre år før. 1585 blei han lagmann (Norske Rigs-Registranter II, s 619) og seinast 1586 var han gift med Lisbet Rasmusdatter. Ho kan vere blitt trulova som 17-18 åring og gift som 19-20 åring. Dette vil seie at hustru Lisbet ikkje treng vere fødd noke særlig før 1565. Far hennar vil då kunne reknast som fødd 1535, men han kunne vere både eldre - og jamvel noke yngre. Rasmus Pedersen som døydde 1616 treng derfor ikkje å ha vore meir enn 75-80 då.

Slutninga blir at vi her, utan tvil, har funne hustru Lisbet sin far og Karine sin ektemann.

KVEN VAR RASMUS?

1567 finn vi ein "Rassmus Perssenn" på Tunes i Finnmark som svarte 1 våg fisk i leidang (Norske lensrekneskaps­bøker V, s 200). Er dette vår mann? Han var i alle fall einaste Rasmus Pedersen i heile Finn­mark dette året (sjøl dei som budde andre stadar svarte leidang der dei hadde vintersete, og finn­marksfar­arane fra Bergen måtte støtt overvintre i Finnmark).

1563 finn vi likeeins ein Rasmus Pedersen - som styremann på Claus Meckelborig sitt skip som mest trulig gikk i finnmarksfart (Norske lensrekneskapsbøker III, s 177). Ei liste over handels­floten i Bergen 1571 nemner ingen Rasmus Pedersen som skipper (reiar); derimot finn vi "Huster Madlene", enka etter futen Hans Laurensson, på denne lista som eigar av både eit nordfarskip og ei jekt (Johan Schreiner: Hanseatene og Norge i det 16. århundre, s 357ff). Men Rasmus Pedersen kan ha vore medeigar i eitt av fartya. Kring 1600 var han i alle fall skipper på eiga skute og kanskje allereie rådmann, men 1594 var han "bare" lagrettesmann i byen (Bergens rådhusprotokoll 1592-94, fol 172a, Statsarkivet i Bergen; også lagt ut på internett).

Det er likevel ingen tvil om at Rasmus Pedersen var ein fram­ståande borgar av Bergen, men altså ikkje meir framståande enn at han gikk kring 15 år som "menig" borgar etter at svigersonen var blitt lagmann i byen...

Korleis kunne datra hans bli titulert "hustru"? Til dette er å seie at denne tittelen bare er funne brukt om Lisbet Rasmusdatter éin gang, nemlig på Synnestavla. Kanskje var det tavleskrivaren, den bondefødde soknepresten i Ørskog, Lauritz Knutson, som ville gjøre ære på den nyvunne frenden sin - sjølvaste lagmannen - og dermed ære på seg sjøl, ved å bruke denne tittelen på tremennin­gen si datter? Slik trur eg det må vere. For kanskje var Lisbet Rasmus­datter si mor Karine (Laurensdatter) ei "ekte" hustru, slik som gamle Ingrid Povelsdatter, men mannen hennar Rasmus var ingen adelsmann. Ei anna forklaring på Lisbet sin hustrutittel kan vere at ektemaken hennar, Povel Helgesen, var lågadelig. Dét var han nok ikkje, derimot hadde svært mange av lagmennene før han vore adelige, så kanskje smitta tittelen "hustru" utan vidare over på den nye lagmannskona.

LISBET OG POVEL

Det ser ikkje ut til at Lisbet Rasmusdatter levde så mange år etter at ho blei gift med Povel Helgesen, og vi kjenner bare to barn som levde opp: Karen Povelsdatter og Rasmus Povelsen som kalte seg Brandal og skipa eit heilnorsk embets-og borgardynasti midt i dansketida.

Povel Helgesen ser ut til å ha ekta ei ny kvinne nokså snart, og han fikk fleire barn i dette ekteskapet. Povel Helgesen - austlendingen og den lærde bergenshumanisten som levde sine siste 20-25 år på Sunnmøre - er ei eiga soge verd. Aagaat Daae tok til å skrive denne soga (Sunnmørslekter I. Brandalslekten, Tidsskrift for Sunnmør historiske lag 1925-26, s 33ff), og Ingvard Bjåstad (Bygdebok for Hareid og Ulstein I, s 318 ff) førte ho eit godt stykke vidare, men tok med noken av Daae sine feil. Ellers finn vi stoff om Povel Helgesen i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, både i bind VIII (S H Finne-Grønn:Bidrag til oplys­ning om Arne­berg-slekten av Solør og Colbjørnsen) og bind IX (P R Sollid: Nogen oplysninger om Solør-slektene Arneberg, Arntzen og Colbjør­nsen og om lagmand Paul Helgessøns slekt fra Gile i Vang). Endå er ikkje siste orda sagt i denne soga.

Trulig stammar svært mange sunnmøringar fra Povel Helgesen og dei to konene hans. Brandalslekta har i alle fall mange etter­kommarar den dag i dag, og eg trur det er råd å påvise endå fleire etterkommarar av andre ekteskapet hans.

Det mest interessante med Povel Helgesen i sunnmørshistorisk sammenheng er likevel det at han var siste lagmannen i Norge som meistra gammalnorsk (han døydde bare 190 år før Ivar Aasen var fødd) og at han brakte med seg ei boksamling til Sunnmøre som må ha vore av dei største i Norge på den tida. Boksamlinga hans - og arkivet (der vi finn det meste om Synnesætta) - "levde" lenge vidare etter han, og kan ha hatt stor innverknad på det vi kan kalle den sunnmørske lærdomshistoria, som er temmelig eineståande i norsk sammenheng.

Private User
2009年12月20日 12:45 PM

Interessant lesning, og det ser ut til at vi kan vente mer fra Bjørn Jonson Dale om både Synnes-ætta og andre sunnmørsætter. Det ser vi fram til!

Det som er sikker er at Jon Synnes er sønn av Bård på Synes - så får vi alle følge med og legge inn informasjon etter hvert som vi kommer over.

Andre personer i treet som er nevnt i Dales artikkel og mulig har en eller annen forbindelse er Magdalene Kamp, på Igerøya og hennes sønn Tomas Randall, til Spjelkavik som var i konflikt med Jens Skriver på Gjelsten. Aspa-ætta på Nordmøre nevnes også, ved Auden Aspa.

Private User
2009年12月21日 2:19 PM

Jeg ser flere steder at bl.a. Bjørn Jonson Dale og en god del av dem som har slektstavler liggende ute på nettet ikke er villige til å konkludere sikkert med at Jon Synnes var sønn av Bård Jonsson Synes. I "synes-tavla" er han vistnok oppført bare som "jon" (eller rettere: "ionn"). Ifølge Dale vet vi ikke engang sikkert at han faktisk bodde på Synes, bare at eldste sønnen Bård bodde der. Antagelsen om slektskapet til Bård Jonsson og Gudrun Torsteinsdotter oppgis å være basert på at navnene Bård og Jon matcher samt at den Jon som figurerer øverst på synestavla hadde en sønn som het Torstein/Tosthen, som ikke utenkelig kunne være oppkalt etter sin morfar (at far til Jon Synes må ha hett "Bård" vet vi fordi han figurerer som "Jon Bårdsson" i kjøpspapirene fra 1429 da han kjøpte Nedre-Synes på Vigra). Det vi imidlertid vet er:

1) Jon Bårdsen kjøpte 12. april 1422 "4 spandsleie jord" i Huseby i Todalen i Stangvik, i dag i Surnadal kommune på Nordmøre. (I teorien kunne dette selvsagt være en annen Jon Bårdsen, men det kan vel ikke ha vært så mange med det navnet på den tida som hadde råd til å kjøpe jord selv?? - de fleste var jo leiglenniger og husmenn på den tida...
Kilde: Diplomentarium Norvegicum.
http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=8...=

2) 7. februar 1429 kjøpte Jon Bårdsen så ca. 1/3 av Synes-garden på Vigra slik B.J.Dale gjør rede for, også dette salgsdokumentet finner man i Diplomentarium Norvegicum:
http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=7...=

3) 7. juni 1403 solgte Bård Jonsen og Gudrun Torsteinsdotter hennes del av Garden Indre Tunheim, jfr:
http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=7...=

Men veldig mange fører opp denne Bård Jonsen i slektstavlene sine som "Bård Jonsen Synes", og noen oppgir endog at han døde på Vigra i 1429; men det som er så #¤&%£$##! er at ikke en kjeft oppgir kildene sine. Han kan selvsagt ha flyttet med sønnen sin til Vigra på sine eldre dager, men Jon Synes kjøpte jo ikke Synes-garden før i 1429. Er det veldig sannsynlig at han først bodde der i mange år, og så kjøpte garden først det året faren døde?? Hvis ikke noen har tilgang til noe mer dokumentasjon, burde far til Jon Synes egentlig bare figurere som Bård Jonsen Lid eller Bård Jonsen Barstad eller bare "Bård Jonsen".

At Jon Synnes uansett må ha vært sønn av denne Bård som var gift med Gudrun Torsteisndotter, og han igjen etterkommer etter Bård Barstad etc. tror jeg likevel må være riktig. Synes ligger bare en kort tur med båt fra Giske, og resten av Synes-garden tilhørte Giske-godset; så alt koker ned til at det ikke ville være mulig for Jon Bårdsen å få kjøpe deler av Synes om ikke det fantes slektskapsbånd til Giskeætta.

Private User
2011年4月16日 2:01 PM

Jeg kan formidle en uttalelse fra Tore H. Vigerust datert Oslo, 14.3.1999. Kommentar til Olav Ødegårds bok "Ættelinjer fra middelalderen" (Stavanger 1959):
Sitat: "Det foreligger ingen dokumentasjon eller sansynliggjøring for at en datter (Elin) av jarkøy-slekten var gift med en Torstein av slekten Rømer. Det er usansynlig at noen i slekten Rømer, meeklenburgere, het Torstein, og er heller ikke påvist.
Det er meningsløst å tillegge Bjarkøy-slekten etterkommere som Peder Torsteinsson og Gudrun Torsteinsdotter. Feilen er grov.
Synnes-ætten kan føres tilbake til Bård Jonsson, kjent i 1495 og 1516 og hans brødre. De andre navnene i slektstavlen i ledd før denne Bård, som Ogmund Bårdsson, Bård Jonsson og Jon Bårdsson, kan i og for seg ha eksistert som historiske personer, men det er ikke påvist at de hører hjemme i denne slekten".

5 件表示

Create a free account or login to participate in this discussion