|
Private User
1/28/2010 at 1:23 AM
|
Store-Rasmus har vært knyttet til både Ørsta og Ørskog, han eide gods begge steder. Det fins gode argumenter for at han må har vært tilknyttet Follestadætta, Rike-Torstein eller slektene i Rødven som stammer fra Kane-ætta, men linjene er uklare. Slektshistorikere kommer nok til å komme med nye teorier om Rasmus' opphav ettersom dokumenter blir studert videre. Alle spekulasjoner og argumenter for hans slekt kan legges her. http://no.wikipedia.org/wiki/Rasmus_Ingebrigtsson_Myklebust
Bjørn Jonson Dale har oppgitt en annen linje, med Ørskog som bakgrunn, far Ingebrigt Jetmundsson Lid. --------------------------------
Me er byrge av Store-Rasmus, med rette. Denne rike og opplyste "bondeopprøraren" frå 1600-talet har, som ein av svært få sunnmøringar, fått plass i rikssoga. Då er det ikkje uventa at spørsmålet om opphav og ætt vert stilt. Etterslekta hans er kjend. Men så mange fleire vil gjerne vere av same ætta, og granskarane har no i over hundre år gissa på kor Store-Rasmus var fødd.
Soga om Store-Rasmus...
Odelsgodset
I Ørsta åtte Rasmus 6 mællag i dei tre grannegardane Hagen, Sætre og Mork, som under eitt hadde ei landskyld på 37 mællag. Resten av godset var i eiga til brukarane (14 mll), borgaren Jens Gundersen i Kjeldsund (vel 15 mll), bonden Ivar Ingebrigtson i Sandvik Ryste (3 fjerdingslag) og Ørsta kyrkje (1 mll). Store-Rasmus åtte altså berre snautt 1/6 av godset, men han må ha hatt odelsrett til alt. Dessutan svara Rasmus odelsskatt av 3½ mællag (halve garden) i Øvreli (Øvre Brandalsli) i Vanylven skipreide. Leiglending som godseigar
Godsstruktur
Lidætta
Kronologiske tilhøve tilseier at Brite og Synneve Jetmundsdøtre må vere fødde midt på 1500-talet, og eigedomstilhøva viser at dei må ha vore Ingebrigt Jetmundson Lid sine søstre. Ivar Arneson Sjøholt kan ha vore bror- eller søstersonen deira.
Frå Jetmund til Rasmus
Godt og vel hundre år seinare åtte Rasmus Ingebrigtson Myklebust ein stor del av dette jordegodset. På Lid var han einerådande, i Ørsta berre ein av fleire eigarar. Store-Rasmus var tvillaust son av Ingebrigt Jetmundson Lid, og det er rimeleg at mor til Rasmus var den som tilførte ætta odel i ørstagardar. For der Store-Rasmus tydelegvis rådde over ein brorlut i ørskoggodset, åtte han berre ein søsterlut i ørstagodset. Og attende - og fram
Dette karstykket er i grunnen umåteleg stort, historisk sett - heilt eineståande. Rasmus og etterkomarane hans var og blei like rike på midlar, for ikkje å seie kunnskap, som dei leiande laga i sunnmørssamfunnet på 1700- og 1800-talet, borgar- og embetsstanden. Men Store-Rasmusætta heldt seg til og i bondestanden - sjølvsagt som dei fremste mellom likemenn - og dette er eg viss på var eit val. Ivar Aasen gjorde sitt for å bygge bru mellom det byrge gamalnorske og det meir smålåtne "nynorske" - men han var ikkje klar over at brua sto der allereie: ætta etter Store-Rasmus hadde halde ho oppe, og opa, i 200 år." Sunnmørsposten 14. september 1996
Eg kan jo også ta med eit utdrag av eit brev datert 7. sept. 1617 (1647?). Dette brevet fortel om følgjande personar i Romsdalen som skjøtar 2 pund i Torset til Oluf Knutsson på Torset og kona hans, 'Sunduffue' Olsdotter. Dette gjeld: 1. Oluf Olufsson Skorgen på sin hustru, Ingeborg Knutsdotters vegne. 2. Steffen Lauritsson Sletfjerding på egne og hustru Anne Bottelsdotters vegne 3. Erik Lauritsson Rødven på egne og hustru Sunduffue Olsdotters vegne 4. Ingebrigt (Sivert?) Harvold på egne og hustru Ingeborg Olsdotters vegne. 5. Lasse Børgesson Herje på egne vegne, samt på vegne av: 6: Ingeborg Andersdotter på Opdøl og hendes borns vegne, samt; 7: Karen Olsdotter på Sandnes og hendes borns vegne. 8. Oluf Olufsson på Rø på egne og med sin søster; 9. Gu... (Olsdotter?) og hendes borns samtykke. 10. Christen Andersson Bergsviken på egne og med fullmakt fra: 11. Niels Andersson på Se..... Desse skjøta altså 2 pund fiskes leie til sin kjære brodersønn, Oluf Knutsson på Torset og hans Hustru Synnøve Olsdotter, born og arvinger. Dette skjøtet fortel eigentleg mest om slektsrelasjoner i Romsdalen og mindre om slekta på Apalset, men det kan jo vera eit samband. Bjørn Jonson Dale nemner jo ein viss Store-Rasmus i første innlegget sitt. Eg har ein mistanke om at nokre av desse personane kan knytast nettopp til han. John spør i innlegg nr. 8 kvar ein finn dokumentet datert Rødven. Eg meinar det er i Bergen, men hugsar ikkje sikkert.
Til innlegg 40, Torkild. Eg har også grubla mykje på denne formuleringa at det står'på egne og hustrus vegne' eller liknande. Eg har kome til at det må vera ein skrivemåte. Om ekteparet hadde born saman, så vart dei vel begge ansvarlege, så lenge borna var umyndige. Så litt om Knut på Apalset nemnd i 1580. Seinare nemner eg ei Kari på Skeide i Romsdal som enkje etter Knut Apalset. Dette treng ikkje vera rett. Kari kunne også vera svigerdotter til Knut, samtidig som ho var gift med ein annan Knut, nemleg son til den første. I ei liste over penningskatten i 1597 er det nemleg oppgjeve at det var ein Knut på Skeide og at han åtte 1 våg jordegods. Knut er også nemnd i 1606. I 1612 står Kari som bygslar av største parten i Skeide, noko ho også gjer i 1620. (Sjå Søvik, O. 1980. Bygdebok for Voll B II. Gards og ættesoge). Sidan det også er så mange andre i nærområdet som eig i Torset, finn eg det mest truleg at Knut på Skeide er son til Knut på Abelset, altså Knut Knutsen. Kva om Knut på Abelset var son til presten i Veøy, Nils Knutsen og kone Gurå Rasmusdotter (var Gurå søster til Store-Rasmus?). Knut (Nilsson?) Abelset kunne vera den einaste som levde av sin generasjon då, og slik kunne han vel verta einearving av kvinneparten ved delinga i 1580. Dette må berre takast for det det er, litt spekulasjonar ein sein nattetime. Det har jo også vert hevda at Store-Rasmus skal nedstamma frå Rike-Torstein. Så her er nok av upløygd jord å grava i.
Med eitt dukka det opp eit strøfunn som tyder på at Ola Jonson på Apalset eller kona i vissa hadde odel til garden Ramstad, og dermed er det råd å komme eit stykke tilbake, nemlig til først på 1500-tallet. I jordeboka til Sankt Lavranskirka i Ørskog fra 1524 heiter det at Ingebrigt Halsteinson ga 1 mællag i Ramstad til kirka (Item Engiebriith Hallsthensszøn gaff eit melelag J Ramstad Tiill Ørskog kerkije). Dette mællaget er nemnt i innlegg 19. Gava var gitt seinast 1524, men kanskje heller nokre år før, og vi kan tenke oss at Ingebrigt Halsteinson var fødd kring 1490. Ingebrigt Halsteinson sin bustad er ikkje kjent, men han var svært trulig far til den eldgamle Halstein Ingebrigtson Ramstad som tok seg sjølv av dage i 1613 eller 1614. Halstein sitt jordegods blei då kverrsett av krona, m.a 3 mællag i Ramstad, som enka og, seinare sonen og sonesønene prøvde å løyse inn. Dei lånte då pengar av andre med odel i godset, Amund (Sjurson) Ringstad og Ola Apalset. Ingebrigt Halsteinson kan, understrekar: kan, ha eigd heile Ramstad og kanske mykje av jorda i Ramstaddalen aleine, men visst er det ikkje, for hustru Gyri Jens- eller Jonsdatter eigde trulig 5 mællag av Ramstad seinast kring 1550. Ingebrigt Halsteinson, nemnt 1524, hadde etter alt å dømme også ei datter, Marte Ingebrigtsdatter, som eigde i fleire gardar i Ramstaddalen. Marte var gift med ein Jetmund, og dei hadde to døtre og sonen Ingebrigt Jetmundson, som må ha vore far til Ramus Ingebrigtson, Store-Rasmus, på Myklebust på Harøya. Store-Rasmus og slektningane hans eigde den store garden Lid i Ørskog, nabogarden til Sjøholt, og, ikkje minst, Sjøholtstrand, som var Ola Jonson på Apalset eller kona sin odel. For å finne ein sams ættfar til det vi kan kalle Ramstadgodset må vi trulig gå tilbake til andre halvdelen av 1400-tallet og ein Halstein (og kona) som levde då. Denne Halstein fanst, og han kan vere nemnt i ein ættlegg for den såkalte Follestadætta fra Ørsta. Dette vil eg komme tilbake til.
|
|
Private User
4/7/2010 at 3:49 PM
|
Post deleted by Private User on Apr 8, 2010 at 4:56 AM |
|
Private User
4/8/2010 at 4:40 AM
|
Post deleted by Private User on Apr 8, 2010 at 4:42 AM |
|
Private User
4/8/2010 at 4:54 AM
|
To mulige opphav har vært postulert for ”Store-Rasmus” på Myklebust: 1) Martinus Rogne mente for omtrent en mannsalder siden at Ingebrigt Sætre i Ørsta kunne ha vært far til Rasmus Myklebust, og denne teorien baserte han på det faktum at Store-Rasmus hadde en del eiendom i Ørsta-gardene Sætre, Hagen og Mork. 2) Bjørn Jonson Dale framsatte i 1996 sin teori om at Rasmus Myklebust var fra Lid i Ørskog (Garden Lid i Ørskog ligger et lite stykke ovenfor Sjøholt, omtrent der veien i dag tar av til Giskemo), og han begrunner denne teorien blant annet med at Store-Rasmus hadde større eiendom i Ørskog enn i Ørsta, dessuten at også Jetmund Lid, som i så fall må ha vært farfar til Store-Rasmus; også hadde eiendom i Ørsta-gardene Sætre, Hagen og Mork. Jeg overlater til hver enkelt selv å lese og ta stilling til argumentene, men Bjørn Jonson Dale argumenterer utvilsomt godt, og jeg er ikke i tvil om hvilken av de to teoriene jeg selv tror på. http://assets3.geni.com/media/p9/8362/3742/53444837e073f9a8/Opphave... Når jeg første gang la inn mine greiner av Store-Rasmus-slekta, la jeg Store-Rasmus inn som sønn av Ingebrigt Lid og sønnesønn av Jetmund Lid, og jeg la til og med inn et par tanter og søskenbarn av Store-Rasmus, alt basert på Dales innlegg i Sunnmørsposten i 1996, se linken ovenfor. Dette så greit og fint ut, helt til ”min” Store-Rasmus ble ”merget” med en som lå der fra før, og som nå er ”hoved-profilen” som ganske mange av oss administrerer sammen. Da dukket det med en gang opp stygge gule trekanter med ”parent conflict” og ”Rasmus is present in multiple trees” og så videre. For å få bukt med dette rotet, slettet jeg de forfedrene jeg hadde lagt inn, utfra tanken om at jeg i et slektstre av denne typen ikke har noe problem med å akseptere at feil far står oppført, så lenge det også er tydelig gjort rede for alternative teorier om opphavet inne i vedkommendes profil, og i omtalen av han eller henne. Siden den gang har imidlertid flere geni-brukere kommet til, og Lid/Ørskog-alternativet er på nytt kommet inn. Dermed har Store-Rasmus på nytt fått to alternative opphav som er i konflikt med hverandre, og hvis vi ikke holder tunga beint i munnen så ender vi opp med å ”merge” Ingebrigt Sætre med Ingebrigt Lid; hvilket garantert bare blir rot for disse to er ikke samme person! Så, for nok en gang å få bukt med de stygge gule trekantene, foreslår jeg at vi går får ett av følgende to alternativ: 1) Vi forkaster helt og holdent teorien om Ingebrigt Sætre som far til Store-Rasmus. Dette slektsbåndet brytes (”the relationship is broken” som det heter på geni-språket), og vi oppretter i stedet forbindelse bakover via Ingebrigt Jetmundsen og Jetmund Lid m/ hustru Marte Ramstad og så videre… Personlig mener jeg at vi har grunnlag nok for å gjøre dette, men jeg innser for det første at det kanskje ikke er flertall for dette, og for det andre så har jeg jo en viss respekt for at andre kom meg litt i forkjøpet og la Store-Rasmus inn i geni før jeg kom så langt. Regner derfor med at vi må vente på mer entydig dokumentasjon før ”tiden er moden” for dette… 2) Jeg går derfor inn for at vi bryter forbindelsen mellom Store-Rasmus og Lid-slekta på Sjøholt/Ørskog; ikke fordi jeg tror denne forbindelsen er feil (jeg tror den er riktig!), men rett og slett for å få ryddet opp i linjene. (Hvis noen av dere skulle tvile på at gule trekanter og ”halvmergede” relasjoner kan bidra til å forårsake mye kluss når ”mergingene” bare blir mange nok, så ta en titt på de gamle norske kongsrekkene!) Til gjengjeld synes jeg at den alternative rekka videre bakover skal synliggjøres enda mer i profilen til Rasmus, samt at det både under ”about” og under ”birth” (timeline/event) skal ligge en link til ”alternativ far”. Private User har fra før lagt inn masse informasjon om disse tingene både under ”about Rasmus” og under ”Diskusjoner”. Når vi nå i tillegg legger ut informasjon og linker på de stedene jeg foreslår, blir det nesten umulig ikke å få øye på dette, uansett hvor i profilen til Store-Rasmus man går inn. Mitt forslag er altså at vi prøver ut dette for å se hvordan det fungerer. Jeg har lagt inn i geni rekka bakover fra Ingebrigt Jetmundsen til Ingebrigt på Vartdal, og noen profiler som fantes fra før, har jeg ”merget” inn. Jeg har samtidig brutt forbindelsen mellom Store-Rasmus og Ingebrigt Jetmundsen Lid. Videre har jeg lagt inn pdf-filer med ”alternativ stamtavle” for Store-Rasmus, én pdf-fil hvor jeg oppsummerer de opplysningene vi har om denne Lid-slekta og forbindelsen videre bakover til Ramstad-dalen og til Ingebrigt på Vartdal; og til sist tre pdf-filer med en del av det Bjørn Jonson Dale har skrevet om opphavet til Store-Rasmus. Spesielt moro hadde jeg kanskje av å lage den figuren der Store-Rasmus ender opp som 5-menningen til Ingebrigt Sætre, og ikke som sønnen hans… Dersom dere klikker på ”timeline”, vil dere med en gang får opp ”alternative father…” under ”birth of Rasmus” med de nødvendige linkene til Ingebrigt, Jetmund og Marte; og man vil kunne følge slektstreet videre bakover derfra. Om dere deretter åpner dette ”eventet” ved å klikke på ”birth of Rasmus”, så kommer blant annet de aktuelle pdf-filene frem, i tillegg til at de også er tilgjengelige under ”overwiew”. Til slutt foreslår jeg at etternavnet "Sætre" slettes fra profilen til Store-Rasmus. Det får holde at "faren" heter Ingebrigt Thoresen Sætre. Store-Rasmus står så vidt jeg ved ikke omtalt med etternavnet Sætre i noen av de kildene som finnes. |
|
Private User
10/9/2010 at 8:03 AM
|