Bjørn Nikolasson Bukk, (Bergtor)

Is your surname Bukk?

Research the Bukk family

Bjørn Nikolasson Bukk, (Bergtor)'s Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Bjørn Nikolasson Bukk, (Bergtor)

Also Known As: "Bukk"
Birthdate:
Birthplace: Nordfjord Rogaland Norway
Death: Died in Trondheim, Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway
Cause of death: Druknet
Immediate Family:

Son of Nikolaus Bergtorson Maase and Åsa Ormsdatter
Husband of Margarete Arnesdatter Stovreim
Father of Sigurd Prest; N. N. Bjørnsdatter; Nils Bjørn-bergtorson Bukk and nn Bjørnsdotter
Brother of Ragna Nikolasdatter Måse

Managed by: Private User
Last Updated:

About Bjørn Nikolasson Bukk, (Bergtor)

Bjørn var ein frende, søstersønn, av Erling Skakke. Bjørns far Nikolas var gift med Erlings søster Åsa. Bjørn Bukk var gift med Margrethe, datter til Arne på Stårheim og Dronning Ingrid. Bjørn hadde en sønn, Nikolas Bjørnsson.

12. Kong Inge og Gregorius fór austantil um vaaren til Bjørgvin. Men strakst Haakon og Sigurd spurde de, at Inge var farin fraa Viki, fór dei landvegen aust til Viki. Daa kong Inge kom til Bjørgvin, vart de trætte millom Halldor Brynjolvsson og Bjørn Nikolasson. De var ein av drengine hans Bjørn, maa vita, som spurde ein av drengine hans Halldor, daa dei møttest nede paa bryggjune, kvifor han var so bleik, og hin svara at han hadde aarelati seg. «Ikkje hadde eg vorti so fisbleik av aarelatingi, som du er,» sagde hin. «Eg tenkjer du vilde bera deg endaa verre og ulikare,» svara den andre. De var ikkje noko meir enn dette som var grunnen; men so tok de eine orde de andre, til dess de bar til aa trætta, og so til aa slaast. Daa vart de fortalt Halldor Brynjolvsson, at drengen hans var saara nede paa bryggjune, og Halldor, som sat og drakk i garden der tett attmed, gjekk ned. Men daa var drengine hans Bjørn komne der alt, og no totte Halldor at dei hadde vori uskillege med hans dreng, og dermed tok Halldor og hans fylgje til aa knubba og dengja deim. Daa vart de fortalt Bjørn Bukk, at vikverjane slo drengine hans nede paa bryggjune. Daa tok Bjørn og mennane hans vaapni sine og gjekk ned og vilde hemna drengine sine, og daa gjekk dei paa kvarandre. Daa vart de fortalt Gregorius, at Halldor, systermannen hans, trengde hjelp, og at drengine hans vart nedhogne ute paa gata, og daa hadde Gregorius og mennane hans brynjune paa seg og sprang til. Daa høyrde Erling Skakke at Bjørn, systerson hans, slost med Halldor og Gregorius inn-paa bryggjune, og at han trengde hjelp. Daa gjekk han dit og var ovende mannsterk og bad folk hjelpa seg; «de vilde vera ei æveleg skam,» sagde han, «um ein vikvering skulde tugta oss her i vaar eigi fødebygd.» Der fall de 14 mann, og av deim døydde 9 paa flekken og 5 seinare av saari sine, og mange vart saara. Daa kom de bod til kong Inge, at Gregorius og Erling slost inn-paa bryggjune, og han fór stad og vilde skilja deim; men de var uraad, daa dei var reint rasande paa baae sidur. Daa ropte Gregorius til kong Inge og bad han ganga burt, og sagde at han ingin veg vilde koma, soleis som de no var, og sagde at de vilde vera den største ulukka, um han kom til noko; «ingin kan vita,» sagde han, «um ikkje de kan vera einkvar som er god til eit slikt syndeverk, um han ser seg syn til de.» Dermed gjekk kongen burt. Daa de verste staake var yvi, gjekk Gregorius og hans menn upp til Nikolaskyrkja[13], og Erling og hans menn etter, og ropte til kvarandre. Daa kom kong Inge andre gongen og forlikte deim, og paa baae sidur vilde dei at han aaleine skulde døma imillom deim. Daa spurde dei at Haakon var i Viki, og kong Inge og Gregorius fór aust og hadde mange skip. Men daa dei kom aust, skvatt Haakon og mennane hans undan, og de kom ikkje til slag. Daa fór kong Inge inn til Oslo, men Gregorius var i Konghelle.

Slaget på Kalvskinnet i Sverressaga: Bjørn Bukk sprang på elva og omkom. Han var i brynje og sank straks.

view all

Bjørn Nikolasson Bukk, (Bergtor)'s Timeline

1130
1130
Nordfjord Rogaland Norway
1158
1158
Age 28
1162
1162
Age 32
1178
1178
Age 48
1179
1179
Age 49
Trondheim, Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway
????
????