Carsten Jonsson Randall (Fyrde), til Fyrde (c.1545 - c.1630) MP

‹ Back to Randall surname

Is your surname Randall?

Research the Randall family

Carsten Jonsson Randall, til Fyrde's Geni Profile

Records for Carsten Randall

1,733,386 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Nicknames: "Karstein", "Carstein", "Jonson", "Randel", "Rendall", "Fyrde", "Førde"
Birthplace: Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal
Death: Died in Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal
Managed by: Henrik Nissen Sætness
Last Updated:

About Carsten Jonsson Randall (Fyrde), til Fyrde

http://palgjerde.org/slekt/p5384.htm

Sitat fra Busetnadssoga Volda. Olav Myklebust, Eldar Høidal Arnfinn Kjelland (red), Busetnadssoga for Volda - Band 3 Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda (Volda: Volda kommune, 2007), s. 276, 1-1, Fyrde, Vernikgarden.

1-1. ? - kring 1600 Karsten Jonss. Randall frå Bergen, gift med Maren Jørgensd. Staur frå Trondheim. Karsten og Maren var begge av adelsætt, han var son til Jon Tomasson som var borgarmeister i Bergen 1565 og hustru Magdalena Tørresdoter, seinare gift med Hans Laurensson i Søvik, futen på Sunnmøre. Maren var dotter til Jørgen Pedersson Staur som var lagmann i Trondheim og kona Gudrun Jonsdotter Teiste.

  • **************************************************************************************

Sitat fra Volda-soga ll , s. 431-432, Fyrde. (Per Årviknes, Volda-soga II - Gardar og slekter (n.p.: Volda Kommune, 1971):

Karstein Jonsson Randel som kom til Fyrde kring 1595, er ikkje n. som brukar av gard; men han budde her og skriv nanmet sitt endåtil "Karsten Jonsen til Førde". Etter Bergens byretts-protokoll 1593 budde han på Skeide i Ulstein, og etter Sunnmøre futrekneskap 1603 åtte han sag saman med Hans Dragesund. Dei skatta tilsaman for 20 tylvter bord. Karstein hadde interesser andre stader og budde vel ikkje så fast i Fyrde; han måtte ha tilsyn med verksemnder og tiltak andre stader. Mor til Karstein, Magdalena Tørresdotter, skøytte 5 mel. jordegods som ho åtte i Synes, til sønene sine Thomas og Karstein, såleis at den eine skulle løyse den andre ut. Dokumentet er dagsett på Skeide i 1592. Karstein løyste desse 5 mel. i Synes som han selde til lagmann Paul Helgesson i Bergen i 1597 (Paul Helgesson budde seinare i Brandal). Tidlegare hadde Hans Lauritsson i Syvik, Borgund, kjøpt desse 5 mel. etter 2 skøyte av 1569. Karstein Jonsson Randel var son til litle Jon Tommesson i Bergen. Han var av gamal norsk ætt. På farssida var han ætta frå Orknøyane. Henry Randel, lagmann på Orknøy i 1430. - Tomas Randel. - Jon Tomasson, borgarmeister i Bergen 1565, g. m. Magdalena Tørresdotter. - Karstein Jonsson til Fyrde. Hr. Hans Krukov, riddar, riksråd. - Johan Krukov til Sørum, riksråd, væpnar, g. m. Gudrun Teiste. - Jon Teiste, g. m. Anna Johansdotter Krukov. - Jørgen Pedersson Staur, g. m. Gudrun Jonsdotter Teiste. Jørgen var lagmann i Trondheim. - Maren Jørgensdotter Staur. Karstein Jonsson vart g. m. Maren Jørgensotter Staur.

  • *************************************************************************************

Sitat fra Webdebatt. (Webdebatt 20046 : Carl Arneson Horvadraag, Digitalarkivet, online http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe, http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe)''

Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 23.11.2005 20:30 (7) Carsten Jonson til Fyrde er kalt Randall/Randel osv i mange samtidige dokument, og dette namnet hadde han neppe fra Randal i Gulen, men heller fra Randall på Orknøyane, der faren Jon Tomasson (Litje-Jon) var fødd. At Jon Tomasson var son av ein Tomas som kalte seg Randall, er mulig, men ikkje prova. Jon Tomasson var daud ei god tid før 1565.

Etternamnet til borgaren Jon Førdt (ikkje Fyrde) på Raudøya i Ørstafjorden skreiv seg neppe fra garden Fyrde i Volda; derimot var Førdt og Foerdt og Fordt eit ikkje uvanlig namn mellom tyskarar i Bergen først på 1600-tallet.

Carsten Jonson Randall til Fyrde, som han skreiv seg, hadde i vissa to søner, 'Jon Randal' og 'Jørgen Randdal', som begge var myndige i 1608. Dessutan hadde han minst tre, om ikkje fleire døtre, nemlig ei som var gift med den ærlige og mannhaftige kaptein Johan Grand (Lenke ), ei som var gift med borgaren Christen Olufsen Slending i Ålesund, og ei søster som heitte Malene (Magdalena), som budde i Ålesund i 1645.

I tingboka for Indre Sogn 1650 (sjå lenka ovafor) er det også nemnt to andre menn som kan vere av ætta, eller inngifta: Christen Christensen og Nils Sandersen (trulig borgar av Bergen fra 1632). Det er, etter ordlyden i tingboka, kanskje mest sannsynlig at Christen Christensen og at Nils Sandersen var svigersøner til Jon Carstensen. Pussig nok ser det ikkje ut til at Jon Carstensen (som budde på Fyrde i 1626) ikkje hadde noken son, og det er derfor mulig at han ikkje har etterkommarar i Volda... (rett nok blei seglmerket til Litje Jon Tomasson brukt av bøndene på Fyrde i andre halvdelen av 1600-tallet, men dette provar ikkje avstamning).

--------------------------------------------------------------------------------

Geirr Alén Rasmussen, Sortland, 27.11.2005 10:25 (13) I innlegg nr 7 stiller Bjørn Jonson Dale spørsmål ved om Jon Karsteinsson Førde i det heile tatt har nokon son, i motsetnad til Voldasoga 2 s. 438, som nemner to søner. I Voldasoga er det to brukarar på garden mellom far Jon og sonen Ola, det ser unektelig litt rart ut. Held ikkje kjeldematerialet til Voldasoga vatn?

Viss denne lenka ryk, så kan etterkommarane berre gløyma stamtavla til Orknøyane, til riksråd Johan Kruckow og tilknytninga til Teisteslekta. Med andre ord: Ei deklassering av halve Sunnmøre!

--------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 27.11.2005 18:00 (14) Jo, Carsten Jonson Randall hadde to søner, nemlig Jon Randall og Jørgen Randall, som begge er nemnde i 1650. Jon Carstenson var også oppsittar og sagdrivar på Fyrde, t.d i 1626. Problemet er at han ikkje ser ut til å ha hatt noken son. Derimot kan han ha hatt døtre, men det er ikkje visst om disse budde på Fyrde. Så vidt eg forstår bygg Voldasoga på at Ola Jonson Fyrde fra 1672 og utetter brukte samme seglmerket som borgarmeister Litje Jon Tomasson i Bergen. Dette treng ikkje i seg sjølv innebere slektskap.

I 1661 var eiga til Fyrde delt mellom tre bønder på den eine sida (Jacob, Ola og Hans), 6 mællag (1,5 våg fisk) og Christoffer Nilssen (Lem) i Romsdal sine arvingar, som eigde like mykje. Men det var Christoffer som rådde bygselen, og dette kan tyde på at det var han, og ikkje bøndene, som hadde overtatt Carsten Jonson Randall si eige i Fyrde. Det er derfor mulig at halve Sunnmøre står framfor ei genealogisk 'deklassering', men heilt visst er det ikkje...

--------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 29.11.2005 21:07 (15) Eg har no sjekka Voldasoga, og det ser ut til at 'halve Sunnmøre' si avstamning fra Carsten Jonson Randall til Fyrde og Maren Jørgensdatter førebels kan stå ved lag, sjølv om Voldasoga ikkje innheld handfaste prov. Jon Carstenson budde tvillaust på Fyrde i 1626, og Voldasoga meiner at han er lik husmannen Jon under Fyrde i 1645. Det kan vere rett, for i 1645 er t.d mange borgarar førte som husmenn, men farsnamnet er ikkje nemnt.

Ola Jonson på Fyrde (37 år i 1666) brukte tvillaust det særeigne seglmerket til Jon Carstenson sin farfar, Litje Jon Tomasson i Bergen. Det er så. Vidare brukte ein Carsten (Jonson, 46 år i 1666)ein del av garden Sunndal like ved Fyrde, og han hadde i 1666 sønene Jon Carstenson 12, Anders Carstenson 5 og Knut Carstenson 3,5. Dersom det er råd å prove at Carsten Jonson i Sunndal og Ola Jonson på Fyrde var brør, ville saka vere klar, omtrent, for det særeigne merket og det heilt eineståande fornamnet Carsten peiker bare i ei lei.

Det er ingenting i vegen for at Jon Carstenson Randall sine eventuelle søner blei bønder, for i Jon si tid forsvann næringsgrunnlaget for ein storkar inst i Austefjorden, fureskogen og, med den, trelasthandelen.

Eg ser ellers at Litje Jon-merket blei brukt gjennom mange ættledd på Fyrde, siste gangen i 1788. Knut Carstenson i Sunndal brukte ellers dette merket i 1707 og 1718, og ein Johannes Madsson i 1754.

Eg seier meg lei for å ha uroa mange på dette følsomme punktet...

--------------------------------------------------------------------------------

Geirr Alén Rasmussen, Sortland, 29.11.2005 21:48 (16) Dessutan hevdar Voldasoga at føremannen til Ola Jonsson på bruket i Fyrde, Anders, var gift med enka etter Jon Karsteinsson, og at Anders er nemnd som stefar til Ola Jonsson. Då er vel ringen slutta - til glede for den sunnmørske svigerfamilien min.

:) Geirr Alén

--------------------------------------------------------------------------------

Lars Løberg, Oslo, 30.11.2005 08:56 (17) Jeg savner fortsatt et vaskeekte bevis, men istemmer gleden på min kones vegne. Men så var det den andre halvdelen av befolkningen på Sunnmøre, da. Det hevdes flere steder linjer tilbake til Tomas Jonsson til Spjelkavik, Karstens bror, finnes det i det hele tatt belegg for etterslekt etter ham? --------------------------------------------------------------------------------

Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 30.11.2005 15:59 (18) Barn av Tomas Jonson til Spjelkavik er ikkje funne nemnt til no. Eg har ellers ikkje sett at folk hevdar å stamme fra han. Tomas Jonson kjøpte garden Vik i Borgund i 1585, ein gard han kan ha hatt odelsrett til. Det oppsto strid om denne garden, men utfallet er uvisst.

Etter odelsskattemanntallet 1603 var eigaren av Vik då Jens Kiempe, alias Jens Tommessen Kiempe, ein fyr som etter namn og alder kan høve som ein son av Tomas Jonson til Spjelkavik. Jens Kiempe si etterslekt blei sittande med Vik til 1660-åra.

--------------------------------------------------------------------------------

Arne Evensen, Molde, 30.11.2005 17:38 (19) Jeg mener å ha lest et sted at Tomas Jonson Spjelkavik ble dømt til døden i Bergen i 1589. Når han ble henrettet er uklart,men årsaken til dødsdommen skal være økonomiske misligheter rundt eiendomskjøp. Det har også vært hevdet at Tomas Jonson var far til Amund Tomasson Gjelstein . Har noen nærmere opplysninger om dette ?

  • *************************************************************************************

Sitat fra Glimt fra Molde.(Moldeglimt, online http://home.online.no/~aaroenes/, http://home.online.no/~aaroenes/Slekt/soop/soop.htm)

Hustru Thyri [Anfinnsdatter Soop] og Carsten Jonson Randall til Fyrde eigde jordegods sammen, gods som de trolig før 1623 solgte til Anders Lauritzen i Luster (jord i Saude, Høyeim, Øffrebye og Låe). Dette styrker hypotesen om at far til Nils Finnson kan ha vært Finn Jonson Teiste. Carsten Jonson Randall var nemlig gift med Finn Teiste si søsterdatter, Maren Jørgensdatter (datter av lagmann Jørgen Pederson og Gudrun Jonsdt Teiste).

  • **************************************************************************************

Stein og Sulebust, Jarle (red.) Uglevik Larsen, I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie ca. 800-1660 (n.p.: Sunnmørspostens Forlag, 1994), s. 352-356, "Tomas Jonson til Spjelkavik" av Bjørn Jonson Dale.

TOMAS JONSON TIL SPJELKAVIK Adelsmann utan ære, kjøpmann utan hell Bjørn Jonson Dale

Første kjente brukar av storgarden Spjelkavik var den høgætta bergensaren Tomas Jonson, som verka på Sunnmøre i vel 20 år frem til 1589, då han blei dømd til døden for ei no ukjent misgjerning. I denne tida satte han mange far etter seg, å sjå til ikkje svært fine. Kva fortel fara om mannen og tida ?

Opphav Tomas Jonson var fødd i Bergen kring 1550. Faren var Jon Tomasson, kjøpmann, rådmann og fra 1543 borgarmeister i byen. Meister Absalon skreiv om Litle Jon, som han blei kalt, at han var "en Norsk Mand, dog fød i Orknø; han var gudfryktig, from og rettvis". Jon var av ei ætt Randall, som vi ikkje veit meir om. At Jon blei borgarmeister i Norges største by, tyder på at han var av fagnadfolk. Som borgarmeister rangerte han elles på line med fødde adelsmenn. Mora til Tomas, Magdalena Tørrisdatter, var adeleg. Farfaren Amund Tørrisson til Ringnes fikk adelsfridom av kong Hans. Gjennom mora var Tomas frende med framståande og fornemme folk over heile landet. Mykje tyder elles på at mora var av sunnmørsk stormannsætt, Synnesætta.

Til Sunnmøre Litle Jon døydde trulig kring 1560 og enka Magdalena satt ugift til 1568, då ho 22. august heldt bryllup med "foged til Sundmøer" Hans Laurensson. Som enke dreiv ho elles verksemnd på Sunnmøre. 1567 stakk ein av drengane hennar hin i ryggen med ein daggert; helst gjaldt det kjøpsveinar (på Skottholmen i Herøy, trur eg). Kanskje hadde ho også interesser i jordegods. Hustru Magdalena - "hustru" var den lågadelege koneemninga - og Hans Laurensson budde i Søvik i Borgund, trulig odelsgarden hans. Barna hennar med Jon Tomasson følgte nok med fra Bergen. Utanom Tomas var det sonen Carsten Jonson Randall, seinare kjøpmann og sageigar på Fyrde i Volda, og ei datter, trulig Magdalena, seinare gift med Jens Nilssen Skriver på Gjelstein i Romsdal. Hans Laurensson døydde allereie seinhaustes 1570. Ut rekneskapsåret (til 1. mai) verka då hustru Magdalena som fut på Sunnmøre, for hausten 1571 var ho i Oslo og la frem rekneskapa for lensherren, Christiern Munch på Akershus. Samme året er ho oppført som stor skipsreiar i Bergen, dit ho kanskje flytta tilbake. Handelen på Sunnmøre kan sønene ha dreve. 1592 heldt ho til på Skeide i Ulstein.

  • **************************************************************************************

Riksarkivet, compiler, Norske rigs-registranter - Tredie bind - 1588-1602 (http://da2.uib.no/cgi-win/webbok.exe: Digitalarkivet, 2003), s. 263-264, http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe''

Jørgen Pedersen [Staur] og Carsten Jonson Randal til Fyrde opptrer i et brev skrevet 25 august 1592 på Antvorskov, Danmark. Norske rigs-registranter bd 3. Carsten Jørgenssøn er nok her svigersønnen Carsten Jonson.

Lagmanden, Borgermestere og Raadmænd udi Throndhjem finge Brev, Jørgen Pederssøns Arvingers [Trætte] med Nils Bild anrørendes. C. IV. V. G. t. Vider, at disse Brevvisere, Peder Jørgenssøn, Johan Jørgenssøn, Carsten Jørgenssøn og Elsebe Jørgensdatter, afgangne Jørgen Pederssøn, fordum Lagmand udi vor Kjøbsted Throndhjem, hans Børn og Arvinger have underd. til os suppliceret, givendes tilkjende, hvorledes forne deres Fader skal for nogen Tid siden forleden have været os elskel. Nils Bild, vor Mand, Tjener og Embedsmand paa vort Slot Visborg, paa hans afgangne Faders, Evert Bilds, Vegne en Summa Pendinge skyldig, hvilke han efter en Skrivelse, han forne Jørgen Pederssøn haver tilskrevet, skal have eftergivet paa 800 Daler, og der forne Jørgen Pederssøn er med Døden afgangen, haver forne Nils Bild ladet annamme 3 hans Gaarde med ganske Bo, Gods, Pendinge, Sølv, Klæder, Kobber, Messing, Tin og alt annet Huusgeraad, Bøger, Register, Regnskaber, Kvittanser, Jordebreve og alt andet, som efter hannem fandtes, efter hvilke Register og Regnskaber de dennem skulle have havt at rette, og formener, dersom Godset maatte have været og blevet tilsammen, skulde det vel have forstrakt sig høiere og mere end forne Summa, hvorfore de underd. er begjerendes at maatte derudinden til Rette forhjælpes, saa der maatte gaa Dom udi Sagen imellem forne Nils Bild og dennem om hvis han med Rette paa hans Faders Vegne kan have hos dennem at fordre. Thi bede vi eder og ville, at, naar I hermed besøges, I da indstevner forne Nils Bild og forne Jørgen Pederssøns Arvinger for eder udi Rette, granske og grangiveligen forfarer derudinden al Leilighed, om forne Arv og Gods, som i saa Maade er annammet, kan opløbe og forstrække sig mere og høiere end den Summa, han forne Nils Bild haver været skyldig, og om hannem med Rette samme Gods lovligen, eftersom ret og billigt er, [er] tilvurderet, som det sig bør, og siden endeligen uden videre Forhaling dømmer og kjender dennem imellem, at dennem paa begge Sider kan skee og vederfares hvis Lov og Ret er, og det under eders Signeter giver klarligen fra eder beskrevet, eftersom I ville ansvare for Gud og være bekjendt for os, saa forne Jørgen Pederssøns Arvinger ikke skulle have dennem videre derudinden for os at beklage. Cum claus. consv. Antvorskov 25 August 1592. T. II. 193. Afskr. V. 523.

  • **************************************************************************************

Sitat fra Volda-soga.Per Årviknes, Volda-soga II - Gardar og slekter (n.p.: Volda Kommune, 1971), s. 438 Fyrde, Bruk 2 Danielgarden.

1594. Karstein Jonsson Randel. Kona var Maren Jørgensdotter Staur. Dei hadde sonene Jon og Jørgen, og ei dotter Else, g. m. Hans Lydersen. Sonen Jon vart buande på garden. Då Karstein d., vart enkja Maren g. 2) m. handelsborgar Oluf Knutsen på Slinningen.

  • **************************************************************************************

Lensregneskap Bergenhus - Skatteliste 1603 ("Pengeskatten") for Sunnmøre, online http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/skatt1603.htm, (4E-4), Schatt oppeboritt aff Flumsageren wdi for^ne: Sundmørsleen som effter følger<..>Woldenn schibreide.

Han er ført opp i Lensregnskapet 1603 på Fyrde, Volda, Sunnmøre. Carstenn Joennsenn paa Førde oc Hans Dragsunnd aff j Flomsaige Pennche ----- ij dr Skaarenn paa samme saige 20 tølter Tiennde partt er -- ij tølter soldt for Pennche ------ iiij mk.

  • **************************************************************************************

Sitat fra LOKALHISTORIE OG SLEKTSHISTORIE - i hovedsak knyttet til Stavanger og Luster , online http://home.c2i.net/kvitrud/Arne/lokalhistorie.htm, http://home.c2i.net/kvitrud/Arne/kruckow.htm''

19.12.1607 var det skifte etter Anna Kruckow (NHD 30.6.1622 side 186) mellom Hans Teiste til Bjelland, Johan Andersen som var rådmann i Bergen og Carsten Jonsen til Førde i Volda (gift med Maren Jørgensdatter). Anna Kruckow var deres farmor eller mormor. Videre var Øllegård Pedersdatter arving på sitt barns vegne. Barnets far var Jon Andersen som igjen var sønn av Anders Nilssen og Anna Kruckow. Anna Kruckow eide da i Yttrekroken, Indrekroken, Søvde i Dale, Lingjerdet, Øvre Lingjerde, Yttri, Haug i Lærdal, Oppheim, Bringe, Bolstad, Rebni, Vallager, Oklevik, Mo, Øvrebø, Loven, Ølnes og noe i bygarden “Gullskoen” i Bergen. Av alt dette godset finner vi bare Kroken blant Johan Kruckow sine eiendeler i 1531. Anna Kruckow og hennes to ektefeller har nok kjøpt en betydelig godsmengde i Sogn selv.

  • *************************************************************************************

Sitat fra Moldeglimt, online http://home.online.no/~aaroenes/, http://home.online.no/~aaroenes/Slekt/theiste/

I et brev fra 1608 (gjengitt i Tingbok 1 for Indre Sogn 1648-1652, fol.83b) vert det sagt at fru Elsebe Teiste er Carsten Jonssøn Randals "hustrues Moder broder daatter." Fru Elsebe var då gift med herr Claus Berg til Ormgaard, kannik og domkantor i Oslo domkyrkje. Det høver bra med at herr Carsten var gift med ei dotter av Jørgen Pederssøn og Gudrun Jonsdotter (Teiste). Gudrun var dotter av Jon Teiste Olavsson til Ytre Kroken, medan bror hennar, Olav Teiste Jonsson til Bjelland var far til Elsebe Teiste

  • ************************************************************************************

Sitat fra Moldeglimt, online http://home.online.no/~aaroenes/, http://home.online.no/~aaroenes/Slekt/theiste/

et brev fra 1608 (gjengitt i Tingbok 1 for Indre Sogn 1648-1652, fol.83b) blir det sagt at fru Elsebe Teiste er Carsten Jonssøn Randals "hustrues Moder broder daatter." Fru Elsebe var da gift med herr Claus Berg til Ormgaard, kannik og domkantor i Oslo domkyrkje.

Det passer bra med at herr Carsten var gift med ei dotter av Jørgen Pederssøn og Gudrun Jonsdotter (Teiste). Gudrun var dotter av Jon Teiste Olavsson til Ytre Kroken, mens bror hennes, Olav Teiste Jonsson til Bjelland var far til Elsebe Teiste

I følge Christian Spangen sitt privatarkiv (nr. 16) på Statsarkivet på Hamar, var Elsebe Olufsdtr. Teiste g.m. Claus Fransson Berg (sønnen til biskop Frans Claussen Berg). Elsebe sine foreldre er oppgitt som Oluf Jonson Teiste til Bjelland og Maren Christoffersdtr. Rustung. De ble gift 1570.

  • *************************************************************************************

Barn:

   Jørgen Karsteinsen
   Else Karsteinsdatter
   NN Karsteinsdatter Fyrde
   Jon Karsteinsen Fyrde (circa 1570 - circa 1646)

Bjørn Jonson Dale, Borgarseta på Sunnmøre 1570-1870, online http://www.soga.no/bjodale/borgarboka/borgsete.htm, http://www.soga.no/bjodale/borgarboka/oysteinsvik.htm.

----------------------------------------------------------------------------------------

Carsten or Karstein

Det følger av et brev fra 1608 gjengitt i Tingbok 1 for indre Sogn 1648 - 1652, folie 83b at Elsebe Teiste er min "Hustrues Moder Broder Datter", dvs enkelt forklart at hun er min kones kusine.

Se også:

view all

Carsten Jonsson Randall, til Fyrde's Timeline

1545
1545
Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal
1570
1570
Age 25
Danielgarden, Fyrde, Volda, Møre og Romsdal, Norway
1572
1572
Age 27
Danielgarden, Fyrde, Volda, Møre og Romsdal, Norway
1574
1574
Age 29
Danielgarden, Fyrde, Volda, Møre og Romsdal, Norway
1630
1630
Age 85
Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal
????
Bergen, Hordaland, Norway