Erlend Filippusson Losna (1330 - 1407) MP

‹ Back to Losna surname

Is your surname Losna?

Research the Losna family

Erlend Filippusson Losna's Geni Profile

Records for Erlend Losna

80,702 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Birthplace: Losna i Ytre Sogn, Sogn og Fjordane, Norway
Death: Died in Bergen, Hordaland Norway
Occupation: Lagmand, Riksråd, Ridder
Managed by: Anne M Berge
Last Updated:

About Erlend Filippusson Losna

Erlend Filippusson

Norsk Biografisk Leksikon

– utdypning (NBL-artikkel)

Forfatter: Halvard Bjørkvik

Erlend Filippusson, Fødselsår og fødestad er ukjende; kanskje fødd i 1330-åra (første gong nemnd 1366); Død 1407. Væpnar, riksråd, syslemann og fehirde. Foreldre: Faren var kanskje Filippus Erlendsson (nemnd 1322–38); mora er ukjend. Gift, men vi veit ikkje namnet på kona. Far til Eindride Erlendsson (nemnd 1384–1440).

Erlend Filippusson er den første mannen vi med full visse kan knyta til den mektige Losnaætta. Han var stor godseigar og hadde fleire viktige ombod i Noreg i siste halvdel av 1300-talet.

I den eldre litteraturen er Erlend oppførd som son til Filippus Erlendsson, som var gift med Ingebjørg Erlendsdotter. Han er omtala 1322, då han gifte bort dotter si, Margareta, og han budde på Osland i Kyrkjebø i Sogn. I tillegg til Erlend og Margareta skulle Filippus også ha sonen Fartegn, førd opp som stamfar til lågadelsætter som Semelengætta i Valdres og dei såkalla Matssønene i Ryfylke.

Det har i seinare tid vorte reist tvil om dette kan vere rett. Slutninga byggjer på namnelikskap, men kronologien talar imot. Margareta kan knapt vere fødd seinare enn 1305, medan det er vanskeleg å dra Erlends fødselsår lenger tilbake enn til 1330; helst var han fødd seinare i 1330-åra. Med ein aldersskilnad på 30 år eller meir er det tvilsamt om dei to kan ha hatt same mor; mor til Margareta kan dessutan ikkje ha levd lenger enn til 1331. Men Filippus kan ha vore far til begge; han levde 1338, då dottera prova ættebakgrunnen til sonen sin. Samankoplinga til Filippus må såleis bli hypotetisk, men namnelikskapen er eit tungtvegande argument. Namnet Filippus er sjeldsynt, og det ville vere påfallande om to med dette namnet levde i Sogn i første del av 1300-talet. Erlend er likevel den første vi kan knyte til setegarden Losna. Kanskje var kona hans frå denne garden?

Det var i seinmellomalderen Losnaætta steig fram som ei av dei fremste stormannsættene i landet. Det var ei eksklusiv ætt med riksrådsmedlemer i tre generasjonar: Erlend Filippusson, sonen Eindride Erlendsson og sonesonen Erlend Eindridsson. Alle tre var kongetru, og alle fekk sentrale styringsoppgåver. Den første av dei var væpnar heile livet, dei to andre vart riddarar. Tre kvinner er kjende: Erlend Filippussons dotter Sigrid og Erlend Eindridssons døtrer Ingerd Erlendsdotter og Sigrid; alle er nemnde med fruetittel og fekk ektemenn av høg byrd.

Setegarden låg på øya Losna i Gulen, i eit område med mykje adelsgods enno kring midten av 1600-talet, då vi for første gong får fullt oversyn over jordegodsfordelinga. Eigarar då var familien Rosenkrantz. Men jamvel om Losnaætta høyrer seinmellomalderen til, har godssamlinga røter mykje lenger tilbake. Her ved innseglinga til Sognefjorden låg tilhøva til rette for ei sterk høvdingmakt i vikingtida og kanskje også tidlegare, og det vart skapt eit grunnlag som seinare stormannsætter kunne byggje på. Losnaætta greidde å samle jordeigedommen under seg, og her ligg det nær å tenkje på omkalfatringar etter Svartedauden.

Erlend var medinnseglar då Håkon 6 Magnusson avtala våpenstillstand med dei nordtyske og vendiske byane 1370, og frå no av var han fast medlem av riksrådet. Seinast 1375 tok han over som fehirde i Bergen, og han var med i rådskrinsen som 1381–85 fungerte som formyndarstyre for barnekongen Olav Håkonsson. Stillinga som fehirde hadde han til ca. 1390 (omtala siste gong 1389), samstundes som han for ei tid var syslemann i Nordfjord. Den islandske annalisten som skriv om hans død, fortel at “Erlend bonde Filippusson” ikkje ville bli riddar, jamvel om kongane tilbaud han å bli det. Han fekk elles det ettermælet at han var den merkelegaste mann “av bønder” i Noreg, og han fekk ros for at han hadde trudd islendingane betre enn andre norrøne menn.

Også sosialt var han respektert, noko giftarmålet til dottera Sigrid vitnar om: Mannen hennar, Håkon Sigurdsson til Giske, var son til Sigurd Havtoresson til Sørum og fru Ingebjørg, dotter til drottseten Erling Vidkunnsson. Håkon Sigurdsson døydde same år som svigerfaren, og den islandske annalisten kalla han den “velbornastur” mannen i Noreg, dvs. den mannen som var av mest fornem byrd. Fru Sigrid vart like etter gift på nytt med den svenske stormannen Magnus Magnusson, og det utløyste ein lang og bitter strid om Giske-godset mellom han og Sigurd Jonsson til Giske og Sørum, son til Håkon Sigurdssons søster Agnes.

Våpenmerket til Erlend var ein rutekross, eit motiv som går att i skjolda til sonen og sonesonen. Jarleslekta Sinclair på Orknøyane førte same våpenmerket, men noko slektsamband mellom Losna og jarleætta kan ikkje påvisast. Medlemer av Semelengætta og ætta til Matssønene førte skjold med ruter (ikkje krossform), ein indikasjon på at dei kan ha høyrt til Losnaætta. Samankoplinga må bli hypotetisk, men tilknytinga til Ryfylke, der Erlend ser ut til å ha hatt ættegods, styrkjer hypotesen. Sonen Eindride fekk også sysle her.

Kilder og litteratur

   * DN, bd. 1 nr. 218, 253 og 706, bd. 2 nr. 147, 180–181, 435 og 440, bd. 3 nr. 465, bd. 4 nr. 457, bd. 8 nr. 191, bd. 15 nr. 25 og 29, bd. 18 nr. 33
   * Isl.Ann., s. 289
   * NgL, bd. 3, 1849, rk. 2, bd. 1, 1857
   * “Losne-ætten”, i Danmarks Adels Aarbog 19, 1902, s. 296–298 og 495
   * NhfNF, bd. 3:1, 1915
   * A. Espeland: Losna-ætten, 1924
   * E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
   * H. Sollied og P. R. Sollied: “Losna-ætten”, i NST, bd. 1, 1928, s. 14–31
   * A. Steinnes: “Mats-sønene og ætta deira”, i NST, bd. 8, 1942, s. 305–349
   * L. Hamre: Norsk historie frå omlag 1400, 1968
   * A. Bjønnes m.fl.: “Semeleng-ætten i Valdres og Losna-ætten i Sogn”, i NST, bd. 34, 1994, s. 164–202
   * G. Leistad: “Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid”, i Asker og Bærum historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346

Ved sitat oppgi: Store norske leksikon, snl.no, Halvard Bjørkvik, 2010-05-27, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Erlend_Filippusson/utdypning

Kommentér og diskutér

--------------------

The earliest known member of the Losna-family was Erlend Filippusson at Losna who died in 1407. The theory that he's a son of Filippus Erlendsson at Osland is highly dubious. This Filippus had a daughter who married in the 1330's, and the chronology doesn't fit to place Erlend Filippusson at Losna as her brother.


As for the descent of Filippus Erlendsson through Erlend Arnesson, that is based purely on guesswork - containing too much fiction and a minimal amout of facts.


The known persons of Losna-family is limited to six - 6 - persons. Three men and three women, and the only living persons that can claim descent of this family has to descend from Sigrid Erlendsdotter (died 1528) and her husband, the Danish nobleman Bo Flemming (died est.
1491/1492). Their daughter married into the Danish noble family Rosenkrantz.

Tree:

Erlend Filippusson at Losna
m[entioned] 1366-d.1407

Two children:
Sigrid Erlendsdotter m.1391-1425
married 1. Håkon Sigurdsson Roos at Giske (d.1407)
married 2. Magnus Magnusson at Giske

Eindride Erlendsson at Losna
m.1384-1442
He had one known child

Erlend Eindridesson at Losna, m.1429-died est.1452
married Gudrun Olavsdotter
They had two daughters.

Ingegerd Erlendsdotter, m.1509-d.1526
marr. 1 Olav Guttormsson at Hananger, died 1485
marr. 2 Arald Kane, died 1496 (killed by a mob of peasants)

and finally Sigrid Erlendsdotter who married Bo Flemming

Jo Rune Ugulen, P.O.Box 205, N-5201 Os, Norway
Voice: + 47 56 30 26 19
E-mail: jo.ugulen@student.uib.no
WWW: http://www.student.uib.no/~st01236 eller http://rasmus.uib.no/~st01236
Distriktsrepresentant i Hordaland for
Norsk Slektshistorisk Forening
view all

Erlend Filippusson Losna's Timeline

1330
1330
Losna i Ytre Sogn, Sogn og Fjordane, Norway
1365
1365
Age 35
Odensland, Sogn, Norge
1397
1397
Age 67
Solund, Sogn og Fjordane, Norway
1407
1407
Age 77
Bergen, Hordaland Norway
1407
Age 77
Osland, Sogn og Fjordane, Norway
????
????
????