Ingebret Svensen Mossige (1812 - 1862)

‹ Back to Mossige surname

Is your surname Mossige?

Research the Mossige family

Ingebret Svensen Mossige's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Place of Burial: Time, Rogaland, Norway
Birthplace: Mossige, Time, Rogaland, Norway
Death: Died in Mossige, Time, Rogaland, Norway
Occupation: Bonde og lensmann
Managed by: Ånon Spinnangr
Last Updated:

About Ingebret Svensen Mossige

Bruk nr. 2 Mossige

Lensmann, stortingsmann og bonde.

Ingebret satt med bruket frå 1835 - 62.

Han kjøpte til 3/4 sp. av bnr. 1 og 2 1/2 sp. av bnr.1 og 12 av Fosse.

g. og æ. i Time, s. 316, nr. 24c

g. og æ. i Time, s. 316, nr. 25

g. og æ. i Høyland, s. 105, nr. 20

--------------------

Ministerialbok Lye 1799-1817 side 78: Født 12.03.1812 Ingebreth, døpt 26.03.1812.

Ministerialbok Høyland i Høyland 1825-1841 side 185: Gift 03.11.1836 med Elisabeth Samuelsdtr Sandved.

Ministerialbok Høyland i Høyland 1857-1877 side 262: Død 26.11.1862 Ingebreth Svenson Mossige, oppholdsted Brueland (Brualand). Begr. 05.12.1962.

Det er flere steder funnet at han var arkitekt for Time kyrkje, som ble oppført i 1859.

Lagt til av Peter Hognestad 29.07.2013.

--------------------

Ifølge NSD var lensmann Ingebret Svendsen Mossige stortingsrepresentant fra 1845 til 1851. Han var født i 1812.

http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=polsys&lan=&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=12070

---------------------

Skjævelandsbrua er ei bru over Figgjoelva på Jæren. Midten av brua utgjer grensa mellom Klepp kommune og Sandnes kommune. Brua var ferdig bygd i 1853. Byggjematerialet er for det meste stein, bygd som ei kombinert steinkvelv- og steinhellebru. Brua er 100 meter lang. Brua er ein del av Vestlandske hovudveg, og var den fyrste brua i Rogaland fylke som vart bygd for køyrety.

Brua vart teikna av Ingebret Mossige, lensmann og veginspektør i Time kommune. Gabriel Høyland (1820-1907) leia bygginga av brua. I 1966 vart det opna ei ny bru for riksveg 44, og Skjævelandsbrua har etter dette vore nytta til lokal trafikk. Ho vart restaurert i 1985, og vart i 2002 teke med på ein nasjonal verneplan for kulturminne knytt til vegar.

Rogalendingar og ætter band I, Ola Aurenes, s. 44.

Ingebreth Mossige fødd på Mossige i Time 12 mars 1812. Han voks opp i ein heim med åndelege hugmål og synte sjølv tidleg å ha gode evner. Omgangsskulen hadde lite å gjeve han, og i konfirmasjonsalderen fekk han noko omframopplæring hjå presten Hartmann på Lye. Så kom han på kontoret hjå sorenskrivar Aas i Eigersund og fylgde han til Kristiania i 1833, då han reiste på Stortinget. I hovedstaden fekk han seg og noko skuleopplæring og førebudde seg såleis til framtidsyrke sitt som den fyrste mann i bygda sitt styr og stell. Det var sjølvgjevi at han var med i det fyrste bygdestyre av 1837, og at han vart gjort til ordførar. I 1841 vart han lensmann i Haugland skipreide og seinare i Time tinglag og kunne ikkje vera ordførar lenger, men var med i heradstyret så lenge han budde i heimbygda. Veginspektør for Jæren var han til han døydde. Han vart valt til stortingsmann i 1845 og møtte sidan på alle storting til 1860. I Stortinget hadde han ei sterk stode mellom bonderepresentantane. Han var brukt til sekretær i Odelsting og Lagting og var sekretær i fleire nemnder: valnemnda, justisnemnda nr. 1, lovnemda, militærnemnda. I heimbygda hadde han mange tillitsyrke, og Amtstinget valde han mellom anna til medlem av byggjenemnda for sjukehuset og seinare i nemnda for distriktsfengslet. I Amtstinget hadde han teki opp forslag om endring i skysslovgjevinga, og då regjeringa i 1858 tok seg av dette spørsmålet, vart Mossige med i den kongelege kommisjonen. I 1861 flytte han ut or heimbygda; han hadde blitt lensmann i Høyland og magistrat i Sandnes. Han kjøpte garden Brualand og busette seg der. Men virketida hans vart stutt i Høyland; han døydde 26 november 1862.

(By Irene Røyneberg)

view all 12

Ingebret Svensen Mossige's Timeline

1812
March 12, 1812
Mossige, Time, Rogaland, Norway
1836
November 3, 1836
Age 24
Time, Rogaland, Norway
1837
September 10, 1837
Age 25
Mossige, Time, Rogaland, Norway
1840
February 10, 1840
Age 27
Mossige, Time, Rogaland, Norway
1843
August 24, 1843
Age 31
Time, Rogaland, Norway
1849
July 18, 1849
Age 37
Time, Rogaland, Norway
1860
March 10, 1860
Age 47
Time, Rogaland, Norway