Jørgen Gunnarsen Løvland (Lauvland) (1848 - 1922)

public profile

7

Matches

0 1 6
Adds more complete birth place and burial place.

View Jørgen Gunnarsen Løvland (Lauvland)'s complete profile:

  • See if you are related to Jørgen Gunnarsen Løvland (Lauvland)
  • Request to view Jørgen Gunnarsen Løvland (Lauvland)'s family tree

Share

Birthdate:
Birthplace: Evje, Evje, Evje, Aust-Agder, Norway
Death: Died in Kristiania, Kristiania, Norway
Occupation: Statsminister, Statsminister i Stockholm i 1905
Managed by: Rolf Sigurd Løvland
Last Updated:
view all 15

Immediate Family

About Jørgen Gunnarsen Løvland (Lauvland)

Løvland var bondesønn fra Evje i Setesdal i Aust-Agder, født og oppvokst på gården Lauvland. P.g.a. Løvlands høye kunnskapsnivå ble presten imponert over ham da han sto til konfirmasjon, og de fikk han inn på Kristiansand Katedralskole. Av økonomisk hensyn søkte han seg over som underlærer ved allmueskolen i Kristiansand. Etter 10 år ble han ambulerende lærer i Nedenes (Aust-Agder). Han giftet seg i 1884 med lærerinnen Mathilde Torkildson fra Kristiansand, og begynte som redaktør av Chr.sands Stiftavis. Han ble valgt som førsterepresentant fra Kristiansand til Stortinget første gang i 1885.

Løvland var sentral under unionsoppløsningen i 1905, og ble Norges første utenriksminister. Politisk hørte han til partiet Venstre. Han var også opptatt av norskdom og av målsak.

---------------------------------------------------

Jørgen Løvland - ein statsmann

I forbindelse med Agderrådets møte - spor etter Sørlandet i hundre holdt lektor Arne Olav Kleveland dette innlegget:

Jørgen Løvland blei fødd på garden Lauvland i Evje i det store revolusjonsåret 1848. Det var ein tilfeldighet som kunne sjå ut som ein tanke. Løvland var nemleg politisk nær i slekt med dei tankar og straumdrag som dreiv revolusjonsbølgja over nær sagt heile Europa i dette dramatiske året. Der var godt hovud på folka i ætta Løvland blei fødd inn i - og sterk politisk interesse. Farbror hans hadde site på Stortinget. Det same hadde morbror til mor hans gjort. Den sistnemnde; Notto Jørensen Tveit ville også ha blitt ein av dei store i norsk politisk historie hadde han ikkje døydd ung ved slutten av fyrste valbolken han var vald inn. På Lauvland fylgde dei levande med den bondeopposisjonen mot embetsstyret som tok meir og meir form utover i 1860 og 70-åra. Særleg var bror til Jørgen eller Jøren, Ola, radikal. Dei heldt avis på Lauvland, Almuevennen. Og frå 1859 eller 60 Vinje sitt landsmålsblad, Dølen. Her blei Jørgen gripen av målsak og norskdomsarbeid, og det var her han støytte på formuleringa Les og veks, som tolvåringen gjorde til eit livslangt valspråk.

Løvland var den mest sjølvlærde politikaren landet har fostra og for å sitere historieprofessor Halvdan Koht så har "ingen norsk statsman kome inn i politikken med so rik historisk kunnskap som han". Skulegangen hans var den toårige lærarskulen i Holt, som han tok på eitt år. Han blei lærar i Kristiansand i 1867. Åra han var der, fram til 1876 blei ei mektig læretid. Han nytta kvar ei fristund til å lese og til å vekse. Han tok fatt på språkstudiar, fyrst engelsk og tysk, seinare fransk. I 1876 blei det sett i drift ein såkalla ambulerande amtsskule i dei indre bygdene i Nednes amt. Løvland blei headhunta for å styre skulen. Han måtte høve godt for oppgåva, gje ungdomane syn for å skaffe seg kunnskap og opplysning og hug til å bli føregangsmenn i dei bygder dei kom frå. Løvland blir hugsa som ein flink og gild lærar. Særleg hugsa elevane hans sogetimane. I åtte år hadde Løvland denne stillinga. Han las og vaks vidare, og i denne perioden mognast han og tok form politisk. Me kom inn i år med vetostrid og høg politisk temperatur. I sommarhalvåret budde Løvland heime på Lauvland. Løvland kjøpte seg eit skogstykke og fekk røsyterett. Striden toppa seg i valåret 1882. Løvland blei vald til valmann det året, og mange var dei som ynskte han inn på Stortinget frå Nednes landdistrikt det året. Men Setesdal kunne bare få ein representant, og plassen var oppteken av den markante politikaren Lars Liestøl. Løvland laut nøye seg med varamannsplass det året.

Løvland drog frå Setesdal til Kristiansand og redaktørkrakken Kristiansands Stiftsavis i 1884. Han var hemmeleg trulova med ei bygjente som ikkje ville flytte til dalstroka innanfor, og hugen på å nå høgare opp og lengre fram politisk, var

heilt sikkert sterk. Og i Kristiansand markerte han seg politisk frå fyrste stund, så sterkt at han alt året etter blei innvald på Stortinget. Og her blei han fort lagt merke til. Professor Koht uttrykker det slik: "klokskapen skein av han, og samstundes var han so grei og so stødig at alle fekk tiltru til han." 25 år fekk han i rikspolitikken, 12 år stortingsmann og 13 år statsråd. Alt i fyrste perioden viste han sterk interesse for samferdselsspørsmål og seier sjølv han var "Tilhenger av den demokratiske Fremskridspolitikk paa alle Felter". Han var for ålmenn røysterett, det ville på det tidspunktet seie for menn. Han ville redusere den sterke maktstillinga embetsmennene hadde, var oppteken av meir makt til folket også i kyrkja og i samband med det var han gripen av tanken om menighetsråd, ei sak han arbeidde med heile sitt politiske liv og som han førde fram til siger i 1920, året han gjekk ut or politikken. Han tala og skreiv riksmål som var nærast dansk på den tida. Men etter at landsmålet i 1885 blei formelt jamstelt med riksmålet i 1885, fekk me året etter to komiteinnstillingar i Stortinget på landsmål, begge skrivne av setesdølar. Det eine var førd i pennen av Lars Liestøl, den andre av Jørgen Løvland.

Men i denne stortingsperioden kom fyrste kløyvinga i Venstre. Det låg ikkje for L. å vere fløypolitikar. Han prøvde å bygge bru mellom dei stridande partane, men måtte velje side og valde det reine venstre. Han røysta for diktarløn til Kielland, og det kosta han stortingsplass neste perioden, er det blitt sagt. Misjonsfolket i Kristiansand hadde hatt stor tillit til Løvland. Han var av haugianarslekt på morssida, og var alt som gutunge påverka av arven frå Hauge. Då fritenkjartankar fekk plass i Garborgs blad Fedraheimen, skreiv Løvland i 1879 eit skarpt innlegg mot dette som konluderte slik: "Me ofrar inkje trua for målet". Kyrkjehistorikaren Oscar Handeland kommenterer dette slik: "Dette var reine ord for pengane, og ein kunne ha venta at Løvland ville ha blitt ein stor stridsmann for gammal kristentru. Men politikken tok han meir og meir og han kom aldri til å setje merke i norsk kristenliv." Ei djupt rotfest kristentru kom likevel fram ved ein del høve, særleg i historisk dramatiske situasjonar som til dømes i 1905 og 1914. Då han låg for døden, sende han bod på prest for å få nattverden. "Eg har halde på barnetrua," sa han "men eg har forsømt å gå til alters." Men i 1888 var altså venstrefolk i Kristiansand, særleg misjonsfolket, så vonbrotne over at han hadde fylgt dei reine framfor dei moderate at han blei ikkje innvald det året.

Men ein politisk gigant som Jørgen Løvland hadde sjølvsagt ikkje partiet Venstre råd til å halde utanfor Stortinget lenge, og alt ved neste val, som var hausten 1891, blei han igjen innvald, og innvald blei han også i 1894.

I dei 6 åra desse periodane varde, var han odelstingspresident. Han blei også leiar av samferdselskomiteen, og det var som samferdselspolitikar han denne perioden markerte seg mest, og her sette han djupe spor etter seg. Han brann for vegbygging, jernbanebygging og utbygging av telefonnettet. Vel var også Løvland påverka av sparetanken som hadde stått serkt i bondesamfunnet og som vestegden

Søren Jaabæk hadde vore sterkaste talsmannen for. Men Løvland var landsbyggaren, nasjonsbyggaren, framfor nokon politikar i si samtid, og med veg, jernbane og telefon skulle landet byggast og knyttast saman til ein sterk nasjonal einskap. Han var ikkje einaste politikaren som brann for betre kommunikasjonar. Men det vanlege var at kvar brann for sitt distrikt. Det gjorde også Løvland. Men han såg betre enn dei andre heilskapen. Heile landet som skulle byggast. Og i denne perioden møter me Jørgen Løvland som den store kompromissmakaren, brubyggaren mellom særinteressene, mannen som kunne samle særinteressene til eit nasjonalt løft. Og han er mannen bak det historisk viktige "jernbanekompromisset" frå 1894.

Venstre gjorde eit godt val hausten 1897, og Johannes Steen danna si andre regjering. Jørgen Løvland var mogen for ein statsrådspost, overmogen må ein mest seie. Løvland blei då også teken inn i Steens regjering i februar 1898, som arbeidsminister, eller om ein vil som sjef for Departementet for offentlege arbeider. Dette departementet styrde han i nær seks år, fram til Høgre vann valet hausten 1903. Og som arbeidsminister fekk L. ansvaret for å gjennomføre dei store utbyggingsplanane han sjølv som stortingsmann hadde vore hovudarkitekten bak. Og landet gjekk med Løvland i denne sentrale statsrådsstolen inn i ein utbyggingsperiode landet før ikkje hadde opplevt maken til.

Noreg hadde nærast fullt indre sjølvstyre under unionen med Sverige. (Klart meir enn me har nå under vårt EØS-medlemsskap). Men utanrikspolitikken tok Sverige seg av. Me hadde ikkje eigen norsk utanriksminister og ikkje eigne norske konsular. Frå 1880-åra av blei kravet om meir jamstelling i unionen oftare og klarare formulert. Som parti var Venstre meir militant enn Høgre. Men også i Venstre var meiningane delte og førestellingane til dels nokså uklare om kva krav ein skulle stelle og kva veg ein måtte gå for å nå måla. Løvland var mellom dei mest radikale. Hans syn var at me måtte få eige norsk utanriksstyre heilt til topps eller gå ut av unionen. Han understreka igjen og igjen sterkt at unionen var ein personalunion folkerettsleg, og derfor var det feil når kongen hadde føre saker som bare vedkom Noreg i svensk statsråd.

Men Løvland såg også at dei framstøytar som blei gjorde mot Sverige måtte eit samla politisk miljø og helst eit samla folk stå bak. Og fram mot 1905 samla politikarane seg om å krevje eige norsk konsulatvesen. Me var inne i industrialiseringa av landet. Utanrikshandelen auka, og etter norsk syn ivaretok ikkje dei svenske konsulane alltid norske interesser på tilfredsstellande vis. Særleg dersom svenske og norske interesser konkurrerte, kunne dette kome tydeleg fram. Høgre hadde større tru på forhandlingsvegen enn dei hadde i Venstre, og regjeringa Hagerup som blei danna i 1903, hadde god von om å nå fram på den vegen. Men tidleg på nyåret 1905 blei det klart at vegen ikkje førde til målet, og regjeringa kasta korta. Michelsen som hadde vore med i den gamle regjeringa,

danna i mars ny regjering. Det udiskutable målet som nå politikarane stod samla om, var eige norsk konsulatvesen. Men fleire vegar kunne føre fram mot dette målet. I den radikale stemninga vinteren 1905 blei den korte lovlina valt. Den var radikal for di ein på førehand kunne sjå at den kunne føre til unionsbrot. Ein samla seg om at Stortinget ved lov skulle vedta eige norsk konsulatvesen. Dersom kongen sanksjonerte lova, var alt vel og bra. Men dersom han nekta, ville han pålegge den norske statsministeren i Stocholm å kontrasignere sanksjonsnektinga. Planen var så at statsministeren skulle nekte dette, og dersom kongen påla han å kontrasignere, så skulle han levere inn regjeringas avskilsøknad. I den situasjonen som då oppstod, ville det vere heilt uråd å stable på beina ei ny norsk regjering, og unionen ville faktisk vere oppløyst. Etter denne planen ville det fyrste og heilt avgjerande slaget stå på Stochholm slott. Den mannen som i denne situasjonen møtte der som norsk statsminister, måtte vere ein mann over gjennomsnittet. Han måtte for det fyrste vere stø som grunnfjellet, ein mann som ikkje vakla eller blei tvilrådig. For det andre måtte han vere skolert, ha kunnskapane på plass og ha ei velutvikla analytisk evne. Ikkje eit komma eller semikolon i det han sa måtte vere gale. Alt måtte vere utan last og lyte vurdert i øyeblikket og i all ettertid. Slike folk veks ikkje på tre. Men Michelsen hadde mannen. Han hadde evdølen Jøren Gunnarson Lauvland. Og Løvland tok på seg rolla, og han spela den med glans. Planen blei gjennomført. Unionen blei oppløyst, noko svenskane naturleg nok ikkje utan vidare kunne godta. Det blei forhandlingar i Karlstad. Soldatane stod oppmarsjerte på begge sider. Men på begge sider forhandla kloke politikarar, som tenkte både med hovud og hjarta. "Vi bevarede altid roen," skreiv Løvland heim frå Karlstad. Og ikkje om nokon norsk politikar eg veit å nemne kan ein med større rett seie: "Han bevarede altid roen". Michelsen og Løvland, ulike som dei var, utfylte kvarandre på ein heilt utruleg vellukka måte i det dramatiske året 1905. Me gjev ordet til professor Koth: "Der den eine i ein lynglimt såg vegen og valet der kom den andre etter med umtenkt prøving, ransaka vegen nøye og såg etter trygd på alle sider. So fekk politikken det året stempel både av friskt mot og roleg klokskap - ei lukkelegare sameining var ikkje tenkeleg." Så langt Koht. Det nære politiske samarbeidet mellom Michelsen og Løvland og den tette venskapen som utvikla seg mellom desse ruvande politikarane blei altså svært fruktbart, særleg i året 1905. Men samarbeidet var kanskje også til skade for Løvlands vidare karriere. Michelsen låg klart til høgre for Løvland og drog den regjering han styrde saman med Løvland så pass langt til høgre at Løvlands firmenning og politiske rival, Gunnar Knutsen, kunne bygge opp ein venstreopposisjon mot regjeringa i Stortinget, ein opposisjon som i 1908 felte regjeringa få månader etter at Michelsen var gått av som statsminister og Løvland hadde sett seg i statsministerstolen. Mange meinte Løvlands politiske liv då var slutt. Men han kom tilbake. Han kom sterkt tilbake.

Året 1905 var elles året det norske folket valde mellom kongedømme og republikk. Kongedømmet fekk stort fleirtal. Men på Agder, særleg i innlandet,

ville dei ha republikk. Og sætesdølane var vonbrotne over at den store politiske helten deira, Jørgen Løvland, tala for kongedømme. Løvland var republikanar av innstilling. Men han var realpolitikar. Han sat i det politiske førarsetet og måtte innrette seg etter harde realitetar, og landet vårt var i ei vanskeleg stilling. Det var avgjerande at lausrivinga frå Sverige blei så lite dramatisk som råd. Motviljen mellom stormaktene mot det norske opprøret måtte dempast mest mogeleg, og om me ser bort frå Frankrike så var det nok eit klart ønske mellom stormaktene at monarkiet fekk leve vidare i Noreg, og me ville mest naturleg gli inn i eit internasjonalt samarbeid om me valde kongedømet. Dette såg den skarptseande Jørgen Løvland. I forsvarstalen sin for kongedømet i Stortinget hausten 1905 så tenkjer Løvland seg eit kongedømme som arbeider med folkeviljen, ikkje mot folekviljen. Og Kong Håkon oppfylte draumen hos den framsynte realpolitikaren Jørgen Løvland. Og Kong Håkon oppfylte draumen i den grad at jamvel den fanatiske republikaren Arne Garborg etter nokre år sa det var likevel best folket valde kongedøme i 1905.

Dette var det eg fekk med innanfor ei ramme på 15 minuttar. Men eg er eigenleg ikkje meir enn halvferdig med Løvland. Eg har ikkje fortalt at han blei vår fyrste utanriksminister som etter mitt syn plasserte landet vårt klokt i det internasjonale selskap. Eg har ikkje fortalt om fredsvenen Løvland som sat som leiar av Nobelkomiteen i heile 20 år. Eg har ikkje fortalt at etter 1908 kasta han seg inn i striden for målsak og norskdom. Eg har ikkje fortalt at han etter ein politisk passiv periode blei innvald på Stortinget att i 1912 og blei stortingspresident, vår fyrste stortingspresident som tala landsmål frå presidentstolen. Eg har ikkje fortalt at han i 1915, 67 år gammal igjen kom inn i regjeringa, nå som kyrkje- og undervisningsminister. Eg har ikkje fortalt at eg meiner han er den kyrkjeministeren som har sett sterkaste spor etter seg. Han sette ikkje bare spor etter seg på eitt felt, som fleire profilerte politikarar har gjort, men i grunnen på alle felt departementsansvaret femnde om; skule, rettskriving, namneverk. Og som nemnt før, blir ikkje Løvland minst hugsa for demokratiseringa av kyrkja. Meir makt til folket, mindre til embetsstanden var eit livslangt motto. Og Løvland ynskte ei open, inkluderande folkekyrkje.

Då Løvland fylte 60 år, fekk han brev frå sin gode ven, Bjørnstjerne Bjørnson . Me avsluttar med eit par setningar frå det:

"Jeg vet ingen annen i vort land som har hatt maken til livsferd. Innerst inne skylder du det den drivende ideale trang i dig..."(B.B.)

view all

Jørgen Løvland's Timeline

1848
February 3, 1848
Evje, Evje, Aust-Agder, Norway
1884
1884
Age 35
1884
Age 35
1889
September 28, 1889
Age 41
1905
March 11, 1905
Age 57

Ble norsk statsminister i Stockholm kl 12:00

1922
August 21, 1922
Age 74
Kristiania, Kristiania, Norway