Jens Ellingsen Blix

Is your surname Blix?

Research the Blix family

Jens Ellingsen Blix's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Jens Ellingsen Blix

Birthdate:
Birthplace: Angellgården (Rødgården), Inndyr, Gildeskål, Nordland
Death: Died in Gildeskål, Nordland
Place of Burial: Gildeskål gamle kirkegård, Nordland
Immediate Family:

Son of Jørgen Jørgensen Blix and Gjertrud Katharina Hasselberg
Husband of Maren Hvid Blix and Anne Margrethe Blix
Father of Jørgen Christian Albricht Angell Blix and Maren Gerhardine Eckhoff
Brother of Jørgen Michael Blix; Maren With Blix and Hans With Blix

Occupation: Skipper, Handelsmand paa Indyr
Managed by: Hans Egil Hansen
Last Updated:

About Jens Ellingsen Blix

(Bengt-A. Sundsfjord): Ragnvald Mo beskriver i en av sine bøker («Soge og segn» Folkeminne frå Salten III, Norsk Folkeminnelag. 1952.) noen av de personene fra Saltenområdet som ble betegnet som «kjemper». En av disse var Jens Blix. Jens Blix var Jekteskipper og reiste mye langs Norskekysten, både sørover til Bergen og nordover til Finnmark. Kilder til historiene fra Gildeskål oppgis å være Kristen Gjelstad, Kristian K. Kvarsnes og Harald Hansen:

Jens Blix var via kjend for styrken sin. Han er ein av dei mest namnkjende kjempekarar som har vakse opp i Gildeskål. I lang tid førde han jekt for Persen på Inndyr.

Det var ein sumar han var siglande til Hamarfest etter ei last russemjøl. Dette var i dei tider då handelsmennene nord på Finnmarka dreiv bytehandel med russen. Mjølet var i matter, og stod 9 våger kvar. Han som hadde handelen, heldt 8 russar i arbeid. Dei stod føre lastinga, og handelsmannen hadde fått borda av lossement åt dei innpå sjølve bryggja. Elles var det no fullt flia av matter heile bryggjegolvet innetter, det var einast ein gang til dette russekottet.

Jaha. Ein dag var Jens Blix beden til middag hos handelsmannen. Alt medan hadde russane gjort forlikt om å krev på etter brennevin. Då det var tid å ta til att med arbeidet, gjekk han Jens åt innsmettet til russane og purra ut. Dei kom stikkande, men stelte seg av, og ein av dei, han var som ein bestmann, han førde no ordet og gjekk på etter skjenk. Men han Jens beit av med eitt og bad dei berre ta i ferd med lastinga. Russen var ikkje meint å gje seg med det; han knytte neven og truga med å slå han Jens forderva så sant dei ikkje fekk dram.

Då var han ikkje lenger å tøya, Blix'n. Han reiv ei matte av dungen og slengde etter russen. Det hjelpte. Dei spakna no av og gav seg i arbeid att. Og dei talde ikkje på etter brennevin meir.

Men ein vår han låg i Bergen med rundfisklast, hadde han nære på gjort det av med ein gesell hans Hermansen. Kjøpmennene som ordna med nordlandshandelen, var 18 i talet, og Hermansen var ein av dei. Og no skal du høyra. Han Jens Blix var liggjande med jekta inn til bryggja, og dei var i arbeid med å ta opp lasta. Vekta hadde dei på dekk standande, og gesellen som eg seier, han var for Hermansen og stod føre veginga. Alt medan kom han Jens til å bli vis at gesellen fôr med fark, han var medkvart borti vekta med fingeren. «Du får inkj driv kjyvpek me vektai» sa han Jens. Rakkaren gjorde som han inkje høyrde, og fyrst han såg seg snitt til, var han framme med fingeren. Han Jens sette då i andre gongen. «Du let vekta ver i mak'n! Høyr du da?»

Men gesellen var forherd. Så laut han Jens til med sterkare lut. Han gjekk og røska i karen og slengde han over jektbommen, og attover. No var luka til romet av, og gesellen kom så til han dreiv nedi der. Då han Jens fekk sjå kva veg den andre tok, heitna han der han stod. Romet var utlossa, ser du, og han ottast no at gesellen kom til å slå seg steine dau mot flakane. Til all lukke var det ope heilt ned i brunnen, og der låg han og plaska dentid dei kom til.

Han Jens gjekk med eitt og melde seg til politiet. Det bar så til med avhøyring og styr. Men då det kom opp kor alt hadde gått føre seg, vart han Jens frikjend. Dei syntest gesellen kunne ha såpass. Det ville minna han på til ein annan gong, veit du.

Jens Blix hadde fleire søner. Dentid dei var framvaksne og kom til myndigheit, vart faren heitande Gamal-Blix. Det var meir enn manns tak i kvar av sønene. Den eine av dei heitte Jørgen; han låg ikkje noko etter faren i styrke, då han var i sine velmakts dagar.

Det var ein sumar han Gamal-Blix og to av sønene kom av Bergen med Storjekta, ho var på 1200 tunner. Rette farleia var Inndyrvågen. Men det bles ut Vågen den dagen, så han var ikkje lett å ta seg opp. «E ser hånn e såvitt kvass da kann bi hytt om å få henn bugsert inn,» sa faren. Og så slo han på dei fekk prøva Røsnessundet. Men sønene heldt på dei kunne prøva inn Vågen. Faren gav no etter. Men dentid dei strauk seglet ytst i, sa han: «Hadd no berre hånn Jør'n vør her, så hadd e inkj gruva.»

Han Gamal-Blix sa berre Jør'n når han nemnde sonen med namn. Han Jørgen hadde vorte vis jekta og kom springande. Brørne skunda seg i båt og fekk trosse i land. Så tok han Jørgen trossa over aksla og rusla med jekta oppover. Ja, han Jørgen Blix var groveleg sterk. Han vatt ein gong jektseglet åleine, det var på 36 alner. Dei hadde ei hoppe som var så lunåt i hamna, ho var takskjerr, ser du. Medkvart kunne ho vera så toleg, men så medkvart reint forherd.

Ein dag i slåtta skulle han Jørgen etter hoppa. Dei hadde mykje høy på brøydda, og utrygt vístest det med veret, så han ville gjera fortgang med å få hoppa heim. Men den dagen fann han henne i rette ranghøvan. Og han Jørgen plagdest og gjekk etter henne motes heile økta innan han fekk henne i band. Han var då så heit og arg at han rauk i hovudet på hoppa og snara på, til ho sistpå raus over ende og vart liggjande flat etter marka.

Kilde: Ragnvald Mo: «Soge og segn» Folkeminne frå Salten III, Norsk Folkeminnelag. 1952.

Ordforklaringer:

Gesell: var en yrkestittel brukt fra 1400-tallet i handelssamfunnet på Bryggen i Bergen. Gesellen var forvalterens eller kjøpmannens stedfortreder og nestkommanderende. Gesellen hadde overoppsynet med handelsprosessen, og gjorde mye av skrivearbeidet. De såkalte gesellkladdene ble ført løpende med varekontrollen. http://no.wikipedia.org/wiki/Gesell

Måleenheter: Ett våg tilsvarer ca 18 Kg (17,932)

view all

Jens Ellingsen Blix's Timeline

1792
October 2, 1792
Gildeskål, Nordland
October 14, 1792
Nordland
1821
June 7, 1821
Age 28
Nordland

Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A04 /2 (1820-1825), Ekteviede 1821, side 396-397.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17106&idx_id=...
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071025630409.jpg

1825
September 3, 1825
Age 32
Gildeskål, Nordland, Norge
1827
April 27, 1827
Age 34
Gildeskål, Nordland
1829
December 28, 1829
Age 37
Nordland
1867
May 2, 1867
Age 74
Gildeskål, Nordland
May 12, 1867
Age 74
Nordland