Johan Ludwig Mowinckel

Is your surname Mowinckel?

Research the Mowinckel family

Johan Ludwig Mowinckel's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Johan Ludwig Mowinckel

Birthdate:
Birthplace: Bergen, Hordaland, Norway
Death: Died in New York, New York, United States
Place of Burial: New York?
Immediate Family:

Son of Johan Anton Wilhelm Mohr Mowinckel and Edvardine Magdalene Margrethe Mowinckel
Husband of Caroline Andrea Mowinckel; Sigfrid Mowinckel and Julie Mowinckel
Father of Johan Ludvig Mowinckel; Edwardine Magdalene Margr. Müller Mowinckel; Jens Gran Mowinckel and Edvardine Magdalene Margrethe Mowinckel
Brother of Magdalen Müller Mowinckel

Occupation: Statsminister, skipsreder
Managed by: Private User
Last Updated:

About Johan Ludwig Mowinckel

Johan Ludwig Mowinckel (1870-1943) skipsreiar og politikar.

Foreldre: Kjøpmann Johan Anton Wilhelm Mohr Mowinckel (1843–1918) og Edvardine Magdalene Margrethe Müller (1851–71). Gift 1) 9.10.1894 med Caroline Andrea Stabell (7.9.1871–23.4.1898), dotter til lege Fredrik Wilhelm Stabell (1836–1900) og Catharina Christine Sundt (1851–1922); 2) 9.4.1902 med Sigfrid Sundt (f. 23.10.1882), kusine til hustru nr. 1 og dotter til kjøpmann Gerhard Sundt (1850–1910) og Anna Sophie Jebsen (f. 1859); ekteskapet oppløyst 1913; 3) 25.9.1917 med Julie Gran (19.7.1882–15.9.1972), dotter til kjøpmann Jens Gran (1853–99) og Eveline (“Evy”) Johanne Lehmkuhl (1857–1940). Sonesons son til Johan Ernst Mowinckel (1759–1816); tremenning til Conrad Mohr (1849–1926) og Agnes Mowinckel (1875–1963); svoger til Johan Hjort (1869–1948) og Hans Halvorsen (1879–1957).

Som få andre sette Johan Ludwig Mowinckel sitt personlege preg på norsk politikk i første halvdel av 1900-talet. Frå 1906 til 1940 var han med to avbrot medlem av Stortinget eller regjeringa og fylte leiande posisjonar som odelstings- og stortingspresident, statsminister og partiførar. Han representerte ein liberal venstretradisjon i åndskulturelle spørsmål og ein standhaftig liberalisme i økonomisk politikk. Med si – og Venstres – haldning til regjeringsmakta kom han meir enn andre til å forme norsk mellomkrigsparlamentarisme.

Av fødsel var han etla til å bli forretningsmann; slekta høyrde til det gamle bergenske handelspatrisiatet. Etter examen artium og “anneneksamen” reiste han 1889 til utlandet for å lære språk og praktisk forretningsdrift, m.a. ved skipsmeklarfirma i Bremen og London. 1893 var han tilbake i Bergen og vart tilsett ved Chr. Michelsens skipsreiarkontor. 1898 kjøpte han sin første båt og skipa 1901 eige partsreiarlag. Etter nye kontraheringar dei følgjande åra omdanna han 1912 – som ein av dei første bergensreiarane – partslaga til eit fleirskipsreiarlag i aksjeselskapsform. A/S J. Ludwig Mowinckels Dampskibsrederi (frå 1919 utan dampskip i namnet) var alt før første verdskrigen det tredje største reiarlaget i Bergen, målt i tonnasje. Den posisjonen heldt det òg i mellomkrigstida, da det hadde stor vekst, særleg i tank- og linjefarten.

Mowinckel engasjerte seg tidleg for skipsfartsnæringa også utanfor si eiga reiarverksemd. Han var blant stiftarane av Norges Rederforbund 1909 og Den Norske Amerikalinje 1910–11. Etter krigsutbrotet 1914 leidde han arbeidet med å få i stand ei tvungen krigsforsikring for norske skip. I heile sitt offentlege liv var han ein varm talsmann for ei næring “som gang på gang har vist seg å øve den største innflytelse m.h.t. dette folks vel og velferd ... først og fremst for det offentlige”.

Etter heimkoma til Bergen 1893 bygde Mowinckel seg snart opp også i byens politiske miljø. Hans første plattform var Bergens Liberale Forening, eit forum for venstreungdom nært knytt til Bergens Venstreforening. Frå formannsplassen der avanserte han 1899 til leiarposisjonen i sjølve venstrelaget, der han var formann i fleire år. Også i kommunepolitikken følgde Mowinckels karriere ein bratt stigande kurve. Alt 1898 vart han vald inn i bystyre og formannskap, og 1902 overtok han ordførarvervet. Det hadde han fram til 1906 og på nytt 1911–13. Men Mowinckels politiske ambisjonar var ikkje avgrensa til den lokale arenaen. 1906 kom han inn i Venstres landsstyre og vann stortingsmandat frå Bergen. Som tingmann slutta han seg til venstreopposisjonen mot Christian Michelsens samlingspolitikk og vart ein aktiv pådrivar i den prosessen som munna ut i “konsolideringa” av Venstre 1908 med Gunnar Knudsen som samlande leiar.

Mowinckels arbeidsdag i rikspolitikken kan grovdelast i to bolkar med åra 1919–21 som eit skilje. I den første trer han fram som ein radikal, kampglad parlamentarikar med ei polemisk kraft som råka motstandarar både til høgre og venstre, og ofte verka sterkt provoserande. Han stod lenge Johan Castberg nær og la vinn på å halda dei sosialradikale arbeidardemokratane saman med Venstre. Til fånyttes freista han 1915 å avverje samarbeidsbrotet mellom dei i Stortinget. Men Mowinckels radikalisme galdt meir politikkens former enn innhaldet. I sak plasserte han seg i Venstres hovudstraum, som lojal støttespelar for Gunnar Knudsen m.a. i den sosiale reformpolitikken og i striden om konsesjonslovene. Visseleg i samråd med statsministeren tok han 1915 initiativet til å få kaste Wollert Konow (H) som gruppeleiar i Stortinget, og han overtok sjølv året etter plassen som Venstres parlamentariske førar. Han vart samtidig vald til stortingspresident.

Mowinckel ønskte ei sterk og leiande regjeringsmakt, og det ønsket kunne Gunnar Knudsen lenge oppfylle. Men frametter 1916 skjedde det eit gradvis skifte i Mowinckels haldning til regjeringa. Med sin nye leiarposisjon i Stortinget frigjorde han seg frå Gunnar Knudsens autoritet og stilte seg etter kvart meir kritisk til førarskapen hans. Kritikken galdt m.a. handteringa av forsyningsproblema under krigen og den britiskvenlege nøytralitetslina. Mowinckel ønskte ein balansert nøytralitet som var truverdig også sett frå tysk side. Februar 1917 markerte han sitt misnøye med å foreslå i venstregruppa at det vart skipa ei samlingsregjering av alle parti. Det var ei klar utfordring til Gunnar Knudsen, men eit stort fleirtal i gruppa stilte seg solidarisk med statsministeren. Også i somme andre saker av prinsipiell karakter måtte Mowinckel finne seg i å hamne i mindretal.

Mowinckel hadde representert Bergen på Stortinget 1906–09 og 1913–18, men ved valet 1918 vart han vraka. Eit høgreras snytte Venstre for mandat i byane. I Mowinckels tilfelle kom det til at han hadde ytra seg velvillig om fornorsking av bynamn og hadde røysta for Bjørgvin som namn på Bergen stift. Det kunne ikkje bergensveljarane tåla. I to og eit halvt år var han utanfor rikspolitikken, og ubunden av omsynet til parti og regjering kunne han markere tydelegare sin eigen profil. I forbodspolitikken skifte han frå eit ja til forbodet 1918 til eit nei før folkerøystinga året etter. I økonomisk politikk reindyrka han ein næringsliberalisme med brodd både mot krisepolitikken under krigen og mot Gunnar Knudsens tru på den aktive statsmakta. Han ville byggje ned det oppsvulma statsapparatet, og folk måtte “atter henvises til først og fremst at hjælpe sig selv og ikke i saa høi grad som i de senere aar regne med det offentliges bistand”, skreiv han i ein skarp avisdebatt med partileiaren.

1921 byrja ein ny bolk i Mowinckels politiske karriere. Gunnar Knudsen drog seg ut av Stortinget, og det vart ein leiarplass ledig, men han vart førebels ikkje fylt. Da Venstre skipa regjering same året, vart den 74-årige Otto Blehr statsminister; Mowinckel kom med som handelsminister, seinare òg utanriksminister. Han hadde måtta vente lenge på ein statsrådspost. I unge år hadde han meldt seg ut av statskyrkja og fylte dermed ikkje det kravet om trusvedkjenning som Grunnlova stilte til medlemer av regjeringa. Først 1919 vart lova endra på dette punktet. Ved valet 1921 fekk han òg nytt stortingsmandat frå Bergen.

Både i regjeringa og sidan i stortingsgruppa vann Mowinckel ein leiarposisjon utan formelt å vere førstemann, og neste gong Venstre overtok regjeringsmakta, 1924, var han den sjølvskrivne statsministerkandidaten. I resten av mellomkrigstida var han Venstres leiar, anten som statsminister eller som parlamentarisk førar. Tre regjeringar fekk namn etter han: 1924–26, 1928–31 og 1933–35. Frå 1927 var han òg formann i Norges Venstrelag.

Som sjef for regjeringar med veikt parlamentarisk grunnlag måtte han manøvrere gjennom ureint politisk farvatn i ei tid prega av nesten samanhengande økonomisk og statsfinansiell krise. Det var ein situasjon som den liberalistiske staten korkje hadde røynsle med eller boteråd mot. Staten kunne ikkje stå som garantist for kriseplaga næringar; “selvhjelp er bedre enn hjelp”, var Mowinckels leidetråd, og han viste til skipsfarten som føredøme. Det staten burde gjera, var først og fremst å syte for “sunde statsfinanser” og stabilt pengevesen. Virkemidla var balanserte budsjett, nedbetaling av gjeld og – i 1920-åra – heilhjarta støtte til Norges Banks paripolitikk.

Under trykket av krisa i første del av 1930-åra måtte likevel Mowinckel godta somme avvik frå sin prinsipielle næringsliberalisme, men berre som mellombels krisetiltak. Han tok såleis sterkt avstand frå planøkonomiske tankar i tida, anten dei kom frå Arbeidarpartiet eller frå folk i hans eige parti, m.a. Wilhelm Thagaard. Særleg gjelds- og avsetningskrisa i jordbruket frå ca. 1930 sette Mowinckels sjølvhjelpsdoktrine på harde prøver. Han solidariserte seg med landbruksminister Håkon Fives politikk med einsidig vekt på produktivitetstiltak og kom dermed i eit skarpt motsetningsforhold til Bondepartiet. Det fekk si utløysing 1935, da Bondepartiet og Arbeidarpartiet felte Mowinckels tredje regjering.

Ved å avvise ei formell borgarleg blokkdanning mot Arbeidarpartiet hadde Mowinckel og Venstre sett mindretallsparlamentarismen i system med Venstre som krumtapp. Maktskiftet 1935 og valet 1936 gjorde ei ny venstreregjering til eit fjernt alternativ og endra ikkje Mowinckels haldning til ei borgarleg samregjering. Han fann seg etter kvart til rette i eit sakleg samarbeid med arbeidarpartiregjeringa, særleg i tryggingspolitikken, og skjerma ho mot kritiske nederlag.

I heile si regjeringstid tok Mowinckel også hand om utanriks- og tryggingspolitikken, der hovudelementa var frihandel, skilsdomsavtalar og nøytralitet. Trua på økonomisk samkvem mellom statane som fredsskapande middel var i tråd med hans liberalistiske credo og ålmenne internasjonale orientering. Han freista å bremse proteksjonistiske tendensar i norsk tollpolitikk i 1920-åra, rett nok med lite hell. Viktigare var initiativet hans til Oslo-konvensjonen 1930, som etablerte eit tollpolitisk samarbeid mellom Noreg, Danmark og Benelux-statane med sikte på å hindre høgare tollmurar. Mowinckel var òg drivkrafta på norsk side for å få i stand skilsdomsavtalane mellom dei nordiske landa 1925–27. Han såg dei som ein fredsgaranti i Norden, “et alternativ av meget bedre kvalitet for vår fred og sikkerhet enn våpen”.

Mowinckel var fast i si tru på at ein klok utanrikspolitikk var det beste forsvarsmidlet for Noreg, “bedre enn kanoner”. Den kritiske utviklinga i Europa mot slutten av 1930-åra svekka ikkje denne prioriteringa: “efter alt hvad jeg har sett, er min tillit til kanonenes makt til å beskytte vårt land ikke overdreven stor”, uttalte han februar 1939. Mowinckel sette si lit til ein nøytralitetspolitikk med eit militært minimumsforsvar og med britisk flåtemakt i Nordsjøen som ein garanti mot fiendlege åtak frå den sida. Eit nært venskapleg forhold til Storbritannia var ein hovudføresetnad. Mowinckel tok aktivt del i arbeidet til Folkesambandet i Genève, men stilte seg heilt frå starten tvilande til det kollektive tryggingssystemet som fredsvern for Noreg. Det kunne tvert om dra landet inn i farlege konfliktar. Da systemet vart sett på prøver tidleg i 1930-åra, tok han initiativ til å løysa Noreg frå plikta til å delta i sanksjonar. 1938 vart dette offisiell politikk for Noreg og ei rekkje andre småstatar.

Den utanriks- og forsvarspolitiske lina Mowinckel var eksponent for og som i hovudsak vart ført vidare av arbeidarpartiregjeringa frå 1935, havarerte i april 1940. Som konsultativ statsråd i den utvida Nygaardsvold-regjeringa vart Mowinckel saman med statsråd Rasmus Frihagen verande ved den norske legasjonen i Stockholm. Derfrå rapporterte dei til London om hendingar og stemningar i det okkuperte Noreg. Under riksrådstingingane i juni 1940 kom somme rapportar til å bli sterkt merkte av den defaitismen som rådde i sentrale politiske krinsar i Oslo, og dette saman med det ansvaret han bar for tryggingspolitikken før krigen, nørte både ute og heime mistru til Mowinckel som medlem av regjeringa.

Våren 1942 “løyste” Nygaardsvold problemet ved å kalle Mowinckel til London og tilby ham ei leidande stilling i Nortraship, ei stilling som ikkje kunne kombinerast med ein statsrådspost. Mowinckel aksepterte ordninga, søkte avskil og reiste mai 1942 til New York for å overta som formann i skipsfartsdirektørens rådgjevande utval. Tenestetida hans vart kort. Mowinckel hadde vore alvorleg sjuk hausten 1941, og 1943 svikta helsa på nytt. Han døydde i New York 30. september, 73 år gammal.

Mowinckel avslutta sin lange arbeidsdag i offentleg teneste for den næringa han hadde vore knytt til i 50 år og som på mange vis hadde prega hans politiske orientering. Den hadde også vore kjelda til ein velstand som han med raus hand også gav andre del i, m.a. med ytingar til kulturelle og vitskaplege føremål i heimbyen og til Venstres organisasjon og presse.

Johan Ludwig Mowinckel var prinsipielt imot ordensvesenet og vart derfor aldri dekorert for sine samfunnstenester.

Verker

  • Den politiske situasjon. Krisen i Høire, 1912
  • Vor politikk, Norges venstrelags skr. 5, 1918
  • Respekt for folkeviljen, Norges venstrelags skr. 8, 1921
  • Venstres syn og Venstres opgaver, 1932

Etterlatne papir

  • Brev frå Mowinckel finst i ei rekkje privatarkiv i RA og NBO

Kilder og litteratur

  • Norsk biografisk leksikon: Johan Ludwig Mowinckel
  • virksommeord.uib.no: Johan Ludwig Mowinckel
  • Stud. 1888, 1913, 1938
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • HEH 1938
  • A. W. Brøgger: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • T. Sollied: Slekten Mowinckel 1914–1939, Bergen 1940
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • L. Pettersen: A/S J. Ludwig Mowinckels Rederi 1898–1960, Bergen 1961
  • T. Øksnevad: Joh. Ludwig Mowinckel, Bergen 1963
  • L. Mjeldheim: “Johan Ludwig Mowinckel i norsk politikk”, i BTid. 21.10 og 22.10.1970
  • O. Riste: Londonregjeringa. Norge i krigsalliansen 1940–1945, bd. 1–2, 1973/1979
  • A. Thowsen: Vekst og strukturendringer i krisetiden 1914–1939, bd. 2 i Bergen og sjøfarten, Bergen 1983
  • A. Thowsen: Nortraship. Profitt og patriotisme, bd. 1 i Handelsflåten i krig 1939–1945, 1992
  • L. Mjeldheim: “Dagbladet og Venstre frå Sverdrup til Mowinckel”, i H. F. Dahl m.fl.: Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år, 1993
  • O.-B. Fure: Mellomkrigstid 1920–1940, bd. 3 i Norsk utenrikspolitikks historie, 1996

Portretter m.m.

  • Måleri av Else Christie Kielland, 1953; Stortinget, Oslo
  • Måleri av Hjørdis Landmark, 1954; Bergens gamle rådhus
  • Byste av Cathe Wallendahl, 1958; forhallen, UBB
  • Relieff (bronse) av Tor H. Myklebust, 1983; J. L. Mowinckels vei, Bergen
view all 15

Johan Ludwig Mowinckel's Timeline

1870
January 20, 1870
Bergen, Bergen, Hordaland, Norway
October 22, 1870
Bergen, Hordaland, Norway
1894
October 9, 1894
Age 23
1895
November 12, 1895
Age 25
Bergen
1898
April 23, 1898
Age 27
død 9.? Bergen?
1902
April 9, 1902
Age 31
Bergen, Hordaland, Norway
1917
September 25, 1917
Age 46
1918
October 14, 1918
Age 47
1920
October 27, 1920
Age 50
October 27, 1920
Age 50