Lars Oddson Store Svela (c.1570 - 1648)

public profile

Is your surname Store Svela?

Research the Store Svela family

Lars Oddson Store Svela's Geni Profile

Records for Lars Store Svela

1,960 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Birthplace: Svela Store, Bjerkreim, Rogaland, Norge
Death: Died in Bjerkreim, Rogaland, Norway
Occupation: Lensmann, Bonde og lensmann, domsmann 1613
Managed by: Livar Dubland
Last Updated:

About Lars Oddson Store Svela

Ein Lars er nemnd i 1603 saman med Lass (9), Ole (8) og Tollef (7). Det går ikkje fram av manntalet at alle budde på Svela st. Manntalet nemner og Bjørn (Pederson) på Svela li. i gruppa av bønder som betalte leilendingsskatt og to andre på Svela li. i skattegruppa husmenn.

Lars er nmnd på garden i 1612 og 1624 saman med Tollef, og i 1645. Det var truleg same personen som er nemnd i alle skattemanntala for årea 1603- 1645. Denne Lars var truleg f. kr 1570 og d. kr 1648. Det var skifte etter han 16.10. 1648 (oppl. på tingen 21.6.1665). Kona døydde før november nåned 1650. Sjå rettssak 8.11.1650 omtala under sonen Gregorius (15).

T. Wasbø skriv i ein artikkel om Bodil-nanmet (Ætt og Heim 1975) at ho truleg var dotter til lensmann Torger Njellson (Bjerkreim 5). P. Vatland (Ætt og Heim 1973) har også ein annan teori om kven kona hans var. Lars kan og ha vore gift med ei dotter til ein Gregorius frå Jæren.'

Bumerket til Lars er bevart frå 1610. Det var eit spesielt merke, ein trekant med to streker. Bumerket fylgde familien hans i minst 100 år (berre med små variasjoner).

Lars og Tollef (7) åtte halvparten kvar av garden i 1617. Odelsjordeboka 1624 opplyser at Lars då åtte 2 p. korn og 4 får (i odelsgods i heimegarden og i andre garder, m.a. i Næsheim i Kvia skipreide). Lars tinglyste eit pergamentskjøprebrev på tinget 20.1.1727 på 1 1/2 laup smør i garden Bakke i "Østre Leen", som Peder Larsson (5.2) og arvinganae hans hadde selt til slektningen deira i Bjerkreim. Skøytet var datert Stavanger Kongsgard 9.1.1627. Sjå Odd (6) for oplysninger om Peder Larsson.

I 1645 åtte Lars 4 1/2 pd. korn og 1 v. korn i fleire gardar. Her på Svela st. hadde han ein part, sønene Gregorius og Lars ein part kvar og svigersonen Gunnar, ein part.

Lars var domsmann 1613 og lensmann frå 1616 til 1619 (det finst ikkje bevarte tingbok for åra 1614 -1616). Han vart løyst frå ombodet på tinget 11.1.1619. Då overtok Villas Gardson (Vikesdal 5) lensmannsombodet att. Han var lensmann fyrste gong i åra 1610 -1615. I 1620 kunne ikkje Lars vera lagretteman før han hadd gjort opp for seg i ei sak. Dette galdt og for Tore Pederson (Tengesdal sø 12) og for Anders (Sagland 3). Dei var alle lovfeldige etter lagmannen sin dom over dei.

Lars stemna Helge (Apeland 4) på tinget januar 1613 fordi han ikkje heldt ei semje dei hadde inngått for lagmannen. Tingbok opplyser ikkje kva semja gjekk ut på. Båe to måtte sona fordi dei hadde skade kvarandre med øks og kniv. Det var like gjerne Lars Gunnarson (Svela li 8) som vart stemna då. Lars Oddson var ein av partane i ei åstadsak på Nesheim i Kvia 7.7.1617. Han åtte jord der.

Lars vart tiltala for underslag av Kongen sine skattepengar som folk i Bjerkreim hadde levert il han. Dette var grunnen til at han vart løyst frå lensmannsombodet. Lars møtte på tinget 27.3.1620. Då hadde han alt vorte dømd av lagmannen i denne saka. Dommen var datert Stavanger Rådstove 15.9.1619. Futen ville no samla fleire vitnesbyrd i saka. Dei innstemna vitna var Svend (Assheim 8)., Rolf Hogland (han hadde ein grann som hette Ivar) og Alf (Bue I). Dei hadde og vore vitne i saka på lagtinget.

Lars hadde vore stemna til lagtinget tre gonge, men ikke til heimtinget før no. Han ville heller ha dom for heimtinget fyrst. Lagrettemenne mente dei ikke var i stand til dette, og at Kongen sitt øverste råd burde døma i denne saka.

Lars bad om å få skussmål av allmugen på kyrkjebakken. Futen svara han ikke kunne få dette for den formelle delen av saka hans var i orden.

Lars vart oppnemndt til lensmann att på gerdingstinget i Egersund 31.8.1622. Villas Gardson Vikesdal vart nemleg avsett som lensmann fordi han ikkje vile fanga to fredlause mann som gjekk kringom i Bjerkreim Lars var lensmann i denn andre perioden frå 1622 til ein gong før april 1635. Peder Mortenson (Bjerkreim 11A_B vart lensmann etter han (1635-1658). I 1658 overtok Lars, son til Lars ombodet etter Peder. Lars var lagrettemann 1637, 1639 og 1640, i 1637 saman med dei to eldste sønene.

På fjerdingstinget 7.4.1635 stemna futen Lars Svela, "forige" lensmann i Bjerkreim, fordi han hadde "fordulgt" og ikkje meldt ei sak om ærekrenkande ord som sonen Gregorius på Hetland hadde kom med, slik at Kongen kunne få bøtene sine. Både Gregorius og faren sona med futen for dette.

Den 21.6.1665 gjekk Villum Ormson (Svela li 19) til sak mot Lars og Gregorius, dei to farbrørne til kona hans. Gunnar Svela, mannen til fastera, vart stemna. Villum gjorde krav på jord i Svela st for kona si, Berete Torgersdtr., sidan ho var eldstr brordrr. deira. Farbrørne la fra eit "byttebrev" (skiftet etter faren frå 16.101648) som viste korleis det feles arvegodset var delt. Det gjekk fra av dokumentet at barna etter Torger ikkje hadde vått jord i Svela st., men i Svela li., Ognedal og Nesse (skal væra Nesheim). Retten viste til kva Landsloven sa om dette, nemleg at brordøtre ikke hadde åsetesrett. Retten la vekt på at Lars, Gregorius og Gunnar va gamle folk som hadde budd her på garden all deira tid. -------------------- Sitat fra gammelt notat:" Lars Oddson Store Svela (antakelig sønnesønn til Lars på Svela i 1563. Denne Lars er i så fall født omkring 1530 a 30) som i sin tid var lensmann. Gunnar Villason var selv lensmannssønn og fikk altså en lensmannsdatter til kone. Det var således de hadde det i de tider: Søster av Gunnar hette Ingeborg bodde også på Svela og var gift med Lars Larson bror av Lars kone. Lars Larsom ble lensmann i 1650 og lensmann var både sønnesønn og sønnesønnsønn like til 1750. Året da Morten Tolleivson Hetland, svoger av Trond Lauberak ble gift med en lensmannsdatter på Svela og med henne fikk han lensmannsområdet."

view all

Lars Oddson Store Svela's Timeline

1570
1570
Bjerkreim, Rogaland, Norge
1595
1595
Age 25
Bjerkreim, Rogaland, Norge
1598
1598
Age 28
Rogaland, Norge
1608
1608
Age 38
Bjerkreim, Rogaland, Norge
1648
October 16, 1648
Age 78
Bjerkreim, Rogaland, Norway
1658
1658
Age 78
????
Rogaland, Norway
????
????
Svela st i Bjerkreim Rogaland; jfr Bjerkreimsboka II s 877 nr 10.