Magdalene Tørrisdotter Kamp, på Igerøya ["(1515 - ", "c.1600)", " "] MP

‹ Back to Kamp surname

View Magdalene Tørrisdotter Kamp, på Igerøya's complete profile:

  • See if you are related to Magdalene Tørrisdotter Kamp, på Igerøya
  • Request to view Magdalene Tørrisdotter Kamp, på Igerøya's family tree

Share

Related Projects

Nicknames: "Magdalena", "Tørrisdatter", "Tørrisdtr", "Igerøya", "Tørrisdotter"
Birthplace: Ringnes, Hedmark, Norway
Death: Died in 1597-1603, Skeide, Ulstein, Sunnmøre, Norway
Managed by: Anne M Berge
Last Updated:

About Magdalene Tørrisdotter Kamp, på Igerøya

Magdalene Kamp

LINKS

http://www.soga.no/bjodale/kronologien/hustmagd.htm

http://www.pergjendem.com/?p=191

KORT OM HUSTRU MAGDALENA av Bjørn Jonson Dale

Magdalena Tørrisdatter var fødd kring 1515, og var av lågadel både på fars- og morssida.

Magdalena var først gift med Litle-Jon (Tomasson) fra Orknøyane (av ei ætt Randall), kjøpmann i Bergen og éin av byen sine to første borgar­meistr­ar.

Då Litle-Jon døde dreiv Magdalena handelen vidare til 1568, då ho ekta sunn­mørsfuten Hans Laur­ensson, som døde 1570. Magda­lena heldt då fram som kjøpmann.

Med Litle-Jon hadde Magdalena sønene Tomas og Carsten, som begge slo seg ned på Sunnmøre, Tomas i Spjelkavik og Carsten på Fyrde i Volda. Magdalena må også ha hatt ei datter som var gift med giskefuten Jens Nilsson, som endte sine dagar på Gjelstein i Romsdal.

Carsten Jonson Randall til Fyrde har stor etterslekt, ja, så stor at ein kan seie at nær "halve Sunnmøre" ættar fra han og den lågadelige kona hans, Maren Jørgensdatter. Jens Nilsson ser også ut til å ha mykje etterslekt i Roms­dal. Tomas Jonson til Spjelkavik hadde nok også kone og barn, men etterslekta er ikkje kjent; kanskje var han far til nord­mørs­futen Jens Tomas­son Kiempe?

HALVT LILJE, HALVT ØRN...

Hustru Magdalena - sunnmøringane si adelige stammor?

Den norske adelen kom vekk på 1500-tallet, ­ja, døde ut, heiter det om denne høge standen som ikkje klarte å berge det norske sjøl­stendet fordi han var for veik - eller blei så veik fordi sjølstendet gikk tapt..?

Såpass er visst: Enno sist på 1500-tallet sto adelen ved lag som stand i Norge, trass i at "sjølste­ndet" hadde vore ein nullitet eit par mannsaldrar og trulig lenger med.

 Adelen i Norge ved utgangen av mellomalderen - kring 1540 - var like "skandinavisk" som "norsk", som han hadde vore svært lenge, og heldt fram med å vere.
 For adel hadde vi, både sist på 1500-tallet og i 150-200 år utetter: Standen besto, sjøl om både standsnamn og standsnemn­i­ngar etterkvart blei vekke.

ADELEN

For vel 400 år sidan blei samfunnet oppfat­ta som tredelt - i adel, borgar-/embetsstand og bønder. Tredel­inga var langt fra så absolutt som ho kom til å bli; det var glidande overgangar både mellom stendene og mellom undergruppe­ne. Systemet var korkje heilt hier­ar­kisk eller diskri­miner­ande. Giftar­mål skjedde støtt over stands­grensene, og søner kunne både stige opp og ned i høve til faren sin stand.

 Adelen var også delt, i høgadel og lågadel - riddarar/herrar og væpnarar/sveinar - der høgade­len var liten, rik og oftast dansk­ætta, låg­adelen mykje større, fattigare og av norskare opphav.
 Fra 1582, med dei nye adelsprivilegia, blei standen slutta: Adelige kunne no bare gifte seg med adelige, ellers gikk adel­skapet tapt. Dermed var det snart ute med låg­adelen. Utan til­sig fra andre stender - særlig av borgarlig rikdom - var ikkje den mest norske delen av adelen lenger liv laga. Derimot var det duka for ein ny adel av gammal høgadel og nyrik kjøpeadel.

ADELEN PÅ SUNNMØRE

Ved arvehyllinga 1582 møtte bare éin adelsmann fra Sunnmøre: Tomas Jonson (Randall) til Spjelkavik. Sidan Tomas blei rekna som adelig då, kan vi rekne bror hans, Carsten Jonsen Randall til Fyrde, som adelig med; det gjorde i alle fall Carsten sjøl når han skreiv seg "til" Fyrde (i Austefjorden). Dessutan var Carsten adelig gift.

 Disse brørne var søner av Magdalena Tørri­sdatter som bar den lågadelige konenemninga "hustru", som flytta fra Bergen til Sunnmøre 1568, og som enno levde 1592. Utanom hustru Magdalena budde kanskje eit par andre lågadelsdamer på Sunnmøre då, som kona til borgundpresten Oluf Nilsson Tibi, Gjertrud Anfinns­datter Soop. Herøypresten Erik Knutson kan også ha vore av lågadel, i og med at døtrene hans kaltest "hustru" (Maren og Karen, begge gifte med borgundpresten Claus Corneliussen).

INGEN HØGADEL

Høgadel hadde ikkje Sunnmøre hatt sidan giskeætta "flytta" kring 1500, men sjølsagt var Giskegodseigaren, fru Gyrv­hild Fadersdatter ("frue" var den høgadelige konenemn­inga), høg­adelig, ja, den mest fornemme adelskvinna i Skandi­navia då. Men ho budde i Skåne og styrte det digre jorde­godset sitt på Sunnmøre og ellers i Norge og på Shetland gjennom ombods­mannen sin på Giske­gard - giskefuten.

 Giskefuten Jens Nilsson var kanskje adelig, for 1570 hadde han adelsmannen Finn Jonson Teis­te "hos" seg, noke han neppe kunne utan sjøl å vere adelig. Finn Teiste døde om våren dette året etter eit fall då han var "i fiellen effter fugle­reide". 

SYNNESÆTTA

På Sunnmøre fikk hustru Magdalena storgarden Søvik som bustad. Ektemannen, Hans Laurensson, var fut i lenet, og også sjøl av lågadel. På morssida var han av den ade­lige greina av Synnes­ætta. Heile Synnes­ætta var ikkje adelig, men Eiliv Bårdson på Synnes (kring 1530 erkebispen sin sete­svein på Sunnmøre) kan reknast til lågadel­en, og det samme gjeld utan tvil farbroren hans, Povel Jon­son, som hadde tre døtre som bar hustrutittel.

 Povelsdøtrene Ingrid, Synneve og Marit kan alle ha levd på Magdalena si tid: hustru Synneve i Bergen, hustru Ingrid nok også der: hustru Marit veit vi ikkje meir om, så ho kan ha budd på Sunnmøre. (Sjå meir om disse folka i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 2000.)
 Utanom dette hadde Sunnmøre kring 1570 ein del ­rike bønder som kanskje var like fornemme som lågadelen; her kan nemnast etterslekta til Erik på Austnes i Haram - rikaste mannen på norskekysten 1520 - og Gulbrand Sjurson i Havåg (trulig fødd kring 1530), som var største bondegodseig­aren på Sunnmøre 1603 (han eigde heile Eiksund­bygda og meir til), som kan ha hatt ei lågadelig mor.

SKJOLD OG HJELM

For 500 år sidan levde ein mann som heitte Amund Tørriss­on; vi veit nesten ikkje anna om han enn namnet: ikkje kor han budde, ikkje kva han gjorde, ikkje kven han var gift med. Men etter­slekta hans er godt kjent.

 Av kong Hans (regjeringstid 1483-1513) fikk Amund Tørris­son skjold og hjelm, dvs adelsfridom, "for sin manddoms skyld".
 Våpenskjoldet er kjent: Vertikaldelt, med ei halv lilje i eine feltet og ei halv ørn i det andre. Vi veit ikkje konkret kva som gjorde han fortent til adelskapet, men "manddom" tyder på at han hadde gjort ein innsats som krigar.

ANDENESÆTTA

Væpnaren Amund Tørrison hadde minst to søner, Peder Amundson på Andenes og Tørris Amundson, far til Magdalena. Til no har ein ikkje visst kor Tørris budde eller kva han gjorde, men eg trur eg har klart å plassere han (sjå nedafor).

 Adelsmannen Peder Amundson på Andenes er velkjent. Han var ellers far til Elsebe Nonne - siste nonna i Bergen - og til dei velbyrdige brørne Jens Pederson til Tjøtta og Hans Peders­on, likeeins til Tjøtta.

SPJELKAVIKÆTTA?

Etter ei tids arbeid med ætta kom eg til at Tørris Amundson eller kona må ha hatt odel til storgarden Spjelka­vik i Borg­und, sidan dette var dattersonen Tomas Jonson sin sete­gard (som han skreiv seg "til") og sidan faren til Tomas - borgar­meister Jon Tommasson i Bergen - var orknøyværing og neppe hadde odelsgods på Sunnmøre.

 Standpunktet er rett nok, men Tørris Amundson hadde neppe Spjelkavik som setegard, for no veit vi kor han budde og kven han var gift med:

ERKEBISPELIG OG ADELIG ÆTTETAVLE

Ei nær eineståande ættetavle fra reformasjonstida reknar opp etterkommar­ane til ein Aslak Jonson som levde midt på 1400-tallet: erke­bispar og lagmenn, prestar, setesveinar og adels­menn av høgare og lågare adel - med namn som Teiste, Solle og Kuse - alle med tilknytting til Nordmøre, Trøndelag og Nord Norge. M.a er Aspeætta på Nordmøre etterkommarar av Aslak.

 Aslak hadde m.a datra Jorunn som var gift med Trond Toralde­son, forel­dre til Arne på Husby - bror til Ivar Trondson på Aspa og erkebispen Olaf Trondson - far til Angerd Arnes­datter som var gift med adels­mannen Torstein Kuse (namnet skjemte ingen) på stor­garden Torge på Helgeland. Angerd og Tor­stein hadde sønene Arne Kuse og Lauritz Kuse og tre døtre, m.a Angerd Torsteinsdatter som var gift med "Torgis Amundson" på Igerøya ved Brønnøysund.

TØRRIS AMUNDSON PÅ IGERØYA

"Torgils Amvndsen" svarte 1521 68.5 lodd sølv i tiand­penge­skatt (medrekna barnepengar), og var då ein av dei rik­aste på heile norskekysten (Erik på Austnes i Haram var rikare: han svarte 76 lodd sølv samt 30 lodd for jordegods og 36 lodd for barnepengar, i alt 142 lodd).

 Samme året leverte "Tørils Amvntsen" av Brønnøy sokn 17.5 våger fisk på Bergenhus - trulig tiende av soknet - og dette tyder på at han var "skipper" (jekteeigar).
 I tavla er Tørris og Angerd oppførte med 1 barn, Elisa­bet, gift med Trond Ivarson. Dette tyder eg slik at bare Elisabet av barna var gift då tavla blei sett opp. Elisabet­namnet var ikkje fra morsætta, men kan ha vore namnet på mor til Tørris Amundson; dette høver godt med at broren Peder på Andenes, også hadde ei datter Elisa­bet (Elsebe Nonne).
 Tørris og Angerd hadde to barn til:
 Magdalena Tørrisdatter og hustru Anne Tørris­datter som 1597 var "ved" 90 år gammal.
 Anne var nok eldst av dei tre søstrene, Magdalena trulig yngst. Anne var fødd seinast 1510, Magdalena kanskje 1515. Magdalena sine ungdomsår fall dermed sammen med den borgar­krigsliknande tida før reformasjonen blei innført 1537.

LITLE-JON TOMASSON

Førstemannen til Magdalena var Jon Tomasson, ein kjøpmann i Bergen, som blei kalt Litle-Jon fordi byen hadde ein eldre Jon Tomasson (Klerk). Då borgarmeisterembetet blei innført i Nordens største by, var Litle-Jon sjølskreven i stillinga (Bergen hadde alltid to borgarmeistrar).

 Som borgarmeister hadde nok Lite-Jon rang på linje minst med lågadelen, men trulig var han også fødd lågadelig, rett nok på Orknøyane, men like norsk då som andre nordmenn.
 Litle-Jon må ha vore ein velstandsmann, men døde trulig då barna var unge.

KJØPMANN MAGDALENA

Hustru Magdalena dreiv handelen vidare på eiga hand nokre år før ho gikk fra enke- til ektestand igjen. 1565 kjøpte ho t.d ein diger kjøpmannsgard i Bergen - med 7.5 "hus" (store rom) og 2 klever - for 500 daler.

 1568 ekta ho så sunnmørsdfuten og "flytta" då hit, sjøl om ho store delar av året budde i Bergen og pleide omgang med den bergen­ske sosie­teten av storkjøpmenn, embets­menn og, ikkje minst, byen sin høg- og lågadel.
 Hustru Magdalena hadde også interesser på Sunnmøre før ho ekta sunnmørsfuten. M.a må ho hatt odel eller eigedom i Fyrde og Spjelkavik, og ho dreiv også eit borgarsete her ein stad: 1567 heldt ho ein "dreng" (kjøpsvein) på Sunnmøre, som måtte bøte 4 daler for å ha stukke stallbror (arbeidsfell­en) sin i ryggen med ein daggert.
 Vi veit ikkje kor dette borgarsetet hennar låg, men i fall kjøpsveinane hennar dreiv trelasthandel, kan det ha vore på Fyrde eller i Spjelkavik; om dei først og fremst dreiv fiske­handel, er det meir rimelig å gjette på Herøy - eller Borgund, kanskje i Ålesund...

HANS LAURENSSON

Hustru Magdalena var i 50-års alderen då ho gifta seg på ny, med ein mann som helst var på hennar alder, men som neppe hadde barn fra før, og heller ikkje fikk noken med Magdalena.

 Bryllupet sto i Bergen. Ektemannen Hans Lauren­sson var, etter alt å dømme, son av erkebispen sin sete­svein, skipperen Laurens Benktson - ein sunnmøring som handla i fiskevær­et Tunes i Finnmark, men eigde hus i Bergen - og hustru Ingrid Povelsdat­ter av Synnesætta. (Ei søster av Hans kan ha vore den Karine som var mor til hustru Lisbet Rasmus­datter, førstekona til bergenslagmannen Povel Helgeson, som fra 1604 budde på Bran­dal.)
 Hans Laurensson var fut på Sunnmøre seinast 1565 og til han døde 1570. Han budde i Søvik - kanskje gammalt synnesgods - og dreiv og kjøpte gardar av synnes­godset. Då Hans døde tok Jens (Nilsson) Jyde over som fut på Sunnmøre, 1571 var han "konsti­tuert", 1574-78 virkelig fut. Denne mannen er identisk med den førre giskefu­ten Jens Nilsson (Jyde), ein "svoger" til brørne Tomas og Carsten.
 Hustru Magdalena hadde enno mange jern i ilden. 1571 var ho ein av dei største skipsreiarane i Bergen, som eigar av eitt nordfarskip og ei jekt; nordfarskipet gikk helst på Finnmarka, jekta kanskje på Sunnmøre.

ENKEHUSTRU PÅ SKEIDE

Magdalena levde enno 1597. Då budde ho på Skeide i Ulstein, og vi kan trygt rekne med at ho hadde overlatt både jordeigar- og handelsinteressene sine til sønene; Tomas Jonson var ellers blitt avretta ikkje så lenge før, på grunn av dei store og grove brotsverka han hadde gjort seg skuldig i (meir om Tomas i stykket "Ein adelsmann utan ære, ein kjøpmann utan hell" i verket "I balansepunktet - Sunnmøres eldste histo­rie"). Den gamle mor hans ser ut til å ha vore lykke­lig uvit­ande om dette...

 Dermed fer hustru Magdalena ut av soga - ho må ha dødd før 1603 (då ho kunne ha vore nær 90 år gammal) - men soga sluttar ikkje der...

MAGDALENABARNA

Tomas Jonson til Spjelkavik (sjå seglmerket hans her), Carsten Jonson Randall til Fyrde og Magdalena si datter som var gift med giskefuten Jens Nils­son, utgjorde ein sentral del i den sunnmørske overklassen i den turbulente tida sist på 1500-tallet, då Sunnmøre opplevde ein økonomisk og demografisk vekst som er heilt utan like i soga vår.

SPJELKAVIKADELEN

Før 1495 var heile storgarden Spjelkavik (med Neset, Gjerdet og Remvika) reint ættegods, men dette året selte ei Ingrid Ketils­datter til giskeherren Alv Knutson så mykje ho åtte i "Spel­ingevik". Kring 1600 utgjorde dette 4 pund fisk (1 våg 1 pund). 1503 ga så ein ukjent fra seg 2 mællag i "Spielk­ande­wiik" til erkebispen mot erke­stolen si oste- og korntie­nde av Borgund 1504 og 1505. Dette utgjorde 2.5 pund fisk kring 1600. Resten, 13.5 pund (4.5 våger fisk), var midt på 1500-tallet i eiga til adelige: 3 våger fisk i Bjelke­ætta på Aust­råt og 1.5 våger i Magdalen­aætta.

 Kring 1400 kan éin mann ha eigde Spjelkavik aleine - ein adelsmann. Mykje tyder på at han var av den kjente Kane-ætta, som på mannssida døde ut med riddaren Arald Kane - lensherre på Sunnmøre - som bøndene slo i hel 1496/-97. Bjelkeadelen på Austråt var Kaneætlingar, noke Tørrisætta også kan ha vore.
 I alle fall: Tomas Jonson kunne ikkje bruke Spjelkavik som sete­gard utan å ha odel i garden. Dødsdommen over han innebar at eiga hans i garden (Gjerdet og Neset) blei lagt under krona som bot. Men ætta kunne enno ha rettar - t.d førsterett til å bygsle ein slik "tapt" gard.
 Seinast 1592 var Peder Hansson fut på Sunnmøre (til 1597), og kanskje frå den tid brukte han heile Spjelkavik, som han gjorde til 1608/-09. Peder var også ein slags adels­mann, men borgar av Bergen med. For han var, svært trulig, fri­lle­son av den velbyrdige Hans Pederson til Tjøtta, hustru Magda­lena sitt søskenbarn på farssida, og Tomas Jonson sin tremen­ning.
 Då Peder Hansson døde tok den uadelige sunnmørsfuten, jyden Hans Simonsen, over bruken av Spjelkavik (og kanskje Peder si enke), og dermed var adelssoga om Spjelkavik ute. Men i nær 300 år utetter var Spjelkavik som ein herregard å rekne; dei siste "herrane" som rådde der var prokurator Andre­as Mathias Sanne (1809-92) på Øvregarden (Lilje­dahl­gar­den) og land­måla­ren Henrik Wind Daae (1831-1902) på Nedre­ga­rden (Lange­landgard­en).
 Spjelkavik er ikkje mykje herskapelig i dag; snautt skapelig - og minnet om fortida er like mykje øydelagt som landskapet.

--------------------------

HISTORIEPORTALEN av Per Gjendem

Magdalena Tørrisdtr. Kamp “på Igerøya”, f. 1510-1515 i Ringnes, Hedemark.

Hun giftet seg med (1) “Litle Jon” Tomasson Randall, gift ca 1550 i Bergen, Hordaland, f. ca 1500 i Orkney islands, Great Britain, (sønn av Tomas Henryson Randall) d. 6 jul 1565 i Bergen, Hordaland.

Hun giftet seg med (2) Hans “Giskefut” Laurensson, gift 22 aug 1568 i Bergen, Hordaland, (sønn av Laurens Benktson og Ingrid Povelsdtr. Synes) d. 1570 i Søvik, Borgund, Møre og Romsdal. Magdalena døde 1797-1603 i Skeide, Ulstein, Møre og Romsdal.

1. Tomas Jonson Randall “til Spjelkavik”, f. i Borgund, Møre og Romsdal. Or Bergen, Hordaland. Han giftet seg med NN Petersdtr. Spjelkavik, gift 1589 i Bergen, Hordaland. Tomas døde 1589 i Executed, Bergen, Hordaland.

a. Amund Thomasson Spjelkavik.

(1) Thomas Amundsen Gjelsten.

(a) Amund Thomasen Gjelsten Nakken, f. ca 1650 i Gjelsten, Vestnes, Møre og Romsdal.

b. Jens Tomasson ”Nordmørs-”foged” Kjempe.

2. Oluf Jonsen Randall Skarbøen, f. ca 1580 i Førde, Volda, Møre og Romsdal.

3. Carsten Jonson Randall “til Førdt”, f. 1597? i Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Maren Jørgensdtr. Staur, gift i Bergen, Hordaland, (datter av Jørgen Pedersen Staur og Gudrun Jonsdtr. Teiste). Carsten døde ca 1630 i Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal.

a. Jon Carstensen Randall Førdt, f. omk 1570 i Nr. 2 Fyrde, Volda, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Gjertrud Olsdtr. Langvatn, gift 1606 i Volda, Møre og Romsdal, f. i Langvatn, Volda, Møre og Romsdal. Jon døde ca 1646 i Sunnmøre, Møre og Romsdal.

(1) Karstein Jonson Fyrde Sunndal, f. ca 1620 i Fyrde nr. 2 Danielgard, Austefjord. Han giftet seg med Anna Ivarsdtr. Sunndalsbakk, gift 1657 i Volda, Møre og Romsdal, f. ca 1620 i Nr. 1 Bakken, Sunndal, Volda, (datter av Ivar Jonson Sunndalsbakk). Karstein døde i Sunndal nr. 1 Bakken, Volda.

(a) Jon Karsteinson nr. 1 Sunndalsbakk, f. 1654 i Nr. 1 Bakken, Sunndal, Volda,.

(b) Knut Karsteinson Sunndalsbakk, f. 1657 i Nr. 1 Bakken, Sunndal, Volda,.

(c) Anders Karsteinson Sunndalsbakk, f. 1661 i Nr. 1 Bakken, Sunndal, Volda,.

(d) Jon Karsteinson nr. 2 Bakken Gjersdal, f. 1663 i Nr. 1 Bakken, Sunndal, Volda,, d. i Gjersdal, Volda, Møre og Romsdal.

(2) Olav Jonson nr. 1 Fyrde, f. 1629 i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Volda. Han giftet seg med Beritte Ellingsdtr. Fyrde, gift 1658 i Volda, Møre og Romsdal, f. ca 1630 i Nr. 1 Fyrde, Volda, Møre og Romsdal, d. 1697. Olav døde ett 1705 i Austefjord, Volda.

(a) Marte Olsdtr. Fyrde Hjellbakke, f. i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Austefjord,. Hun giftet seg med Torbjørn Hansson Eide Hjellbakke, gift ca 1698 i Volda, f. ca 1640 i Eide, Austefjord, Volda, (sønn av Hans Åmundson Eide) d. 1736 i Hjellbakke, Volda. Marte døde i Hjellbakke, Volda.

(b) Marie Olsdtr. Fyrde, f. i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Austefjord. Hun giftet seg med Henrik Sveinson Andersgard Straume, gift 1699 i Volda, f. 1673 i Straume nr. 2, Andersgard, Volda, (sønn av Svein Vernikson Andersgard Hesteflot og Ingeborg Kolbeinsdtr. Straume) d. 1737 i Volda.

(c) Jon Olson Fyrde, f. 1661 i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Volda. Han giftet seg med Mette Olsdtr. Fylsvik Fyrde, gift 1703 i Volda, Møre og Romsdal, f. 1693 i Nr. 2 Sveinsgard, Fylsvik, Volda, (datter av Ola Jonson Skinnvik Fylsvik og Sigrid Johannesdtr. Botnen) d. 1760 i Volda. Jon døde 1725 i Volda.

(d) Anne Olsdtr. Fyrde Åslid, f. i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Austefjord,. Hun giftet seg med (1) Hans Antoniusson Raudemel Åslid, gift 1713 i Volda, Møre og Romsdal, f. i Raudemel, Hornindal, Eid, (sønn av Antonius Hansson Raudemel) d. i Åslid, Volda. Hun giftet seg med (2) Ola Olson Aurstad, gift 1714 i Volda. Anne døde i Åslid, Volda.

(e) Beritte Olsdtr. Fyrde Holsvik, f. i Nr. 2 Danielsgard, Fyrde, Volda. Hun giftet seg med Ola Ellingson Kile Holsvik, f. 1655 i Nr. 7 Leite, Kile, Volda, (sønn av Elling Olson Kile og NN .. Kile) d. før 1721.

(f) Elling Olson Fyrde, f. 1666 i Nr 1 Danielgard, Volda, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Anna Verniksdtr. Hesteflot, gift omk 1713 i Volda, Møre og Romsdal, f. i Hesteflot, Volda, Møre og Romsdal, (datter av Vernik Verniksen Hesteflot og Anne Joensdtr. Eidset). Elling døde 1728 i 47/1 Fyrde/Verniksgarden in Austefjord.

b. Jørgen Carstensen Randall Fyrde.

c. Else Carstensdtr. Randall Fyrde. Hun giftet seg med Hans Lydersen.

4. NN Jonsdtr. Randall “på Gjelsten”. Hun giftet seg med Jens Nilsson “Skriver” Gjelsten, f. omk 1520, d. 1600.

a. Benedicht Jensen Gjelsten, f. i Gjelsten, Vestnes, Møre og Romsdal.

b. Arne Jensen Gjelsten, f. i Gjelsten, Vestnes, Møre og Romsdal.

c. Magdalena Jensdtr. Gjelstein. Hun giftet seg med Morten Parchmann (Villa) Gjelsten, (sønn av NN Parchmann).

(1) Marinne Mortensdtr. Parchmann. Hun giftet seg med Hanibal Jensen Gjelsten, f. omk 1550 i Vestnes, Møre og Romsdal, (sønn av Jens Nilsson “Skriver” Gjelsten og First wife) d. omk 1617 i Vestnes.

(a) Olaf Hanibalson Gjelsten.

(b) Lisbet Hanibalsdtr. Parchmann Gjelsten, f. 1617 i Vestnes, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med Jens Nielsen Haar Gjelsten, f. 1608, (sønn av Niels Olluffsen Haar Gjelsten) d. 1683. Lisbet døde ett 1660 i Vestnes, Møre og Romsdal.

B. Elisabet Tørrisdtr. Kamp. Hun giftet seg med Trond Ivarson.

C. Anne Tørrisdtr. Kamp, f. ca 1507, d. ett 1587.

II. Peder Amundsen “på Andenes”.

A. Elsebe (Elisabet Pedersdtr.) Nonne.

B. Jens Pedersen “til Tjøtta”.

C. Hans Pedersen “til Tjøtta”. Han giftet seg med “Frille” (Mistress).

1. Peder “Sunnmørsfut” Hansen, d. aft 1608 i Giske, Møre og Romsdal.

--------------------

Både Randall-ane og Kamp-ane var adelsfolk

view all

Magdalene Kamp, på Igerøya's Timeline

1515
1515
Ringnes, Hedmark, Norway
1520
1520
Age 5
1530
1530
Age 15
Bergen, Hordaland, Norway
1545
1545
Age 30
Fyrde, Austefjord, Volda, Møre og Romsdal
1550
1550
Age 35
1568
August 22, 1568
Age 53
Bergen, Hordaland, Norway
1580
1580
Age 65
Førde, Volda, Møre og Romsdal
1600
1600
Age 85
1597-1603, Skeide, Ulstein, Sunnmøre, Norway
1600
Age 85
Sunnmøre?, Norway