Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann (1747 - 1817) MP

‹ Back to Cloumann surname

View Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann's complete profile:

  • See if you are related to Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann
  • Request to view Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann's family tree

Share

Related Projects

Birthplace: Håbrekke, Strandebarm prestegjeld (nå Kvam kommune), Hordaland, Norway
Death: Died in Moen gård, Kviteseid, Telemark, Norway
Occupation: Fogd og justisråd/ representant Eidsvoll 1814
Managed by: Iris Elisabeth Kloumann
Last Updated:

About Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann

Peder Jørgen Cloumann, (1747-1817)

Fut og eidsvollsmann. Foreldre: Personellkapellan, seinare sokneprest Claus Pedersen Cloumann (ca. 1717–1783) og Elisabeth Faye (1713–48). Gift 1) 22.1.1773 med Anna Sophie Poulsen (5.3.1759–13.12.1786), dotter til sorenskrivar, seinare trelasthandlar, kanselliråd Henrich Jørgen Poulsen (1724–78) og Alhed Maria Hoff (1732–60); 2) 19.6.1787 med Edel Ramshart f. Poulsen (24.2.1753–19.3.1789; enke etter sorenskrivar Cort Caspar Ulrich Ramshart), syster til kone nr. 1; 3) 10.2.1805 med Maren Pihl Mow (22.2.1770–20.4.1849), dotter til sokneprest Gerhard (el. Gert) von der Lith Mow (ca. 1716–1785) og Maren Pihl.

Peder Jørgen Cloumann var fut i Øvre Telemark i nær på 40 år, og arbeidde ivrig for modernisering av jordbruket og kommunikasjonane i embetsdistriktet sitt. Som eldstemann mellom representantane i riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 sette han ikkje spor etter seg.

Cloumann voks opp i Heddal i Telemark, der faren blei sokneprest 1752. Han tok baccalaureus-eksamen ved universitetet i København 1763; utan bakgrunn frå latinskulen som han var, må han ha hatt førekunnskapane heimanfrå. Han må ha studert jus ved universitetet, men namnet hans finst ikkje i eksamensprotokollane. 1766 drog han heim til Bratsberg amt, og blei skrivekar og fullmektig hos amtmannen.

1772 blei futen i Øvre Telemark suspendert for underslag. Cloumann søkte konstituering i embetet, far hans kausjonerte for skattepengane og søknaden blei innvilga. 1777 blei den suspenderte dømd, og Cloumann blei utnemnd til “virkelig foged”. Dei første åra av embetstida si budde han i Heddal, men sommaren 1781 flytte han åt Kviteseid, og blei då første futen i Øvre Telemark til å busetje seg fast i embetsdistriktet sitt; alle føremennene hadde halde til nær Skien. 1783 fekk han rangtittelen justisråd, slik det var vanleg for fortente embetsmenn.

Det første ein går åt ved embetsferda hans er ein ulasteleg og nøyereknande byråkratisk flid, men det budde meir i han enn det som utan vidare høyrde embetet til. Han hadde eit sterkt samfunnsengasjement av klassisk, fysiokratisk slag, agiterte for innføring av betre krøteravl og import av livdyr, for utgrøfting av myrar, gjødsling og vekselbruk og ikkje minst potetdyrking, og dreiv sin eigen gard som mønsterbruk. Fjøs burde vera i stein og helst tegl, meinte han, og difor bygde han 1785 eit teglverk for framstilling av murstein og takstein. Dette var ein suksess, og tegltak blei etter kvart vanlege i bygda. Teglfjøs kom det også nokre av, etter at futen hadde synt fram modellen på ein mønsterhusmannsplass kalla “Exempel”. Eit meir kortliva initiativ var eit “patriotisk selskap”, som i nokre år frå 1790 prøvde seg med tamreindrift på kongens allmenningar. Utanom jordbruket var han vyrk for post- og skyssvesen og ikkje minst vegbygging. Fremste tiltaket her var ein køyreveg frå Tinnsjø over Gaustakneet til Hjartdal og vidare til Seljord og Kviteseid.

Allmenn folkeopplysing støtta han også, m.a. med å låna ut bøkene sine til bygdefolk og gi bort bøker til leseselskapet i bygda. Dette syner at han forstod at bønder ikkje nødvendigvis var dummare enn han sjølv. Både privat og som embetsutøvar ytte han vanlegvis allmugen full respekt, og fekk sjølv full respekt attende, også frå København. 1809 blei han utnemnd til riddar av Dannebrogordenen, og då han 1811 bad seg friteken frå embetet pga. alderen, fekk han avskil med full løn.

I 1814 blei Cloumann kåra til den eine av Bratsbergs tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var 67 år og eldst mellom utsendingane. Historikaren Halvdan Koht fortel at Cloumann “hørte som de andre representantene fra samme amt til foreningspartiet, men tok ingensomhelst del i forhandlingene”. Helst var han for gamal til å gjera seg gjeldande – langt mindre kjenna seg heime – i denne forsamlinga, som ikkje utan grunn har blitt stempla som eit “ungdomsopprør”. For Cloumann blei Eidsvoll såleis heidersplass meir enn arbeidsplass, men på bakgrunn av innsatsen hans i yngre år er det vanskeleg å påstå at plasseringa var ufortent.

Kilder og litteratur

  • Norsk biografisk leksikon: Peder Jørgen Cloumann
  • Norsk biografisk leksikon : Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814
  • Norsk Wikipedia: Peder Jørgen Cloumann
  • C. Pram: Indberetning til det Kongelige general Land-Oeconomie og Commerce-Collegium indeholdende oeconomiske Bemærkninger paa en efter kongelig allerhøieste Befaling i Aaret 1805 fortsat Reise i Norge, utrykt manuskript i RA, Oslo
  • E. A. Thomle: “To Kragerø-slegter”, i PHT, rk. 8, bd. 3, 1924
  • O. H. Holta: Hitterdalsboken, Porsgrunn 1926
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • Aa. Olsnes: Kviteseid bygdesoge, bd. 3, Kviteseid 1987

Portretter

  • Måleri (brystbilete) av Christopher Pritzier Meidell, 1860 (kopi etter eldre original av ukjend kunstnar); Eidsvollsbygningen

--------------------

view all 12

Peder Jørgen Cloumann, Eidsvollsmann's Timeline

1747
April 14, 1747
Håbrekke, Strandebarm prestegjeld (nå Kvam kommune), Hordaland, Norway

I kirkeboka står det født 14. april *1747* (se innlagt kilde), men på gravsteinen står det født 14. april *1746*.

http://www.soge.kviteseid.no/lag/kulturminne/minnesmerke/clumann/

1747
Strandebarm prestegjeld, Hordaland, Norway

Ingen dåpsdato angitt (?), kun fødselsdato.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Strandebarm i Strandebarm, Ministerialbok nr. A 2 /1 (1727-1750), Fødte og døpte 1748, side 34. # 8.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11678&idx_id=...

1783
January 22, 1783
Age 35
Kviteseid, Telemark, Norway
1783
Age 35
Kviteseid, Telemark, Norge
1783
- 1817
Age 35
Moen gård, Kviteseid, Telemark, Norway

Føregangsmenn i jordbruket i Kviteseid

Kviteseid var samlingsstaden for embedsstanden i Øvre Telemark. Ein av dei fremste pådrivarane for utvikling av jordbruket var futen Peder Jørgen Clouman. Etter fyrst å ha budd hjå presten på Kviteseid gard eit par års tid, kjøpte han og busette seg på garden Moen i Kviteseid i 1783. Her budde han til han døydde i 1817.

Om futen Cloumann skriv Christen Pram:
"Justiceraad Claumann har opdrevet sin liden Gaard fra at kunne modtage kun 2 ½ Tøndes Utsæd, til en af 12 Tønders Udsæd at give betydelig Høst, og fra at føde 7 til nu at føde 24 Quæghoveder, foruden at han har udlagt Jord til to, ogsaa af ham opbygde, Husmands-boliger, bortledet Vand, sat en Mengde Steengierder, og derved ryddet sine Jorder for løse Stene, og som det viktigste, tillige de to andre Hædersmend (dvs. presten Windfeld og sorenskriver Wamberg) bragt denne Fremgangsmaade i Gang i Egnen, dertil Jordernes bedre Behandling, Jordblanding, forstandig Giødning, Sædvexling, og fremforalt potatosavlen"

Claumann la ikkje berre vekt på å drive Moen på ein framifrå måte. Han var også ein stor folkeopplysningsmann, og ivra for å få til endringar hjå dei hine kviteseidbøndene. Sjølv hadde futen fått tak i sau frå ein engelsk sauerase, og denne rasen spreidde seg i saueflokkane i Kviteseid.

Kilde: http://www.kviteseidbyen.no/default.asp?uid=363&CID=23

1785
May 31, 1785
Age 38
Kviteseid, Telemark
1786
December 10, 1786
Age 39
Kviteseid, Telemark
1787
June 19, 1787
Age 40
Kviteseid, Telemark, Norway
1789
May, 1789
Age 42
Kviteseid, Telemark, Norway
1805
February 10, 1805
Age 57
Kviteseid, Telemark, Norway