Paul Jonson Synnes (c.1444 - d.) MP

‹ Back to Synnes surname

Is your surname Synnes?

Research the Synnes family

Paul Jonson Synnes's Geni Profile

Records for Paul Synnes

2,852 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Birthplace: Synnes, Vigra, Møre og Romsdal, Norway
Death: (Date and location unknown)
Managed by: Anne M Berge
Last Updated:

About Paul Jonson Synnes

Paul eller Pål Jonsson fra Synnes.

LINKS

http://www.soga.no/bjodale/kronologien/hustingrid.htm

POVEL JONSON av Bjørn Jonson Dale

Povel Jonson var Jon Bårdson sin tredje son på tavla, og eg vil rekne med at han var fødd 1440-45. Av brørne er det bare Povel som er ført opp med døtre, og bare døtre, og dette kan vel ikkje tydast som anna enn at han ikkje hadde noken son som levde opp. Dei tre døtrene heitte Ingrid, Synneve og Maritte. To av disse blei seinare kalte "hustru", ein tittel som då tilkom gifte koner av lågadel, nemlig Ingrid og Synneve (sjå nedafor).

 Denne tituleringa kan vel helst sjåast som uttrykk for faren sin stand, dvs at Povel Jonson sjøl var lågadelsmann, men det kan tenkast at ei kvinne kunne bli "hustru" ved å ekte ein lågadels­mann. I fall eg har rett, må Povel Jonson vere blitt adla - anten av kongen eller, som kunne hende, av erkebispen. For Synnesætta var i seg sjøl ikkje noka adelsætt. Derimot ser vi at enkeltmed­lemmar av ætta, som Eiliv Bårdson på Synnes, kunne oppnå (ein slags) adelstand som setesvein for erkebispen (sjå nedafor om Laurens Benktson).
 Dersom Povel Jonson var adelsmann var det altså av lågare rang, ikkje "riddar" men "væpnar" eller "svein". Han livnærte seg av eit lite jordegods og kanskje ein setegard han hadde fått i "len" av konge eller erkebisp. Dessutan dreiv han nok både fraktfart og kjøpmannskap på Nord Norge, slik det var vanlig i lågadelen på denne tida. Han kunne ha hus både i byen, Bergen eller Nidaros, og på landet og jamvel i eit fiskevær nordpå. I byen kunne han ha eit lite embete eller tillitsverv, t.d som rådmann. Når krig eller strid truga måtte han ruste seg for å tene herren sin, og det kunne vere ofte nok. Til daglig måtte han utføre oppgåver som t.d innkreving av landskyld og tiende. Til gjengjeld fikk han vere skattefri (leidangsfri for seg og nokre tenarar) og trulig rett til å drive kjøpmann­skap utan borgarskap i ein kjøpstad; og han fikk smykke seg med "skjold og hjelm", som mest innebar at han kunne bruke eit våpenskjold som seglmerke.
 Ein lågadelsmann på denne tida var ingen opphøga, fornem figur, men først og fremst ein økonomisk entreprenør; ingen lågadelsmann levde av å vere bare dét.

HUSTRU INGRID

I eit brev fra 14. mai 1586 vedgikk herr Lauritz Knutson, sokne­prest i Ørskog, og Kolbjørn Knutson i Berkvik, at dei hadde høyrt av faren, salig (avliden) Knut Bårdson, at "salig hustru Sønue Poullsdatter" og medarvingane hennar "salig hustru Ingerii Poulsdatter" i Bergen for 30 år sidan hadde gjort eit makeskifte med far deira (hustruene sitt søskenbarn, son av Bård Jonson på Synnes). Makeskiftet gikk ut på at hustruene fikk 3 fjerdingslag (1 mællag = 4 fjerdingslag) i Synnes (i tillegg til dei 4 mællaga dei hadde fått i arv) mot at Knut Bårdson skulle få ein del av garden Aksnes. Brevet finst i den såkalte Synnessamlinga i Vitskapsselskapet i Trondheim.

 Detaljane i makeskiftet er ikkje viktige her, derimot følgande: Søstrene Synneve og Ingrid er begge titulerte "hustru", begge var avlidne 1586, men 30 år før - dvs 1556 - levde dei og makeskifta sams arvegods med søskenbar­net sitt Knut. Makeskiftet fann stad i Bergen.
 På Synnestavla er Ingrid Povelsdatter ført først av dei tre søstrene, så følger - under Ingrid - datra "Karynn" og hennar datter "Hustru Lijsebet". Lisbet er godt kjent, som kona til Povel Helge­sen, lagmann i Bergen og Gulating, som etter alt å dømme var den som fikk ørskogpresten Lauritz Knutson (tremenning til Karine, lagmannen si svigermor) til å sette opp Synnestavla 1586.
 Far til hustru Lisbet heitte Rasmus, men til no har det ikkje vore kjent kven han var. Ein har gjetta på at han var lik rådmann i Bergen Rasmus Hanssen (nemnt 1544, Diplomatarium Norvegicum VI, 757), men bare på grunnlag av fornamnet og standen.
 Hustru Ingrid sin ektemake er ikkje ein gang kjent gjennom noke farsnamn, men eg trur no det er råd å påvise kven han var.

HUSTRU INGRID SIN MAKE

Lagmannssonen Rasmus Povelsen Brandal, prest i Hareid og Ulstein, satt til han døydde 1660 med eit stort jordegods, der mestedelen ser ut til å ha vore gammalt synnesgods, som faren i si tid samla i kraft av hustru Lisbet sin odelsrett. Men éin del av godset, tredjedelen av Osnes i Ulstein og meir enn tredjedelen av Hatløygarden, er aldri nemnt i samband med Synnesgodset. Dette gjeld for så vidt også garden Brandal i Hareid, som Rasmus Povelsen eigde fullt ut.

 Men om Osnes-/Hatløygodset ikkje skreiv seg fra Synnesgodset, kven kunne då ha brakt det inn i Brandalætta? Lagmannen Povel var det neppe - for han var austlending - men kva med Rasmus, mannen til Karine, og kva med den ukjente mannen til hustru Ingrid?
 Så ein dag satt eg og bladde i den nye utgava av Aslak Bolts jordebok (utgitt av Riksarkivet, Oslo 1997), og med eitt såg eg det som kanskje løyser heile gåta, på ein innlagt seddel fra 1521: "Jtem Laurentz Bæntsson i Sund­mørom...gaff till sancte Oluff Ostness paa Swndmøør i Herøy søgen i Wlsteen sogen, skylder aarlige ith kørlag".
 Det tok meg ikkje lang tid å finne ut at ei landskyld på eitt kyrlag først på 1500-tallet kunne svare til ei landskyld på 3 våger fisk; og 3 våger fisk svarte til 12 mællag, dvs akkurat så mykje som Bran­dalætta eigde i Osnes, og akkurat så mykje som krona (før: erke­stolen) eigde i garden først på 1600-tallet...
view all

Paul Jonson Synnes's Timeline