Marius Sophus Lie (1842 - 1899)

‹ Back to Lie surname

9

Matches

0 0 9
Adds sibling(s).

View Marius Sophus Lie's complete profile:

  • See if you are related to Marius Sophus Lie
  • Request to view Marius Sophus Lie's family tree

Share

Related Projects

Birthplace: Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane, Norway
Death: Died in Oslo, Oslo, Oslo, Norway
Occupation: Mathematician, Matematiker
Managed by: Cecilie Nygård
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Marius Sophus Lie

Sophus Lie, Marius Sophus Lie (Norwegian pronunciation: [liː] "Lee") (17 December 1842 - 18 February 1899) was a Norwegian-born mathematician. He largely created the theory of continuous symmetry, and applied it to the study of geometry and differential equations.

http://en.wikipedia.org/wiki/Sophus_Lie

http://no.wikipedia.org/wiki/Sophus_Lie

http://www.snl.no/Sophus_Lie

Biography

Sophus Lie was born in Nordfjordeid, Norway, the youngest of six children. As a young man, he intended to pursue a military career, but due to his myopia, he instead became a student at the University of Oslo.[1]

He obtained his Ph.D. at that university in 1872, with a thesis entitled On a class of geometric transformations.[2]

He was made Honorary Member of the London Mathematical Society in 1878 and Fellow of the Royal Society of London.

Lie's principal tool, and one of his greatest achievements, was the discovery that continuous transformation groups (now called, after him, Lie groups) could be better understood by "linearizing" them, and studying the corresponding generating vector fields (the so-called infinitesimal generators). The generators are subject to a linearized version of the group law, now called the commutator bracket, and have the structure of what is today called a Lie algebra.[3][4]

Sophus Lie died at the age of 56, due to pernicious anemia, a disease caused by impaired absorption of vitamin B12.[3]

Hermann Weyl used Lie's work on group theory in his papers from 1922 and 1923, and Lie's groups today play a role in both quantum physics and quantum mechanics.[4]

Seminar Sophus Lie

Seminar Sophus Lie is an international seminar of mathematicians interested in the theory of Lie groups and their wider horizon. It was founded around 1990 when, during the Volkskammer Government of the German Democratic Republic in 1989, open contact between mathematicians in East and West Germany became possible for the first time since 1961. Several mathematicians located at the Technische Hochschule Darmstadt, the University of Erlangen, the University of Greifswald, and the University of Leipzig informally organized the Seminar, with financial support by the Deutsche Forschungsgemeinschaft. The first meeting happened at the University of Leipzig, in January 1991. Since then, the Seminar has usually met once a semester. Over the years, the Seminar has gained participants from all over Europe.[5]

--------------

Sophus Lie, Marius Sophus Lie, født 17. desember 1842, fødested Eid, Sogn og Fjordane, død 18. februar 1899, dødssted Kristiania. Matematikar. Foreldre: Sokneprest Johan Herman Lie (1803–73) og Mette Maren Stabell (1807–52). Gift 11.8.1874 i Risør med Anna Sophie Birch (24.4.1852–12.6.1920), dotter til overtollbetjent Gottfried Jørgen Stenersen Birch (1820–94; bror til Christian Birch-Reichenwald, 1814–91) og Marie Elisabeth Simonsen (1827–56). Brorson til John Andreas Lie (1799–1882; sjå NBL1, bd. 8); farbror til Sigurd Lie (1871–1904); morbror til Johan Herman Lie Vogt (1858–1932) og Ragnar Vogt (1870–1943); grandonkel (mormors bror) til Jens Holmboe (1880–1943).

Sophus Lie var professor i matematikk i Christiania og seinare i Leipzig, men i hans eiga samtid var det få her i landet som forstod rekkevidda av arbeidet hans. I dag blir han rekna som ein av dei store og innflytelsesrike matematikarane i nyare tid.

Lie voks opp på Nordfjordeid, mens faren var sokneprest der. Då Sophus var 9 år gammal, blei faren utnemnd til sokneprest i Moss, og familien flytta dit, men alt året etter døydde fru Lie. Sophus var elev ved Moss borgerlige Realskole og blei 15 år gammal sendt til Nissens Latin- og Realskole i Christiania. 1859 avla han ein svært god examen artium og begynte ved universitetet, der han året etter tok den obligatoriske anneneksamen som ein av dei to beste i sitt kull. Allsidigheita gjorde det vanskeleg for han å bestemme studieretning vidare, men han valde realfag. Studiet var inndelt i tre avdelingar med kvart sitt tyngdepunkt. Den første avdelinga – matematikk, geometri, mekanikk, maskinlære og teikning – tok tre år, og her fekk han undervisning av professorane Ole Jacob Broch og Carl Anton Bjerknes og overlærar Ludvig Sylow. Lie tok eksamen med beste karakter, laudabilis praeceteris. I dei to neste avdelingane – ein fysisk-kjemisk og ein naturhistorisk, kvar med eitt års varigheit – blei ikkje resultatet fullt så glimrande. I alle fall blei det ikkje “innstilling til kongen” då han 1865 avla embetseksamen, slik han hadde håpa.

Alt på Nissens skole hadde Sophus møtt den jevngamle Ernst Motzfeldt (seinare høgsterettsadvokat med ei rekkje offentlege tillitsverv), som skulle komme til å bli hans beste venn og støtte livet ut. I over 7 år budde Sophus til leige hos mor til Motzfeldt og var nærmast som ein son i huset. Her møtte han også henne som skulle bli ektefellen hans.

I Studentersamfundet var ikkje Sophus Lie nokon ivrig deltakar, i staden følgde han foredrag i Realistforeningen, som var stifta for å gi fagleg fordjupning. Dei første par åra etter embetseksamen var det astronomi som interesserte han mest; han fekk også prøve seg i praktisk arbeid på observatoriet.

Å drive med gymnastikk og sport var populært blant studentane, og å vandre til fots i den norske fjellheimen sommarstid var i akademiske krinsar høgste mote. Sophus Lie var ein ekstra ivrig gymnast og sportsmann, og det var knapt ein sommar utan at han la ut på lange og krevande fjellvandringar. Medan tre-fire mil gjerne blei rekna som ein vanleg dagsmarsj, tilbakela Lie gladeleg 7–8 mil. Det blei fortalt at han ein dag skulle ha gått frå Christiania til Moss og tilbake igjen for å hente ei bok i heimen. Han var heller ikkje så nøye med korleis han såg ut; folk kunne ta han for å vere ein landstrykar og det som verre var, når han strauk forbi i velbrukte kvite lerretsklær. Ute i Guds frie natur var han aldri i tvil om kva veg han skulle velje, i livet var det vanskelegare å finne noka retning. Han hadde ikkje noko kall. Han kjende seg, med eigne ord, som “et forlorent Subject”, og frå heimen i Moss skreiv han 1866 til vennen Motzfeldt: “Da jeg sagde Dig Farvel før Juul troede jeg at det var for Tid og Evighed; thi det var min Bestemmelse at blive Selvmorder. Men jeg har ikke Kraft til det. Saa faaer jeg da forsøge at leve.”

Sophus Lie fekk sitt kall. Under det nordiske naturforskarmøtet som blei arrangert i Christinania sommaren 1868, møtte han dei danske matematikkprofessorane Adolf Steen og Hieronymus Zeuthen, og særleg Zeuthen inspirerte han i retning i av den moderne geometrien. Lie oppdaga, som han sjølv sa, at det “stak en Mathematiker” i han. Han studerte franskmannen Victor Poncelets projektive geometri og tyskaren Michel Plückers linjegeometri, og gjennom tidsskrift og bøker på Universitetsbiblioteket orienterte han seg i det som fanst innan emnet. I Realistforeningen la han ivrig fram sine funn for 10–15 tilhøyrarar.

Alt på nyåret 1869 hadde han ferdig si første vitskapelege avhandling, Repræsentation af Plan-Geometriens Imaginære, og denne 8 sider lange avhandlinga utløyste stor velvilje. Videnskabs-Selskabet i Christiania trykte ein utvida versjon av Lies “Imaginærtheorie”, den blei oversett til tysk og kom i løpet av året 1869 ut i det velrennomerte Crelles Journal i Berlin, og i september same året kunne han med offentleg stipend reise til Berlin, Göttingen og Paris.

Utanlandsreisa varte i 15 månader og blei på alle måtar svært viktig for Lie: Han blei à jour med den matematiske forskinga i Europa og blei inspirert i si eiga utvikling, og han møtte ei rekkje matematikarar som han resten av livet på ulik måte skulle forholde seg til i vennskap og arbeid. I Berlin møtte han Felix Klein, i Göttingen Alfred Clebsch, i Paris Gaston Darboux og Camille Jordan. Lie blei bestevenn med Klein; i løpet av kort tid gav dei ut tre avhandlingar saman, og ei omfattande brevveksling følgde. Klein var også saman med Lie i Paris i møte med Darboux og Jordan.

Men då den fransk-tyske krigen braut ut i juli 1870, måtte tyske Klein i all hast forlate Paris. Lie bestemte seg for å gå til fots frå Paris til Milano for å besøke den italienske matematikaren Luigi Cremona. Men han var ikkje komen lenger enn til Fontainebleau før han blei tatt til fange mistenkt for å vere tysk spion. Oppslaget i norske aviser, “En norsk Videnskabsmand fængslet som tysk Spion”, gjorde namnet hans kjent i heimlandet. Dei franske fangevaktarane trudde dei matematiske teikna i notisbøkene hans var hemmelege kodar, men dei gav han høve til å overbevise dei om at han berre var den reisande matematikaren frå Norge som han hardnakka hevda. På stotrande fransk begynte han: “Mine herrer, tenk dere tre på hinannen loddrette akser, x-aksen, y-aksen og z-aksen…”, og mens han teikna med fingeren i lufta, brast dei ut i latter og hadde ikkje bruk for fleire bevis.

Med hjelp frå matematikarvennen Darboux blei Lie sett fri etter ein månad, og sjølv fortalde Lie at han i fengselet i Fontainebleau hadde skrive storparten av doktoravhandllinga si, og at han trudde matematikarar var betre rusta til å sitte i fangenskap enn andre. Avhandlinga, som han knapt eitt år seinare (juni 1871) disputerte på i Christiania, hadde tittelen Over en Classe geometriske Transformationer, og skal ein tru Lies seinare elev og biograf, matematikaren og barnebokforfattaren Elling Holst, stod det ikkje stort betre til med den norske bedømmingskomiteen enn med dei franske fangevaktarane: Sophus Lie disputerte og fekk sin doktorgrad, men ifølgje Holst: “Ingen mors sjæl hadde begrebet et ord af det hele.”

Men ute i Europa gav Lies doktorarbeid gjenklang. Darboux i Paris karakteriserte arbeidet som “ein av dei vakraste oppdagingar i den moderne geometri“, og frå no av følgde ei rekke avhandlingar som gjorde Lie til ein av dei mest produktive matematikarane i samtida. I Christiania var han blitt universitetsstipendiat, men vilkåra for vitskapeleg arbeid var ikkje dei beste. Og då eit professorat ved universitetet i Lund blei ledig hausten 1871, ville han søkje seg dit. Men i radikale krinsar blei det sett på som eit nederlag om landets store matematiske talent måtte forlate fedrelandet og reise til Sverige. Frå fleire hald blei det aksjonert, og på nyåret 1872 blei det i Stortinget fremma forslag om å opprette eit ekstraordinært professorat for Sophus Lie. Attestar om Lies arbeid og eineståande evner var henta inn frå utanlandske matematikarar, og ei rekkje stortingsrepresentantar minna om at nasjonen Norge no ikkje måtte gjere same feil som den som i si tid var blitt gjort mot Niels Henrik Abel, som aldri fekk noko fast stilling i fedrelandet. Med 85 mot 16 stemmer blei Sophus Lie professor, landets første såkalla “Stortings-professor”. Same året blei han medlem av Videnskabs-Selskabet i Christiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi).

September 1872 reiste Lie til Tyskland for å møte Felix Klein, som var blitt professor i Erlangen og heldt på å utarbeide eit tiltredingsforedrag – det som blei til det berømte Erlangenprogrammet, og som seinare skulle skape djup splid mellom dei to vennene.

Etter eit par månader i Tyskland kom Sophus Lie heim til Christiania. Han skreiv friarbrev og fekk ja frå den 18-årige Anna Birch i Risør, og 1874 gifta dei seg. Forlovingstida var blitt fylt med ei omfattande brevveksling, nærmare 90 brev. Brev var jo den einaste måten ho kunne bli kjend med han på, skreiv Sophus kort tid etter forlovinga, og la til: “Hvad mig selv angaar, saa tror jeg nok, at jeg forlængst kjender Dig tilbunds. Din rene elskværdige Sjel laa aaben for mig fra første Stund.” Anna Birch var kusine til Ernst Motzfeldt, og på morssida var ho i slekt med Niels Henrik Abel: Annas morfar var Abels onkel. Sophus Lie var opptatt av denne slektskapen, og i eit av dei første breva til henne skreiv han: “Du gjør Dig ingen Forestilling om hvilket besynderligt Træf det synes mig at være at min Forlovede er en nær Slægtning af Abel, mit store om end uopnaaelige Forbillede.”

Som professor i Christiania arbeidde Lie hardt og intenst utan noko stimulerande vitskapeleg miljø rundt seg; det var med hans eigne ord “skrekkelig ensomt her i Christiania, hvor ikke noe menneske forstår mine arbeider og interesser”. Men han hadde eit lykkeleg familieliv med Anna og barna, to døtre og ein son.

Som ein reaksjon på konservative krefter i det norske vitskapsmiljøet var Sophus Lie 1876 med på å starte eit nytt tidsskrift, Archiv for Mathematik og Naturvidenskab, og her publiserte han ei mengd artiklar, ofte som eit første utkast til seinare versjonar i meir velrenommerte utanlandske tidsskrift. Saman med Ludvig Sylow arbeidde han med å redigere Abels samla verk, eit oppdrag gitt av kongen, som resulterte i ei kommentert utgåve 1881.

Med Felix Klein heldt Lie god brevkontakt, og dei møttest i Tyskland til matematisk samarbeid 1874, 1877 og 1882. Også med Adolph Mayer, ein annan tysk matematikar, stod han i livleg korrespondanse. Hausten 1882 var han eit par månader i Paris, og franske matematikarar som Henri Poincaré og Emile Picard fekk auga opp for Lies teoriar og arbeid. Lie var likevel uroleg og utolmodig, og han syntest ikkje han fekk gitt uttrykk for alle ideane han sat inne med. Klein og Mayer i Tyskland prøvde å komme Lie i møte: Hausten 1884 sende dei ein ung matematikar, Friedrich Engel, til Kristiania for å hjelpe Lie i utarbeidinga og nedskrivinga av dei nye teoriene. Engel blei verande i Kristiania i 9 månader, og det omfattande arbeidet dei fekk begynt på, skulle resultere i trebindsverket Theorie der Transformationsgruppen (1888–93), Lies hovudverk, til saman over 2000 sider.

1886 blei Lie utnemnd til riddar av St. Olavs Orden. Same året fekk han tilbod om eit professorat i Leipzig, ei ærefull stilling i eit rikt pulserande vitskapelig miljø. I Leipzig blei han sett på som ein sentral skikkelse i europeisk matematikk. Frå heile Europa og USA blei lovande studentar sendt til Leipzig for å sitte under Lies kateter. Men undervisning og rettleiing tok etter kvart meir tid enn han ønskte, og han blei trøytt av stadig å måtte stå til disposisjon for kandidatar som ikkje alltid var like dyktige. Han syntest ikkje heilt han meistra det tyske språket så godt som ønskeleg, det tyske universitetsvesenet hadde sine partistillingar han ikkje utan vidare makta å handtere, og dei sosiale omgangsformene var nye og annleis. Han begynte å sakne venner i Kristiania, og framfor alt sakna han den norske naturen.

I Leipzig oppstod det også samarbeidsproblem som skulle vise seg å vere vanskelege å overkomme. Mykje av konfliktstoffet synest på den eine sida å botne i Lies kolossale vilje til arbeid og innsikt på felt få andre såg rekkevidda av, og på den andre sida angsten for å bli misforstått og misbrukt. Usemja gjorde han søvnlaus og nedtrykt. I november 1889 blei han, taus og apatisk, send til ein nerveklinikk ved Hannover. Noko av det einaste han sjølv sa om dette samanbrotet var at han var “grepet av en grenseløs fortvilelse”. I vel 7 månader var han pasient på nerveklinikken. Han blei behandla med opium og sovemedisin, men hevda sjølv at han til slutt med lange turar til fots bokstaveleg talt gjekk sjukdommen av seg. I klinikkens stambok står det at då fru Anna kom og henta han, var tilstanden hans framleis “ungeheilte Melancholie”.

Mykje synest å ha blitt annleis etter dette. Samarbeidsproblema auka på, og mistru øydela også tidlegare vennskap. Men Lie heldt fram sitt nyskapande matematiske arbeid, og det blei verdsett i aukande grad, og han var medlem i ei rekkje vitskapelege selskap. Den offentlege anerkjenninga han sjølv sette mest pris på, kom 1892, då han blei korresponderande medlem i Académie des Sciences i Paris. Lie blei sett på som den fremste brubyggjaren over det som var igjen av mistru mellom franske og tyske vitskapsmenn etter krigen vel 20 år tidlegare.

I Noreg var ein også klar over Lies internasjonale berømmelse, og mange syntest det var på høg tid å få landets store son tilbake – også for å vise kva nasjonen kunne mønstre i den unionsstriden som nærma seg. Lies mistrivsel på “de leipzigske sletter” blei gjort kjend av Fridtjof Nansen. Elling Holst og Bjørnstjerne Bjørnson arbeidde så effektivt at Stortinget sommaren 1894 vedtok å gi Lie tittelen “Professor i Transformationsgruppenes Theori” og tilby han ein gasje på 10 000 kroner – nesten dobbelt så mykje som ei ordinær professorlønn.

Men trass i all denne velviljen og einigheita i ønsket om å få Lie til Noreg, skulle det gå nesten fire år før han på permanent basis kom tilbake; det tok tid å avvikle arbeidsoppgåver og forpliktingar i utlandet. 1897 mottok han den ærefulle Lobatsjevskij-prisen. Først hausten 1898 kom Lie med familie til Noreg for godt. Men alle såg at han var sjuk. Han leid av pernisiøs anemi, ein uhelbredeleg blodsjukdom den gongen. Utover i semesteret greidde han berre med mykje strev å gjennomføre forelesingane sine, dei siste frå sjukesenga i leilegheita i Eugenies gate 22. 18. februar 1899 var det slutt.

Sophus Lie skapte ein ny disiplin i matematikken, vanlegvis omtala som “moderne Lie-teori”, som er blitt eit ideologisk fundament som i stor grad har prega utviklinga av moderne matematikk og modellbygging. Lie-teori, det vil seie teorien for Lie-grupper og Lie-algebra, kombinerer algebra, analyse, særleg differensiabilitet, og geometri. I formuleringane av naturlovene våre og i forståinga av atomets inste struktur ligg Lie-teori som ein uunnværleg reiskap, og den spelar ei avgjerande rolle innan stadig nye område av naturvitskap og høgteknologi. Eit fysisk systems konserveringslover er knytta til Lie-symmetriar; praktisk bruk av Lie-teoretiske metodar gir oversikt i væske- og gass-straumar; Lie-teori står sentralt i bølgjeteori, meteorologi, elektronikk, optikk m.m., og i nær samanheng med kontrollteori, som studerer stabiliteten i bilar, båtar, oljeplattformer, robotar, fly og satellittar. Denne kontrollteorien har også vist seg nyttig i studiet av biologiske og fysiologiske system og prosessar.

Verker

   * Fullstendig bibliografi finst i A. Stubhaug: Det var mine tankers djervhet (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 577–593
     Eit utval
   * Repräsentation der Imaginären der Plangeometrie, særprent av VSK Forh. 1869, 1870
   * Over en Classe geometriske Transformationer, dr.avh., særprent av VSK Forh. 1871, 1872
   * Ueber eine Classe geometrischer Transformationen (Fortsetzung), særprent av VSK Forh. 1871, 1872
   * Allgemeine Theorie partieller Differential-Gleichungen, særprent av VSK Forh. 1874 og 1875, 2 deler, 1875–76
   * Classification der Flächen nach der Transformationsgruppe ihrer geodätischen Curven, 1879
   * utg. N. H. Abel: Œuvres complètes (sm.m. L. Sylow), 2 bd., 1881
   * Theorie der Transformationsgruppen (sm.m. F. Engel), 3 bd., Leipzig 1888–93 (faksimileutg. New York 1970)
   * Vorlesungen über Differentialgleichungen mit bekannten infinitesimalen Transformationen, bearb. av G. Scheffers, Leipzig 1891
   * Vorlesungen über continuierliche Gruppen mit geometrischen und anderen Anwendungen, bearb. av G. Scheffers, Leipzig 1893
   * Geometrie der Berührungstransformationen (sm.m. G. Scheffers), Leipzig 1896 (faksimileutg. New York 1977)
   * Samlede avhandlinger, utg. ved F. Engel og P. Heegaard, 7 bd., 1922–60
     Etterlatne papir
   * Brev til og frå Sophus Lie, manuskript m.m. finst i Handskriftsamlinga, NBO

Kilder og litteratur

   * NFL, bd. 3, 1892
   * E. Holst: “Sophus Lie”, i Nyt Tidsskrift 1893, s. 127–142
   * d.s.: i H. Jæger: Illustreret norsk Literaturhistorie, bd. 1, 1896, s. 68–101
   * Stud. 1859, 1909
   * E. Holst: “Sophus Lie”, i G. Gran (red.): Nordmænd i det nittende aarhundrede, 1914, s. 99–144
   * F. Engel: “Sophus Lie”, i NMT, hf. 4/1922, s. 97–114
   * P. Heegaard: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
   * E. Straume: Sophus Lie i historisk perspektiv, Tromsø 1983
   * I. M. Yaglom: Felix Klein and Sophus Lie. Evolution of the idea of symmetry in the nineteenth century, Boston 1988
   * E. Strøm: Sophus Lie, UiO. Matematisk institutt. Vitenskapshistorisk skriftserie 2–3, 2 bd., 1997
   * M. Kern og E. Strøm (red.): Kjære Ernst! Brev fra Sophus Lie til Ernst Motzfeldt, 1997
   * A. Stubhaug: Det var mine tankers djervhet. Matematikeren Sophus Lie, 2000

------------

Notat Cecilie Nygård:Kjende personar i Eid kommune:

Sophus Lie


Sophus Lie (1842-1899), fødd på Nordfjordeid, son av sokneprest Johan Herman Lie. Professor i matematikk.

Publisert 05.03.2001 10:04. Oppdatert 18.12.2003 10:00.

Vert ved sida av Nils Henrik Abel rekna som den største matematikaren Noreg har fostra. Realeksamen frå Universitetet i Oslo 1859, doktorgrad 1871 med ”En Classe geometriske Transformationer”. Professor 1872.

Medstiftar av tidsskriftet ”Archiv for Matematik og Naturvidenskap” 1876. Professor i Leipzig 1886. Studentar frå heile Europa og Amerika søkte til Lies institutt.


Minnebysta er laga av Elisabeth Steen og står i parken ved Eid kyrkje.


Kom 1898 tilbake til Oslo etter at Stortinget oppretta eit personleg professorat for Lie.

Sleit i mange år med migrene og annan sjukdom, og døydde 57 år gamal.

Sophus Lie Konferansesenter med årlege matematikk-seminar opna på Nordfjordeid 1997.

Forfattaren Arild Stubhaug har skrive ein biografi om Sophus Lie.

view all

Sophus Lie's Timeline

1842
December 17, 1842
Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane, Norway
1874
August 11, 1874
Age 31
1877
May 21, 1877
Age 34
1880
1880
Age 37
1884
April 22, 1884
Age 41
1899
February 18, 1899
Age 56
Oslo, Oslo, Oslo, Norway