Talleiv Olavsson Huvestad (Storåsli), Eidsvollsmann (1761 - 1847) MP

‹ Back to Huvestad surname

Is your surname Huvestad?

Research the Huvestad family

Talleiv Olavsson Huvestad, Eidsvollsmann's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Birthplace: Storåsli, Skafså sogn (nå Tokke), Telemark, Norway
Death: Died in Huvestad, Eidsborg sogn i Lårdal (nå Tokke), Telemark, Norway
Occupation: Gårdbruker, eidsvollsmann og stortingsmann
Managed by: Trond Gunnar Kaasin
Last Updated:

About Talleiv Olavsson Huvestad (Storåsli), Eidsvollsmann

Talleiv Olsen Huvestad, født 1761, fødested Skafså sokn (no Tokke kommune), Telemark, død 13. juli 1847, dødssted Eidsborg sokn (no Tokke). Bonde og eidsvollsmann. Foreldre: Gardbrukar Olaf Tollefsen Storåsli (1724–78) og Thorbjør Gjermundsdotter Kjestveit (1734–1805). Gift 7.11.1797 med Gjertrud Rasmusdotter Mandt (26.4.1778–24.12.1845), dotter av sylvsmed og gardbrukar Rasmus Mandt (1731–1813) og Gunhild O. Håtveit (1741–1813).

Huvestad var fødd på garden Storåslid i Skafså, men flytte til Dalen i grannesoknet Eidsborg etter at mora hadde gift seg opp att med Vetle T. Huvestad. Talleiv overtok Huvestad etter stefaren 1794.

Som bonde heldt han fram med å skaffe seg kunnskapar, særleg i soge, helselære og rettslære. Ein lærd bonde som ikkje bare kunne lese, men også skrive, skilde seg ut, og Huvestad fekk ei sentral rolle i dei øvre telemarksbygdene i samanhengar der litterær kultur var ein ressurs. Av folk vidt ikring blei han nytta som rådgjevar, og bønder sende sønene sine til han for å få opplæring. Han skreiv det meste av skilsdommar, utskiftingsbrev, arvebrev og gåvebrev, og var likeins utskiftingsformann. Det var særleg skog og beitemark som ennå var felleseige.

Huvestad var også sentral i det lokale “helsestellet” ved å fungere både som dyrlækjar og allmenndokter. Han stod dessutan for koppevaksinering, som var blitt innført i Danmark-Noreg 1801 og påbode frå 1810, og som det vanlegvis var prestar som tok seg av rundt om i bygdene.

Til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814 blei han vald som tredje sendemann frå Bratsberg amt, etter amtmann Severin Løvenskiold og futen Peder Jørgen Cloumann.

spørsmålet om forholdet til Sverige følgde Huvestad sine amtskollegaer og stod heile tida saman med Herman Wedel Jarlsberg og “unionspartiet”. I dette skilde han seg frå fleirtalet av bonderepresentantane. Derimot stod han saman med dei i dei typiske bondesakene, der han var den mest aktive av dei alle, og den som sterkast kom til å prege grunnlova. To av framlegga han var med på, om fri sagbruksdrift og om sal av det benefiserte godset til fordel for eit grunnfond for ein statsbank, førte ikkje fram. Framlegget om å grunnlovsfeste og styrke odelsretten, eit framlegg som visstnok Huvestad sjølv skreiv, møtte derimot utbreidd sympati. Odelsretten hadde i ei tid vore sterkt utsett og stod frå 1811 framfor full avvikling. Her representerte grunnlova av 1814 eit vendepunkt.

Huvestad var andre sendemann frå Bratsberg amt til Stortinget 1818, der han heldt oppe ein markert bondepolitikk, og medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm same året. Til Stortinga 1821 og 1824 var han andre varamann.

view all 16

Talleiv Olavsson Huvestad, Eidsvollsmann's Timeline

1761
1761
Storåsli, Skafså sogn (nå Tokke), Telemark, Norway
1797
November 7, 1797
Age 36
Lårdal, Telemark, Norway
1801
January 16, 1801
Age 40
Huvestad, Eidsborg sogn i Lårdal, Telemark, Norway
1803
1803
Age 42
Huvestad, Eidsborg sogn i Lårdal, Telemark, Norway
1806
August 16, 1806
Age 45
Huvestad, Eidsborg sogn i Lårdal, Telemark, Norway
1809
1809
Age 48
Huvestad, Eidsborg sogn i Lårdal, Telemark, Norway
1811
1811
Age 50