Torkell Tønnesson Mauland (1848 - 1923)

‹ Back to Mauland surname

Is your surname Mauland?

Research the Mauland family

Torkell Tønnesson Mauland's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Nicknames: "Torkell Mauland"
Birthplace: Mauland, Time, Rogaland, Norge
Death: Died in Asker, Akershus
Occupation: Skulestyrar fleire stader, sist i Oslo, Skolebestyrer
Managed by: Ragnhild Erichsen-Aas
Last Updated:

About Torkell Tønnesson Mauland

Torkel Mauland (fødd 1848 i Time)

Han var lærar, folkeminnesamlar og historikar. Ei stutt tid var han lærar og klokkar i Suldal. Seinare vart han amtskulestyrar, men frå 1913 vigde han seg heilt til folkeminnesamling og historisk arbeid. Han fekk stats-stipend. Det siste budde han ved Oslo. Han gav ut m.a. boka «Trolldom om hekseprosessane i Rogaland, og «Soga om Jelsaprestane». Etter han var død, vart det utgitt tre band «Folkeminne frå Rogaland». I desse bøkene kan ein finne endå fleire segner frå Suldal. Mauland døydde i 1923.

http://www.snl.no/Torkell_Mauland

Torkell Mauland, født 1848, død 1923, født i Time, norsk lærer og folkeminnesamler. Fra 1914 hadde han statsstipendium til bygdehistoriske arbeider. Utgav 1911 Trolldom om hekseprosesser i Vest-Norge. Folkeminne fraa Rogaland er utgitt av Norsk folkeminnelag (3 bd., 1928–35).

Norsk aarbok 1923, side 139 - 143.

Eit granskarliv. Torkell Mauland, som i år laut burt frå sitt, er ein av deim som fortenar å minnast. Han vart fødd i Thime på Jæren tridje nyårsdag 1848. Eldste sonen i ei god og gamall bondeætt skulde han ha teke garden; men "boki" drog for sterkt: han gjekk skulevegen. Men han vilde ikkje koma for langt burt frå folket sitt; det vart då lærarvegen, han tok. Og han vart ein dugande lærar. Dimittera med "Meget godt" frå ein liten jærsk lærarskule 1863 og med "Udmærket godt" frå ein større (Holt Stiftsseminar) i 1869 skula han fyrst 5 år i heimbygdi si og so 7 år i Stavanger. I 1876 vart han lærar ved fylkesskulen i Ryfylke; og det arbeidet lika han serskilt godt: heldt på med det i 16 år. Vart so norsklærar ved Klæbo lærarskule i eitt år og klokkar og lærar i Aure på Nordmøre i seks. Attæt skulen hadde han i fleire år drive på med eit anna arbeid: granska bygdehistorie og samla eventyr og segner i Rogaland. Men meir og meir kom han etter, at til granskararbeidet hans vilde det tuvast etterrøkjingar i riksarkivet. Og dei granskingarne vilde taka tid; det var då best å koma i gang med deim so snart råd var. Han søkte seg då til Oslo i 1897 og var lærar der til 1913. Attåt dreiv han, serleg i yngre år, ikkje reint lite med bladskriving, mest i Stavanger- og Osloblad og eit og anna tidskrift, - på Danskt, når so måtte vera (soleis i Alexander Kiellands "Stavanger Avis", der han hadde fast arbeid i nokre år), men elles på Norskt. Og meir og meir kom han inn i granskingsarbeidet. Det var i Ryfylke han kom i gang med det fyrst. Som han flakka ikring med fylkesskulen i dei rygske fjordbygderne - eit år på kvar stad -, fekk han tak på meir og meir av sogur og segner um dei småadels ætterne som der hadde havt heime (soleis Hestbø-, Tolga-, Eidsa-, Byre-, Horda-ætti). Sidan vart det den jærske bygdesoga som fekk fyrste romet på arbeidslista hans, um han nok ikkje difor gløymde rygske. Vilkori for slikt arbeid var i visse måtar gode for ein lærar. Men med arbeidstidi var det so som so; det vart å nytte fristunderne og fritiderne so godt som det let seg gjera. Men so lærde han og å nytta tidi. Og god helse hadde han, og trøytt vart han visst aldri. Tallause er dei protokolarne og brevi han hev sett igjennom og dei gamlingarne - og yngre folk med -, han hev "spurt ut"; og etter som åri gjekk, voks uppskriftsamlingarne hans utruleg. No etter han fall ifrå hev verson hans, adjunkt Steinnes, sett igjennom og fyrebils ordna desse papirhaugarne; ved hans hjelp hev eg då kunna få som ei yversyn yver Maulands arbeid. Umframt alle fokedikt-uppskrifterne er der store samlingar vedkomande bygdestyring og bygdestyrarar: um fylkesthingi upp gjenom åri og um prestar, ordførarar, lensmenner Rogaland rundt; mykje er der og å finne um storthingsmennerne frå fylket og elles um menner som hev gjort seg bygde- eller fylkes- eller stundom landskjende; um sume av desse, som t. d. O. G. Ueland, fins det meir eller mindre umstendelege livsskildringar; dei han fekk ferduge gjorde han gjerne ålment kjende gjenom blad eller ved foredrag. Like eins fins det gards- og ættesogur, helst um kjende gardar - som Ofte- (alptedal, Sandve (-vin), Grude, Hognestad, Mossige, Garborg, Mauland, Åbrestad, Hobberstad - og ætter. Det viste seg etterkvart, at skulde han få med det som burde med i det bygdehistoriske verket, so fekk han kløyve det i småbolkar og gjeva ut bolkarne kvar for seg, ettersom dei vart ferduge. At dette vilde seinke arbeidet fekk ein finne seg i. Endå meir vart det elles som seinka, då han var komen til Oslo; der vart han - umfram klokkar i den norske kyrkja - medstyrar i Det norske samlaget, der han og stundom fekk boklegt arbeid: gjenomsyn av innsende manuskript og umsetjing av bøker frå Engelskt. For skulen umsette han og eikor boki frå Danskt til Norskt. Men med granskingsarbeidet dreiv han endå på best han kunde. Han "kvilte" i riksarkivet. Eller i eit stiftsarkiv, helst når han stundom "kom burt-i Olsenologien" laut granska ting som i seg sjølv var mindre vigtige, men som han endå laut hava greie på. I fritiderne drog han til Rogalandsbygderne og heldt fram med innsamlingsarbeidet, som gjekk betre og betre, di meir upptamd til "utspyrjing" han vart. Gode gåvur til arbeidet hadde han med; tanken var gløgg og granskarhugen likso sterk som den vitskaplege ansvarskjensla. Ferduge bygdehistoriske arbeid fekk han fyrst ut gjenom blad; sidan kom dei i serprent og gjerne i småhefte (som "Jelsaprestarne" og "Lyeprestarne"). Og eventyr og folkesegner var der rom nok åt, i blad som jolehefte. Ei større samling fekk han ut i 1911: "Trolldom". Den gjev bilæte frå eit både uhuglegt og på sin måte løglegt kapitel av kultursoga. I Rogaland som andre stader husera Hinmannen gjenom tauvrekallar og trollkjerringar i lang tid; og so lenge folk var bundne i trui på denne djevelsmagti skapte ho rædsle og bål og brand her som allstad. Men so fær me og sjå, korleis båli sloknar av, ettersom trui og rædsla misser magti; og til slutt, når ingen lenger trur, so vert det og ende på "trolldomen". Um "Ufreden i 1807-14" samla Mauland segner og sogur som gjev ein sterk tokke av livet vastanfjells i desse vanskelege åri. Det var elles det minste av det han arbeidde med som han fekk samla so heilt og forma so godt, at han tottest kunna prente det, kravi hans i dette stykket var strenge. - Ved utgangen av skuleåret 1912-13 hadde han vore lærar i 50 år; hadde då "nått aldersgrensa". Enno var han likevæl ved full kraft og kunde ha søkt "prolongasjon". Men han meinte han burde bruka tidi heretter til å gjera seg ferdug med granskingsarbeidet (som han hadde fenge stipendium til); han slutta då med skulen. Og var då viss på, at han vart ferdug med dette arbeidet. - Folkedigting fekk han samla mykje av, endå so seint som han var ute. Av dei eventyri han skreiv upp er det sume som hev full gamalsvip: dei frå fjell- og øybygder; andre er meir og mindre nytidsmerkte: dei frå bygderne nærare byen. Sameleis med segnerne, som ellers er mange fleire. Der er huldre- og risesegner av gamalt godt slag, um dei nok ofte hev ein nytidsmerkt slutt: helten er ein kraftkar som hev skræmt trollskapen so hardt, at "sidan hev det aldri vori troll i det berget" eller "huldrer i den haugen". Men nærare byen hev vantrui fenge meir magt; det kann endå gå so vidt, at segni fortel um "karar" som "heldt seg i skogen" og "livde av røving" og vart "kalla troll"; dermed er det i røyndi ute med eventyret. Når folk vert "inntekne", men hev vit til å ikkje smaka på noko av det som trolli byd deim, so bergar dei seg: vert kasta ut med ei greip, eller på rett eventyrvis: med ei sylvgreip. I Rogaland hev havfrua og sjøormen alltid livt. Yngre trollvette finst det av mange slag: tunkallen (som må have kveldsro, um folk skal få nattero); jolehuldrene (Algo- og stundom mest heilt rett: Åsgoreidi, men og trettanreidi : reidi som er ute trettanddag jol); lyktemannen; nykken; draugar (eller daudingar); utbyrder (utsette born). Den kjende forklåringi um upphavet til huldrefolket er her soleis fortald: Mange år etter syndefallet såg vårherre innum hjå Adam ein dag; og Eva førde borni deira fram for han. Men derre halve barneflokken førde ho fram; for ho skjemdest av å have so mange. Då sagde Vårherre: "dei som er dulde skal vera hulde"; dermed vart dei huldrefolk. Prestar som løyser og bind den Vonde er det nok av; trollkjeringar (og runarar) like eins. "Historiske" segner finst det og: um ei tid då det var so fullt av kongar på Jæren, at det "ikkje var tal på dei", um Harald Hårfager og ikkje minst um Sant Olav, og so um Svartedauden. Frå Dansketidi er det dei vanlege segnerne um fæle futar og Kjøpenhamnferder; kongen er alltid den reine Vårherre. Ei segn som nok er berre rygsk forel um admiral Nelson: han var fødd i koparvik. Ein dag i guteåri var han ute med ein båt, men dreiv til havs; der vart han berga umbord i eit engelsk farty:og "resten veit folk". Kyrkjeflutningssegnerne finst; stundom gjeng det rett til: trolli flyt heile den ferdugbygde kyrkja; men oftare er det folk, som køyrer kyrkjetimbret dit dei vil at kyrkja skal stå, og so sidan skuldar på trolli. Kvernsegner og skattegravarsegner er ikkje heller ukjende. I Ryfylke og Dalarne finst det her og der "nedgangshol" i fjelli: hol og gangar som fører til den nedste nedheimen. Av folkevisur og stev hev det vore lite å finna; sjømannsvisurne er tidleg komne i staden. Og dei kvædi som høyrer den norske viseheimen til, som "Truls med bogen" eller "Den bakvende visa", er meir eller mindre umdikta. Det same gjeld um vogge- og barneversi. Ei stor samling ordtøke hev Mauland sett upp i so god orden at det maa ha vore tanken aa gjeva deim ut; like eins er det med ei samling gåtur (345 i alt) og ei samling manns- og kvendenamn frå dei siste 300 åri. Mykje godt og forvitnelegt inneheld denne folkedikt-

og folketankesamlingi; og lærerik er ho ved di at ho gjev ein tanke um yvergangen frå den gamle folkediktingi til det som seinare kom i staden; det er det fyrste stiget av denne yvergangen som her i sume sogur og kvæde er gjort. Av den grunnen og bør samlingi koma ut;- med dei upplysningarne som trengst um det som frå Maulands hand ikkje vart heilt ferdugt.

For ferdug vart ikkje Mauland; fekk ikkje so lang arbeidsdag som han hadde tenkt. Mykje tidlegare enn ventande for so sterk ein mann kom det veiknings- eller trøyttleiksmerke. Og eit hjarteslag reiv honom burt; langfredags kvelden 1923 slokna han, 75 år gamall. Men læraren og granskaren Torkell Mauland liver i minnet hjå mange. Og arbeid hev han gjort som ikkje vert gløymt.

av Arne Garborg

-------------------- Torkel var skolebestyer flere steder, sist i Oslo. Han var gift 3 ganger.

view all 17

Torkell Tønnesson Mauland's Timeline

1848
January 3, 1848
Time, Rogaland, Norge
February 13, 1848
Time Kirke, Time, Rogaland, Norway
1874
January 5, 1874
Age 26
July 3, 1874
Age 26
Time, Rogaland, Norge
1876
June 4, 1876
Age 28
Time, Rogaland, Norge
1879
December 28, 1879
Age 31
Time, Rogaland, Norge
1881
September 29, 1881
Age 33
Norge
1883
November 25, 1883
Age 35
Time, Rogaland, Norge
1886
August 15, 1886
Age 38
Time, Rogaland, Norge
1892
July 17, 1892
Age 44
Time, Rogaland, Norge