Torstein Jonsson Synnes (c.1440 - 1520) MP

‹ Back to Synnes surname

Is your surname Synnes?

Research the Synnes family

Torstein Jonsson Synnes's Geni Profile

Records for Torstein Synnes

2,890 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Birthplace: Synnes, Vigra, Møre og Romsdal, Norway
Death: Died
Managed by: Anne M Berge
Last Updated:

About Torstein Jonsson Synnes

Torstein Jonsson Synnes.

Bjørn Jonson Dale skriv: "Eit dokument dagsett Eidsvik 8. august 1608 må vere opphav til forvirringa. Hovedinnhaldet i dokumentet (som ikkje er trykt) er slik:

Gjertrud Torsteinsdatter i Vaksvik med mannen hennar, Gullik Askildson, skøytte til ærlig og velforstandig mann Jon Einarson Eidsvik og hustru Sigrid Lauritzdatter, som er hennar søskenbarn, odelsjorda Sollid i Ørskog, som hennar salige far Torstein Olson hadde selt til salig Søren Andersson, før rådmann i Bergen, og etter denne hadde svogeren hans, Michel Jensson, hatt garden, men då ha var ein fremmedt och vdlandsche født och baaren mandt hadde Jon Eidsvik med rette vunne garden tilbake.

Gjertrud Torsteinsdatter i Vaksvika var altså datter av Torstein Olson på Synnes), son av Olaf Torsteinson, son av Torstein Jonson, son av Jon Bårdson. Dette er greitt.

Gjertrud var vidare søskenbarn til enten Jon Einarson eller kona Sigrid Lauritzdatter. Ein har rekna med at Sigrid var datter av lagrettesmannen Lauritz Erlendson i Eidsvik (nemnt 1596 og 1597), og dette kan vere rett. Vidare har ein rekna med at Lauritz var son av ein Elling i Søvik som er nemnt 1520 og 1538, fordi seglmerka til Elling og Lauritz var like. Dette kan vere rett, men like gjerne heilt feil.

I alle fall: Lauritz Erlendson i Eidsvik kan godt ha vore gift med ei søster av Torstein Olson på Synnes, men slektskapet er ikkje stadfesta."

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=19143&sok=synes&nr=6&antinnlegg=5&startnr=&antall=&spraak=#anker

-------------------------

Den femte og siste sonen til Jon Bårdson heitte Torstein. Han er nemnd som lagrettesmann i 1495 og budde trulig på Synnes. Etter den opphavlige Synnestavla budde etterslekta hans i Ulstein skipreide, på Flø og Hovli. Etter Povel Helgeson si tilføying hadde han 2 søner og 2 døtre. Døtrene kjenner vi ikkje meir til, men sønene har vi godt kjennskap til:

Eldste sonen var Oluf Torsteinson Synnes. Han opptrer som lagrettesmann i 1526 og var såleis fødd seinast 1500. Etter eit dokument fra kring 1600 hadde han 6 søner (Tavle 4), som alle var bønder kring om på Sunnmøre og i Romsdal, med unntak av den yngste, Vigleik, som var ein "almissemand". To av sønene budde på Synnes og dei selde i 1569 3 mællag i Nedregarden til futen Hans Lauritzen. Resten av Torstein-greina sin odelspart ser ut til å ha blitt i ætta til kring 1620. Torstein Olufson åtte elles jordegods i Sollid (Ørskog) og kanskje også Furset (Stranda).

Den andre sonen til Torstein heitte Nils Torsteinsson og budde mest trulig på Flø i Ulstein. På grunnlag av Synnestavla og andre kilder veit vi at han hadde sonen Torstein Nilsson Flø, som hadde stor etterslekt (Tavle 4) med odelsrett til Vik og Vinjevoll i Ørsta, og sannsynlegvis sonen Klement Nilsson Hovli (Hareid), som ikkje ser ut til å ha hatt etterslekt.

I balansepunktet, s. 365-367. av Bjørn Jonson Dale

--------------------

Er nemnd som lagrettesmann i 1495 og budde truleg på Synnes. ---------------- http://www.soga.no/bjodale/artiklar/ragnhild.htm

Éin av dei fem sønene til Jon Bårdson var Torstein på Synnes, som hadde to unamngivne døtre og sønene Olaf på Synnes og Nils Torsteinson, som me ikkje kjenner bustaden til, men det var nok i Ulstein skipreide, for dei to kjende sønene til Nils budde begge der: Torstein Nilsson på Flø i Ulstein og Klemet Nilsson på Hovled i Hareid.


Torstein Nilsson på Flø var far til søskenflokken som fekk kring 1/10 av Vik og Vinjevoll som arv noke før 1587: Pål Torsteinson på Hovled, Klemet Torsteinson på Flø, dei avlidne brørne Olaf Torsteinson og Bendik Torsteinson (bustadane deira er ikkje kjende) og søstrene Ingeborg Torsteinsdotter og Berit Torsteinsdotter (begge i live 1587).

 Korfor åtte desse synnesætlingane jord i Ørsta - i "Vik"?

Etter Synnestavla kan Torstein Jonson ha vore yngste sonen til Jon Bårdson, men han treng ikkje vere fødd mykje seinare enn 1440. Ser me så på skøytet 1587, finn me seks av sonen Nils Torsteinson sine sonesønesøner, og ingen av desse var fødde seinare enn 1567 (lagalderen var 20 år då). Dette vil seie at farfarsfaren deira, Nils Torsteinson, snautt kan ha vore fødd mykje etter 1470; fedrane deira Olaf, far til fire, og Bendik, far til to, kan ha vore fødde kring 1530, og farfaren Torstein Nilsson kring 1500.

Dermed er følgande greitt: Dersom Ragnhild Karlsdotter var gift inn i denne ætta, måtte det vere med Torstein Nilsson, og berre han. Nils Torsteinson er berre ført med sønene Torstein på Flø og Klemet på Hovled, men der Torstein hadde mange born, hadde Klemet ingen (og derfor tok vel brorsonen Pål over etter han som brukar på Hovled).

Vidare: Dersom Ragnhild var gift med Torstein Nilsson måtte han vere daud før 1539, og ingen av borna deira vere fødde seinare enn 1540.

 Torstein-borna kan ha fått eiga si i Vik og Vinjevoll på ei rekke vis, men neppe frå ættfaren Jon Bårdson. Det enklaste er at dei fekk denne eiga i arv fra mora. Dette kan godt ha vore Ragnhild Karlsdotter, men provet vantar.
view all

Torstein Jonsson Synnes's Timeline

1440
1440
Vigra, Møre og Romsdal, Norway
1480
1480
Age 40
Vigra, Møre og Romsdal, Norway
1520
1520
Age 80
????