Start My Family Tree Welcome to Geni, home of the world's largest family tree.
Join Geni to explore your genealogy and family history in the World's Largest Family Tree.

Project Tags

view all

Profiles

  • Johan Ellingsson Ellingsen Røttereng (1857 - 1940)
    RØTTERENG Gr.nr.25 br.nr. 3 Denne garden ligg langt oppe i bakkane, mellom Steigen og Snuruås. Der var husmannsplass under Nordsteigen. Truleg vart det sjølveigerbruk omkring 185...

RØTTERENG Gr.nr.25 br.nr. 3

Denne garden ligg langt oppe i bakkane, mellom Steigen og Snuruås. Der var husmannsplass under Nordsteigen. Truleg vart det sjølveigerbruk omkring 1850-åra, men først den 21. august 1897 vart innmark skylddelt ifrå br.nr. 1 og fekk ei skyld på 62 øre. Utmarka oppe i Skiftehaugen vart fråskild Laushusparten av Nordsteigen. Dyrkajorda som ved målinga 1937 var 44,3 da. ligg i svakt hallande lier som vender mor sør-aust. Ein teig ber namnet "Julekra" fordi dette skulle vore brote opp i jula ( denne ekra er nå eid av Brandås og tilplanta med gran) Rasmus Jonsson Steigabakk, f. Nordre Grindvoll 1758, gm. Marit Halvardsdt. Djupa, f. 1758, kom hit og rudde og bygde straks etter år 1800. Dei hadde ikkje born, og så tok dei åt seg systersonen hennar.

Ole Engelsson Rigstadmo, f. 1799 ( son av Ingeborg Halvardsdt. Djupa), gm. Berit Danielsdt. Fagerli-Bakkom, f. 1796. Kva tid romet vart sjølveigarrom går ikkje fram av bøkene, men det må være i tida 1864 - 1875. Ole og Berit hadde heller ikkje born, og så kom det atter nye folk.

Jørgen Pedersen Steiga-eggen, f. 1827, gift 1863 med Olava Jonsdt. Øyasæter, f. 1829 kom her som forsytingsfolk, kjøpte bruket og hadde dei gamle som kårfolk. Det var da 2 huslyder i mellomtida som hadde prøvd å taka over, men dei kom ikkje ilag med ho Berit og hadde reist att. Jørgen og Olava fekk ei dotter: Anne , f. 1864