Inger de Wahl - Ingen historisk person ved dette namnet!

Started by Arne Bjorøy on Tuesday, April 19, 2022
Problem with this page?

Participants:

Profiles Mentioned:

Inger heiter i alle kjelder Inger Sørensdotter. Ho var truleg dotter til Søren Rønne, sec.ltn i regimenter til oberst Carl Philip de Wahl, Bergenhusiske 2. infanteri Regiment, omorganisert etter Den store nordiske krigen, 1709-1719. Søren Rønne var truleg son til Christen Pedersen Rønne, sorenskrivar i Bø, Vesterålen, og fødd 1673 (28 år i 1701). Korporal Lars Olsson Houge etablerte seg som vertshuseigar i Bolstadøyri, Evanger sokn i Voss prestegjeld. Inger og Lars kalla opp dei 3 eldste barna sine etter obersten, Carl Philip og oberstinna, Magdalena Sophia: Carl f. 1722, Philip f. 1725 og Magdalena Sophia f. 1727. Det var ikkje uvanleg å kalla opp øverst-kommanderande i eit regiment. Søren var fadder til sonen til kaptein Andreas Sevald Høyelse, Carl Philip, i Mjelde sokn. Inger må vera fødd i 1697, truleg, og heilt sikkert ikkje i 1679, sidan eldste barnet vart fødd i 1722. Inger ville i tilfelle vore 43 år då om ho var fødd i 1679, 51 år ved fødselen til Christian f. 1730/1731, yngste sonen hennar. Soknepresten sitt notat då Inger døydde i 1782, 103 år gml, er difor feil. Ho var truleg 85 år då ho døydde. Det har også vore hevda utan dokumentasjon at Inger og Lars gifta seg i 1707. Dette er sjølvsagt også heilt feil. Sidan eldste barnet vart fødd i 1722, er det rimeleg å meina at giftarmålet kan ha vore rundt 1720. Det er ikkje funne dokumentasjon på giftarmålet.
Ber om at denne profilen blir oppdatert!

Create a free account or login to participate in this discussion