Amund Bårdsson på Follestad

Ørsta, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway

Is your surname på Follestad?

Research the på Follestad family

Amund Bårdsson på Follestad's Geni Profile

Records for Amund på Follestad

149 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Related Projects

Amund Bårdsson på Follestad (Svaleson Rømer)

Also Known As: "Amund på Follestad", "Åmund", "Syldehatt"
Birthdate:
Birthplace: Ørsta, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway
Death: Died in Ørsta, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway
Place of Burial: Ørsta?, Sunnmøre, Norway
Immediate Family:

Son of Svale Ølversen Rømers
Husband of NN på Follestad
Father of Ottar Amundsson Follestad; Ingeborg Amundsdotter Follestad; Bård Amundsson Follestad and Bodvar Amundsson Follestad

Occupation: Eigar av Follestadgodset
Managed by: Private User
Last Updated:

About Amund Bårdsson på Follestad

Amund på Follestad, Ørsta. Han åtte truleg heile Follestaddalen frå og med Barstad (med Brudevoll) til og med Moane, kanskje jamvel endå meir, skriv Bjørn Jonson Dale i Ørstingar. Amund må ha vore svært jordrik, og det er grunn til å rekne han som adelig.

Han hadde fire born: Bodvar, Ottar, Bård og Ingeborg.

Linjene opp til Sunnmørsættleggen er uklåre, men sannsynlege.

Ideen om at Amund på Follestad er identisk med Amund Svaleson av Rømer-ætta kan ikkje dokumenterast:

Bjørn Jonson Dale, Busevika, 21.1.2008 00:07 (11)

"Myklebust drøfta ein hypotese om at Amund på Follestad kunne vere lik ein Amund Syldehat, som etter segna brann broren Otte Rømer inne i 1411. Myklebust kalte ikkje Amund på Follestad for 'Amund Svaleson Rømer', langt derifra. Dette er yngre konstruksjonar (eller fantasiar).

   Det som er interessant er at fru Ingerd Ottesdatter slo under seg (ein del av) Follestadgodset, og dette kan ho ha gjort med samme grunngivinga som ho slo under seg andre gods med: at ho hadde odel til godset. Og det kan ho ha hatt (som med Giske), men altså ikkje den beste odelen.
   Der står saka no, og det er slett ikkje visst om det er råd å komme vidare."

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=55986&sok=follestad&nr=2&antinnlegg=18&startnr=&antall=&spraak=#anker


I følge Sunnmørskronologien til Bjørn Jonson Dale, kan han vere fødd omkring 1360.

http://www.soga.no/bjodale/kronologien.htm

Han skriv òg om ætta etter Amund:

http://www.soga.no/bjodale/borgarboka/oydegard.htm

Bjørn Jonson Dale: BORGARANE PÅ ØYDEGARD

Nøre Vartdal si stordomstid

Rikaste mannen på Vartdal noka tid - også målt mot vår tids kaksar – var den "velagte og velfornemme Mand" Colben Jonsen Ødegaard som levde for 300 år sidan. Kven var han, og korleis kunne han verte så rik?

Vartdalssoga gjev ikkje svar på desse spørsmåla, og er elles mykje uklår i framstillinga av soga til borgarsetet Øydegard på Nøre Vartdal. Dette er forståeleg, for opplysningane me har kan verke forvirrande.

NOKRE GRUNNDATA

Colben Jonsen Ødegaard, som han skreiv seg, var på Øydegard seinast 1674, og brukte då 1 våg fisk, heile garden, som Jon Berkvik åtte.

Colben var bror til Rasmus Jonson som brukte Villikgarden på Nøre Vartdal frå kring 1680 til han døydde 1700. Av skiftet 1697 etter Colben sin stykson, Jon Jonson på Sørheim, går det fram at førstekona til Colben heitte Anne Olsdott­er, og at Anne før hadde vore gift med ein Jon. I mann­talet 1701 er Colben sin alder sett til 55 år, og han døydde truleg 1725, då s­kiftet vart halde 9. september det året. Han etterlet seg enka, "dydrige og gudelskende matrone" Inge­borg Hansdt Bran­dal, og døtrene Anne, Birgitte og Anne.

OPPHAV

Om Colben og Rasmus heiter det i Vartdalssoga: "Det er ymse ting som tyder på at dei var av Fløætta, som var ei grein av den mektige Synnesætta på Vigra. Kan hende var mor deira ei dotter av Kolbein Flø."

Synnesætta var verkeleg nok (men budde i svært liten mon på Vigra), og hadde ei grein på Flø, men å kalle ætta "mektig" er å overdrive (Synnesætta hadde derimot mektige greiner, særleg Bran­dal­ætta); namnet "Fløætta" må vere eit påfunn. Men "ymse ting" fortener tvillaust ei gransking.

I alle fall: Det Vartdalssoga ikkje visste, men som me no veit, er heile namnet på faren til brørne Colben og Rasmus:

JON OLSON

I odelsskattemanntalet for 1721 heiter det at Colben Ødegaard skulle skatte av 1 våg fisk som faren hans, Jon Olson, vart tildømd 1669.

Denne Jon Olson hadde odel både i Nøre Vartdal og Øyde­gard, og er tvillaust lik den "Joen Bircheuig" som 1661 åtte halve Øydegard (Ottar Olson på garden åtte resten), og 1674 heile garden (4 mællag).

Vartdalssoga såg at eit samband mellom Øydegard og Berkvik, og trudde det skreiv seg frå den brukaren som soga kallar "Jon Sjurson Berkvik". Dette er urett, og det er likeeins tvilsamt om Jon Sjurson på Øydegard var bror til rovdelens­mannen Simon Sjurson på Leikong; at dei også "var av Grotadelen" er reint tøv, mest truleg avskrift av Martinus Rogne: "Sunnmørsfylket i framfarne tider", eit ættehistorisk fantasifoster.

I staden for å argumentere vidare mot ei bok som trass i alt kom ut for ein god mannsalder sidan, set eg her opp det som no må reknast som den rette ætte- og brukarrekka på Øydegard, men først noke meir om

JON I BERKVIK

1636-37 bøtte "Jonn Ødegaard" 7 daler for ulovleg kjøp­mannskap og forsømt føringskap. Dette galdt svært truleg den Jon Olson Øydegard som 1643-44 bøtte det same for å ha handla ulov­leg (dvs utan borgarskap i Bergen).

Seinast 1645 må Jon ha budd i Berkvik, der han skatta for seg sjølv, kona og ei jente. (I Berkvik budde også ein Jon Ras­musson då; Voldasoga har slege i hop desse to brukara­ne, og i same slengen avskaffa 1-2 av dei 4-5 gamle bruka på garden!)

1652 tok Jon Olson frå Sunnmøre borgarskap i Bergen, og det kan tenkast å vere same mannen; Jon Olson på Øydegard hadde tvillaust vore ein aktiv handelsmann.

1666 var Jon i Berkvik 70 år gamal (truleg mykje yngre) og hadde sønene Rasmus Jonson (1666:15) og Peder Jonson (1666:9) heime. Rasmus Jonson kom seinare til å bruke odelen sin i Nøre Vartdal, til liks med den eldre broren Kolbein, alias Colben Jonsen Ødegaard (1701:55).

Når Jon Olson budde i Berkvik og ikkje på Nøre Vart­dal, var nok grunnen ikkje berre den at ein etter måten ung stykfar, Jon Sjur­son, rådde på farsgarden, men like mykje at Jon hadde vorte gift inn i Lid- eller Berkvikgod­set, som var i eiga til ei grein av Syn­nesætta.

Truleg var kona til Jon Olson etterkomar av lagret­t­es-mannen Kolbein Knutson i Berkvik (son av Knut Bård­son, soneson av Jon Bårdson, Synnes­ætta sin stamfar) som levde i andre halvdelen av 1500-talet og var bror til mellom mange andre herr Lauritz Knudsen, sokneprest i Ørskog, som sette opp Synnestavla 1586.

OLA PÅ ØYDEGARD

Etter Vartdalssoga var Ola Pederson brukar på Øydegard 1606-07 og 1612, og han skal ha vorte avløyst av Ola Ottarson, som må ha vore daud seinast 1626, då Jon Sjurson var einebrukar. Eg har ikkje funne farsnamnet til noken av Olakarane i kjeldene, men det er ikkje urimeleg at Jon Sjurson sin føre­mann faktisk heitte Ola Ottarson.

Ola og/eller kona hans må ha hatt odel i den søre halv-delen av Nøre Vartdal, Sørebruket (som femnde om Øydegard). Paret hadde minst to born: Ottar Olson (sjå nedafor) og Jon Olson i Berkvik.

Då Ola på Øydegard døydde (sist nemnd i leidangsmanntalet 1626) kom

JON SJURSON

inn som brukar på garden (først nemnd i jordeboka 1626). Det viss­aste me veit om Jon, er at han må ha ekta Ola si enke. Vart­dalssoga meiner at ho var dotter av den rike Peder Jonson på Nøre Vartdal; dette kan vere rett, men samanhengen er helst ein annan (sjå rammestykket Storætta på Nøre Vartdal).

Jon Sjurson var sidan, seinast 1652, gift med ei dotter av Ola Olson på Indre Steinn­es, lensmann i Ørsta skip­reide.

Me veit ikkje om Jon Sjurson og kona/konene hans fekk born, men 1641 laut Jon bøte for at han som gift mann hadde fått eit barn med Karen Ivarsdotter. Bota var på 30 daler - ei formue då - men dette var "hor", ikkje vanleg "leiermå­l".

Jon Sjurson var einebrukar på Øydegard enno 1651, men 1657 brukte han garden i lag med styksonen Ottar Olson. 1664 tok Jon Sjurson frå "Vart­dal" - som neppe kan ha vore noken annan enn Jon på Øydegard - borgar­skap i Bergen. Han hadde nok drive handel heile livet, men no var det nok om å gjere å få "orden i papira", som han fekk, og så døydde, seinast 1666.

OTTAR OLSON

og Jon Sjurson hadde 1657 1 hest, 1 okse, 18 kyr, 20 geiter og 16 sauar på garden - største einskildbuskapen på lange leier. 1666 var Ottar brukar åleine og er oppført med alderen 52 år og ein "knekt" på garden, truleg sonen, Ola Ottarson på 24 år.

1661 åtte Ottar Øydegard 5 mællag 1 fjerdingslag i Nøre Vart­dal (med bygsel til halve garden, 12 av i alt 24 mællag), 1.5 mællag i Øydegard (Jon Berkvik like mykje) og 2 fjerdings­lag i Grøvika.

Namnet på kona til Ottar er ikkje kjent, ikkje lagnad­en til den mulege sonen Ola Ottarson heller. Ingen ting tyder på at Ottar har etter­slekt.

COLBEN JONSEN ØDEGAARD

Etter manntalet 1701 var Colben Ødegaard 55 år gamal, dvs fødd 1647, etter den tids reknemåte, noke som kan vere heilt rett, i dette tilfellet. I så fall var han 26-27 år gamal då han tok over Øydegard, som brukar og sidan som eigar.

Colben var først gift enka Anne Olsdotter, som hadde sonen Jon Jonson, sidan bonde på Sørheim (han døydde sein­ast 1697). Vartdalssoga opplyser greitt at Colben si første­kone heitte "Anne Olsd Steinnes" og at ho var enke etter Jon Sjurson. Og korfor ikkje?

Rett nok var Anne Olsdotter enke etter ein Jon med ukjent farsnamn og busta­d, men det ligg jo snublande nær å tru at det var ein Jon som hadde budd på Øydegard. Ja, alt ligg i grunnen til rettes for at Colben Jonsen kom i ekte­skap med enka etter farmora hans (enka etter Ola på Øydegard) sin andre ektemann, Jon Sjurson!

Det kan verke pussig, men slike ekteskap var korkje uvan­lege eller ulovlege då. Då Colben ekta Anne først i 1670-åra treng ho ikkje å ha vore meir enn 40-50 år gamal, men truleg mykje nærare 50 (fødd kring 1620) enn 40, for det blei ikkje barn av hopehavet deira.

Colben si førstekone Anne må ha døydd kring 1700, for ikkje seinare enn 1702 ekta Colben Ingeborg Bran­dal, som var dotter av preste­sonen og kremmaren Hans Rasmussen Brandal på Ytre Brandal og kona Anne, dotter av lensmannen Nils Ivar­son Wig i Ørsta. Vartdalssoga seier at Ingeborg var dotter av borgaren Hans Jenssen (Glad) på Indre Brandal, men dette er urett. Desse to Hans'ane, verbrør og kremmarar på kvar sin halvdel av Brandal, har elles ofte vore forveksla.

BORGARSETET ØYDEGARD

På 1600-talet dreiv ein ikkje kjøpmannskap ustraffa utan å ha løyst borgarskap i Bergen. Jon Olson laut bøte for dette ved minst to høve, og 1652 beit han i det sure eplet og betalte for borgarbrevet sitt.

Det er rimeleg at Jon Sjurson dreiv borgarsetet Øydegard i styksonen Jon Olson sitt namn. I 1660-åra tok styresmaktene til å leite etter kremmarar utan borgarbrev, og Jon Sjurson må ha vore føre var då han tok borgarskap i Bergen 1664.

Colben tok aldri borgarskap i Bergen sjølv. Grunnen kan ha vore at han var gift med ei borgarenke, som på sett og vis ervde mannen sine borgarrettar; dessutan ga styresmaktene no etterkvart opp å krevje borgarskap av kremmarane så lenge dei betalte dei støtt meir tyngande skattane av borgarnæringa si.

Colben Ødegaard var ikkje åleine borgar på Sunnmøre utan borgarskap i Bergen; t.d vart verfaren hans på Brandal, Hans Rasmussen Brandal, kalla "Borger" endå han heller aldri hadde tatt borgarskap i Bergen.

Colben si enke, Ingeborg, kom i ekteskap med bergensaren og kjøpmannssonen Abraham Jansen Møller, som døydde 1738, på ei bergensferd. Ingeborg heldt fram med handelen, men 1749 heitte det om Øydegard, "hvor nu en enke boer", at staden var vel forsaavidt et nødvendig giæstgiverstæd, men da det er

af ingen importence, men meere møye for de rejsendes befordring, kand det ei efter billighed for noget ansættes.

Ingeborg hadde ikkje betalt handelsskatt dei føregåande åra, og kom heller ikkje til å gjere det.

Dottera (Anne den eldre, gift med storbonden og kremmaren Peder Guttormson i Søvik i Borgund, av Langloætta) sin verson, Jørgen Mathias Fürstenberg, ein gullsmedson frå Litje Fosen (Christianssund frå 1742), tok til å svare han­delsskatt av Øydegard 1755, noke han gjorde han ut 1764. Han budde her enno kring 10 år før han flytte. Dermed var Øydegard si soge som borgarsete ute, etter nær 150 års drift i same ætta.

RIKDOMEN PÅ ØYDEGARD

1725 vart det halde skifte etter 3 sunnmørsborgarar, først (22. januar) etter den "velagtbare og velfornemme Borger og Handelsmand" Nils Pedersen Langeloe på Sløgstad på Stranda (søskenbarn til Peder Guttormson i Søvik), som etterlet seg aktiva på vel 4012 daler og passiva på vel 350 daler (netto: 3662 daler). Denne mannen hadde bor­garskap i Bergen (1702). Nils var elles oppkalla etter mor­faren Nils Wig i Ørsta, som også var Ingeborg på Øydegard sin morfar.

Så (9. september) vart skiftet etter "velagte og fornemme Mand" Colben Ødegaard halde. Aktiva var på vel 2048 daler og passiva på vel 119 (netto: 1967 daler). Endeleg (25. oktober) vart det halde skifte etter "S:r" ("Seigneur") Jacob Jacobsen Thode, "Kiøbmand og Handelsmand udi Aalsund og Borgens Sogn, boende paa Sundmøer". Aktiva i buet var på vel 1031 daler, passiva på vel 471 (netto: 560 daler).

Nils Langeloe var nok mellom dei mest velståande borgarane på Sunnmøre på denne tida og Jacob Thode var ikkje mellom dei fattigaste. Colben Ødegaard hevda seg altså godt i dette laget av nær 40 sunnmørsborgarar (trass i at Øydegard ikkje vart rekna med mellom kremmarseta 1724).

Både Nils Langeloe og Colben Ødegaard var også "bønder" med store buskapar, og dei var store jordeigarar, "proprietærar". Men der både Nils Langeloe og Jacob Thode hadde jekt(er), var Colben sitt einaste fraktfarty ein tendring. Elles hadde alle tre verdfulle lager av kjøpmannsvarer, Colben Ødegaard og Nils Lan­geloe også store likvidar i form av sølv og pengar.

Jordegodset til Colben var på nær 40 våger fisk, dvs ikkje langt unna 160 mællag (truleg 154 mællag, Øydegard medrekna), noke som tilseier at han kan ha hatt nær 40 leiglendingar! Og Nils Langeloe hadde endå fleire.

Ein mann med same jordeiga i mellomalderen ville utan tvil ha vore rekna til adelen då.

ØYDEGARDSGODSET

Det vil føre for vidt å rekne opp heile Colben Ødegaard sitt jordegods, men på Vartdalsstranda åtte han dette (o­ppgjeve i merker fisk): 146.5 mk i Nøre Vartdal (med bygsel til halve garden), 72 mk i Øydegard (heile garden), 58 mk i Årset, 90 mk i Kvien (heile garden), 144 mk i Buset (heile garden), i alt vel 28 mællag (1 mællag = 18 merker fisk) eller vel 7 våger fisk (1 våg = 4 mællag).

Dette "vartdalsgodset" hans utgjorde berre snautt 1/5 av all jordeiga hans, men 1/4 av all jorda på Vartdalsstranda. Elles åtte han m.a heile Berknes i Volda, 12 mællag, men ikkje noke i Berkvik, der han mest truleg voks opp.

For den som har lyst og stunder, må det vere ei spennande oppgåve å kartlegge heile Colben Ødegaard si jordeige med tanke på å finne ut kva for delar av dette godset han kan ha fått hand om i kraft av eigen odelsrett.

STORÆTTA PÅ NØRE VARTDAL

Til skilnad frå fleire av gardane på Søre Vartdal, var gardane på Nøre Vartdal mest reint bondegods først på 1600-talet, både Årskog på 12 mællag, Nøre Vartdal på 24 mællag og Øydegard på 2 mællag.

Desse tre gardane skreiv seg tvillaust frå éin opphavs-gard, Nøre Vartdal, som 1626 hadde ei landskyld på 40 mællag, eller 10 våger fisk - ein storgard etter sunnmørs-mål. Enno på denne tida åtte folk av same ætta stordelen av dette jordegodset.

INGEBRIGT PÅ VARTDAL

I katolske tider ga ein Ingebrigt på Vartdal Sunndalen i Volda (truleg dei fleste gardane i dalføret) til volds-presten for å få sakramentet. Sist på 1500-talet gjekk ein av etterkomarane hans, Steffen Knutson på "Hofdesetter", til sak for å vinne att dette godset, og han greidde det! Mellom dei som fekk jordeige i Sunndalen etter denne saka var Halstein Ingebrigtson på Ramstad og Peder Jonson på Nøre Vartdal.

Det ser ut til at me må attende til midten av 1400-talet for å finne den sams ættfaren Ingebrigt.

FOLLESTADÆTT

Ingeborg, dotter av rikingen Amund på Follestad, var gift med ein mann som aldri er nemnd i kjeldene, med mindre han skulle vere lik Ingebrigt på Vartdal.

Etter Follestadættleggen hadde Ingeborg Amundsdotter, fødd kring 1400, sønene Halstein og Amund, og Amund hadde sonen Ingebrigt, som også hadde ein son Ingebrigt.

Amund hadde også sonen Tore, far til Ingebrigt Toreson, som var morfar til odelsmannen Ola Ivarson på Follestad (fødd kring 1545).

Namnet Ingebrigt peikar truleg attende til Ingeborg sin mann, rimelegvis Ingebrigt på Vartdal.

Mange har lurt på om ikkje Tore Amundson kan vere lik den Tore på Vartdal som er nemnd 1520, og dette trur eg er rett. Ein Ingebrigt Toreson er elles nemnd som lagrettesmann 1553 i eit skifte om Digernesgodset.

MANGE GREINER

Med alle mulege atterhald legg eg her fram ein rekonstruk-sjon av eigedomstilhøva på Nøre Vartdal på 1500-talet:

Ein Ottar kan ha ått nær halve av Nøre Vartdal og mest heile Årskog. Ottar, ein muleg son av Ingebrigt Toreson, må ha vore fødd kring 1540 og ha hatt sønene Erik Ottarson på Årskog, Ola Ottarson på Øydegard og Nils Ottarson Dalen i Rovde; Nils i Dalen åtte seinare stordelen av ætta sitt gods i Sunndalen.

Etterslekta til Peder Jonson Nøre Vartdal, fødd kring 1560, rådde bygselen til halve garden Nøre Vartdal enno i andre halvdelen av 1600-talet (Steinar Ivarson). I høve til Ottar-greina rådde Peder for ein søsterlut i godset. Kanskje var mor hans ei søster av Ottar, eller kanskje kona hans. Seglmerket hans tyder på at Peder Jonson sjølv var av denne odelsætta.

KVEN VAR ÆTTFAREN INGEBRIGT?

Storkarsdottera Ingeborg frå Follestad kunne ikkje gifte seg med kven som helst, så Ingebrigt på Vartdal må ha vore av like god stand som henne.

Ingebrigt åtte truleg nær heile Nøre Vartdal og minst like mykje i Sunndalen, slik at han var god for minst 80 mællag etter 1600-tals mål (då dette svara til vel 20 gardsbruk). På Ingebrigt si tid låg likevel det meste av jorda hans øyde, og han treng ikkje å ha vore anna enn ein etter måten velståande einebrukar av heile Nøre Vartdal. I seg sjølv var ikkje dette så verst: han trong ikkje ete mykje graut og flatbrød, men di meir sul og kjøt, og kornet gjekk vel mest til brygging; laks var elles kvardagsmat på Nøre Vartdal.

Ingebrigt kan ha ått meir enn dette, men hadde neppe større inntekter av den grunn. Då tidene tok til å lysne ut på 1500-talet fekk etterkomarane hans derimot stor nytte av jordeiga til ættfaren, og ættmora. Dei var ikkje berre odelsbønder, men vart jamvel jordeigarar med. Og den eld-gamle velstanden heldt seg både godt og lenge i ætta.

Ingebrigt på Vartdal kan elles ha vore éin av dei første på Sunnmøre med dette namnet, kanskje jamvel i heile landet, og ein kan ikkje sjå vekk frå at svært mange av Ingebrigt'ane på Sunnmøre på 1500-talet ætta frå Ingebrigt på (Nøre) Vartdal.

(Først publisert i Møre-Nytt, jula 2002.)



Det påstås at Ottars far er enten Amund Bårdson Follestad:

Amund Bårdsson på Follestad

eller Amund Svaleson Rømer:

Amund Bårdsson på Follestad

[Vi lar dette stå åpent mens vi gransker kildene grundigere?]

Ut fra materiale om Rømerslekten virker det ikke sannsynlig at de hadde forbindelse til Follestad i Ørsta, men at Barstad og Hareid-forbindelsen er langt mer sannsynlig.

Rømerslekten i Store Norske Leksikon:

http://www.snl.no/R%C3%B8mer

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Otte_R%C3%B8mer/utdypning

Her sier historikerne at den mannlge linjen etter Rømer dør ut.

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Otte_Matsson_R%C3%B8mer/utdypning

Se også artikkel i Norsk Slektshistorisk Tidskrift:

Geirr I Leistad: Om ættene Rømer og Smør samt en seiglivet gjenganger i norsk middelaldergenealogi, NST xxx (1985), s. 124-130 (med referanser til eldre litteratur)

Oversikt over Rømerslekt som var eiere av Austrått og deres ekteskap m.m.:

http://www.yrjarheimbygdslag.no/bebyggelse/82_austratt/starten_a.htm


Den såkalte Rømerslekten i Store Norske Leksikon:

http://www.snl.no/R%C3%B8mer

Rømer var ikke et slektsnavn folk brukte, men et navn senere slektsgranskere har tillagt ætten. Tore Vigerust har slekten med i sitt arbeid med norske adelsslekter.

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Otte_R%C3%B8mer/utdypning

Her sier historikerne at den mannlige linjen etter Rømer dør ut.

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Otte_Matsson_R%C3%B8mer/utdypning

Se også artikkel i Norsk Slektshistorisk Tidskrift:

Geirr I Leistad: Om ættene Rømer og Smør samt en seiglivet gjenganger i norsk middelaldergenealogi, NST xxx (1985), s. 124-130 (med referanser til eldre litteratur)

Oversikt over Rømerslekt som var eiere av Austrått og deres ekteskap m.m.:

http://www.yrjarheimbygdslag.no/bebyggelse/82_austratt/starten_a.htm

view all

Amund Bårdsson på Follestad's Timeline

1341
1341
Ørsta, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway
1390
1390
Age 49
Ørsta?, Sunnmøre, Norway
1400
1400
Age 59
Ørsta, Sunnmøre, Norway
1425
1425
Age 84
Ørsta, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway
1425
Age 84
Ørsta?, Sunnmøre, Norway
????
Follestad, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway
????
Follestad, Ørsta, Møre og Romsdal, Norway