Arne Jørundsn

public profile

Is your surname Jørundsn?

Research the Jørundsn family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Arne Jørundsn (Jørundsen)

Norwegian: Arne Jørundson
Also Known As: "Jørundsson"
Birthdate:
Death: circa 1402
Immediate Family:

Son of Jørund Nidaros
Husband of nn Rev; Sigrid Ringheim and Private
Father of Jørund Arnesson på Foss; NN Arnesdotter Rogne and Ragnild Arnesdatter

Managed by: Ida Marie Gonzales Jenssen
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Arne Jørundsn

Fossgarden

STORFOLK I MELLOMALDEREN

Foss høyrer til dei få gardane i Hjelmeland som .

er nemnde i skriftlege kjelder frå mellomalde- ­

ren. Det første dokumentet er eit gåvebrev frå

kring 1298, då herr Olav av Foss gav garden

Rossavik i Forsand til Stavanger domkapitel.

Truleg galdt ikkje dette heile garden, for kring

fire år seinare gav sonen Åsulv (Asolfr a Fosse)

det som faren åtte i Rossavik til St. Svithuns kyr­

kje i Stavanger. I kyrkja skulle det til gjengjeld

bedast over faren kvart år på hans dødsdag.

. Frå 1370-åra og fram til forbi 1400 er Jørund

Arneson og kona Gyrid Hallbjørnsdtr. nemnde

på Foss. Dei var nok i slekt med Olav og Åsulv,

men vi veit ikkje korleis. Jørund og Gyrid var

hordalendingar. Han var frå Voss, ho frå Onar­

heim i Sunnhordland.

Etter Jørund og Gyrid kom Eivind Sigurdson

og Gudrun Eilivsdtr. til Foss. I eit brev frå 1416

kjem det fram at Eivind var knytt til Bergen og

at han kjøpte eit større skip. Han selde då halve

«Ottegaard» i Bergen til Håvard og Odd Bot­

tolfsøner mot at han fekk eit skip på seks lester

(vel 12 tonn) som stod i Foss sitt naust i Nesvik.

Herr Olav var riddar og høyrde til adelsstan­

den. Etterkomarane hans var også storfolk og

store j ordeigarar. Foss-folket åtte partar i mange

gardar i distriktet, og desse partane har blitt

kalla Foss-godset. Riksarkivar Asgaut Steinnes

har berekna at godset kring 1470 var på vel 24

laupar smør i 17 gardar. Det var gardar på Jøs­

neset (Foss, Skiftun, Assheim, Asland), i Jø­

senfjorden (Indre og Ytre Ramsfjell, Østerhus,

Vadla, Øvra og Nedra Hauge, Segadal), Sig­

mundstad i Fister, i Ulladalen (Fjellberg, Hjor­

teland, Meland) og i Sandeid (Midtre og Øvre

Helgevoll).

Folket på Foss

BRUKARAR

HEILE GARDEN SAMLA

1. Herr Olav er n. her i 1298. Han var riddar.

2. Åsulv Olavson er n. i 1302. Han var son til Olav

ovanfor.

3. Jørund Arneson d. før 1402.

G. m. Gyrid Hallbjørnsdtr. frå Onarheim i Sunn­hordland.

Dei er n. i 1374, då dei utsteda eit gjensidig gåvebrev

til kvarandre på m. a. gods i Ringheim på Voss og i

Onarheim i Sunnhordland. Sidan er han n. i 1378 og

1402, ho i 1410. Jørund var frå Voss, faren var Arne

Jørundson, også kalla Arne Rev. Jørund hadde

sjølv ein rev med hjelm på hovudet i seglet sitt.

4. Eivind Sigurdson og kona Gudrun Eilivsdtr. bud­

de truleg på Foss etter Jørund Arneson. Begge var

truleg gifte før og hadde born i dei ekteskapa, men

hadde ikkje born i lag.

Lagrettemennene Assar Eirikson og Endride An­

dersson kunngjorde i 1416 at det i Nesvik vart gjort

ein avtale mellom Eivind Sigurdson og Håvard og

Odd Bottolfsøner. Eivind selde halve «Ottegaard» i

Bergen til dei mot at han fekk eit skip på seks lester

(12 tonn) som stod i naustet på Foss («j nausteno a

Fosse«) med fullt reiskap.

Brevet frå 1416 er vanskeleg å tyda og lesemåten

av namnet Eivind er uviss. Det kan og lesast som

Geirmund. Om det er rett, må Eivind Sigurdson

vera død før 1416 og Geirmund Sigurdson vera

busett der då.

T Bjørkvik

Hjelmeland I s 212-13, 221


   Ekteskap (1): Navn-ukjent-1
   Ekteskap (2): Navn-ukjent-2
  Et annet navn for Arne var Arne Rev.

I seglet sitt hadde han en rev med hjelm på hodet.

Arne giftet seg med Navn-ukjent-1.

Arne giftet seg deretter med Navn-ukjent-2.