Immediate Family
-
husband
-
father
-
mother
-
stepfather
-
half brother
-
stepbrother
About Gudrun Holtesdatter Rustung
http://vagshaug.no/allslekt/1075.htm
http://valestiftinga.no/historisk.html
Sunnivaarven og godset etter Fredrik Fartegnson
Fartegn Fillippusson av Losna-ætta var ein umåtelig rik mann. Han hadde to søner, Fillippus og Fredrik som begge arva faren. Fredrik var gift med "Udena" og hadde med henne sonen Tord. Fredrik døydde kring 1410 og kort tid etter døydde og sonen.
"Udena" vart sitjande med heile godset etter Fredrik, utan at det vart halde skifte. Fillippus, bror til Fredrik samtykte i dette. Etter ei tid vart Udena gift opp att med Holte Toreson som var rådmann i Bergen og budde på Oma i Strandebarm. Det vart heller ikkje då halde skifte etter Fredrik. I dette ekteskapet fekk Undena dottera Gudrid. Ho vart gift med Svein Torgilson Rustung og arva det uskifta buet etter mora, noko ho ikkje hadde rett på. Sonen deira Eindrid Sveinson vart gift med ei søster til Herborg Torbjørnsdotter som budde på Valen og var kona til Ivar Slede Dall. Dei fekk dottera Sunniva som vart gift med ein Hans Krukow.
Herborg fekk i 1524 arv etter systerdottera Sunniva Eindridsdotter. Slik kom det uskifta buet etter Fredrik Fartegnson til slutt til Gaute Ivarson Dahl på Valen, som var den siste som urettvist vart sitjande med det uoppgjorde buet etter Fredrik. Men så kom domen, nærare 120 år etter at Fredrik Fartegnson var død og bestemte at alle etterlatenskap etter Fredrik Fartegnson skulle tilfalla arvingane etter bror hans, Fillipus. Denne domen vart avsagt av riksrådet kring 1529.