Hermund Eriksen Moen

Is your surname Hauge?

Connect to 8,747 Hauge profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Hermund Eriksen Moen (Hauge)

Birthdate:
Birthplace: Hauge, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
Death: circa 1685 (62-79)
Moen, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
Immediate Family:

Son of Erik Jacobson Hauge and Gjertrud Hauge
Husband of Hermunds 1.kone; Nn Trudesdatter; Anna Andersdatter Fuhr; Anne Andersdatter Heiberg and Anne Rasmusdatter
Father of Anna Eriksdatter Hauge; Kari Hermundsdatter Moen; Anna Hermundsdatter Hauge; Erik Hermanson af Hauge; NN Hermundsdatter and 4 others

Occupation: Gårdbruker
Managed by: Marsha Johansen
Last Updated:

About Hermund Eriksen Moen

Hermund Erichsøn, af Hauge

Hermund Erikson Moen var frå Hauge, og blei gift med tre kvinner ei tur og orden Det står ikkje kven av dei som var mor til Erik, sonen som overtok.

Det står meir om Hermund og eine kona hans, Anna Andersdatter, nedi teksten her:

NOKO OM MOEN (GARDSNUMMER 24):
Denne garden . . . ligg på ein mo eller ei liti høgd like ved Mørkridselvi . . . Første gongen me kan sjå garden nemnd som sjølvstendig bruk, er i 1640 . . . .

Maren Trudesdatter som i 1647 budde på Lavoll, var enkje etter futen Anders Larsen (Heiberg) (1570-1630) som budde på Fuhr.

Eine dotteri deira var Anna Andersdatter, og ho vart gift med Hermund Erikson, som då budde på Hauge.

Då Maren Trudesdotter fall ifrå kring 1653, ervde dotteri og svigersonen denne parten i Moen, og dei kom sidan til å flytta hit frå Hauge. Men Hermund kom aldri til å eiga heile bruket; luten til Elen Marsvin gjekk via Corfitz Ulfeldt og sjølvaste Kongen til Christen Pedersen, ein danske, og frå han til Hans Jenssen Ørbeck i Bergen. Etter at han vart borte, fekk kreditoren Hans Smidt, dåverande byfut i Bergen, hand om eigedomen, og enkja hans, Margrethe Smidt, selde i 1704 dei 6 merkene smør til sonesonen av Hermund, Christen Erikson. Frå den tidi har brukarane av Moen òg vore sjølveigarar.

Skylda til Moen heldt seg uendra like til matrikkelrevisjonen i 1830-åri. Då vart skylda først revidert opp til det doble, nemleg til 2 pund og 12 merker smør, og det gav ei dalarskyld frå 1838 på 3-1-15 dlr., men snart etter vart skyldi redusert att til 2-1-2 dlr. Me må tru at den gamle smørskylda hadde vorte oppsett for mykje før matrikkelrevisjonen.

Bruksnummer 1, Moen: HERMUND ERIKSON MOEN, frå Hauge, var f. kring 1607 og d. truleg på Moen kring 1685. Hermund hadde frå kring 1631 brukt farsgarden sin på Hauge, men frå 1665 fekk sonen Erik ein halvpart av den garden. Hermund brukte framleis hi helfti til kring 1672, då svigersonen John Hansson fekk hand om den parten.

Som me før har vore inne på, fekk Hermund hand om mesteparten av Moen, medrekna bygslingsretten, då han vart gift med dotteri til Maren Trudesdotter, og han brukte Moen saman med garden heime på Hauge til han sjølv flytte hit, visstnok kring 1672. Han brukte sidan Moen meir eller mindre som kår så lenge han levde.

Hermund Erikson var gift tre gonger. Kven første kona var, har me ikkje vore i stand til å firma ut, men han vart attgift kring 1648 med Anna Andersdotter, opphavleg frå Fuhr. Ho hadde vore gift før, men me veit ikkje namnet på den første mannen hennar. Det vert fortald at ho rømde frå han, og det var med løyve frå Kong Christian IV at ho fekk gifta seg att. Anna var truleg f. kring 1605, og me trur ho d. kring 1665.

Hermund vart sidan gift tredje gongen kring 1670 med ei Anna Rasmusdotter som truleg var f. kring 1640, men som me elles ikkje veit meir om.

Etter avtale med stesonen Erik Hermundson på Hauge flytte Anna Rasmusdotter frå Moen etter at Hermund vart borte, men kvar ho sidan budde, kan me ikkje seia noko om.

Erik Hermundson tok sjølv over styringi av Moen saman med halve Hauge, og så vidt me veit, budde her ikkje folk på Moen før hans eigen son, Christen, busette seg her att kring 1695. Hermund Erikson hadde mange born, men me veit ikkje om meir enn fem born frå første ekteskapet. Me veit ikkje om han hadde born med andre kona; med siste kona hadde han og minst eitt barn, men diverre veit me ikkje noko om det:

1. Kari Hermundsdotter (1635-1670), vart gift med gardbrukar Christen Pedersen på Øyene (1635-1696).

2. Anna(?) Hermundsdotter (1638- ) vart gift med gardbrukar John Hansson på Rebni (1633-1710).

3. ERIK HERMUNDSON (1640-1695), fekk garden på Hauge etter faren.

4. Sophia Hermundsdotter (1643-1737), vart gift første gongen med gardbrukar Halvor Halvorsen på Drægni (1639-1698) og sidan truleg attgift med gardbrukar Johannes Johannessen i Furåsen (1647-1738).

5. NN Hermundsdotter (1645- vart visstnok gift med husmann Endre Nilsson i Bjørkehaugen under Bjørk (1639-e. 1701).

6. NN Hermundson/Hermundsdotter, f. kring 1670, ukjend.

- Øyane, Lars E. Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 1, Fortun sokn (The Luster County Farm and Family History Book. Volume 1. Fortun Church Area). Luster: Luster kommune, 1991, s 717-19, utdrag.


GEDCOM Note

BIRTH: 1614, Hauge, Luster, SF (Moen ?)

view all 17

Hermund Eriksen Moen's Timeline

1614
1614
Hauge, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
1614
1635
1635
Moen, Fortun, Sogn og Fjordane, Norway
1638
1638
Hauge, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
1640
1640
Hauge, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
1643
1643
Moen , gnr. 24/bnr.1, Luster kommune
1645
1645
Hauge, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
1645
Søgne,Vest-Agder,Norway