Matching family tree profiles for Kari Hansdotter Strand
Immediate Family
-
husband
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
son
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
About Kari Hansdotter Strand
Paul blei lærar og gift med Kari Hansdotter frå Finnaland i Imsland/Fjeldgardane i Vikedal, bryllaupet sto i Imsland kyrkje den 16. juli 1868, Paul 24 år og Kari 18 år. Kari kom som fosterbarn til Finnaland med Helga Knutsdotter frå Ulvavoll, sjå «Ein stad der ingen ville bu», Tomas Finnvik, Vindetreet 2012. På Finnaland hadde Kari det godt fortalte ho mange gonger. Eldste dottera til Kari blei oppkalla etter Helga og sidan har Helga blitt brukt i slekta. Paul og Kari busette seg i Ilsvåg. Paul var lærar, dei kjøpte Ileplassen av garden Ile i Ilsvåg og starta også landhandel. I 1885 var det strandslekt i Ilsvåg som var busett frå Øvre-øygarden, Ileplassen over Viland til Årak.
Kari voks opp på Finnaland i Imsland hjå Anders Sjurson og Helga Knudsdotter. Helga Knutsdotter
Koppevaksine 16/9 1850
Konfirmert 14 år gamal den 20. oktober 1864 i Vikedal, Hunseid er oppført som bustad. https://media.digitalarkivet.no/view/1713/182
Mykje interessant stoff om Finnaland og om Anders Sjursen: "Ein stad der ingen lenger ville bu." Tomas Finnvik. Vindetreet 2012 s. 76 -79.
14. mai 1943 sto denne artikkelen i avisa.
Største gleda er å hjelpa andre
Kari Strand fortel frå eir langt liv.
Kari S t r a n d frå Ilsvåg er 93 år i dag.
Ho er kjend kvinna i indre Ryfylke, og ho har mangt å fortelja når ho let minna passera i revy.
Kari er fødd på Hundseid, men foreldra hennar døydde medan ho var berre barnet. Hokomdå til besteforeldra sine på Finnaland i Imsland, og ho voks opp der. Og der hadde ho det godt, det var stor gard og flust opp. Som omgangskulelærar kom Paul l. S t r a n d også til Finnaland, og dei vart gifte. Strand kom elles sidantil å gjeva opp læraryrket, og han sette seg ned som landhandlar i Ilsvåg. Ved sida av dreiv han med fruktavl, og som fruktoppkjøpar kring i Ryfylke.
Læraren var – og er nok enno sume stader – den store mannen i grenda. Til han søkte bygdefolket for å fåråd og rettleiing bådenår det galdt det timelege og åndelege. Kari og Paul Strand var sentrale figurar i det kristelege livet i bygda, dei heldt samlingar og i heimensin tok dei vel mot alle som søkte dei. Dei varflinke til å syngja båe to. Kari fortel at ho song med klokkaren i kyrkja, både Gjerde og han Osmund klokkar.
-Me var så lettstemte, eg og mannen, seier ho, han Osmund klokkar var meir tung. Men han var flink til å syngja.
Eg har halde meg til Gudsordet frå eg var i 20 års alderen, held ho fram. Og det totte og var det beste.
Det er elles reint forvitneleg å høyra korleis Kari seier fram salmevers etter minnet, så støtt og så klårt. Og minnet har altid vore godt: ho brukte ikkje salmebok i kyrkja. Salmane kunne ho utaboks.
Læraren - det var 40 øre dagen og kosten – vart landhandlar, kjøgemeister vart han og den faste brevskrivaren for mindre skrivekunnige. Det gjekk ikkje så mykje pengar over disk dei første åra. Det gjekk for dert meste på byte i gardsprodukter, smør og egg og kjøt og flesk. Sume handelsmenn gjer det same i dag, vert det fortalt. Men det har anna årsak i dag enn då.
Som fruktdyrkar var Strand vel kjend. Han fekk til ein gild hage i Ryfylke, og dreiv frukthandel i Stavanger. Han var visstnok den som synte vegen for fruktdyrkarane i Ilsvåg. Folket der såg kor godt han fekk det til, og av hans hage er det vokse opp fleire der inne. Kari la seg no ikkje så serleg mykje oppi handelsverksemda til mannen.
Heimen var hennar rike, og dette riket styrte ho godt. Av dei ti borna borna lever no 6, 3 i Amerika og 3 her heime. I mange, mange år var ho jordmor der inne, og det kunne vera baske nok å ro fjorden og fara på veglause og ulendte stader i allslags ver. Men Kari gav ikkje opp, om ho mange gonger gjerne kunde lida vondt. Ho stelte og med sjuke i bygda, i det heile: ho gav og hjelpte og tenkte ofte ikkje på seg sjølv. - Den største gleda er å hjelpa andre, seier ho.
• Det var andre tider den gong?
• Trong og vondt var det mang ein gong. Hardt kunne livet vera, - men rikt likevel. Eller kanskje rikt nett fordi det var hardt?
Andre tiderja. N o byter ein ikkje lenger bort ein gard, om han er liten, i ein risbitvær og ei døffeltrøye. Det hendte i indre Ryfylke då.
- - - - - - -
Kari Strand bur for tida hjå dotterafru Walle Lie i Stavanger. Der får ho godt og kjærlegt tilsyn. Ho har ein smertefull sjukdom, Men den Gud ho fann i unge år, gjev henne kraft til å bera alt, utan klage.
Ho sit bunden til stova og ser bygata i junisol. Men ofte drøymer ho om dei mange lukkelege år i vakre bygder i indre Ryfylke. Og når ho skal stadfesta strøk med sør og nord, så reknar ho det enno ut frå heimen i Ilsvåg. Og frå bygdene der vil nok mange sendavarme tankar til henne på årmålsdagen.
Kari Hansdotter Strand's Timeline
1850 |
May 14, 1850
|
Kvenndalen (Qveldalen), Hundseid, Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1868 |
September 16, 1868
|
Strand, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1871 |
April 7, 1871
|
Strand, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1874 |
February 20, 1874
|
Ile, Ileplassen, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1877 |
March 25, 1877
|
Ile, Ileplasset, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1879 |
1879
|
Ile, Ileplasset, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1884 |
1884
|
Ileplassen, Ilsvåg, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1886 |
May 2, 1886
|
Ile, Ilsvåg, Ileplasset, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|
|
1889 |
November 11, 1889
|
Ile, Ileplassen, Sandeid, Vindafjord, Rogaland, Norway
|