Kristen Halvorsen Ravneberg

Is your surname Ravneberg?

Research the Ravneberg family

Kristen Halvorsen Ravneberg's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Kristen Halvorsen Ravneberg

Also Known As: "Christen"
Birthdate:
Death: July 20, 1763 (89-98)
Ravneberg, Vingnes, Fåberg, Oppland
Place of Burial: Fåberg kirke
Immediate Family:

Son of Halvor Ravneberg
Husband of Sissel Kristensdatter Ravneberg
Father of Kirsti Christensdatter; Kari Christensdatter; Mari Christensdatter; Kristen Kristensen Ravneberg; Halvor Christensen and 1 other

Managed by: Erin Ishimoticha
Last Updated:

About Kristen Halvorsen Ravneberg

Skifte etter Christen og Sidsel på Ravneberg 25 apr 1747 mens de begge enda lever
Begravelsen i 1763: Md Xsten Rafneberg, 94½


GEDCOM Note

Aksel Hattestad: Frå det Fåberg som var Fåberg og Lillehammer Historielag Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Arkiv A-00051 Fåberg Historielag

Ravneberg - Ramberg (gnr. 34) Ravneberg: Også eit gardnamn der førsteleden opphavleg var fuglenamnet hrafn. Uttalen av namnet har i bygdemålet etter kvart vorte Ramberg. Skrive-måten av namnet har vore ustø og skiftande, men som regel slik at det var godt kjenneleg. I skrivne kjelder skal Ravneberg vera nemnt i Olav Engelbrektssons rekneskaps bøker av 1533, og garden låg da under erkebispestolen i Trondheim. Det same er og fortalt i Stiftsboka av 1578. Ved reformasjonen i 1536 kom så bispegodset under Kongen og vart snart etter administrert under Akershus len. Her i Lensrekneskapen for 1560 finn ein så blant andre Fåberg-gardar også Raffneberg nemnt, og land-skylda av garden er da oppgitt til 18 merker fisk. Ein merker seg elles at under Rafneberg er det og ført eit bruk av namn Biskopgarden med ei landskyld av 2 kalvskinn. Av andre kjelder går det elles fram at samtidig med dette åtte også Lillehammer-kyrkja jordegods til 3 skinn skyld i Rafneberg. Etter dette finn ein ikkje garden Rafneberg nemnt før i 1620. Da går det tydeleg fram at garden hadde vore og framleis var brukt under Bulung. Landskylda av Ravneberg er da oppgitt til 6 skinn 9 mrk. fisk, og av dette var 3 skinn kyrkjegods. Tri år seinare er sa både Ravneberg og Vingnes overtatt av ein namngitt person, Hans Rasmusen. Landskylda av dei to gardane isaman er da oppgitt til 1 hud 3 skinn. Etter atter to år finn ein Hans kalla Hans Ravneberg. Han hadde da ein leiermålssak med Anne Jonsdotter og laut svara 6½ dalar i sølv. Hans Ravneberg var elles brukar på garden også i 1629. Han betalde da leiglendingeskatt som brukar på ein ødegard med 1 dlr. i pengar.

Året etter fekk i 1630 ein ny brukar, Jon Engebretssøn 1. bygsel på Raffneberg av skyld 3 skinn 9 mrk. fisk, og som da vart oppgitt til å vera ”ein ringe ødegaard Kronens”. Jon var framleis bygslar og brukar av garden også i 1636 og er da kalla Joen Raffneberig. Som ein ekstra krigsskatt vart det i 1657 utskrive ein skatt kalla Kvegskatten 1657, dette fordi at det da var krøtertalet på gardane som vart lagt til grunn ved utlikninga. Etter skattelista går det vidare fram at det da hadde vore brukarskifte, og den nye er kalla ”Siffuer Raffneberig”. Garden vart også da ført i gruppa for mindre gardar, og buskapen på Raffneberig var da: 7 naut, 5 geiter og 10 sauer. Av Mannkjønnsmann-talet for 1665 går det elles fram at med farsnamn heitte brukaren Sifuer Svendsen, og han var da 55 år og hadde ein tenestekar, Oluf Jonsen, som da var 24 år og soldat.

År 1668 kom den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det om ”Raffneberg” fortalt at garden framleis var ”Kongens”, at landskylda framleis var 3 skinn 9 mrk. fisk, og at ”Siffuer” framleis var bygslar og brukar der. Om garden og gardsbruket er det dertil oppgitt at ”Engen er goed och Kand forbedris” og at det var skog nok til ”Gaards Nøtte”. Buskapen av store husdyr var da 1 hest og 9 naut, og korntienda vart utreidd med 5/4 tønne, som altså svara til ei årleg avling på 12-13 tønner korn. Ein merker seg elles at det ingenting er nemnt om garden da hadde seter. - Av ”Rulle over Gudbrands-dalens soldatlægder 1693” for Fåberg, vil ein elles sjå at ”Rafneberig” da hørde til 5. lægd med gardane Øre, Wottestad og Bierche, og at den rulleførde soldat frå Rafneberig da var Mogens Olsen, som var over 40 år, og som var husbonden sjølv. Mogens Olsen levde enda i år 1708, og han var da vorte odelseigande bonde på Ravneberg, og same året gav han sjølv skjøte på garden til Christen Halfuorsen. Med han kom så den ætta til gards som skulle bli der i fleire ættleder.

Aksel Hattestad: Frå det Fåberg som var Fåberg og Lillehammer Historielag Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Arkiv A-00051 Fåberg Historielag

Fleire nyare opplysningar om gardane kom med matrikkelframlegget av 1723. Der er det om Ravneberg ganske riktig fortalt at oppsittaren der da heitte Christen Halvorsen, og han var både eigar og brukar av garden. Vidare er det oppgitt at garden ligg i sollia og er tungbrukt, men jordarten er ”Temmelig god, dog noget Koldlent og tilmed Indstengt”. Buskapen hadde auka og var da: 1 hest, 1 føl, 9 naut, 8 sauer og 5 geiter, og den årlege utsæd utgjorde kring 3 tønner bygg og litt rug. Landskylda av garden var framleis 3 skinn 9 mrk. fisk, men matrikkelkommisjonen gjorde framlegg om at landskylda burde høgdast med 3 skinn. - Tre år seinare gav i 1730 foged Stenersen bygselseddel til Christen Rafneberg på ”et sæterbol på Vismunden og den der innhegnede løkke på 3 lass hø”. Kristen Halvorsen var og brukar på Ravneberg i 1741. Han hadde da ”innstevnet Knut Lille Ravnum fordi han ikke vil vedlikeholde en haffelde som de forrige eierne av Ravnum alltid har holdt.” Saka vart elles henvist til åstedet. Eit skjøte av 1747 gir fleire opplysningar om slekta, og er etter utskrift av panteboka sålydande: ”Ravneberg. Skjøte dat. 7. juni 1747 tgl. 14. juni s.å. Fra Christen Halvorsen og Sidsel Christensdatter Ravnebergs barn og arvinger, neml. Halvor Christensen , Christen Thomesen på sin hustru Kirsti Christensdatters vegne, Even Hansen på hustru Kari Christensdatters vegne, Ole Fløxrud på sin hustru Mari Christensdatters vegne og Amund Gougstad av Biri på sin hustru Elie Christensdatters vegne til eldste bror Christen Christensen og hans arvinger på deres efter skiftebrev pass. 25 april 1747 arvelig tilfaldne 4½ skind med bøxel i gården Ravneberg i Fåberg prestegjeld for sum 112 rd. 2 ort. Han har selv arvet 1½ skind, så han er nu ene eiende gården Ravneberg av skyld ½ hud. Han har å svare sine foreldre føderåd.”

Ein merker seg at etter dette heitte altså eigaren og brukaren av Ravneberg framleis Christen, men nå altså Christen Christensen Ravneberg. Christen Christensen Ravneberg, som da tok over garden hadde i 1745 gifta seg med Sidsel Goensdtr., og dei fekk i sitt ekteskap 6 born. Dei var: a. Sidsel f. 1746, b. Rønnaug f. 1748, c. Kari f. 1751, d. Christen f. 1754, e. Jens f. 1757, f. Goen f. 1762. Faren Christen Christensen Ravneberg f. 1716 brukte garden til 1780, da han skjøta ættegarden Ravneberg over til eldste sonen Christen Christensen f. 1754 og hustru Anne Iversdtr. for kjøpesum 350 rd. + føderåd.

Dei nye husbondsfolka Christen og Anne Ravneberg hadde gifta seg i 1779, og dei fekk 8 born, nemleg: a. Eli f. 1780, b. Christen f. 1781, c. Iver f. 1784, d. Jens f. 1785, e. Goen f. 1788, f. Arne f. 1791, g. Ole f. 1790, h. Sidsel f. 1793,

To år seinare var i 1795 husfrua Anne Iversdtr. død, og det var skifte på ”Ravneberg i Lillehammer, Fåberg”. Ved dette skiftet vart jordegodset i arvebuet grd. Ravneberg av skyld 3 skinn 3 bismarpund fisk taksert for 400 rd., og den samla eiga i skiftebuet utgjorde 528 rd., men den samla skulda i buet utgjorde 538 rd. Arvingane ved skiftet var forutan enkemannen, husbonden Christen Christensen, dei 8 borna som nyss er nemnt, og som alle framleis var i live.

År 1801 kom påbodet om folketelling, og det budde da 3 familier på Ravneberg. Dei var: Aksel Hattestad: Frå det Fåberg som var Fåberg og Lillehammer Historielag Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Arkiv A-00051 Fåberg Historielag

1. familie: 1. Christen Christensen, husbonden, 46 år, 2. Christen Christensen, sonen, 19 år, 3. Iver Christensen, sonen, 17 år, 4. Goen Christensen 12 år, 5. Ole Christensen, sonen, 10 år, 6. Arne Christensen, sonen 9 år, 7. Sidsel, dottera, 7 år, 8. Rønnaug Christensdtr., syster til mannen, 52 år, 9. Ingeborg Torkildsdtr., legdslem, 65 år.

2. familie: 1. Christen Larsen, husmann med jord, 29 år, 2. Anne Jensdtr., kona hans, 36 år, 3. Marit Christensdtr. dotter, 6 år. 3. familie: 1. Peder Bertelsen, ”Inderste og Kurvmager”, 66 år, 2. Mari Christensdtr., kona hans.

Seks år seinare gav i 1807 faren Christen Christensen f. 1754 skjøte på Ravneberg til sonen Christen Christensen f. 1781 for kjøpesum 700 rd. og føderåd for resten av levetida til faren Christen Christensen. Christen Christensen f. 1781, som da tok over som husbond på Ravneberg, hadde i 1806 gifta seg med Marthe Halvorsdtr. Lien, visstnok Sørlien, og dei fekk desse borna: a. Anne f. 1807, b. Christen f. 1811, c. Hans f. 1818, d. Johan f. 1820.

Fleire nyare opplysningar om gardane kom med matrikkelframlegget for Fåberg av 1819. Der er det om Ravneberg vidare fortalt at buskapen av store husdyr i den tid var 2 hestar og 9 naut, og at den årlege kornavlinga utgjorde kring 40 tønner. Av kyrkjebøkene går det elles fram at det i den tid også budde ein familie på eit bruk ved Ramberg. Den 1. september 1815 var det såleis dåpsbarn der, og den døypte der vart og kalla Kristen.

I 1815 kom så den store forandringa på Rambeg at garden vart delt i to. Husbonden Christen Christensen selde da og gav skjøte på den eine halvparten av Ramberg til Ole Svendsen, og denne parten kallar vi heretter Ramberg løpenr. 59a. Samtidig selde og Christen Christensen den andre halvparten av garden til Ole Christensen, og dette Ramberg kallar vi heretter løpenr. 59b.

view all

Kristen Halvorsen Ravneberg's Timeline

1669
1669
1707
1707
Ravneberg, Fåberg, Oppland
1710
1710
Ravneberg, Fåberg, Oppland
1710
Ravneberg, Fåberg, Oppland
1710
Ravneberg, Fåberg, Oppland
1716
1716
Vingnes, Fåberg, Oppland, Norway
1718
1718
Vingnes, Fåberg, Oppland
1763
July 20, 1763
Age 94
Vingnes, Fåberg, Oppland
July 1763
Age 94
Fåberg kirke