Kristoffer Ritzerau (Blomholmen)

public profile

Is your surname Ritzerau (Blomholmen)?

Research the Ritzerau (Blomholmen) family

Kristoffer Ritzerau (Blomholmen)'s Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Kristoffer Ritzerau (Blomholmen)

Birthdate:
Death: Blomholm, Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Immediate Family:

Husband of Lisbet Henriksdotter Plum (Blomholmen)
Father of Henrik Kristofferson "Ritzerau" Grima

Managed by: Private User
Last Updated:

About Kristoffer Ritzerau (Blomholmen)

Gnr 98 Blomholm Garden Blomholm ligg på to holmar tett ved nordvestkanten av Grima. Frå Avløyp som er kalla landfast med Grima, er bru over til Blomholm. Namnet vert uttala blo'mmålminj. Det vart skrive Holmen i 1620. Blom ser ut til å vere tillagt seinare. Professor Rygh skriv at det kanskje kjem av plantenamnet "blom"- om bregner, som voks der før holmen vart dyrka. Karl Gåta trudde holmen hadde fått namn etter Plum- ætta som budde der ei tid. Blomholm er ikkje brukt til gardsnamn andre stader i Noreg. På Blomholm var før handelstad for folk som for til og frå Sogn, og for bygdefolket. Denne handelen tok truleg til kring 1600, før driven av ætta Plum, og sidan av Ritzerau-ætta. Namnet Plum er stundom skrive Flaum. Holmen var plass under Grima og vart ikkje matrikulert før i 1838. Plassen er ikkje nemnt i matrikkelen frå 1667. I 1723 står det Blomholm- under Grima er " En Husmand ved nafn Chritoffer, som eier eget Huus kan føde 2 kyr naar tang og tare nøttes. Skat 48 skilling" I protokollane for Eivindvik forlikskomisjon 1797-1920 er berre ei jordsak som vedkjem Blomholm: Sak nr. 1149. Plass- sak......år 1868. Garden fekk elektrisk kraft i 1954. Den siste brua vart bygt i 1955, den førre i 1930.

Den 11/6 1700 vart ein Kristoffer Ritzerau som budde på Grimsholmen= Blomholmen, saksøkt av Karen Jakobsdotter for å ha stole 25 riksdaler. Ho let han få pengane på bryggja i Bergen for at han skulle gøyma dei i lomma si. Same kvelden vart pengane borte, i ei bu i Alverstraumen. Kristoffer låg i bua og hadde sjølv lykkelen i lomma. Han påstod at pengane var stolne, men vart dømt til å skaffe Karen pengane att innan 15 dagar, og "eftersom han er en ledig karl også betale udi Omkostningar 3 riksdaler" Dei dreiv truleg staden til 1729. Lisbet levde til 1750. Dei hadde i vissa borna: a) klaus b) Henrik. Gift 04.07.1734 med Sygni Andersdotter Vilsvik. Dei busette seg på Grima.

Gulenboka Vol III Side 351 Av Ivar Kleiva

view all

Kristoffer Ritzerau (Blomholmen)'s Timeline