Magnil Jonsdt. Ree

Is your surname Ree?

Research the Ree family

Magnil Jonsdt. Ree's Geni Profile

Records for Magnil Jonsdt. Ree

110,217 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Magnil Jonsdt. Ree

Birthdate:
Death: Died
Immediate Family:

Wife of Ole Pedersson Ree
Mother of Peder Olsen Ree and Lars Olsson Ree
Sister of Gunhild Jensdt.

Managed by: Kari-Elin R. Lillemo
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Magnil Jonsdt. Ree

Magnil Jonsdt. døde antakelig i 1742/1743

" Orkdal skifteprotokoll, 28. juni 1743, Brechhougen u/Re Meldal

 Avdøde: Magnil Jonsdt.
 Enkemann: Ole Pedersen
 Barn: 1. Peder Olsen, over myndig alder
          2. Lars Olsen, 18 aar.
 Krav, bl.a. Johan Wold, Ole Nielsen, Johan Grefstad"

(kilde: Orkdal skifteprotokoll)

Ole Pedersson Ree ble "Trolofed" forlovet 5. april 1716 (D: Palme = palmesøndag) med Magnild Jonsdatter. Forlovere var husmann Ole Clemets Systad og Lars Ree (som muligens er samme person som Lars Ols. Grønli - 7 aar, tjener på Ree ved folketellinga i 1701).

Som "Copuleret" = gift i Meldal 22. november 1716 (24 P. Trin) finner vi Oluf Peders Ree. Hvem han giftet seg med er ikke oppgitt, men vi må tro at det var Magnhild Jonsdt.

Døbte i Meldal 1717

I I I Nat (ukjent dato for meg) Døbt Olluf Rees Peder

Også her mangler navn på mor/hustru, likeså navn på faddere.

(kilde, kirkebok for Meldal)

Resgrenda

Omlag 2 1/2 km sør for Meldalskyrkja, på austsida av Orkla, oppe på ei stor terasseforma flate, skjer den gamle kongevegen seg igjennom ei stor og tettbygd fager grend, - det er Re. Det stutte og naturgjevne namnet peikar attover mot ei eldgammal busetningstid. Her er funne fleire store gravhaugar, og det er gjort mange oldtidsfunn i branngraver og på det fri, mellom anna tveegga sverd, spydspissar, økseblad m.m. som er tidfesta til 800-tallet. Tidleg vart Re delt i to, for i Aslak Bolt si jordebok frå 1440-åra over gardar som høyrde bispestolen til er nemnt Re, syndzstad gard på 9 spand leige. Det seier seg sjølv at det også var ein nordre gard. I fylgje diplom av 24. juni 1445 gjev erkebiskop Aslak Bolt bort gardane Re, Ås med fleire til frenden sin, riddar og høvedsmann over Trøndelag, Henrik Jønnisson Gyldenløw:

"Wi Aslak med Gudz miskun erchebiscop i Nidaross kungøra med thetta wart bref at af wy nevengen nærmire skyldom frende hafue wppa wart fæherna Wegna ther wy af yitha en thenne nærvarande brefuisare Henrik Jønnisson oth swa fore.........anno Domino M.CDXLV ipså die natiuitatis sancti Johannis Captiste"

Men Gyldenløw hadde ikkje Sørgard Re så lenge. Straks etter gav han garden til venene sine, krossbrødrene i Trondheim, til deira bordhald. For dette skulle dei halde sjelemesse for kona hans, Pilippe Barquard Krumedikes, tysdag føre helgamess. Om morgonen skulle det berast offer, og straks etter messa skiftast til dei fattige. Det skulle også "ringiass med størstom klokkom sælaringning baade wm qwaldit efter vigitus oc om morghonen efter messan". Såleis er også Re atter medteken i Olav Engelbrektsson si jordebok over St. Olavs jorde i Meldal i året 1533. Mannen heitte i desse tider Asbjørn. Garden er oppførd i Norske lensrekneskapar frå 1548-67 under Stiigtenns (bispestolens) landskyld, og Jon Ree betalte da eit slagtenaut. Skipsskatten vart utligna i desse tider, og det syner seg at det da er vorte tre bruk og "fullgardar" alle. Det er leiglendingane Jon, Eyvind og Erik, som betalte ein dalar kvar. Delinga held fram vidare. I 1645 var det fire Regardar, i 1664 var det fem, og ved århundreskiftet 1700 var det seks. Nordgard var vorten til: Nordgard, Nordstuggu og Brekka. Sørgard var vorten til: Sørgard, Sørstuggu og Nedgard. Frå den siste vart i 1860 skild ut Haftorsjykkja, og dermed var bruk og nemningar slik som i dag. Husa på Brekka og i Haftorslykkja har alltid lege for seg sjølve, men dei andre bruka bygde husa tett i tett ved kongevegen. Rett over for stuggu på Nordgard stod fjøset på Nordstuggu med berre den smale vegen imellom. Heilt inn til desse stod Nedgard og Sørstuggu på same måten, og i sørvest for Nedgardsfjøset kom Sørgardhusa. Det var i sanning ein "landsby" No er Nordgard og Sørgard trekt ut ifrå dei andre på kvar sin kant, og ellers er Nordstuggu og Sørstuggu omregulert noko, slik at det er meir spreitt enn før, men det er fremdeles tettgrendt. Innmarka og dyrkajorda i Resgrenda er mykje godt svartmold på aur eller elvegrunn, er flat og velerodert. Ein bakke fører ned frå husa til dei største dyrkajordviddene, som ellers ligg djupare i dalbotnen enn sjølve busetnaden. Med den store oppdelinga som har er gjort gjennom tidene, gong etter gong og med den store rettferdssans som rådde, skulle kvar ha likt av dei ymse teigane. Dette førte til ei livleg teigblanding, men også eit rikt namneverk. Gjennom utskiftingar og bytte er disse småteigane komme bort. Det er vorte til større og meir velforma stykke. Med denne grensereguleringa har diverre også ein masse navn kome bort og er gløymd, men enno finnst: Øksa, Nåvvåren, Fjøla, Flotten, Botn, Lia, Gjerdet, Dalan, og Geitstykke. Heimemarkane i Resgrenda ligg for det meste i bakkane oppover mot Klemfjellet, Vidmyrane og høgdene,- oppover Brennkroken, Gaulåsen, Eggjin, Restbakken, Langberga, Reshammaren, Hammarflata og Johansflotten, men Nedgard og Sørgard har skogteigane sine ved kongevegen sør for dyrkajorda, - på Storfurrumoen, Sørteigen og Kvasshaugen. Alle har sætereiendommer ute i Sæterdalen, og der er mykje skog. Slåtteland var det også mye av før i tida. Det var Messa, Kleman, Smidalen, Hammarlykkja, Brekklykkja, og Lykkjflata. Oppe i utmarka kjem ein bekk som deler seg i to og går jamsides mot dalbotnen. Desse vert med eit sams namn kalla Skildsåa. I ho som går lengst sør av disse er det eit styggeleg stygt stup utover ei fjellside, og det vert kalla Helvetesberget. Ein mann for utover her eingong, men var ilive og uskadd fortel segna. Oppe i utmarka i grensa mot Holstadgardane ligg eit lite vatn eller ei tjønn. Han Trond Brekka møtte opp i kjyrkja for å gå til alters, fortelst det, men presten nekta. Han tykte han kunne for lite. Dette tok Trond seg nær av og drog beinast til skogs, og så fann dei han att i denne tjønna, som deretter fekk namnet Trondtjønna. Husmannsplassane låg kransa rundt omkring i utkantane av dyrkajorda på gardane og er no anten nedlagde eller er vortne sjølveigarar.

(Meldal bygdebok bind 3, side 496 - 498)

KALVHAGEN eller BREKKHAUGEN

Var husmannsplass under Resbrekka og låg borte i bakkane i aust for husa på garden.

Halvar Larsson Brekka, f. 1690 var fødd på Brekkhaugen og var såleis onkel til LARS OLSSON NORDSTUGGU. Han vart i 1723 gm. Gunhild Jensdt. f. 1700, og dei var rudningsfolk her.

view all

Magnil Jonsdt. Ree's Timeline