Nils Knutsen Rabbestøl Nøsen

Is your surname Rabbestøl Nøsen?

Research the Rabbestøl Nøsen family

Nils Knutsen Rabbestøl Nøsen's Geni Profile

Records for Nils Rabbestøl Nøsen

11 Records

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Nils Knutsen Rabbestøl Nøsen (fra Aurdalen)

Birthdate:
Birthplace: Øvstebø, Aurland, Sogn og Fjordane
Death: Died in Fræna, Møre og Romsdal, Norge
Immediate Family:

Son of Knut Nilsson Rabbestølen and Jørand Knudsdatter Rabbestølen
Husband of Bergit Sandersdatter Veslegård
Father of Gjørri Nilsdotter Røbæk fra Rabbestølen; Kittil Nilsen Røsberg and Sander Nilsen Nøsen Aarø

Occupation: Gårdbruker
Managed by: Private User
Last Updated:

About Nils Knutsen Rabbestøl Nøsen

Nils Knudsen Sylte (Rabbestøl) f. 1782 i Aurland i Sogn d. 27.01.1840, var son av Knut Nilsen Øvstebø (Rabbestøl) og Jørand Knutsdtr. (nordre Mehus). Nils vart gift i 1809 med Berit (Bergit) Sandersdtr. Veslegård f. 1789 i Hol i Hallingdal d. 14.11.1853, dotter av Sander Knudsen Veslegård og Sidsel Kittilsdtr. Lillegaard i Aal. Denne slekta finn ein langt attende i boka Folk og fortid i Hol. Nils hadde garden Rabbestølen etter faren frå 1805 til han selde den i 1827 og reiste med familien til Fræna. Dei kalla seg Sylte i 1828 då sonen Knut vart konfirmert. Dei var då busett på Sylte, ein gardpart han kjøpte for 265 spd. av Arne Jonsen Sylte. 1 1834 skjøter han til Nils Torgersen Dokken for 200 spd., familien flytta truleg til Nøsen rundt 1837, for då sonen Sander er konfirmert i 1837 heiter dei Nøsen. Den 2. juli 1839 finn vi at Nils Knudsen kjøper ein part i Nøsen på 1 pd 11 mrk. 1 1838 står han oppført på bruket saman med Halvor Pedersen. Nils Knudsen (Rabbestøl) Nøsen var med i krigen 1807?14 og namnet hans står på ei bauta ved Hol gamle ky skje.

Etter at Nils Knudsen døydde i 1840 vart det halde auksjon på Nøsen den 30. oktober same året over ein del lausøyre. Enkja Berit Nøsen var til stade og kjøpte "1 bagstehelle, 1 gryde paa 3 Kd., 2 gamle tønder og ei ny halvtønde". Sonen Sander kjøpte "1 huuspostill of Luthers forklaring over Epistlene".

Ny auksjon vart halde den 7. november over Nils Knudsens del av Nøsen, det vart her stadfesta at enkja Berit Sandersdtr. Nøsen skulle ha følgjande føderåd av garden:

" 1 tønde havre, 1 /8 tønde byg, udsæd i agerland of et quarter potatos som forsvarligt fraues kvart aar of kaaryderen, foder til en sau, friit hus og frie brænde fang samt lys og endeleg fri opvartning i sygdoms tilfelde. Skulde kaarhaveren rode for godt at flytte fra gaarden, da nyder hun kaaret foruden huus, brænde, opværtning og lys".

Den 1. mars vart det halde auksjon for andre gong over garden, til stade var Berit Sandersdtr. med verje, men det kom ikkje inn bud på garden. Ny auksjon var 30. april, her kom Lars Tollefsen Nøsen med eit bud på 50 spd., mot 60 spd. som var taksten, men då "Overformynderiets Pantefordring ei dermed er fyldestgjort blev eigedomen dernæst opraabt uden Paalæg of det til enken enken Berit Sandersdtr. i conditionene benvnte kaar. Hvornæst Lars Tollefsen Nøsen bød 60 spd, og då ingen efter Here opraab gjorde overbud, fekk han tilslaget" (utdrag frå auksjonsprotokollen s. 599). Berit Sandersdtr Nøsen mista no retten til kår på garden, men truleg fortsette ho å bu her, ho døydde på Nøsen i 1853.

NØSEN GNR. 60

Plassering:

Garden ligg på Øvre Kolberg og grensar mot Sylte i nordvest mot Holen i søraust og mot Ukkelberg i vest. Garden høyrde til Hustadgodset på 1500 talet, men garden høyrde og til Møkkelbostad (sjå innleiinga) og kanskje 1åg tunet for denne storgarden på Nøsen. Eigedomen til Nøsen gjekk frå gamal tid frå Malmefjorden og til Sylte og Jobakkerøra og Jobakkesteinen. Jobakkerøra 1åg ved spissen av Nøsen, mot Rødset, bak huset på bnr. 17. Nøsen grensar mot Rødset, Sylte og Lauvåsen.

Namnet

Namnet tyder framstikkande bratt bakke, eller høgd, frå gamalnorsk Nøs. Blir uttalt på næ'sa eller oppi næ'sa (nø'sa). Det har vore ymse måter å skrive namnet på:

11596 er det skrevet Aspelijdt, i 1632: Nassen, 1633: Noss, 1647: Noesen. 11669: Noesen, 1699: Nøsen, frå 1711 til 1751 Nøssen. I året 1801 vart det skrive Nøsen, i 1825 Nossen. Gamalt matrikkelnr. 629, seinare

matrikkel.nr. frå 188 a til 189b.

Alder

Garden var ikkje med i skattelista i 1519 og ikkje i leidangslista i Diplomatarium Norvegicum, då det var eigaren av Hustadgodset som betalte avgiftene samla for alle gardane sine. Men garden har og høyrd til Møkkelbostad som er frå gamal tid, sjå i innleiinga. Det er ikkje gjort noko særskilde funn frå oldtida her og det er derfor vanskeleg i dag å antyde noko alder. Det er gjort gravrøysfunn, sjå nedanfor.

Skyld:

1664: 1 pund

Eiga

1519 - Hustadgodset

1645 ? Rosenkrantz

1669 ? Magrete i Hanchen

1676 ? Iffuer Andersen iflg. odelsmanntalet

1695 ? Christopher Møllenfort

1723 ? Christopher Møllenforts arvingar

1762 ? Reknes Hospital

1796 ? Reknes Hospital

1825 ? Peder Eriksen Nøsen

Oldtidsminner:

Ei gravrøys er registrert i 1975 på gnr. 60 bnr. 10. Tek her med det som vart skrive ved funnet: "Beliggenhet 15 meter opp frå flomålet som ligg sør sørøst for røysa og ca. 5 meter nordøst for dyrket mark, 40 meter i nordøst -dyrket mark. Vidare ca. 25 meter nord nordøst for naust i fjæra. Den ligg nederst i ei bakkeskråning vendt ned mot Malmefjorden, området er bevokst med gress og ein del større lauvskog. God utsikt over indre del av Malmefjorden."

Beskrivelse av gravrøysa: " rund røys, godt markert i Nordvest til øst. I sørvest -sørøst synes røysa å gå i ett med terrenget. Delvis ganske godt synlig i terrenget. Flat noe uryddig profil med noe bratte sider i nordvestøst. Røysa synes kraftig utkastet. Rundstein synlig over heile røysa. Gress og en del mose. Må1: ca. 10 m. tv. må1, høyde ca. 0,7 meter."

Seter:

Setra på Nøsa 1åg på Freneidet ved vegen mot trollkyrkja, her hadde bruka seterbuer.

Nils Knudsen og Berit Sandersdtr. fekk 7 barn:

Kilder:

Arne Hattrem, Folk og slekt i Fræna bind I og Folk og fortid i Hol.

view all

Nils Knutsen Rabbestøl Nøsen's Timeline

1782
1782
Aurland, Sogn og Fjordane
1814
February 18, 1814
Age 32
1816
July 3, 1816
Age 34
Skøro nedre, Hol, Buskerud, Norge
1823
November 8, 1823
Age 41
Hol i Hallingdal, Rabbestølen, Norway
1840
January 22, 1840
Age 58
Fræna, Møre og Romsdal, Norge
January 28, 1840
Age 58
????