Ola Hansen

public profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Ola Hansen

Birthdate:
Death:
Immediate Family:

Son of Hans Skåbu and Elisabeth Rasmusdatter Åsmundstad
Brother of Aagot Hansdatter

Managed by: Bjørn Hansen
Last Updated:

About Ola Hansen

GEDCOM Note

Borna hans Hans Nistugun. Hans Nistugun hadde to born, Ågot og Ola. Ho Ågot vart gift med Tord Ivason Melby. Dei heldt til i Uppistugun. Nistigu var lomannsgods dei kalla. Det var han Henrik Smidt lomann, ”Sond-skrivaren” som åtte garden. Da han Hans var død, fòr han Ola nordpå Vågå og tenkte ta garden på nytt feste. Men skrivaren heldt falt for så godt kjøp, så han Ola løyste garden til odel og eige. Der hjå lomannen vart han kjend med eit Vågå-kvinnfolk; de har kalla ho Anne Viste. Ho var hushaldar hjå lomannen, od det var men ein vetlgut, heitte Svein, som dei sa skrivaren var far åt.

Han Ola og ho Anne vart gifte, men det vart ikkje ervingar. Han Ola døydde snart, og ho Ågot, syster hans var næraste ervingen. Men breva som lomannen hadde sted ut åt ’om Ola, var komne bort, og no tok ho Anne til å stride for at han Svein, son hennar, skulle ha garden. Det vart ei lang og leid trette om dette. Ho Anne var eit godtilseg kvinnfolk og utom seg til å draga fram alt som kunne vera til sakgagn for seg. Tord og Ågot hadde vore skulda for dulsmål. (Gøymt unna skattbar eigedom). Saka var for longo nedlagd, men den au fekk ho Anne grave fram att og blåse liv i. ”Katekisma har eg lært utanåt, og logje au veit eg kå ’o formelde”, hermer dei at ho sa. Saka vart varande så lenge at hen Tord og ho Ågot kom ikkje på garden. Dei heldt til i Uppistugun si heile tid. Og deis at fulle ikkje for godt. På eine sida sat ho Anne Viste og breide seg. Og på andre sida hadde dei ho Gamle-Goro som heller ikkje spara på vondt, når høve var der.

view all

Ola Hansen's Timeline