Immediate Family
-
wife
-
daughter
-
father
-
brother
-
brother
-
brother
About Per Toreson Underberge, I
Forsandboka II, UnderBerge 179.7, 195.8 og 178.6.1.
Gift ca.1613 med Astri. Per var eldste son til førre brukaren, Tore VII Toreson og kona Gunhild, den første brukaren på på Toreparten, bruk IIA. Denne Toreparten var halve U-Berge, d.v.s. 108 mrk. smør. Då Tore VII var død noko etter 1621, delte først enkja hans, Gunhild, og ein son, Erik, denne halvparten av Berge-garden. Den eldste sonen, Per I Toreson, hadde i ungdomen teke Haukaliå opp or øyde og budde der om lag frå 1617/18 til 1624. Men då flytta han heim til U-Berge og tok over bruk IIB, medan den yngre broren Erik flytta til Haukaliå og heldt fram med nyrydningsarbeidet der. Dette er den vanlege måten:
Eldste sonen hadde rett til å sitja på hovedbølet eller heimegarden, medan dei yngre sønene måtte nøya seg med utkantgardane. Per Toreson sat på Toreparten av U-Berge frå 1624 til 1638/39, først på bruk IIb etter bror sin Erik, og så på bruk IIA etter mor si. Då ho døydde ca. 1626, hadde han soleis heile Toreparten. I 1642/43 er ingen brukar nemnd på Toreparten, men frå 1645-47 sit enkja til Per, Astri, med heile parten. I 1647 deler ho dette bruket med eldste sonen sin, Rasmus II Person, som får hovedbruket IIA, medan ho sjølv sit med bruk IIB frå 1647-49. Då døydde ho truleg, og nesteldste sonen, Tore VIII Person, fekk bruk IIB etter henne. Frå nå av kan me seia at Toreparten er endeleg delt i to bruk.
Per er nevnt i tingbøkene jamt frå 1626 til 1636, mest fordi han skylde pengar. Per er og nemd lagrettemann to gonger, i 1627 på lagtinget og i 1628 på Isse ting.
Borna er nemnde i brev nr.22 (1672) i Bergearkivet i denne rekkefylgja:
- a. Rasmus Person UnderBerge (sjå denne), f.1614, g.1) ca. 1640 m. Marita Torgersdtr. Byrkja i Årdal.
- b. Ola Persson UnderBerge, f.1617.
- c. Tore VIII Person Underberge (sjå denne), g.1) ca.1660 m. Elisabet. G.2) ca. 1669 med Ingeborg Olsdtr. Nedre Espedal (sjå denne), g.3) ca.1678 m. Berita Hansdtr.
- d. Per Person UnderBerge, f.ca.1623
- e. Gunnar Person Underberge, f.ca. 1625.
Per Toreson Underberge, I's Timeline
1591 |
1591
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1614 |
1614
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1617 |
1617
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1620 |
1620
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1621 |
1621
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1623 |
1623
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1625 |
1625
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1640 |
1640
Age 49
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
???? |
"Toreporten" i Underberge i Forsand - g og æ bok 2 s 179
|