Serk Peterson Grotle

Is your surname Grotle?

Research the Grotle family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Serk Peterson Grotle

Birthdate:
Birthplace: Sogn og Fjordane, Norge
Death:
Immediate Family:

Son of Peder Gudleikson Eide and NN Gautesdatter Talgje
Husband of Ægeleif Steinarsdotter? Grotle
Father of Peder Serkson Grotle and Eindride Serkson Vereide
Half brother of Øystein (Augustinus) Peterson Vereide and Eindride Petersson

Managed by: Private User
Last Updated:

About Serk Peterson Grotle

Bjørn Jonson Dale:

Det fanst to riddarar Serk først på 1300-tallet, Serk Samsonson i 1303 (DN XII-39)og Serk Peterson i 1309 (DN IX-82). Steinnes har rekna med at Serk Peterson er den samme som riddaren Serk på Austråt, nemnd både i 1309 og 1311, og jamvel riddaren Serk på Grotle, nemnd i 1315 (og i Bjørvins kalvskinn). Steinnes har, utan tvil, ikkje vore klar over at det fanst ein riddar Serk Samsonson på denne tida.Erlend Serkson i 1331 var tvillaust son av ein riddar, sidan mora var riddarenke (fru Ragna), og når han skaffa seg gods på Nordmøre, som då også omfatta Fosen (med herregardane Rein og Austråt), er det likt til at han var son av riddaren Serk på Austråt.Når Erling Vidkunson kunne bytte vekk det som godt kan ha vore eldgammalt giskegods på Nordmøre til (riddarsonen) Erlend Serkson, kan grunnen ha vore at Erlend var den 'næraste' til å ta over slikt gods, dvs at han hadde odelsrett til det.Skal vi følge Steinnes var riddaren Serk, først på Austråt og sidan på Grotle, gift med ei Ægeleif fra Austråt. Det einaste som er visst er at herr Serk på Grotle (eller kor han budde) var gift med ei Ægeleif, og at Ægeleif kan ha vore søster til Baugeid Steinarsdatter.Men riddaren Serk, som var far til Erlend Serkson i 1331, var i vissa gift med fru Ragna, som også var mor til riddarsonen Erlend Serkson, og denne Erlend kan neppe ha hatt tilhald anna enn på den tids Nordmøre, rimeligvis på Austråt, for korfor skulle han ellers bytte til seg gods i dette området?Då Steinnes i 1971 'slo fast' at riddarane Serk på Austråt, Serk på Grotle og Serk Peterson var éin og samme mann, visste han tvillaust ikkje at det i 1303 fanst ein norsk riddar Serk Samsonson. Hadde han visst dette, ville han kanskje ha vore meir varsam med påstandane sine. Når vi no har fått 'delt' herr Serk i to samtidige riddarar, er det kanskje mulig å komme vidare?Takk til Leiv Magne for 'funnet' eller påvisinga av makeskiftedokumentet fra 1331, for eg har lenge undra meg over kor Giskegodset sitt nordmørsgods blei av. At Erlend Serkson si riddarenkemor, fru Ragna, kan ha vore den samme som Erling Vidkunson si (trulig) sunnmørske 'frendkone' i 1347, Ragna Jonsdatter, er vel også mulig, men nett no klarer eg ikkje å sjå samanhengen for meg...

view all

Serk Peterson Grotle's Timeline