Siri Olsdatter Sunde

Is your surname Skadal?

Connect to 84 Skadal profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Siri Olsdatter Sunde (Skadal)

Birthdate:
Death: circa 1743
Immediate Family:

Daughter of Ole Larsen Skadal and NN
Wife of Ole Eilivsen Sunde
Sister of Jon Olsen Kleppe Sletteland; Kari Olsdatter Engebø; Synneve Olsdatter Kartveit; Barbro Olsdatter Skadal and Maren Olsdatter Skadal
Half sister of Marte Simonsdatter Hestad and Anne Simonsdatter Standnes

Managed by: Torbjørn Igelkjøn
Last Updated:

About Siri Olsdatter Sunde

Trass i eit par motstridande opplysningar er det ein del ting som tyder på at Siri Olsdtr. Sunde er identisk med Siri Olsdtr. Skadal, dotter til Ole Jonson Skadal f. Hestad og Kari Nilsdtr., død kring 1691. I skiftet etter Kari kjem det fram at ho har 3 døtre frå fyrste ekteskapet, deriblant Marite og Anne Simonsdtr. I ekteskapet med Ole hadde ho i følgje skiftet berre dottera Siri Olsdtr. Ole må då ha gifta seg att og fått resten av syskena til Siri i eit nytt ekteskap med ei til no ukjend kone. Ein legg merke til at Siri Olsdtr. Sunde har ein bror som heiter Jon (etter farfaren?), ei syster som heiter Barbro (etter farmora?) samt ei syster som heiter Kari (etter mor til Siri?). Ein legg også merke til at halvsystera, Marte Simonsdtr. har ein son som heiter Jon Larsson Hestad. Dette kan tyde på at Marte Simonsdtr. var gift med Lars Jonson Hestad, som var onkel til Siri Olsdtr. Skadal nemnd i 1691. I så fall blir Synneve Olsdtr. Kartveit og Jon Larsson Hestad syskenborn i moderne betydning (men "Sødskende Barn" slik det står i skiftet kan også bety nevø). Føresetnaden for at Siri Olsdtr. Sunde som døydde i 1743 skal vere identisk med Siri Olsdtr. Skadal nemnd 1691 er at skiftet nedanfor inneheld følgjande feil:

  • Far til Siri heitte ikkje Ole Larsson, men Ole Jonson.
  • Syskena med felles far er ikkje fullsysken, men er derimot halvsysken til Siri. Dessutan inneheld skiftet truleg ein feil til. Ektemannen til systera, Synneve er truleg Jens Hansson Kartveit, og ikkje Jens Andersson, slik det står i skiftet.

Skifte (1743): Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 13a (1742-1763), Skifteprotokollside, Side 30b-31a, høgre side.

Skifte 6/6 1743 på Sunde i Dale sokn i Fjaler (er no i Gaular) etter Siri Olsdtr. som budde og døydde same stad utan å ha etterlate seg livsarvingar. Enkjemannen, Ole Eilivson, var svak og sengeliggjande. Broren hans, Anfinn Eilivson Strandenes møtte på hans vegne. Den salige kvinna hadde følgjande (heil)sysken:

  • Jon Olsson, gift og budde på Kleppe, men er i kongeleg teneste som soldat. Kona, Siri Olsdtr. samt Ole Hansson Kleppe var tilstades på hans vegne.
  • Kari Olsdtr., g. med Jens Reinertson Engebø, er død og har etterlate seg
    • Arne Jensson, 9 år. Tenar(?) hos Arne(?) Engebø. (Formyndar: Faren, Jens Reinertson Engebø).
    • Ingeborg Jensdtr., 17 år. Tenar(?) hos Arne(?) Engebø. (Formyndar: Faren, Jens Reinertson Engebø).
    • Brita Jensdtr., 14 år. Tenar hos Erik Rivedals enke. (Formyndar: Faren, Jens Reinertson Engebø).
    • Eli Jensdtr. Tenar hos Erik Rivedals enke. (Formyndar: Faren, Jens Reinertson Engebø).
  • Synneve Olsdtr., g med Jens Andersson Kartvedt ved Bruknappen i Nordhordland, er død og har etterlate seg born, men kor mange er ukjent. Formyndar for borna: Hennar "Sødskende Barn" (nevø?), Jon Larsson Hestad.
  • Barbro Olsdtr., g. med Hans Olsen og budde i Engen i Bergen, er enkje og var tilstades saman med laugvergen, Ole Hansson Kleppe.
  • Maren Olsdtr., g. med Anders Pederson Skadal, svak av spedalsksjuke. (Ved utlodninga står det at ho er død). Alle desse fullsysken til den avdøde kvinna med felles far, Ole Larsson Skadal.

Dessutan følgjande halvsysken:

  • Marte Simonsdtr, er død og har etterlate seg
    • Jon Larsson Hestad.
    • Simon Larsson Strand, tilstades på eigne- og medarvingane sine vegne.
    • Sjur Larsson, busett i Lindås prestegjeld i Nordhordland.
    • Kari Larsdtr., g. med Peder Olsson Nordeide, Askvoll.
  • Anne Simonsdtr., død og har etterlate seg
    • Ingeri Monsdtr., g. med Ivar(?) Olsson Standnes.
    • Kari Monsdtr., g. med Knut Fossedal.
    • Anne Monsdtr., g. med Knut Nilsson Fossedal. (Halvsyskena sine born var alle myndige).
view all

Siri Olsdatter Sunde's Timeline