Tore Hansen Ørjasæter

public profile

Is your surname Ørjasæter?

Research the Ørjasæter family

Tore Hansen Ørjasæter's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Tore Hansen Ørjasæter

Birthdate: (81)
Birthplace: Skjak, Oppland, Norway
Death: February 29, 1968 (81)
Skjak, Oppland, Norway
Immediate Family:

Son of Hans Magnus Jonsson Ørjasæter and Rønnaug Toresdotter Ørjasæter
Husband of Aaslaug Ørjasæter
Father of Jo Ørjasæter; Private and Private
Brother of Private; Else Hansdotter Ørjasæter; Ragna Hansdotter Ørjasæter; Jo Hansen Ørjasæter and Hanna Marie Hansdotter Hole
Half brother of Hilma Hansdotter Ørjasæter; Rønnaug Backe; Laura Teigen; Torline Ørjasæter; Lars Hansson Ørjasæter and 4 others

Occupation: Dikter
Managed by: Private User
Last Updated:

About Tore Hansen Ørjasæter

Det var eigentleg bonde lærarsonen Tore Ørjasæter ville bli, men sjukdom i ungdomen gjorde at han måtte gje opp dette. Han tok folkehøgskule og lærarskule som han ikkje fullførte. Han busette seg i Øyer i 1921 og stifta familie der, men var mykje på heimstaden i Bråtå. Ørjasæter debuterte som forfattar i 1908 og gav ut i alt 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar. Det var med "Gudbrand Langleite" i 1913 at Ørjasæter verkeleg fekk påskjønning som forfattar. Ørjasæter omarbeidde boka saman med oppfølgjarane "Bru-millom" og "Skuggen" til ei bok, denne er rekna som eit av hovudverka i norsk dikting på 1900-talet. Han skreiv også drama og var med på å fornye norsk teater etter ein tung Ibsen-periode. Det meste av diktinga til Tore Ørjasæter har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-tallet var i oppløysing. Denne oppløysinga skapte problem både for bygdesamfunnet generelt og Ørjasæter spesielt. Eit av skodespela Tore Ørjasæter skreiv, "Jo Gjende", omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måter - og ei historie som omhandlar Ørjasæter sitt eige forhold til bygda og ætta.


http://nn.wikipedia.org/wiki/Tore_%C3%98rjas%C3%A6ter :

Tore Ørjasæter (fødd 3. mars 1886 i Bråtå i Skjåk, død 29. februar 1968) er ein norsk lyrikar. Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Hovudverket er trilogien om Gudbrand Langleite, som er eit episk verk om konflikten mellom å vere bufast og å vere fri, og mellom gammalt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn, og splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar innan lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar. Ørjasæter skreiv på nynorsk. Han tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle, og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla.

Verkliste [endre]

1908 - Ættar-arv – Lyrikk

1910 - I dalom – Lyrikk

1913 - Gudbrand Langleite – Trilogi, fyrste del

1915 - Manns kvæde – Lyrikk

1920 - Bru-millom – Trilogi, andre del

1925 - Skiringsgangen –

1927 - Skuggen – Trilogi, tredje del

1932 - Elvesong – Lyrikk

1945 - Livsens tre – Lyrikk

1948 - Christophoros – Skodespel

1949 - Den lange bryllupsreisa – Skodespel

...

Vestland Vestland [http://www.sissel.cc/vestland.html] ...

[http://www.snl.no/.nbl_biografi/Tore_%C3%98rjas%C3%A6ter/utdypning]:

Forfatter: Eirik Helleve Tore Ørjasæter, født 8. mars 1886, fødested Skjåk, Oppland, død 29. februar 1968, dødssted Lillehammer, Oppland. Forfattar. Foreldre: Lærar og gardbrukar Hans Magnus Ørjasæter (1851–1939) og Rønnaug Toresdotter Slette (1855–88). Gift 24.2.1921 med Aaslaug Skaaden (3.9.1896–27.10.1988) dotter til gardbrukar Jon (John) Johannessen Skaaden (1849–1937) og Anna Vedum (1863–1944). Svigerfar til Tordis Ørjasæter (1927–).

Tore Ørjasæter er ein av dei store gudbrandsdalsdiktarane. Han er fyrst og fremst hugsa som lyrikar, og han var ein av dei fyrste bondediktarane som levde av skrivinga.

Ørjasæter vart fødd i Skjåk, der han voks opp på garden Slette i fjellgrenda Bråtå. Far hans var frå Geiranger og var både lærar og gardbrukar. Familien stod difor i ei særstilling på fleire måtar, med fotfeste i fleire sosiale lag og i både austlands- og vestlandskulturen. Denne spenninga viser att i mykje av diktinga til Ørjasæter.

Han såg føre seg ei framtid i jordbruket og tok ivrig del i arbeidet på garden. Men som ung fekk han magesår og laut opererast på Rikshospitalet, og sjukdomen sleppte ikkje taket før mange år seinare. Med redusert helse skjøna han at han ikkje hadde noka framtid som gardbrukar, og draumen om å verta forfattar vakna i han. Seinare sa han at om han hadde hatt helse til å arbeida på garden, hadde han ikkje kome til å skriva ei einaste line.

19 år gamal reiste han til Voss for å gå folkehøgskulen til Lars Eskeland. Seinare budde han eitt år ved Gausdal folkehøgskule, der forfattaren Olav Aukrust var styrar – Ørjasæter var ikkje elev, men meir ein samtalepartnar for Aukrust. Både Eskeland og Aukrust vart viktige for Ørjasæter, og dei inspirerte han til å gjera alvor av forfattardraumane. Åra ved desse folkehøgskulane var einaste utdanninga han fekk, ved sida av eitt år ved lærarskulen i Volda. Her innsåg han gradvis at han heller burde gå kunstnarvegen, og at han ikkje ville finna seg til rette i læraryrket. Seinare illustrerte han dette ved å fortelja om då han fekk i oppgåve å rekna ut kor mykje vatn som rann gjennom to ulike røyr. Det enda med at han gjekk til skulestyraren og sa at han ikkje kom lenger enn å høyra korleis vatnet suste og klukka gjennom røyra.

Fyrste halvdelen av 1920-åra var Ørjasæter mykje på reis i Europa, men frå midten av dette tiåret vart han meir bufast. Han hadde 1921 gifta seg med Aaslaug Skaaden frå Øyer, og dei budde fyrst nokre år på heimgarden hennar. Frå 1929 fekk han statens diktarløn, og han fekk sett opp ei gamal stove på farsgarden i Skjåk. Frå 1937 vart denne stova i hovudsak brukt om somrane og i dikteperiodar, resten av året budde familien på Øyer.

Alt den fyrste hausten på Voss publiserte han det fyrste diktet sitt, i avisa Unglyden. Dei neste fem åra trykte avisa over 25 Ørjasæter-dikt, og nokre av desse kom med i debutsamlinga hans, Ættar-arv (1908). Her har han ikkje funne si eiga røyst som diktar, men me anar likevel mange av kjennemerka i diktinga hans alt i denne samlinga. Frå den neste boka, I dalom, vert naturen meir synleg i lyrikken hans, fyrst og fremst gjennom dikt knytte til høgfjellet.

Gjennombrotet som diktar kom med diktsyklusen Gudbrand Langleite, som kom i tre band og som må reknast som hovudverket til Ørjasæter. Fyrste delen kom i 1913, men syklusen vart ikkje slutta før 14 år seinare. Han rekna seg likevel ikkje som ferdig med verket, og etter nye 14 år kom diktsyklusen i ei samla og omarbeidd utgåve, der mellom anna slutten var heilt annleis: I den fyrste utgåva endar verket med at hovudpersonen døyr, medan han i den omarbeidde utgåva får leva.

Verket er innhaldsrikt og variert, og Ørjasæter vekslar mellom ulike verseformer og stilar. Livssoga til Gudbrand Langleite er den raude tråden, men verket er langt meir enn ein dikta biografi, fylt med refleksjonar og filosofiske spekulasjonar som det er. Hovudpersonen er ein bygdekunstnar som vert dregen mellom å vera kunstnar og bonde, og verket er òg ein studie av endringane i det norske landbruket og av forholdet mellom tradisjon og modernitet.

Parallelt med denne diktsyklusen arbeidde han med andre diktsamlingar. Av desse står Elvesong høgast. I denne boka møtest mange av dei sentrale linene og motiva i forfattarskapen hans, som kampen og lengten etter det harmoniske. Gjennom heile samlinga bruker Ørjasæter elva som bilete, og det gjev samlinga ein samanhengande symbolikk og ein heilskap ein ikkje finn i dei andre bøkene hans. Ein vassdrope på veg mot havet vert eit bilete på eit menneske i leitande, religiøs uro, eller eit bilete av menneska på veg gjennom livet.

Ørjasæter skreiv òg fire skodespel, men som dramatikar nådde han ikkje like høgt som i lyrikken. Det fyrste av skodespela, Jo Gjende, har mange gode episodar, men som heilskap er det ikkje vellukka. A. O. Vinje, ein av dei litterære heltane til Ørjasæter, er skriven inn i ei birolle i stykket, som hadde premiere på Det Norske Teatret 1924. I seinare skodespel, som Christophorus, er forfattaren påverka av Strindberg og Pär Lagerkvist og frå det ekspresjonistiske teateret han møtte i Tyskland i 1920-åra. I dette stykket finn me òg ein av dei store konfliktane i diktinga til Ørjasæter – korleis menneske kan verta dregne mellom motstridande krefter. Han prøvde seg som romanforfattar éin gong, med Uppheimen på Sandnes (1933).

Ørjasæter fekk fleire reisestipend, og på reisene sine hadde han mykje samkvem med forfattarar, både norske og andre, og han henta impulsar frå dei internasjonale straumane i litteraturen. Han skreiv mange reisebrev til aviser og blad, og nokre av desse vart samla i Fararen og Jonsokbrev, saman med nyskrivne artiklar. Dei to bøkene kan minna om reisebrev, men handlar meir om han som reiser enn om sjølve reisene.

Det kom mange nye bøker frå Ørjasæter i 1930- og 1940-åra, men frå 1950 gjekk det lengre tid mellom kvar bok. Han miste kontakt med dei yngre lyrikarane og dei nye trendane i lyrikken. Den siste boka hans, diktsamlinga Klårhaust, kom 1963, og høyrer ikkje med blant dei beste bøkene hans. Likevel inneheld samlinga fleire sterke dikt, som til dømes Eg er. Utetter i 1960-åra arbeidde han med eit dramatisk diktverk bygd på legenda om Ahasverus (“den evige jøde”), men dette fekk han ikkje ferdig.

Så lenge han hadde helse til det, var Ørjasæter ofte i Oslo for å møta folk, og ikkje minst for å gå i teater. Det gledde han at det framleis var interesse for diktinga hans, jamvel blant studentar og fagfolk.

Tore Ørjasæter døydde 1968, og vart gravlagd den dagen han ville fylt 82 år.

Verker EIT UTVAL Ættar-arv, dikt, 1908 I dalom, dikt, 1910 Gudbrand Langleite, dikt 1913 Jo Gjende, skodespel, 1917 Bru-millom. Gudbrand Langleite. Manndomsåra, dikt 1920 Fararen, prosastykke, 1922 Skiringsgangen. Eit draumkvæde, 1925 Skuggen. Gudbrand Langleite. Epilog, dikt 1927 Anne på Torp, skodespel, 1930 Elvesong, dikt, 1932 Uppheimen på Sandnes, forteljing, 1933 Jonsokbrev, prosastykke, 1936 Livet skal vinne, dikt, 1939 Gudbrand Langleite, samla og omarbeidd utgåve av dei tre delane, 1941, 1966 Livsens tre, dikt, 1945 Christophorus. Eit draumspel, 1948, 1962 Den lange bryllaupsreisa. Eit pasjonsspel, 1949 Ettersommar, dikt 1953 Brudekrona, skodespel, 1956 Klårhaust, dikt 1963 Den lange leid. Dikt i utval, 1966 Dikt i utval, 1970 Dikt i samling 1–2, 1986 Kilder og litteratur R. Thesen: Tore Ørjasæter. Tale i Det Norske Teatret 25. mars 1946, i SogS 1946, s. 97–103 J. A. Dale og R. Thesen (red.): Festskrift til Tore Ørjasæter på 70-årsdagen, 1956 O. Midttun: Tore Ørjasæter 70 år, i SogS 1956, s. 97–107 R. Thesen: Tore Ørjasæter og Gudbrand Langleite, i SogS 1966, s. 67–81 L. Mæhle: Etterord. Tore Ørjasæter – lyrikaren, i T. Ørjasæter: Dikt i utval, 1970, s. 178–192 O. Dalgard: Fem norske lyrikarar, 1981 L. Mæhle: biografi i NBL1, bd. 19, 1983 L. Mæhle: Tore Ørjasæter – den rotfaste fararen, 1986 I. Teigum: Diktaren den gamle – Tore Ørjasæter, i Årbok for Gudbrandsdalen, Lillehammer 1986, s. 111–120 NLH/Beyer, bd. 4, 1995 Portretter m.m. Teikning av Th. N. Lerdahl, truleg 1920-åra; p.e Oljemåleri av Otto Johansen, 1927; p.e Oljemåleri av Agnes Hiorth, 1938; p.e Bronsebyste av Svein Visted, ca. 1945; Skjåk kommunehus Teikning av Gösta Hammarlund, trykt i Dagbl. 1966; p.e Portrett av Knut Løkke-Sørensen, gravert etter foto; brukt på frimerke 1986

Fra Salmonens Koversationslexicon:

Ørjasæter, Tore, norsk Forfatter, født i Skjaak, Gudbrandsdalen, 8. Marts 1886. Ø. har udgivet en Række Digtsamlinger paa Landsmaal: »Ættararv« (1908), »I dalom« (1910), »Manns Kvæde« (1915) og »Eldringen. Utvalde dikt« (1924). Digtene er kraftige, faste og tunge; de er mandige i deres Tone af frisk Naturfølelse og Erotik, forenet med en Trang til Fordybelse og Grubleri, som ogsaa kan udarte til Kunstlethed og Uklarhed. Ø.’s store fortællende Digt »Gudbrand Langleite« (1913), fortsat i 1920 med »Brumillom«, har ogsaa sine bedste Egenskaber i Lyrikken. Et Skuespil: »Jo Gjende« (1917) blev senere opført paa Det norske Teater i Oslo; det var virkningsfuldt i sin friske Karakteristik af Hovedpersonen. »Fararen« (1922) er en Samling af mindre betydelige Prosaskildringer. (Litt.: Elster, »Ill. norsk Litteraturhistorie«, II, S. 848).

(http://runeberg.org/salmonsen/2/25/0863.html)


Tore Ørjasæter var fødd på garden Slette i Bråtågrenda i 1886. Bråtå er ei noko avsides fjellgrend, 700-800 meter over havet, opp mot skoggrensa. Dei fyrste gardsbruka, deriblant Slette, vart rydda i ålmenninga der i fyrste halvparten av 1700-talet. Far til Tore, Hans Magnus Ørjasæter, var lærar og hadde gardsbruket attåt. Han var vestlending, frå Geiranger, men var ikkje «vestlandslærar» i den klisjémessige tydinga «radikal venstre- og norskdomsmann». H.M. Ørjasæter tilhøyrde tvert i mot høgrefløya i lokal- og rikspolitikken, i krinsen rundt kyrkjesongar Ole Lund. Både Lund og Hans Magnus Ørjasæter var blant dei kristenkonservative underskrivarane av Gisle Johnsons «Opraab til Christendommens Venner i vort Land» frå 1883, som var ei sterk åtvaring mot venstrekreftene. H.M. Ørjasæter, kyrkjesongar Lund og deira fløy stod sterkt mot det framstormande venstrepartiet i Skjåk frå 1880-åra av under leiing av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen på Hyrve. Mor til Tore, Rønnaug Toresdotter Slette, hadde nær tilknyting til det haugianske lesarmiljøet i Bråtå. Ho døydde i barnefødsel i 1888, da Tore var berre to år gammal. Faren gifta seg opp att i 1890 med Guro Jakopsdotter Storlien frå Skjåk. Tore hadde fire sysken og 10 halvsysken. Tore vart sjuk i ungdomen, noko som hindra han i å ta over garden, slik han hadde hatt høve og hug til. Han budde heime til i tjueårsalderen, da han kom på folkehøgskulen til Lars Eskeland på Voss vinteren 1905-1906. Han hospiterte også eit års tid hjå Eskeland litt seinare. Da vart han personleg kjend med Arne Garborg, som han besøkte på Knudaheio, og som han mellom anna hjelpte med noko grøftingsarbeid. I 1911-1912 gjekk Ørjasæter eit år på lærarskulen i Volda, men fullførte ikkje lærarutdanninga. Han hadde debutert med ei diktsamling allereie i 1908, og vigde seg snart fullt og heilt til den litterære verksemda. Ekteskap, familie og bustader I 1913 fekk Ørjasæter eit reisestipend, som han nytta til å dra til Tyskland. Også sidan reiste og budde han mykje utanlands. I 1921 gifta han seg med Aaslaug Skaaden (1896-1988) frå Øyer. Ho var dotter til gardbrukarparet Jon Johannesen Skaaden og Anna fødd Vedum. Ekteparet Ørjasæter hadde den fyrste tida tilhald utanlands i lengre periodar. Fyrst budde dei nær Berlin, seinare i Frascati utanfor Roma. Heime i Noreg bytta dei bustader fleire gonger. Dei budde i Fåberg, Øyer, på Hvalstad i Asker (nær Arne og Hulda Garborg) og i Sandar i Vestfold, der Ørjasæter hadde ei syster med familie. Rundt 1930 fekk dei skilt ut ei tomt på hans barndomsgard Slette. Der sette dei opp ei gammal stugu frå garden, og familien budde fast der i åra 1932-1937. I denne perioden var Ørjasæter med og stifta Skjåk historielag, og var ivrig med i dette arbeidet. Han medverka mellom anna til å få reist eit monument over nybyggjarane i heimegrenda hans 200 år tidlegare. Ei anna hjartesak for han var å ta i bruk «Åstradalen» som namn på dalføret til elva Åstra, i staden for det vanleg brukte «Bråtå», som han meinte burde reserverast for grenda med det namnet. Både før og etter tida i Skjåk var familien fast busett på Skåe i Øyer, Aaslaugs barndomsheim. Men om somrane og langt utover hausten heldt Ørjasæter, med og utan familien, mykje til i huset Bråtå. Tore og Aaslaug Ørjasæter fekk tre born, Jo fødd 1925, Rønnaug fødd 1928 og Hallvard Arne fødd 1939. Kunstnarisk anerkjenning Ørjasæter vart alt tidleg anerkjent som ein av dei store lyrikarane i landet. Han fekk statens kunstnarløn fra 1929. Seinare var han lenge medlem av forfattarforeininga sitt litterære råd. I 1946, til 60-års-dagen, vart eit utval av dikta hans utgjevne som festskrift under tittelen Vilje og lagnad, og med forord av Sigrid Undset. I 1952 fekk Ørjasæter Doblougprisen . Diktinga Tore Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Han gav i alt ut 13 sjølvstendige samlingar med lyrikk. I tillegg kjem nokre utvalssamlingar og samla dikt utgjevne både medan han levde og etter hans død. Han skreiv i alt fem stykke for teater. Dertil kjem to reiseskildringar og ein roman. Siste utgjevingane hans var diktsamlinga Klårhaust (1963) og utvalde dikt i Den lange leid frå 1966.

Vestland av Tore Ørjasæter

Å Vestland, Vestland! når eg ser deg slik med fagre fjell og fjord og tronge vik, det stig i all sin venleik stort og villt og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og som det for mitt syn er dimt og dult, det opnar seg eit utsyn yndefullt; igjenom tunge sky og skoddehav den tronge dal eg skimtar skuggen av.

Det er so friskt og fritt det vide fjell, med stille votn og stride foss som fell mot fagre lid i solvind linn og ljuv, der dalen opnar seg med døkke djuv.

Og gleda strøymer i meg still og stor med glans av bjørkelid og blåe fjord. Og i meg sjølv eg kjenner dypter av den stille skogen og det blåe hav.

Eg kjenner ande av den kalde snjo som isnar underleg i barm og blod. Men enn fell solglans over grøne flæ i kalde skugge av den blåe bræ.

Den døkke skogen og dei bratte bryn seg teiknar liksom skuggar for mitt syn. Den høge himlen mot det djupe hav eit tvidrag i mi sjæl kann spegla av.

Min lette båt ein solblank kveld eg ror; sjå, fjell og himmel sym på stille fjord, og djupe dalen med det grøne fang som skin av lauv og blom frå skog og vang.

Når skuggar stig mot stille sumarnatt det enn på toppom ter seg solglans att. Um tind seg sveiper draumslør dimt og døkt når siste skimt av soli ut er sløkt.

view all

Tore Hansen Ørjasæter's Timeline

1886
March 8, 1886
Skjak, Oppland, Norway
1925
August 30, 1925
Age 39
1968
February 29, 1968
Age 81
Skjak, Oppland, Norway