
Tonstad Bakeri - historie gjennom 75 år!
av Dagny Irene T. Torsteinbø
"Peder Selmer Svensen Tonstad, født 22.1.1911, son av Sven Person Tonstad II og Siri Svensdatter
Seland, gift 23.8.1952 med Dagny Arnesdatter Gjedrem frå Bjerkreim. Busatt: Tonstad, bnr. 6,
"Ertstun". Parsellen "Ertstun" ble skildt ut frå garden, bnr. 8, "Monen" i 1936, samme år bygde Peder
Selmer Svensen Tonstad bakeri på tomta. Peder Tonstad startet opp med bakeri i leigde lokaler i
1935, men bygde eget hus året efter. Sønnen Svein Sturla overtok det hele i 1979."
Dette lærer ein om Peder Selmer Svensen Tonstad og om Tonstad Bakeir når ein les det vesle som
står i Sirdal Gard og Ætt. Vil ein lære meir om korleis det heile starta og har gått til må ein gå
grundigare til verks. Ein må prate med folk som levde då det heile starta, ein må leite i gamle papir og
dokument og forhøyre seg både her og der. Denne sida av historia til Tonstad Bakeri har fått mykje
god informasjon frå Carl Fintland, Dagny Tonstad og Svein Sturla Tonstad, folk som stod nær til Peder
Selmer og den daglege drifta av Tonstad Bakeri.
Mannen bak Tonstad Bakeri
Mannen bak Tonstad Bakeri er Peder Selmer Svensen Tonstad. Peder Selmer vart fødd 22.1.1911, han
vaks opp på Tonstad som son av Sven Person Tonstad og Siri Svensdatter Seland. Hans far var
velståande, viss ein måler etter den tida sin standard, og hadde ein ganske så stor gard med fleire
små teiger rundt på Tonstad og han hadde eige sag. Peder Selmer var nummer to i rekka etter
Malene, ein annan bror vaks ikkje opp; Peder Svensen, som var fødd i 1908, men døydde berre to år
seinare i 1910. Det skulle ha seg slik at mor til Peder, Siri, ikkje heller skulle få bli gamal som mor til
borna sine, og ein reknar med at ho òg vart teken av tuberkolosen som var ein hyppig dødsorsak
framleis på den tida. Ho døydde 9.15.1915, då var Peder Selmer berre fire år gamal og søstera hans
Malene var ni år. Berre eit år seinare gifta Sven seg på ny med Eline Kittelsdatter Eigeland, og
deretter kom det òg to nye søsken til; Einar (1917) og Synnøve (1920).
Peder Selmer gjekk på skulen på Tonstad og budde heime hjå sin far Sven fram til han vart
konfirmert, men så fort han hadde gått til presten, i 1925, så reiste han til Lindeland for å bu med
Malene og mannen hennar. Malene gifta seg med Torjei Karlsen Lindeland i 1924. Her vart den nye
"heimen" for Peder og det var hertil han reiste då han skulle "heim".
Læregut i Egersund og tilbake til Tonstad
Då Peder vart 19 år reiste han til Egersund for å vere læregut på Odvelts bakeri, der var han frå 1930-
1935. Når han så skulle heim frå Egersund på ferie eller helgetur, sykla han frå Egersund og opp til
Lindeland. Då han skulle kjøpe denne sykkelen hadde han nokre få kroner i bank som var ifrå
morsarva. Då far til Peder gifta seg på ny måtte barna dele arva og Peder fekk sin del, denne delen
brukte han på ein sykkel.
Etter tida i Egersund kom Peder tilbake til Tonstad og byrja og bake for Ring Tonstad (1935). Ring
hadde bygd seg hus på Monen i 1929 der han hadde laga til bakeri i kjellaren og drive dette nokre år.
På den tida var det fleire som laga seg bakeri i kjellaren, blandt anna Thorvald Evertsen på Ytre
Hauan hadde bakeri i kjellaren i hotellen til bror sin, Evert Evertsen. Ikkje lenger etter at Peder hadde
byrja hos Ring, så tok han over heile drifta, då slutta Ring med å bake, det same gjorde Thorvald
Evertsen og la ned sitt bakeri.
Peder arbeida heilt åleine, både baka og stod i butikken. "Butikken var i den eine enden av kjellaren,
bakeriet var i den andre enden og det var ganske fattesligt utstyrt, men han hadde dampkjele og
vedfyring", fortel Carl Fintland. "Steikeovnen gjekk på vedfyring. Når arbeidsdagen var ferdig måtte
det bærast inn ny ved som skulle bli knusk tørr til neste dag. Det blei han i ein varm bakar-ovn. Om
morgonen igjen tømde Peder ovnen for oske, før han la ny ved på plass under ovnen og satte fyr på
den, dette var grytidleg om morgenen. Vedfyring hadde han også då han flytta inn i eiget bakeri på
Ertstun. Eg hugsar ikkje når det vart elektrisk, men det var mykje arbeid med ved, mykje oppussing
av ovnen før han la inn brøda til steiking, på grunn av oska."
"Peder baka om dagen og stod på butikken om ettermiddagen og kvelden. Han hadde riktig
langåpent, der sat ungdommen og kjøpte gjerne eit wienerbrød og kosa seg og prata, og Peder var òg med", fortel Carl Fintland. Bakeriet var ein stad der folk møttes og der folk kjende seg heime. Elias og
Thorvald Evertsen, brødrene frå Ytre Hauan, var i bakeriet til alle døgnets tider. Dei "levde" i bakeriet
fortel Carl Fintland. Dei var innom for å få seg ein wienerbrødsskalk eller liknande. Det gjorde
ungdommen òg om kveldane og Peder tok hjarteleg imot. Thorvald Evertsen sat eit eige namn på
Napoleonskakene med eggekrem: "Snåttekaker".
Historia om "Sirupssnippen", fortalt av Carl Fintland: Dagfinn Fintland var ein av dei som var i bakeriet
til alle tider, og i bakeriet der stod det ei stor bøtte/tønne med sirup. Der snubla Dagfinn og landa
med baken rett i sirupsbøtta. Då kom han grinande heim fordi Peder hadde sagt, bare på spetakkel, at
han måtte betale for sirupen, og kom heim og ba Carl om å gjera opp for seg.
Carl avslutta fleire reknskap for Peder, for reknskapane var ikkje hans sterke side, og Carl hadde tatt
handelsskulen, så han kunne jussom det. Peder og Carl var tremenningar og dette slektssambandet
var veldig viktig på denne tida. "Bagariet va ein heim for åkke alle" sa Carl Fintland.
Når ein driv eit bakeri høyrer det med å få varer tilsendt frå kornprodusentar osb. Alle varene Peder
fekk kom med båten Fram, over Sirdalsvatnet frå Flekkefjord og Kristiansand. Mjølet blei kjøpt frå
Kristiansands Møller. Då Fram kom inn ved Stronda og lasta var lasta av, så var det med varene opp
på ei handkjerre og opp til bakeriet, eller "bagarie" som dei fleste Tonstadbuarane sa. Kvar dag
sendte Peder brød ut med båten Fram til Haughom, Virak og Oftedal, og ei stund sendte han til og
med brød til ein landhandel heilt ute i Osen. Då låg butikkane nede ved vatnet fordi trafikken gjekk
der. Når riksvegen kom vart begge butikkane i Haughom flytta opp til den. Det var då Isak i Netland
sin butikk og Sven Haughom sin butikk. Peder betalte både tur og retur av kassane; 50 øre per kasse
per vei, viss ikkje slarva gjerne båtføraren med å levera kassane tilbake. "Nå er frakta betalt både
fram og tilbake" pleide Peder å seie, fortel Carl Fintland.
Nytt bakeri på Ertstun i 1936
Tomta på Ertstun var arva Peder fekk av far sin Sven, difor fekk han lov til å byggje der. Tomta til hus
nr. 2 fekk han kjøpe av bror sin Einar mykje seinare, då var det meint som hus til bakarar i første
omgang, men seinare overtok sonen Svein Sturla det.
Då bakeriet skulle byggjast på Ertstun hugsar Carl Fintland veldig godt, då var det dugnad. Matjorda
som vart groven ut blei køyrt opp til Lindeland til Malene og Torjei sin gard, og det var dei som kosta
oppkøyringa. Elles var det dugnad og dugnadsfolket lessa opp bilen til Peder Feed med jord, og han
køyrde jorda der den skulle. Grusen som dei kom ned på då dei grov vart jevna ut til sjølve tomta,
deretter vart det støypt og det meste då òg på dugnad. Huset vart reist for omlag 3000 kr, det vil seie
ramma og utanom innreidning av bakeriet. Den første butikken hadde Peder i hjørnet av
produksjonslokalet i kjellaren, der er det eit konditorrom i dag, men så flytta han opp utsalet ovanpå i
huset. Dagny Tonstad fortel om heisen som gjekk frå bakeriet og opp til butikkutsalet. Då borna
hennar var små var ho så redd for at dei skulle ramle ned i heisen. Seinare flytta Peder utsalet ned
igjen, dette var i byrjinga av 60-talet, og då bygde han butikken ut i frå eit hjørne av bakeriet, der
som me kjenner til butikken i dag. Kaffistova som er i forlengelsen av butikken i dag kom ikkje opp før
i 1993.
Men før butikken blei bygd der den er i dag, så var den som sagt oppe. Dette var litt ulagelig når
Peder ikkje hadde fast betjening oppe, for i butikken der satt ungdommen og Peder måtte difor ver
der heile tida og passe på. Difor vart det då lageligare å ha butikken nede.
Butikkutsalet i Tonstad Bakeri har hatt fleire "butikkjenter" som ein kaller det, eller ekspeditørar. Dei
første butikkjentene var Haldis Bjunes Ovedal og Janna Tjørhom, og det var òg ei som heitte
Steinsskog frå Dirdal der. Under krigen var Peder si kommande svigerinne Tyra Gjedrem der. På den
tida trong ein berre ei butikkjente på arbeid om gongen og ho tok seg av utsalet i butikken. Då Peder
gifta seg med Dagny i 1952 vart det Dagny som måtte ta over butikkutsalet. Då lærde Haldis bort sine
kunnskapar om sal til Dagny og Dagny har sidan den gong vore fast betjening i butikken fram til ho
pensjonerte seg. I mellomtida og i tida etter det har det vore mange ulike jenter og damer innom, i
ulike lange periodar.
Peder hadde åpent mandag til lørdag, han var kjend for å vere ein "arbeidstræl". Carl Fintland fortel at
"det var heilt utruleg lite kontanter." Prisane på den tida var:
- Eit wienerbrød - 5 øre.
- Ei pepparnøtt - 1 øre.
- Ein fruktsnitt - 3 øre.
- Ei melkekake - 20 øre.
- Vørterbrød - 30 øre
- Brød - 30 øre.
- Grislabrøda var litt dyrare.
Brødsortane som Peder laga var grislabrød, (men dei vert ikkje laga i dag), ellers var det
grove med sirup, kneipp, franskbrød, halvfine og fine. "Han leverte alltid mat til juletrefestane;
wienerbrød og boller. Då kosta bollane 3 øre. Så det blei ikkje så mykje pengar", fortel Carl Fintland.
"Det var mange juletrefestar då, kanskje åtte-ti i romjula, minst ein kvar dag og 2. juledag var det
minst tre. Desse var frå Espetveit til Bjunes, ein kom ikkje så langt og folk hadde difor ein fest i kvar
grend. Då kom ein seg fram på enten spark eller sykkel, for dei hadde ikkje bilar, elles gjekk båten
Fram mykje."
For Peder gjekk det, tross lite kontanter i kassa, veldig godt og godt framover. Han var åleine i mange
år, men så fekk han ein læregut, Samuel Tonstad. Samuel var med han nokre år og ein gong blei dei
einsamde om å drive bakeriet i lag. Så hadde dei far til Samuel, Adolf, til å føre reknskap og stell, og
dei dreiv i lag for ei stund. Dette gjekk ikkje så veldig godt diverre, så det vart brudd og Carl Fintland
fekk då i oppdrag i å gjere opp dette reknskapet fordi, dei måtte ha ein nøytral i saka til det.
Oppgjeret gjekk greit og så vart det Peder åleine igjen, men så peisa han i veg og det gjekk godt for
han kvart år.
Nokre læregutar som var med og baka i lag med Peder:
- Gabriel Josdal var med på slutten av 50-talet.
- Bård Tonstad var med frå 1963, men berre i ett eller to år.
- Anders Tonstad var med i fleire år frå han var 16 år, i 1964 og framover. Mellom 1972-1975 dreiv
Anders bakeriet då Peder var sjukemeldt, deretter var han borte i tre år før han haldt fram i lag med
Svein Sturla. Rune Tonstad var med Anders ein liten periode då han dreiv mellom 72 og 75.
- Svein Sturla Tonstad byrja å bake i 1975.
I 1972 var det brann i bakeriet ein tidleg søndags morgon rett før jul. Då var det brannutrykning på
Tonstad og etter dette måtte Peder totalrenovera heile bakeriet. I 1976 utvida bakeriet med ein ny
ovn slik at produksjonen kunne auke. På den tida produserte bakarane ei gong 5000 brød på eit døgn.
Ny generasjon bakarar
I 1975 tok sonen Svein Sturla over bakeriet og drifta av den, men offisielt tok han over i 1979. Då
hadde Peder baka i nesten 50 år og hadde nådd ein alder på 70 år. Drifta av Tonstad Bakeri hadde på
desse 50 åra endra seg mykje, både når det gjaldt drift, omsetjing, produkt og ansatte. Svein Sturla
har hatt mange lærlingar i tida han har drive bakeriet. Fram til i dag, 2010, har han hatt omlag 10
lærlingar som har teke svennebrevet i bakeriet. Desse lærlingane har altså fått seg svennebrev som
handverksbakarar og ikkje industribakarar, det er ein vesentleg forskjell. Mange bakeri i dag har gått
vekk i frå handverket og har meir og meir industrielle maskinar, dette gjeld ikkje Tonstad Bakeri.
Etter drifta av bakeriet blei teken over av Svein Sturla er det mykje som har endra seg og nye produkt
har kome til. I 1981 gifta han seg med Borghild Bøhn frå Steinsdalen, og då kom blandt anna
kanelbollen inn i produksjonen. Borghild hadde gode minner frå Hardangerbakeriet om kanelbollen,
men når Svein Sturla byrja å lage den, då vart den mykje betre. Svein Sturla og Borghild har fem
born, ein gut og fire jenter. Alle ungane har vore med i utsalg og produksjonen ettersom dei vaks til.
Frå dei var veldig små har dei vore med både farfar, farmor, far og mor i bakeriet. Det å kunne elte
deigen riktig har vore like naturleg å lære seg så som å lære seg andre ting, det har kome godt med
når far treng ein vikar i all hast og i dag har ei av døtrene til og med skule som bakar.
Den moderne drifta av Tonstad Bakeri kan omtalas som travel, omfattande og innhaldsrik. Mange folk
er i arbeid og varene skal ikkje berre selgjast til bebuarane på Tonstad. Tonstad Bakeri sender i dag
varer til Gyland, Tjørhom, Suleskar, Sirekrok og mange andre stadar. Folk kjem langreisande for å
kjøpe dei berømte brøda og den gode kavringen. Dei siste åra har det vore omlag seks årsverk i
bedrifta, innbefatta sommarhjelp, helgehjelp og faste ansatte. Dette er godt til å vere ei slik "lita"
bedrift som Tonstad Bakeri synest å vere på utsida. Dagens sortiment er anleis enn den var for 70 år
sidan, det er større og breiare, bakarane held seg oppdatert for å følgje tida, og ein finn noko om ein
likar det enten søtt eller sunt. Ei anna sak er korleis bakeriet vil halde seg i tida som kjem,- kven vil ta
over og føre historia vidare til nye generasjonar,- og korleis dette skal skje? Uansett, i 2011 feirer
Tonstad Bakeri 75 års jubileum, det er ein milepæl for bedrifta, men òg ei heder til han som la den
første steinen; Peder Selmer, som tross sitt ringe utgangspunkt, men med sin gode vilje, sitt
pågangsmot og sitt lune lag, fekk det til.
2012:
Bakeriet flytta frå Erstun i 2012. Då hadde Svein Sturla kjøpt den gamle tomta til Ousdal Hotell, og bygde nytt bakeri der, med terrasse og parkeringskjeller. Leiligheter ovanfor sjølve bakeriet. Bygginga starta i 2010/2011 og over natta 22.juni blei butikk og produksjon flytta bort til Tonstadvegen 20a.
Ryktet spreidde seg som ild i tørt gras og køen stod langt ut på vegen.
23.juli var det opningsfest med Oldemor Dagny som klyppa snora og ordføraren var med blomar og fine ord. Oldebarna Svein Mathias, Nora, Ola Tobias og Hanna Amalie var med. Det var mykje folk til stades.
I butikken arbeidde då Ausra, Tone Lise og Gretha. Elfrida og Anny slutta etter mange års arbeid i bakeriet.
I tida etterpå var det fleire innom i butikkutsalet.
2021: Den rosa isbua
2023: Butikken: Gretha Hompland, Merete Gjedrem (fram til april), Anette Josdal. Selamat Tesgay arbeider så mykje han kan medan han er lærling på Sirdalsheimen.
I bakeriet er bakar André Trædal, lærling Jimmy Høiland (frå august 2022) og Borghild og Svein Sturla. Dagny Irene arbeider som konditor og arbeidsansvarleg. Anna Tamasiova er reinhalder. I helger og ferier er det fleire ungdommar som hjelper til med arbeidet.