Jacob Livius Borch Petersen Sverdrup (1775 - 1841) MP

‹ Back to Sverdrup surname

View Jacob Livius Borch Petersen Sverdrup's complete profile:

  • See if you are related to Jacob Livius Borch Petersen Sverdrup
  • Request to view Jacob Livius Borch Petersen Sverdrup's family tree

Share

Birthplace: Lauga, Nærøy, Nord-Trøndelag, Norway
Death: Died in Larvik, Larvik, Vestfold, Norway
Occupation: Overlærer Kongsberg Landbrugsskole
Managed by: Stein Djupmork
Last Updated:

About Jacob Livius Borch Petersen Sverdrup

Jacob Livius Borch Sverdrup, Landbruksskulepioner, pedagog, jordbrukar og verksstyrar.

Foreldre: Proprietær Peter Jacob Sverdrup (1728–95) og Hilleborg Margrethe Schultz (1743–1828). Gift 1) 19.8.1801 i København med Gundelle Birgitte Jean (også Siang, Schang el. Schanch) (1.2.1780–22.12.1820), dotter til krovert Johannes Jean og Kajsa Margrethe Hedin; 2) 22.3.1826 i Borre med Nicolea (“Nicoline”) Elisabeth Schjelderup (5.12.1789–18.10.1840), dotter til skipsførar Fredrik Anton Schjelderup (1737–1802) og Helle Andrea Harris (1757–1807). Brorson til Jørgen Jørgensen Sverdrup (1732–1810; sjå NBL1, bd. 15); bror til Georg Sverdrup (1770–1850); far til Harald Ulrik Sverdrup (1813–91; sjå NBL1, bd. 15) og Johan Sverdrup (1816–92); farfar til Jakob Liv Rosted Sverdrup (1845–99), Harald Ulrik Sverdrup (1846–1916; sjå NBL1, bd. 15), Georg Sverdrup (1848–1907) og Edvard Sverdrup (1861–1923); morfar til Jonas Smitt (1836–1905); farfars far til Jakob Sverdrup (1881–1938; sjå NBL1, bd. 15), Georg Johan Sverdrup (1885–1951; sjå sst.), Harald Ulrik Sverdrup (1888–1957) og Leif Sverdrup (1898–1976); farfars farfar til Erling Sverdrup (1917–94) og Harald Sverdrup (1923–92).

Jacob Sverdrup var ein pioner på fleire område innafor norsk landbruk. Han starta og dreiv den første landbruksskulen her i landet 1825–36 og arbeidde for å innføre nye og meir effektive reiskapar. Han utgav òg ei rekkje opplysingsskrifter om landbruksfaglege spørsmål.

Sverdrup voks opp på Laugen i Nærøy, som var hovudgard i familien sitt store jordegods. Han fekk privatundervising i fire år hjå presten H. D. Kjeldal i Sparbu før han 1792 vart elev ved latinskulen i Trondheim. Derfrå vart han 1794 dimittert til universitetet i København, der han tok examen artium 1795 og seinare studerte historie, språk og botanikk. Han arbeidde som privatlærar, først og fremst i botanikk, i nokre år og var deretter lærar og inspektør ved F. C. Schouboes Institut i København 1804–06.

Frå 1807 til 1812 var Sverdrup overlærar og styrar ved Kongsberg skule. Tida på Kongsberg fall saman med den særs vanskelege krigs- og blokadeperioden under napoleonskrigane og fleire misvekstår i jordbruket. For eigen del tok Sverdrup i bruk løkkejord som høyrde til skulen og praktiserte hage- og husdyrbruk eksemplarisk. Dette vart lagt merke til i distriktet – også av grev Herman Wedel Jarlsberg, som var amtmann i Buskerud på denne tida. Han overtok Jarlsberg hovedgård 1811 og såg eit klart behov for å rusta opp det store jordegodset. Sverdrup fekk tilbod om å ta over forvaltarstillinga. Han aksepterte, søkte avskil frå skuleembetet og tok over ansvaret for godsforvaltinga 1812.

På Jarlsberg sette Sverdrup i gang grøftings- og nydyrkingsarbeid, innførte vekstskifte i åkerbruket og la om husdyrbruket frå slaktefe- til mjølkeproduksjon. 1815 slo han saman ein ledig leiglendingsgard nær hovudgarden med fleire husmannsplassar til sommarbeite eller “seter”, der han også innretta eit ysteri. Her er opphavet til merkenamnet Jarlsbergost.

Med hjelp frå grev Wedel Jarlsberg kjøpte Sverdrup garden nedre Sem i Borre 1825. Her oppretta han same året eit “Agerbrugs-Seminar”. Det var den første landbruksskulen i Skandinavia; tilsvarande pionertiltak i Sverige og Danmark kom først 1834 og 1837. Alt frå 1819 hadde Sverdrup pakta grannegarden Rise, som låg under Jarlsberg-godset. Sonen Peter Jacob hadde driftsansvaret på Rise frå 1820 og forpaktinga frå 1826. Rise vart ein del av praksisfeltet til landbruksskulen, og sonen vart medlærar frå 1827.

Ulikt dei tilsvarande institusjonane i andre land var seminaret på Sem mynta på vanlege bondegutar, ikkje primært elevar frå kondisjonerte krinsar. På denne tida var skrive- og reknekunna framleis mangelfull blant bondeungdom flest, og Sverdrup meinte jamvel at dei norske bondeelevane knapt nok var mottakelege for bokleg lærdom. Dette var ein viktig bakgrunn for at han la lita vekt på teoriundervisinga ved skulen; tyngdepunktet låg i den praktiske opplæringa. Denne undervisingsprofilen samhøvde også med Sverdrup si eiga praktiske orientering og tekniske talent.

Sverdrup var ein pioner i utviklinga av norsk reiskapskultur. Først og fremst galdt det åkerreiskapane, som etter hans syn spelte ei avgjerande rolle for haustutbytet ved sida av gjødslinga. For å setja elevane ved skulen i stand til sjølve å framstilla effektive reiskapar fekk han statsstøtte til å føra opp og utrusta ein reiskapsverkstad med modellar ved skulen. Dermed sette han eit mønster for landbruksundervisinga i eit halvt hundreår framover: Til kvar landbruksskule skulle det høyra ei smie og ein snekkarverkstad. I verkstaden på Sem dreiv Sverdrup utprøvingar og konstruksjonsverksemd over ein breid reiskapsskala. Først og fremst prøvde han ut fleire utalandske plogtypar og bygde eigne på dette grunnlaget. Han konstruerte også sin eigen modell av ei handtreskemaskin og ein ny type labbeharv.

Sverdrup delte ny fagkunskap med ålmenta ved ei rik publisistverksemd gjennom mange år. Universitetsstudia i språk og naturvitskap sette han i stand til å halda seg ajour med faglitteratur på tysk og engelsk, ikkje minst skriftene til Albrecht Thaer, grunnleggjaren av den første tyske landbruksskulen (1805). 1819–20 gav Sverdrup ut skriftserien Oeconomiske Annaler. Deretter følgde fleire mindre brosjyrer, 1828–32 gav han ut Magazin for Landmanden, og 1832–34 kom Lærebog i den norske Landhuusholdning. 1836 kom første band av Chemie for Landmænd, som ikkje vart fullført, og 1837–39 redigerte han landbruksbladet Den erfarne Landmand. I tillegg omfatta opplysingsverksemda hans ei rad med avisartiklar.

1835 tok Sverdrup over stillinga som styrar ved Fritzøe jernverk og Larvik grevskap for eigaren, F. W. Treschow, som var svoger til Sverdrups bror Georg. Året etter avslo Stortinget vidare løyvingar til drifta av landbruksskulen på Sem, dels med den grunngjevinga at Sverdrup hadde “overtaget en anden betydelig Betjening”. Dermed vart skulen nedlagd. I dei fem åra Sverdrup verka som godsforvaltar, fekk han gode arbeidsvilkår. Ved jarnverket sette han i gang tilverking av landbruksreiskapar, han sørgde for kontinuerlege utbetringar av drifta ved godset, og han tok imot ungdom til opplæring.

Sverdrup døydde 1841, men verket hans levde vidare. På Rise heldt sonen Peter fram med landbruksundervisinga som privatskule til 1848, då det offentlege tok over driftsansvaret. Det same året som Sem-skulen vart nedlagd, oppretta ein av dei tidlegare elevane ein privat landbruksskule i Lier, Buskerud. Desse første skulane verka mønsterdannande for dei mange landbruksskulane som det offentlege – amt og stat i fellesskap – etablerte i 1840- og 1850-åra. Styrarar og lærarar ved desse skulane var anten agronomar frå Sem, Rise eller Lier, eller dei søkte dit for å læra ved sida av studieopphald i utlandet. Dottersonen Jonas Smitt følgde også i morfarens fotspor som reformator av norsk landbruk; han vart 1877 landets første landbruksdirektør.

Ved 100-årsjubileet for dei norske landbruksskulane 1925 vart det avduka ei byste av Jacob Sverdrup ved Norges landbrukshøgskole på Ås.

Verker

EIT UTVAL

  • Utg. Oeconomiske Annaler, 1819–20
  • Botanisk-oeconomisk Afhandling om Rugen, 1823
  • Anviisning til at koge Sirup og Sukker af Kartoffel-Stivelse, 1824
  • Det første en Landmand behøver at vide for at drive Jordbruget, 1825
  • Om Jordsmonnet, 1827
  • utg. Magazin for Landmanden, 7 bd., 1828–32
  • Lærebog i den norske Landhuusholdning, 2 bd., 1832–34 (3. opplag 1849)
  • Chemie for Landmænd, bd. 1 (det einaste som kom ut), 1836
  • utg. Den erfarne Landmand, Arendal 1837–39 (2. opplag 1844)

Kilder og litteratur

  • Norsk biografisk leksikon: Jacob Sverdrup
  • English Wikipedia: Jacob Liv Borch Sverdrup
  • ofstad.info: Jacob Livius Borch Sverdrup
  • vestraat.net: Jacob Liv Borch Sverdrup
  • NFL, bd. 5, 1901
  • H. Koht: Johan Sverdrup, bd. 1, 1918
  • S. H. Finne-Grønn: Slegten Sverdrup, 1923, s. 65–69
  • S. Hasund: Vårt landbruks historie, 1932
  • F. Valen-Sendstad: Norske landbruksredskaper. 1800–1850-årene, Lillehammer 1964
  • P. Borgedal: biografi i NBL1, bd. 15, 1966
  • B. Gjerdåker: Kontinuitet og modernitet, bd. 3 i Norges landbrukshistorie, 2002

Portretter m.m.

  • Måleri (brystbilete) truleg av Peter Petersen, ca. 1830; NLH, Ås
  • Byste (bronse) av Gustav Lærum, 1925; NLH
view all 21

Jacob Livius Borch Sverdrup's Timeline

1775
February 8, 1775
Nærøy, Nord-Trøndelag, Norway
1802
August 19, 1802
Age 27
København, København, Hovedstaden, Denmark
November 27, 1802
Age 27
Copenhagen, København, Capital Region of Denmark, Denmark
1806
1806
Age 30
1809
May 25, 1809
Age 34
Kongsberg, Buskerud, Norge
1810
1810
Age 34
1813
February 18, 1813
Age 38
Kongsberg, Buskerud, Norge
1816
July 30, 1816
Age 41
Tønsberg, Vestfold, Norway
1820
December 11, 1820
Age 45
Sem, Vestfold, Norge
1826
March 22, 1826
Age 51
Horten, Vestfold, Norway