Åse Gruda Skard

Is your surname Skard?

Research the Skard family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Åse Gruda Skard (Koht)

Birthdate:
Birthplace: Oslo, Norway
Death: August 13, 1985 (79)
Barum, Norway
Immediate Family:

Daughter of Halvdan Koht; Karen Elisabeth Koht and Private
Wife of Sigmund Skard
Mother of Private; Målfrid Grude Flekkøy; Private; Private and Private
Sister of Ivar Grude Koht and Paul Grude Koht

Occupation: Barnepsykolog og kvinnesakskvinne
Managed by: Private User
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Åse Gruda Skard

http://www.snl.no/.nbl_biografi/%C3%85se_Gruda_Skard/utdypning http://nn.wikipedia.org/wiki/%C3%85se_Gruda_Skard

Åse Gruda Skard (2. desember 1905–13. august 1985), fødd Koht, var ein norsk barnepsykolog og forkjempar for kvinnesaka frå Oslo. Skard vart den første kvinna i landet som oppnådde magistergrad i psykologi i 1931 ved Universitetet i Oslo, og fekk tilnamnet «hele Norges bestemor».

Foreldra hennar var Karen Grude Koht og Halvdan Koht. Ho vart i 1933 gift med litteraturforskaren Sigmund Skard. Saman fekk dei fem barn, mellom dei Halvdan Skard, Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy.

Åse Gruda Skard arbeidde i over tretti år som dosent i barnepsykologi ved Universitetet i Oslo (1947–1973). I 1934 etablerte ho Norsk Psykologiforening og sat som leiar frå 1945 til 1949. Under andre verdskrigen arbeidde ho ved Wilson College i USA, der ho mellom anna tala Noreg si sak. Ho var redaktør for Norsk Pedagogisk Tidsskrift i åra 1936–1973, med alt redaksjonelt stoff på nynorsk, og ho var barnebokkonsulent for både Noregs Boklag og Det Norske Samlaget frå 1946. Ho publiserte fagbøker på begge målformer, og den fyrste boka hennar, Pedagogisk psykologi frå 1935, skreiv ho saman med mora.

Gjennom ei rad føredrag, over to tusen artiklar og tjuefire fagbøker, var ho ein viktig meiningsdannar i Noreg etter krigen. I boka Ungene våre (1948) talar ho for korleis den moderne familien skal la meiningane til ungane koma fram i større grad. Ho tala til Norsk Kvinnesaksforening om kor viktig det var at kvinner i større grad nytta dei ulike sjansane samfunnet bydde på (1953).

Som forkjempar for born sine rettar bidrog Skard til opprettinga av eit nasjonalt barneombod. Ho kan seiast å vera den første norske mediapsykologen. I ei årrekkje sat ho i Kringkastingsrådet for NRK, der ho var sterk pådrivar for programmet Foreldrenes Kvarter, Barnetimen for de minste og Lørdagsbarnetimen. Ho medverka òg i tv-serien Mattis.

Åsa Grude Skard vart tildelt Forskningsrådets pris for popularisering av psykologisk vitskap i 1976. I 2005 oppretta Norsk Psykologiforening ein pris til hennar minne: Åse Gruda Skards pris. Ho er avbilda på eit norsk frimerke (NK1561).

view all

Åse Gruda Skard's Timeline

1905
December 2, 1905
Oslo, Norway
1936
November 29, 1936
Oslo, Oslo, Norway
1985
August 13, 1985
Age 79
Barum, Norway
August 17, 1985
Age 79