Amund Olufsson Lote

Is your surname Lote?

Research the Lote family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Amund Olufsson Lote

Nordfjord fraa gamle dager til no. Del 2 3 2 : Innvik - Stryn Dei einskilde bygder Dei einskilde bygder: Det er lite heldes ein høyrer um Hopland fraa middelalderen. Baade segn og anna tyder likevel paa, at her i gamall tid budde høgvyrde og mektige folk. I ei aastadssak um Brattestødi vert det prova, at Brattestød og eigni sunnani fjorden hadde legi til Hopland i lenger tid enn 6 ættarledd, som daa vart upprekna soleis: 1. Olaf Hardbog, 2 (sonen) Baard Olson, 3 (versonen?) Sjurd Torson, 4. (sonen) Oluf Sjurdson, 5. (sonen) Oluf Olson, 6 (sonen) Rasmus Olson: Den sistnemnde var daa brukar paa garden. Ættefaren Oluf Hardbog maa soleis vera fødd fyre aar 1400. Dei to sistnemde i ættetalet kjenner ein fraa andre gamle dokumenter og. Rasmus er nemnd i skattemanntalet i 1563. Oluf, faren hans, vart halde arvebyte etter, 23. april 1590. Av bytebrevet ser ein, at Oluf Olson og kona hans, Guri Olsdotter, som daa beggje (for lenge sidan) var døde, hadde vore uvanleg velhaldne. Av jordegods aatte dei ialt 6 1/2 laup, som daa vart bytt soleis, at kvar av dei fire sønerne fekk setebol på 1 laup, og kvar av dei 5 døtrerne fekk 1/2 laup: Dei fire systrorne vart sett attaat kvar sin bror i jordebytet; men femte systeri vart sett aaleine. Borni fekk ervebytet sitt soleis: Den eldste sonen Rasmus sin enkje og to born fekk 1 laup i hovedbølet Hopland med "anpart i to underliggende ødegaarder" (Aaland og Lutseiga), og hertil 1/4 laup i "Diubesteen" og 1/4 laup i Kirkeid, og dei skulle hava med seg paa sin part eldste systeri Beritte, som vart tillagd dei to kvartlaupene i Diubesteen og Kirkeid. Andre sonen Amund fekk saman med systeri Synnøve 1 1/2 laup i Lote. Tredje sonen Harald si enkje og born saman med systeri Ingeborg fekk 1 1/2 laup i Holmøyene, og fjerde systkinnpar Steffen og Ragnhild fekk 1/2 laup i Melheim, 1/2 laup i Midtgjeld, 1/4 laup i Lotsberg og 1/2 pund i Lyslo, og for dei 6 merke som vanta, meinte retten, at parten i Mleheim gjorde god skjel. Femte systeri Karin fekk 1/4 laup i Berge i Uppstryn, og 1/4 laup i Hundvik. Dei systkinn, som ingen skog hadde, skulde hava "økseburd" (skogbruk) i sameign i Holmeskogen nordani fjellet, soleis som foreldri fyrr hadde skipa det. Det er likt til, at det hadde vori usemja millom systkinni; difor laut retten, lensmann Kristen Rygg, med 10 lagrettemenn fraa Gloppen, tilsette hertil av futen Kr. Pepler, byta imillom dei.