Matching family tree profiles for Anna Kristensdotter (Lemvik Fuhr)
Immediate Family
-
husband
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
husband
-
mother
-
brother
About Anna Kristensdotter (Lemvik Fuhr)
Anna Christensdatter, af Ylvisåker= "Oppkalt etter bestemora?
Anna Christensdotter, f. 25.12.1642, -- Anna Christensdotter gifte seg første gongen kring 1666 med enkjemannen Jens Torbjørnson, son av lensmann Torbjørn Jensson (Holst) og kona Karen på Fardal i Sogndal og f. der kring 1620.
Jens Torbjørnson hadde for vore gift med Bertha Ellingsdotter, lensmannsdotter frå Øyre i Sogndal, og likeins med ei Margretha Thomasdotter. Han hadde ein med første kona og to døtrer med den andre. Alt i 1640-åri busette
Jens Torbjørnson seg som gardbrukar på Ylvisåker i Sogndal, og der vart han buande levetidi ut. Han d. i Sogndal kring 1684, og Anna gifte seg att kring 1685 med em Ole Larsson som var f. 2.2.1660. Han vart lensmann i Norum i Sogndal, og han og Anna heldt fram med bruket på Ylvisåker.
Anna vart gravlagd frå Ylvisåker i Sogndal 30.4.1704, medan Ole Larsson vart gravlagd 4.5.1704.
Anna Christensdotter fekk i alt fem born, alle var frå første ekteskapet:
a. Christi Jensdotter, f. i Sogndal kring 1668, vart gravlagd frå Berdal i Leikanger 17.9.1730. Ho gifte seg første gongen kring 1684 med Anfind Sjurson frå Berdal i Leikanger der han var f. kring 1639. Han d. i Leikanger kring 1701, og Christi gifte seg att i Leikanger 8.1.1702 med Nils Olson frå Hopperstad i Vik. Han var f. i Vik kring 1675 og vart gravlagd frå Berdal i Leikanger 3.8.1743. Både Anfind og Nils var gardbrukarar på Berdal i Leikanger, ein hin. Christi fekk i alt åtte born, fire med kvar av dei to ektemakane.
b. Christen Jensson, f. i Sogndal kring 1671, d. på Målsnes i Kvamsøy, Vik i 1752. Han gifte seg kring 1695 med enkja Eli Larsdotter frå Indre Slinde i Sogndal der ho var f. kring 1661. Ho d. på Målsnes i 1743. Christen vart eigar av ein av heimgarden på Ylvisåker, men var sjølv gardbrukar på Målsnes i Kvamsøy, Vik og budde der. Han og Eli fekk fem born.
c. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal kring 1675, vart truleg og gift i nabolaget i Sogndal, men førebels har me ingen opplysningar om lagnaden hennar.
d. Peder Jensson, f. i Sogndal kring 1684, d. truleg i Sogndal kring 1745. Han gifte seg i Sogndal 2.2.1706 med Britha SØrensdotter frå Skarsbø i Sogndal, ei dotterdotter av gardbrukardotteri Siri Pedersdotter frå Skildeim (1633-1699). Britha var f. i Sogndal kring 1685 og vart gravlagd frå Ylvisåker i Sogndal 5.2.1741. Peder og Britha tok over ein av heimgarden hans på Ylvisåker i Sogndal og vart buande der levetidi ut. Dei fekk to born.
e. Mari Jensdotter (1683-1733), vart gift første gongen med gardbrukar Peder Jensson på Fimreite i Sogndal (1670-1728) og sidan attgift med gardbrukar Mons Erikson Klingenberg på Elvetun i Hafslo (1696-1748) (s.d.). {s 655]
Anna Kristensdotter (Lemvik Fuhr)'s Timeline
1642 |
December 25, 1642
|
Fuhr, Luster, Sogn & Fjordane, Norway
|
|
1668 |
1668
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|
|
1670 |
1670
|
||
1670
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|
||
1675 |
1675
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|
|
1683 |
1683
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|
|
1684 |
1684
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|
|
1704 |
April 30, 1704
Age 61
|
Ylvisåker, Sogndal, Sogn & Fjordane, Norway
|