![](https://www.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1663096396)
![](https://www.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1663096396)
public profile
I Folketellingen den 1 februar 1801 er Anne Knutsdatter Midgård oppført som tjener i husholdningen til Tore Knutsen Midgård og Johanne Olsdatter på Knivsflå, Geiranger. Tienestepige og huusbonds søster
Sunnylven og Geiranger II, s. 408
Kor lenge Anne held fram å bu her som enkje, veit vi ikkje, men det har vore sagt at det var i årevis. Ho var ei dugande og tenkt kvinne, og med god hjelp av borna, gjekk det. Borna sog ho seg elles nøydd til å setje vekk så snart dei kunne tene sitt brød.
Borna vart ikkje fødde på Timbjørgane, for det vart ikkje å lite på at det kunne hentast jordmor dit når det trongst, så når Anne venta seg, måtte ho inn til Hellesylt, og ho vart der til barnet var født og til det var kristna.
Anne kom på omgåande legd på sine gamle dagar. I forfattaren si tid var det mange som mintest at denne blide gamle kona var hos dei. Ho døydde i 1872, 90 år g.
Sunnylven og Geiranger II, Gårdsbeskrivelse Timbjørgane
Bjørnane var nærsøkne her på Timbjørgane. I dei 50 åra her var folkelaust før Arne og Anne kom her, hadde visstnok bjørn halde seg her og hatt hi i vintrane. Ein gammal grå-ålete som var så trå å søkje til husa, trudde dei måtte vere fødd her, så han heldt husa for heimen sin. Arne hadde børse og skaut ofte skræmmekot mot dei. Anne fortalde at ho og løyste skot etter dei. Ho hadde forresten ein stor hund som jaga bjørnen vekk. Dørene til fehusa hadde Anne kledd tjukke og sett kvasse piggar i, så bjørnen ikkje kunne kome til og slå dei inn.
Det er elles mange forteljingar om Anne og gutane som møtte bjørnar, men som er venteleg dikt - Det vert såleis fortalt at bjørnen kom og ville inn i stova ein julaftan medan Anne held på å brese steika.
Folk meinte bjørnen måtte ha frose eller isa ut or hiet. Han prøvde fyrst å slå sund utdøra, og Anne var ute og kasta gloande brandar etter han, og hunden heldt eit felt leven med han. Men rett som det var fekk dei sjå bjørnehovudet i ljoren. Han hadde kome seg opp på taket og låg gløste og kjende på den gode lukta av julesteika.
1782 |
1782
|
Geiranger, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
|
|
1812 |
1812
|
Sunnylven, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1814 |
1814
|
||
1817 |
1817
|
||
1819 |
1819
|
Geiranger, Møre Og Romsdal
|
|
1822 |
1822
|
||
1824 |
1824
|
||
1872 |
April 23, 1872
Age 90
|
Humblung, Geiranger, Møre og Romsdal
|
|
April 26, 1872
Age 90
|
Geiranger, Møre Og Romsdal
|