Endre Helgesen Myglestøl

Is your surname Myglestøl?

Research the Myglestøl family

Endre Helgesen Myglestøl's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Endre Helgesen Myglestøl

https://www.nb.no/items/6fc9c1daeebd2d4a67b5ccd097c3fa03?page=123&s...

I 1655/56 blei Endre Møglestøl bøtelagd for leiermål med kona før bryllaupet. Seinare budde familien i fleire år på Brådland, men i 1682 og 1684 hadde dei tilhald på Egeland - uvisst kvar. Kort etter flytta dei til Myglestøl, og i 1701 dreiv Endre halve garden. Forholda innan familien var nok ikkje alltid så godt. Tingbøkene fortel om slagsmålsakar mellom brørne Endre og Tosten i 1687 og 1690. I 1692 var dessuten Endre stevna inn på tinget av sin gamle mor, Torborg Møglestøl, fordi han i to år ikkje hadde ville skaffe ho sin del av føderådet hennar. Etter semje mellom søskna hadde Endre forplikta seg til å forsyne ho med 1 1/2 tønne mjøl årleg. Partane vart forlikte om at Endre skulle gje mora 1/2 rdl for dei to siste åra, og for framtida skulle Endre og Tosten i fellesskap syte for oppsetninga hennar. Endre Helgesen døydde tidleg på 1700-talet, og i 1709 vart det skifta etter enka Anna Guttormsdtr. Buet eigde då 1 eng. pantegods og 1 eng. odelsgods i Myglestøl. Bruket vart overteke av sonen.