Matching family tree profiles for Gjertrud Torgersdotter Kløgtved
Immediate Family
-
husband
-
father
-
mother
-
sister
-
brother
-
sister
-
sister
-
sister
About Gjertrud Torgersdotter Kløgtved
Bjerkreimboka: folket og eigedomane gjennom dei siste fem hundre åra. 3, s. 1971: Torger Olsson og Guri Mauritsdotter Røysland søre: Dei gifta seg 17.10.1717 (trulova 25.12.1716 i Helleland). Torger var f. kr. 1691 og d. 82 år gamal Han vart jordfesta 18.10.1772. Guri var f. kr. 1696 på Fjermedal og budde på Røysland søre då ho gifta seg. Dette var truleg den Guri Kløgetvedt som døydde 85 år gamal og som vart jordfesta 21.9.1777. Dei heldt skifte med barna 30.3.1772. Joren, syster til Guri, gifta seg med Nils, farbror til Torger.
Torger og Guri budde på Solberg og fekk fem barn der mellom 1721 og 1730. Me skulle tru at dei fekk to søner med namna Ole og Maurits før 1721, men dess finst ikkje i kyrkjeboka for Bjerkreim eller Helleland. Ingen barn med desse namna døydde i Bjerkreim.
Våren 1732 flytte dei til heimen til Guri på Røysland søre. Dei overtok bruket der etter halvbror hennar, ikkje etter Lars, bror til Torger. Lars og kona Joren flytte nemleg heim til Kløgetvedt om lag 1727. Torger og Guri flytte heim til Kløgetvedt etter at både Lars og Joren var døde, Joren i 1745. Då andre ektemannen hennar, Asbjørn Olsson, gifta seg igjen, bytte han og Torger gardsbruk. Asbjørn Olsson og Joren flytte til Røysland og Torger og Guri flytta hit.
Torger åtte berre halvparten av bruksparten. Den andre halvarten åtte Asbjørn Olsson sine stebarn, m.a.o. barna til bror til Torger.
i 1758 var dei fire yngste døtrene heime. Då hadde dei tenaren Torger Nilsson, 24 år og soldat. I 1768 var dottera Guro tenar heime saman med systersonen Christopher Mikkelson.
Barn:
- 1. Mallina f. på Solberg, døypt 29.9.1721, gift fyrste gong 1743 frå Røysland med Mikkel Kristofferson Odland, gift andre gong 1749 med Thosten Torstenson Steinsland. Budde ei tid på Hustoft og i Gravdal.
- 2: Torgier f. på Solberg, døypt 21.11.1723, gift 1746 med syskenbarnet sitt, Berete Larsdatter. Budde på Sagland. Son deira overtok heimebruket til faren på Kløgetvedt.
- 3. Marete f. på Solberg, døypt 20.1.1726, gift 1.3.1750 med Nils Ellingson Berland i bygda. Budde på Våland i Nærbø.
- 4. Anna f. på Solberg, døypt 14.3.1728, gift fyrste gong med enkjemann Lars Olsson Kyllingstad i Gjesdal. Budde på Bue. Gift andre gong 1761 med Lars Tostensson Vaule. Budde på Vaule.
- 5. Valbor f. på Solberg, døypt 31.12.1730, gift fyrste gong 29.9.1758 med enkjemann Lars Larsson Gåsland i Egersund. Budde på Ege store. Gift andre gong 1763 med enkjemann Peder Oarsson Tengesdal. Budde på Tengesdal.
- 6. Giertrud f. på Røysland søre, døypt 2.2.1734, gift 1760 med Knud Larsson Bue. Budde på Bue. Anna, syster hennar, gifta seg med far til Knud.
- 7. Guri f. på Røysland søre, døypt 23.12.1736, gift 1761 med Lars Omundson Åsen. Budde i Åsen.
- 8. Aagod f. på Røysland søre, døypt 26.7.1739, gift 13.5.1764 med enkjemann Anders Olsson Sleveland i Helleland. Budde på Sleveland.
- 9. Guro f. på Røysland søre, døypt 12.1.1744, gift 1777 med Peder Pederson d.y. Ognedal. Budde på Tysland.
Gjertrud Torgersdotter Kløgtved's Timeline
1737 |
February 2, 1737
|
Bjerkreim, Norge (Norway)
|
|
1768 |
March 3, 1768
|
Herredsvela, Ogna
|
|
1772 |
July 5, 1772
|
Bue
|
|
1800 |
August 23, 1800
Age 63
|
Brusand, Rogaland, Norge (Norway)
|
|
???? |