Jens Jonasson Røeås

Is your surname Røeås?

Research the Røeås family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Jens Jonasson Røeås

Birthdate:
Birthplace: Rennebu
Death: 1775 (59-68)
Bybot, Flå
Immediate Family:

Husband of Guri Svendsdt. Røeås
Father of Ingeborg Jensdatter Franck Kalstad; Trond Jensson Røeås; Jonas Jensson Røeås; Svend Jensson Røeås; Trond Jensson Røeås and 1 other

Managed by: Kari-Elin R. Lillemo
Last Updated:

About Jens Jonasson Røeås

RØÅSEN

GNR. 80 OG 81 RENNEBU

Gaml. matr. nr. 530 og 531

Uttale; røåsen

Gardsnamnet er sammensett, og det siste leddet tyder beintfrem ein ås eller eit høgdedrag i terrenget. Vi er meir usikre når det gjeld det første leddet rø. Det kan ha sammenheng med fargeadjektivet raud, som her viser til raud berggrunn.

Ord av denne typen kan oigså gå attende til rud,n, som tyder rydning. Det er rimelig å tru at den første tolkinga har mest for seg når det gjeld denne garden. Namnet kjem altså av raud berggrunn.

Skrivemåten har alltid vore Rådaas eller Råeaas.

Vi er heller ikkje visse på når Røåsen vart rydda. Alt før 1620 var garden busett. Det var Peder og Rasmus som haddde slege seg ned her. Men om det var dei som rydda jorda på Røåsen eller om det hadde vore gard her før Svartedauden 1350, er svært vanskeleg å svare på med visse. Dersom Røåsen vart rydda før 1350, haddde garden vore øyde i nærare 270 år. Han måtte da vere heilt attgrodd då Peder og Rasmus kom hit. Om det stod morkne husrestar att eller om dei kunne sjå åkerreiner, gjev ikkje kjeldene svar på. Men dei fortel i store drag korleis skogen og villmarka måtte vike der Peder, Rasmus og etterkomarane deira sleit. På mange måter måtte det vere lettere å rydde ein gard der det hadde vore åker og eng tidligare.

Oppgåvene over husdyr og korntiend fortel oss at det tok nokre år å rydde jorda. Driverane betalte ikkje kvegskatt i 1628, og landskatten betalte dei som øydegardsmenn, dvs. at skatten var redusert. I 1657 var det likevel mange dyr på garden. Tilsammen hadde dei 2 drivarane 4 hestar, 12 kyr, 2 ungdyr, 6 sauer og 6 geiter. Sjøl om foringa på den tida ikkje er som i dag, var det likevel ikkje små mengder høy som gjekk med om vinteren.

Garden var krongods, og landskylda var 1 øre. Det vil seie at drivarane måtte betale vel 5 kg smør i årleg leie for garden. Leidangsytingane var 2 merker smør og 4 merker mjøl eller 0,5 kg smør og dobbelt så mykje mjøl.

Det er klårt at drivarane ikkje skulle ha vanskar med å svare desse avgiftene i 1650-åra. I 1667 vart tienda stipulert til 1 tønne. Det vil seie ein kornproduksjon på om lag 1 400 liter årleg. Matrikkelen 1723 meinte at 1,5 tønner var ein høveleg utsæd på kvar gard. Dersom vi reknar med 4 foll, vert kornproduksjonen 6 tønner eller vel 800 liter.

Men dersom vi skal tru kildene, sådde dei mange gonger "for halmens skyld". Røåsen låg " i baglien, var frostlendt og uviss til korn", heiter det i 1723. Andre kjelder seier at Røåsen "ligg i ville skogen, hvor intet korn vokser". Det skulle vere klårt at drivarane mange gonger måtte kjøpe eller bytte til seg korn. Røåsen hadde store område til råderett. Her dreiv dei i skogen og her var det kolbrenning og tjurrebrenning, produkt som dei kunne selje. Drivarane kunne kjøpe proviant og utstyr til smelteverket på Innset.

Både ved arbeid og sal av ulike varer kunne dei skaffe dei kontantane dei hadde behov for. Likevel var det drifta på garden som stod i sentrum. Etter kvart vart mykje av jorda kring husa nytta til åker, og foret måtte dei slå på ulike slåtteng i utmarka. I 1762 vart det rettsak mellom Fredrik Larsson og Endre Olson Fossem om kven som hadde bruksretten til engea Skofta, som Endre hadde nytta nokre år. Endre møtte ikkje på tinget, og saka måtte utsettast, men alle vitna hevda at så langt dei visste, hadde enga tilhøyrd Røåsen, og oppsitjaren der hadde nytta ho i over 30 år.

Året etter drog partane ut i marka på synsfaring. Grensa mellom Rennebu og Soknedal skulle gå frå ein merkestein i Svartåsen mot sørvest til ein annan merkestein, kalla Kongsvarden.

Domsmennene såg no at den øvste merkesteinen som stod over jorda, var slege sund med makt. På eit gammalt kart dei hadde var denne steinen merka med bokstaven E, Domsmennene sikta no frå denne steinen til ein annan stein som var merkt av på kartet med bokstaven F. Det viste seg at lina gjekk frå nordvest mot søraust. Men dei kunne ikkje finne merkesteinane.

Partane vart heller ikkje samde om kor Kongsvarden var. Endre Olson Fossem meinte han stod lenger sørvest i fjellet, og viste til ein lagmannsdom av 7/7 1675, der merkeslinene var oppteikna.

Domsmennene kom likevel til at Skoftenget låg under Røåsen og altså på vestsida av skillelinja. Fredrik Larsson fekk bruksretten til Skofta, og Endre Olsson vart fråkjent bruksretten og måtte betale 20 rdlr. i erstatning.

Dette syner oss kor viktige utmarksområda var for drivarane, og serlig for dei som ikkje hadde ein kornviss gard.

Drivarane ser likevel ut til å ha vore velståande. Dei hadde aldri vanskar med å betale skattane og avgiftene som dei vart pålagde, og dei betalte kontant da dei kjøpte til sjøleige.

Buet etter Lars Jensson Røåsen, 1760, vart gjort opp med eit overskot på 136 rdlr. Lars åtte både tinnskåler, tinnfat og koparkjeler, og han hadde lånt ut om lag 120 rdlr.

I 1757 kjøpte både Fredrik Larsson og Jens Jonson gardane slekta hadde bygsla i mange år. Dei betalte 100 rdlr. kvar.

Då garden vart rydda på 1600-talet, vart han lagt inn under krona. I 1666 fekk Chr. Schøller hand om gardane. Korleis dette gjekk til, vil gå fram under Storvoll. I 1720 hadde Johan Hamond kjøpt begge gardane, og det var på auksjon etter Hammond at drivarane kjøpte til sjølveige.

Berre vel 20 år seinere selde både sønene til Jens Jonsen og Fredrik Larsson gardane sine. Trond og Jonas selde til Lars Evensen Flå i 1777 for 546 rdlr. medan Fredrik fekk heile 850 rdlr. da han i 1770 selde til Anders Eriksen Herrem.

Både Lars Evenson og Anders Eriksen nytta gardane som avlsgarder ei tid framover. Tingvitne 1791 har dette å seie om garden som Anders Erikson kjøpte:

"Gården mistet sin beboer for 21 år siden og har vært underbruk fra den tid. Gården er oppgitt på grunn av sin ringehed og beliggenhed på Rennebuskogen, hvor intet korn vokser på grunn av frost.Da gården var bebodd, kunne det såes høyst 2,5 t. korn som bare i de beste år ble fullmodent, og avles 20 lass høy. Nå avles 40 lass til framføding av 6 kyr og 1 ungnaut. Avlingen konsumeres på Herrem (Søstuggu) som har meget slett utmark, Bygningene, som var i noenlunde tilstand da beboerne flyttet, er forfalne og nedråtnet. Eieren holder vedlike en seterstue og nødvendige forhus, da han flytter hit med sin buskap om sommeren."

Det er ikkje til å undres over at Fredrik Larsson selde Røåsen når han fekk 850 rdlr. Fredrik kjøpte Garsvoll og dreiv denne garden i eitt år før han døydde, men det er fremdeles slekta til Fredrik som sit med garden.

Gardprisen syner oss kor høgt eit underbruk vart verdsatt, men mange gonger kan det synes som om prisen vart set vel høgt. Jordtaksteringa 1802 verdsatte kvar gard til 166 rdlr., og det gjekk da heller ikkje lang tid før Anders Eriksen og Lars Evensen selde. Utetter 1800-talet vart Røåsen delt opp i fleire minde parter som alle vart nytta som underbruk. I 1866 var det i alt 7 partar, som Mikkel Trondsen Hol, Lars Siverdon Gunnes, Ellev Lånke, Jørgen Sivertsen Flå, Jens Hol, Gjertrud Lånke og Peder Jonsson Lånke åtte.

Dersom vi ser bort fra nokre husmenn som bodde på gårdsvaldet, var Røåsen øyde under heile 1800-talet.

I 1866 var det om lag 60 mål dyrka eng på Røåsen der det vart slege for til om lag 20 kyr og like mange sauer.

Det ser ut til at Røåsen ikkje vart verdsatt så høgt utetter 1800-tallet som i slutten av 1700-tallet. Gardsprisen gikk ned, og alle eigendomane var mindre godt dyrka i 1866. Om lag 1900 busette Jon Evenson Nerseter seg på Røåsen, men han budde berre nokre år her.

Først på 1900-talet kjøpte Peder Presthus ein eigendom her av Jon Olson Gunnesmæl, og i 1934 fekk sonen Ola skøyte på eigedomen. Ola tok til som bureiser i Røåsen. Han sette opp stuggu, fjøs, låve og stall i 1935. Martin Pederson kjøpte og jord på Røåsen og tok til med bureising.

Rennebuboka, bind 3, side 147 - 150

view all

Jens Jonasson Røeås's Timeline