Is your surname Rye?

Research the Rye family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Johanna Rye (Røttereng)

Birthdate:
Birthplace: Meldal, Sor-Trondelag, Norway
Death: September 16, 2010 (99)
Meldal, Sor-Trondelag, Norway (kreft)
Place of Burial: Meldal, Sor-Trondelag, Norway
Immediate Family:

Daughter of Ellef Røttereng and Kirsti Olsdt. Røttereng
Wife of Private and Torleiv (Tølløv) Rye
Mother of Private; Private; Private and Private
Sister of Anna Husby; Johan E Røttereng; Olga Syrstad; Jenny Røttereng; Kåre Olav Røttereng and 3 others

Managed by: Private User
Last Updated:
view all 18

Immediate Family

About Johanna Rye

Johanna Ellevsdatter Røttereng vart født ein sommerdag i 1911 i Fagerlia på Løkken. - Eg brukar seie at eg er født i "Skyggen av eit tårn" seier ho og minnes Løkkenforfatteren Ingvald Svinsås

Minna frå barndommen har ho framleis med seg. Ho hugsar godt at søstra Olga kom til verda da ho var berre tre år. Ho hugsar også at den gongen familien budde i Fagerlia, kunne det ha skjedd stor skade da ei skytesalve sendte ein stor stein gjennom vindauget til soverommet til mora og søstra Olga. Steinen landa på hodeputa til mora som nettopp hadde stått opp. Denne hendinga gjorde at familien på fire fann det best å flytte til mora sin heimgard på Bjørset i Meldal.

Etter at familien flytta til Bjørset, var faren mykje ute på anleggsarbeid. Tidlegare hadde han vore gruvearbeider på Løkken. I 1917 da Johanna var berre seks år, tok barndommen til dei fire søskena ei ny vending da mora fekk tæring. I november samme året, fødte ho ei jente som berre vart halvtårsgammel. Johanna var sju år og stolt ville ho vise mor si at ho endelig hadde lært å strikke med fire pinner. Men ho var for seint ute. Samme dagen dødde mora Kirsti etter å ha vore lenge sjuk av tuberkulose. Mora vart stadig svakare utover vinteren i 1918, og doktoren konstaterte langt framskreden tuberkulose. Etter eit fem vekers sjukeleie døydde ho 19. desember i 1918. Tida da mora var sjuk, var det tante Marit som tok seg av hus og heim. Johanna huskar godt den dagen da mora døydde. Tante Marit fortalte at mora ikkje ville eta frokost. Da ho skulle opp att med mat rundt middagstid, var mora død. - Eg sprang det fortaste eg rakk for å hente pappa der han arbeidde på eit anlegg ved elva. Han la på sprang heimover og sa samtidig; "gje deg att du Johanna. Du greier ikkje følge meg lell."

Vel heime husker ho at faren tok ho på fanget og at dei gret begge to. - Du forsto ikkje det du, Johanna, at ho mamma skulle døy, sa faren.

- Eg tenker mykje på at mamma ikkje rakk å bli 28 år eingong, seier Johanna stille som sjøl har nådd ein staseleg alder av 88 år (i 1999)

Samtidig som mora døydde av tuberkulose, vart resten av familien liggande i spanskesjuka. På gravferdsdagen til mora låg Johanna sjuk i senga og høyrde på songen som vart sunge over mora som låg i kista. Etter at mora døydde, vart det vanskelig for faren å ta seg alle dei fire ungane. Anna flytta til bestemor og bestefar Røttereng på Løkken for å gå på skule der, medan veslesøstra Olga vart bortsett til tante Berit på Løkken i fire år. Johanna og broren Johan vart verande heime på Bjørset.

Johanna skulle no ha vore skulejente, men faren meinte at ho var for ung for skulevegen. Da ho budde på Røtterenget deler av året, fekk ho gå på skulen på Løkken frå april til sommeren: På denne tida lære ho seg å lesa flytande, minnes ho.

Vel heime på Bjørset att, begynte ho på Fossen skule hos lærer Sigurd Nilsen. Ho minnes skolen med glede. Johanna hadde slik lyst til å lese og lære. - Det var berre så bedrøvelig at det ikkje vart meir enn folkeskulen, seier ho trist. I staden måtte ho ta seg jobb som budeie for å tene penger. - Eg har vore ein lesehest alll mi tid. Pappa hadde ein skåp full av bøker. Some gonger måtte han ta fra meg bøkene og sende meg ut for å leike i staden, fortel ho.

Om ho vart morlaus, så mangla ho ikkje varme og omsorg gjennom oppveksten. - Pappa var streng, men han var snill også. Eg huskar at han var med opp på loftet og laga fotbukt når eg skulle legge meg. Og så ga han meg eit vennskapelig klaps på baken før han gjekk, ler ho.

Da Johanna var 11 år, gifta faren seg oppatt med søstra til mora, tante Johanna. Olga flytta heim att, medan Anna vart buande hos besteforeldra på Løkken. - Når vi først skulle få ei stemor, så var det godt at det var tante. Ho tok over ein ungeflokk på tre, og var alltid snil og tålmodig.

Som andre ungar, måtte også ungane på Bjørset tidleg lære seg å hjelpe til.

Jentene lærte seg å strikke hosso og vottar til karane. Dei måtte også ta eit tak med gårdsarbeidet. Ellers var ungane på Bjørset mykje aleine ettersom det var lite ungar i nabolaget. Johanna og Olga var gode leikekamerater og hadde stor glede av å lage seg leikestue i bursala eller attmed kjørbrua opp til låven. Dokker hadde dei fått av faren, og ellers hadde dei isundslåtte kopper og fat til å leike med.

- Vi var ekspertar på ski, fortel Johanna som var så heldig å ha ein bestefar som laga både ski og kjelker. Ho hukser at ho rente unnarennet i hoppbakken i Svartdalen. Brakk ski gjorde ho også ein gong, men bestefar Ole Bjørset laga eit nytt ski til ho. - Problemet var at han laga ikkje skiet likedan som det andre, og eg sjemtes over at skia var ulike, fortel ho.

Johanna fekk ei kort ungdomstid. - Før eg vart konfirmert, tenkte eg at dersom eg hadde hatt slektninger i Amerika, så ville eg ha reist dit. Heime var det tronge kår, og det var mykje eg hadde lyst til å lære og oppleve.

I staden vart det budeiejobb på Lykkja på Storås da ho var 16 år. Tre år seinare, i 1930, vart ho gift med Torleif Rye i Loegrenda i Meldal. Johanna fekk gå livets skule som besto av mange, lange og harde arbeidsdagar. - Heldigvis var eg velsigna med god arbeidslyst, og eg må berre takke for livet.

Før Johanna var fylt 24 år var ho mor til tre jenter; Marit, Kjellrun og Annlaug. - Fordelen med å vere ung mor er at vi blir gamle sammen.

Torleif og Johanna tok etterkvart over heimgarden til Torleif, Rye, kor svigerinna Dorthea lærte Johanna å styreei hushaldning. - Det var mykje arbeid på ein stor gard. Medan Dorthea stelte huset og koka mar, var eg med på utearbeidet så mykje det gjekk an.

Med åra har ho lagt bort draumen om Amerika og meir skulegang. Men tur til det forjettede land Israel er det vorte, og ein fin tur til Italia.

No fuller ho dagane med hekling og lesing på omgang og gler seg over å ha så mange i familien rundt seg. - Egentlig er det enestående å vere meg.

Kilde: Avisa "Sør-Trøndelag" lørdag 6. november 1999

view all

Johanna Rye's Timeline

1911
June 27, 1911
Meldal, Sor-Trondelag, Norway
2010
September 16, 2010
Age 99
Meldal, Sor-Trondelag, Norway
September 24, 2010
Age 99
Meldal, Sor-Trondelag, Norway