Karen Sofie Pedersdatter Stor-Lunde

Is your surname Stor-Lunde?

Research the Stor-Lunde family

Karen Sofie Pedersdatter Stor-Lunde's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Karen Sofie Pedersdatter Stor-Lunde

Kildeinformasjon

Fødsel og dåp

Folketelling 1865 for 0518P Nord-Fron prestegjeld

Folketelling 1875 for 0518P Nord-Fron prestegjeld


GEDCOM Note

Sylte Sylte er ein gammal gard, som kan går langt tilbake i forhistorisk tid. Oluf Rygh meiner namnet kjem av ei fleirtalsform sultar, som skulle tyde liten sump utan avlaup. Nå er det vel ikkje akkurat mangel på svalup som preger bratta i Kvikne, men det kan vera eit reint lokalt tilhøve som har vore med og gitt garden namn. Og opphavet til gardsnamnet er vel heller ikkje heilt klårlagt. Ein av Syltegardane var erkebispegods, og finst oppført både i jordeboka til Aslak Bolt og Olav Engelbrektson. Sylte må vera delt alt tidleg i mellomalderen. Den garden erkebispen eig er i jordboka til Aslak Bolt kalla Øvre Sylte. Garden er elles der skrive Sulta. Sylte er elles omgote i eit diplom frå 1473. I 1604 er Sylte ein halvgard og ein fullgard. I 1723 er det 3 Syltegardar. Men den eine av desse er det nåverande Tøfte, som i gamle dokument ofte blir kalla for Øvre Sylte. I 1668 har ein Syltegard ei skyld på 2 hudar 3 bismarpund fisk, som svarar til 4 huder. Garden er kongens eigedom. I 1723 er gardane vorte sjøleigande. Det er nå kome til ein tredje gard Sylte, skyld 1 hud, utena at skylda på dei to andre Syltegardane er endra. Denne tredje garden er Tøfte. Korleis det heng i hop at Tøfte blir kalla Sylte er ikkje så godt å veta. Truleg har Tøfte for ei tid lege under Sylte. Muleg er det opphaveleg ein del av Sylte. Sygard Sylte har ein liten humlehage i 1668. Setrar på Skjedalsetra i 1668. Setrar i dag på Vollseter, Sygard Sylte har 1 husmann i 1723, 4 husmenn i 1801 og 7 husmenn i 1865. Sygard Sylte er "Sogneprestens hidindtil Tiende fri Gaard" i 1723. Gamle Kviknekyrkja stod på Sygard Syltes grunn. Kyrkjegarden rasa ut ved ofsen i 1789. På garden står enda Prestloftet eller Preststugu, der presten tok inn når han var på reise i embets medfør. Nordgard Sylte setrar på Siliseter i 1668. Setrar i dag på Hattdalen. Garden skal ha hatt heimseter på Sylteseterstulen, nedlagt seter Kvikne solside. I forarbeida til matrikkelen i 1865 oppgitt at Nordgard Sylte har haustseter i Essdalen, Rytvika, der dei avlar 5 lass høy a 15 våger. Båe Syltegardane har kvern i 1668 og 1723. Eigarar og Brukarar

Sygard Sylte (235/1) Sygard Sylte var den største av Syltegardane. Garden er kongens eigedom i 1668. Ein del bygsellendingar kjenner vi namnet på, utan å kunne følge dei i samanheng. I 1648 er ein Ole (Oluf) Sylte med på hyllinga av Fredrik III i Oslo. Han var vistnok frå Sygard Sylte. Ole Narvesen er eigar og brukar av Sylte i 1723. Gift med Rønnaug Iversdtr. Ein Narve Sylte er nemnt som lagrettsmann i 1676, truleg far hans. Anders Hansen, "forhen paa Korstad", kjøpte Sygard Sylte, 4 huder, av Ole Narvesen i 1729 for 574 rd.og førå til seljaren og kona, 1 t.sed i åkeren, der han sjøl vil, foring av 2 kyr og 6 sauar, og kjøparen skal bygge ei stugu til føråsfolka. Lodver Olsen Kongsli kjøpte Sylte av Anders Hansen i 1730 for 730 rd.og førå til Ole Narvesen og kone. Gift med Kari Pedersdtr. Faukstad. Dei var vistnok barnlause. Tjøstel Olsen Kongsli kjøpte Sylte av Kari Pedersdtr., enka etter Lodver Olsen, i 1738 for 900 rd. Tjøstel var bror til Lodver Olsen. Simon Olsen Huskelien, bror til Tjøstel Olsen, kjøpte Sylte i 1742 for 1 100 rd. Iver Olsen Risdal vart ved dom tilkjent rett som odelsmann til å løyse inn Sylte for 800 rd. I 1749 kon det til forlig slik at Simon Olsen betalte 240 rd.for odelsretten og fekk odelsskjøte på garen. Ved odelssaka i 1748 vart hus og gjerde på Vollsetra, taksert til 66 rd.halde utenfor, da Tjøstel Olsen skulle ha kosta det for si eiga rekning. Tjøstel Kongsli overdro setra til Nils Paulsen Grov. Han selde etra att i 1750 til Simon Olsen for 66 rd. Truleg er det Tjøstel Olsen som har rydda Vollsetra. I 1752 selde Simon Olsen tre "låveeng" under Sygard Sylte til Ole Paulsen Åsmundstad for 200 rd.og 3 rd.årleg til hjelp med skatten. Desse enga, to av dei kallast Bjørkenga, det tredje Salenge (?), ligg nedanfor Nordgard Sylte og går frå vegen ned til Vinstra. Jorda er kjøpt for å bu på, men er engeland utan åker og hus, difor skal det følge med utveg og utraster i skog og mark etter storleik og husbruk. I 1754 har Amund Jonsen Fosse og Lars Pedersen Stigen vor tenkt ved rettargang løyse inn sin odelsgard Sylte, men garden fell for dyr for deira ættlegg med 1 040 rd., og Simon Olsen skal betale dei 130 rd.for retten. I 1765 sel Iver Olsen Sylthågå, med sine søsterbarn, sin odelsrett til Sylte til Simon Olsen for 500 rd. I 1770 sel Simon Olsen ein del av seterlykkja Skjedalslykkja til Iver Olsen Sylthågå for 20 rd. Resten av Skjedalslykkja eig Iver Olsen frå før. Alt i alt må ein seie at Sygard Sylte vart nokså dyrt for Simon Olsen før han sat som trygg eigar av garden. Ole Olsen fekk skjøte på Sygard Sylte av Simon Olsen i 1771 for 1 400 rd. Han var gift med Embjør Jonsdtr. Ho hadde før vore gift med Paul Tordsen, som er død i 1768. (Paul Tordsen var vistnok son til Tord Litlgard og Marit Bø). Simon Olsen, som må ha vore barnlaus, må ha vore gift med mor til Embjør Jonsdtr., da ho blir kalla stødotter hans. I skjøta til Ole Olsen heiter det, at når han doyr eller vil gi opp garden, skal eldste son til Embjør Jonsdtr., Simon Paulsen, løyse inn garden for 1 400 rd. Simon Olsen hadde ved testamente i 1748 sett inn stødottera Embjør Jonsdtr. Til einearving. På sine eldre dagar har han late seg overtale til å opprette eit anna testamente,der han gjer brorsonen Simen Tjøstelsen Kongsli til einearving, men han har ikke oppfylt dei vilkår han sette, og i 1777 går han tilbake til sitt første testamente og sett Embjør Jonsdtr.til einearving på ny. Simen Paulsen, son til Embjør Jonsdtr.av første ekteskap, fekk skjøte på Sylte i 1789 for 1 399 rd.og førå til seljaren og kone. Gift med Tore Andersdtr. Paul Simensen fekk skjøte av faren på Sygard Sylte i 1811. Gift med Kari Pedersdtr. Harildstad. Peder Paulsen fekk skjøte på Sygard Sylte av faren Paul Simensen i 1856 for 2 000 spd. Gift med Marte Olsdtr. Stor-Lunde. Petter Pedersen fekk skjøte på Sylte av faren Peder Paulsen i 1892 for kr.7 200 og førå. Gift med Ane Iversdtr. Grosberg. Jokob Sveinsen Nordgard Sylte gifta seg med gardjenta på Sygard Sylte Margit Pettersdtr. Sylte. Ragnar Paulsen Hvattum fekk skjøte på Sygard Sylte av svigerfar Jakob Sylte i 1942 for kr. 20 000 og førå. Gift med Sigrid Elise Jakobsdtr. Sylte.

Ættetavle Sygard Sylte Ragnar Paulsen Hvattum, f. 1912. Ættetavle Byre Sigrid Elise Jakobsdtr. Sylte, f. 1916 Jakob Sveinsen Sylte 1891-1943. Ættetavle Nordgard Sylte Margit Pettersdtr. Sylte, f. 1891 Petter Pedersen Sylte, f. 1871 Ane Iversdtr. Grosberg, f. 1863. Foreldre: Iver Olsen Grosberg,f .1838 og Petra Olsdtr. Hov f. 1839.

Peder Paulsen Sylte 1824-1904 Marte Olsdtr. Stor-Lunde 1839-1919. Ættetavle Stor-Lunde Paul Simensen Sylte f.ca.1792, d.1862 Kari Pedersdtr. Harildstad 1796-1882. Foreldre: Peder Torgersen Harildstad, f.ca. 1774 og Rønnaug Andersdtr. Dalsegg, f.ca. 1770 Simen Paulsen Sylte f.ca.1767 - d.1854 Tore Andersdtr. Prestgard, f.ca. 1768 Paul Tordsen Sylte Embjør Jonsdtr. (Sili?). Truleg dotter til Jon Hansen Tune (Sili) og 2.kona hans Embjør Andersdtr. Dei hadde ei dotter Embjør f.ca. 1836. Mor hennar må så ha vore oppattgift med Simon Olsen Sylte, da Embjør Jonsdtr.er stødotter hans Tord Paulsen Litlgard, f.ca. 1709. Ættetavle Litlgard Marit Pedersdtr. Bø. Ættetavle Bø.



Folketelling 1900 Nord-Fron

view all 21

Karen Sofie Pedersdatter Stor-Lunde's Timeline

1862
December 1, 1862
Kvikne, Nord-Fron, Oppland, Norge (Norway)
1863
January 11, 1863
Kvikne, Nord-Fron, Oppland, Norge (Norway)
1882
May 5, 1882
Nord-Fron, Oppland, Norway
1883
1883
Stor-Lunde, Sødorp, Sør-Fron, Oppland
1886
February 11, 1886
Kvikne, Nord-Fron, Oppland, Norge (Norway)
1888
February 12, 1888
Ruste, Nord-Fron, Oppland, Norway
1890
July 19, 1890
Nord-Fron, Oppland, Norway
1892
July 30, 1892
Nord-Fron, Oppland, Norway
July 30, 1892
Nord-Fron , Oppland, Norway