Knut Hakesson Kvålen

Is your surname Kvålen?

Research the Kvålen family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Knut Hakesson Kvålen

Birthdate:
Birthplace: Mo, Telemark
Death: 1799 (32-33)
bnr 5 Hagen, Gnr 3 Berdalen, Bykle, Aust Agder (Frøys ihjel)
Immediate Family:

Husband of Gunvor Vrålsdtr Berdalen and Anne Såvisdtr Kvålen
Father of Signe Knutsdtr; Knut Knutsson Espe and Såvi Knutsson Hagen

Managed by: Ragnar Rolf Hegna
Last Updated:

About Knut Hakesson Kvålen

    Knut Hakesson, f 1766, d 1799 
   g 1. 1791 m Anne Såvesdtr. Kvålen, f 1770, d 1793. Born:
       Såve, f 1793, g 1821 m Ingebjørg Jonsdtr. Breive, sjå nedanfor 
   g 2. 1798 m Gunvor Vrålsdtr. Berdalen, f 1773, d 1860. Born:
       Signe, f 1799, d 1799
       Knut, f 1800, sjømann, bortkomen ca 1820, sjå nedanfor 

Me har sett opp Knut Hakesson utan etternamn, ettersom det ikkje er knytt noko visst gardsnamn til foreldra hans, men Aasmund Tveiten i Asker, som har skrive ein grundig, upublisert artikkel om Knut og ætta hans, har funne ut at dei var gifte, heitte Hake Knutsson og Signe Askjellsdotter, og budde ymse stader i Lårdal og Mo.

Knut var vidgjeten kjempekar, og visstnok den sterkaste i Mosokn. Men mot Storegut (Olav Olavsson) frå Edland vart han endå for lett, fortel Johannes Skar etter Svein Hovden (Gamalt or Sætesdal II, 302): Sitat Der var manntal [dvs. sesjon] på Dalen, og vinbyggjar og moingar sat og drakk i Lastein. Då kom dei til å dragast um karsstykkje, kven hadde betre karar. Vinbyggjane sette fram Storegut og moingane Knut Hakisson, og det vart til det at dei skulle prøvast.

Moingane våga tvo pottur [brennevin] på si kjempe, og vinbyggjane tvo på Storegut [...]. So la kvar mann tvo danske skilling til ei potte brennevin, med same det bar ihop.

Storegut trudde seg altfor godt; han gjekk imot Knut som hadde det aldri nokon ting på seg. Då gådde han inkje åt, so sette Knut herdi oppunder bringa, og lyfte han upp so han fekk ikkje fotfeste; det var naudt han kom nedpå med dei tumla utyver vollen. Olav Æddan [far åt Storegut] var utor seg: «Dævelen sturte deg, Olav, tek du inkje tak!», sa han. Då var det som eitkvart vondt for i Storegut; han krepte seg til og gjorde keikekastet og skaut han hityver vollen; dei tenkte han hadde skvett han sund.

Knut musla og log; men han hadde gråte, hadde det inkje vore for skommi. Moingane frydde på han; han laut prøve ein gong til. «Å nei», sa Knut; «det nyttar inkje prøvast meir no», sa han og sveiv so tolleg ifrå. So drakk dei [vidare] i Lastein [...]. Sitat

Knut døydde omlag som han livde. Det var nest fyre jol 1799 at han reiste frå Stavenes til Froland for å hente jolebrennevin, til å bera brennevinet i hadde han endå med seg ei stavkinne, fortel Skar. Så drakk og slost han i Froland om kvelden, og morgonen etter ville han heimetter. Det var så fælt eit uver den morgonen, at dei som var ilag med han åtvara han. Men det brydde han seg ikkje det grann om: «Er eg inkje i Stavenes fyrr dei studrar, må Faen slå av meg båe leggjine», sa han. Men dette var tydelegvis overmot, for han kom berre nesten heim. Nedpå Lundeflatane, midt i løypa mot Stavenes, og ikkje så langt frå heimen, vart det stopp, og der fann ein hjuring frå Utistog att liket hans sumaren etter. Truleg hadde han sett seg til å kvile, sovna, og frose i hel, men leggene var visst like heile.

Etter at Knut var borte, vart Torbjørg verande hjå foreldra med den lisle sonen sin ei stund. I folketeljinga frå 1801 finn ein dei såleis oppførde her på bruket. Men seinare, truleg etter at faren døydde i 1803, tok ho barnet med seg, og for or bygda. Kvar ho sidan vanka er i hovudsak ukjent, men Reidar Vollen i Kristiansand har funne fram til at ho døydde i Oddernes i 1860, og at det då vart halde offentleg skifte etter henne. Av skiftet går det fram at ho hadde hatt tilhald hjå ei enke Grethe Christine Korsmusdotter (!) Fiskå, og at ho hadde lege sjuk der dei siste to åra. Ho åtte litt lausøyre, taksert til vel så 13 speciedalar, og vidare hadde ho hatt til gode 40 speciar hjå Grethe. Men etter at godtgjersle for pleie og opphald var trekt ifrå, var buet vel 12 speciar i minus.

Så ikkje var det arv etter henne, og ikkje var det nokon til å erve. Om sonen, Knut Knutsson, vert det fortalt at han «forlod Norge som Sømand for 40 Aar siden, og har man intet hørt om ham eller fra ham siden den Tid.»

Såve Knutsson, halvbror åt Knut, var derimot i Bykle i periodevis, etter at han hadde vakse opp ymse stader i Mosokn. Ettersom han ikkje tykkjest ha hatt fast tilhald særleg lenge nokon stad, men flutte ikring det meste av livet, fortel me det me kan vita om han på denne staden. Han budde her då av og til, veit me.

Han vart nok bortsett som liten, for i folketeljinga frå 1801 finn ein han som 10-åring på Mo prestegard: «Eet fattig Barn til Opfostring», heiter det om han der. Det neste ein får vita om han er at han var ute i krigen i 1814. I 1816 skal han, etter det Johannes Skar fortel (Gamalt or Sætesdal I, 42), ha vore med på det uhorvelege slagsmålet under det vidgjetne tolvteruset i Nistog Viki, «det kaldlegaste tolvterus her hev vori i Valle": Sitat Dei slost so det var på livet. Heile tunet var blod. Saave Knutsson var på eit otelag, som var yver alt. «Fyst eg slapp attum husi å banna, då såg eg alli noken eg va ræd'e», fortalde han. Sitat

Etter det Skar veit å fortelje i ein annan samanheng (Gamalt or Sætesdal I, 240), var det Såve som flutte Innistog-husa for Dreng Byklum frå Tuptine og ned til det nye tunet. Om arbeidet hans med Muggsloptet heiter det m.a.: Sitat «Då avlept'an håvonno al'e av kver stokk'e. Ve'en va ovhar 'e: 'De va som eg hoggji jønn', fortålde Såvi Knutsson». Og Såve var etter tradisjonen mykje til rødar og forteljar. Den tid han arbeidde med Innistog-tunet budde han i Mosdøl. «Folk samla seg der for å høyre med han fortålde», fortalde Jon O. Løyland. Sitat

view all

Knut Hakesson Kvålen's Timeline

1766
1766
Mo, Telemark
1792
1792
bnr 5 Hagen, Gnr 3 Berdalen, Bykle, Aust-Agder, Norway
1799
1799
1799
Age 33
bnr 5 Hagen, Gnr 3 Berdalen, Bykle, Aust Agder
1800
1800
Byrte, Tokke, Telemark, Norway