![](https://assets11.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1657236958)
![](https://assets13.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1657236958)
public profile
Erfjord Gardar og folk bok II side 1045
Lars Olsen Håland f. o. 1570 d. 1625 g. på 1590-talet m. Ingeborg Jonesdtr. Tøtland eller Foss, Hjelmeland, d. straks etter 1662, 80-90 år gamal. Ingeborg og Lars budde først på Håland — frå kring 1600 — men var så vekke ei tid, kan hende på Sigmundstad i Fister. Så kom dei attende til Håland kring 1616/17. Ingeborg g. II. m. enkjemann Ola Osmundsen Kiladn, men kom attende til Håland då ho vart enkja på nytt kring 1646. Ho døydde truleg på Osnes.
Kjende born:
Ingeborg og Lars Håland kan ha hatt i alt 9 born som levde opp. I saka om bryllaupsgjerd i 1653 tok nemleg Ola Håland på seg ansvaret for bryllaupet til systera Lisbet, medan «dj Andre sex» skulle hjelpa broren Jone med hans bryllaup. Det skulle seia 9 born i alt, men då manglar det namn og vidare lagnad på 3 av dei. Dette kan ha vore born fødde før Kari og mellom Marta og Jone. Ola Håland løyste så raskt ut medarvingane sitt jordegods at det er vanskeleg å spora opp søskjenlaget den vegen.
Ei dotter kan ha vore gift med Osmund Oddsen Berakvam i Jelsa, f. Landsnes. Det er i så fall rart at ingen av sønene hans har namnet Lars. Ola Håland var likevel formyndar for dei. Med omsyn til den dottera som var forlova med Jelsapresten, kan det ha vore Marta, ho som sidan vart gift med bror til presten. Kan ei dotter ha vore gift med Peder Tveit i Fjedle?
Det må ha vore både ei Margreta og ei Bergitta i syskenlaget, kalla oppe etter farmora og mormora. Tore Håland skatta som forarma øydegardsmann i 1632. Han kan ha vore gardsstyrar for enkja Ingeborg, og det er ikkje umogeleg at det var den same Tore som budde i Vik i 1634.
Født ca. 1570. Det var trolig mens foreldrene bodde på Nedre Fevoll, Hjelmeland, Rogaland. De flyttet til Håland, Erfjord, Rogaland senest i 1578. I mellomtiden hadde de bodd på Hovda, Hjelmeland, Rogaland, hvor foreldrene er nevnt rundt 1574. (Hjelmeland. Gard og folk, 2. Gardane i Vormedalen, Hjelmeland og Askvik. s. 233.) (Hjelmeland. Gard og folk, 3. Fister og sørsida av Randøy. s. 247-248.) Gift på 1590-tallet med Ingeborg Jonsdatter. De bodde først, fra omkring 1600, på Håland, Erfjord, Rogaland. Så var de borte fra gården en stund, og bodde muligens på Sigmundstad i Fister (De er ikke nevnt her i "Hjelmeland. Gard og folk, 3. Fister og sørsida av Randøy" s. 199). Ca. 1616-1617 var de tilbake på Håland. (Erfjord: Gardar og folk 2. s. 995 og 1045.) (Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 210.) (Erfjord bygdebok. Frå ætte- og kultursoga i Erfjord. s. 168.)
1570 |
1570
|
Nedre Fevoll, Hjelmeland, Rogaland
|
|
1600 |
1600
|
Håland, Erfjord, Rogaland, Norway
|
|
1604 |
1604
|
Håland, Erfjord, Suldal, Rogaland
|
|
1605 |
1605
|
Jelsa, Rogaland, Norway
|
|
1607 |
1607
|
Håland, Erfjord, Rogaland
|
|
1610 |
1610
|
Håland, Erfjord, Rogaland
|
|
1611 |
1611
|
Håland, Erfjord, Rogaland
|
|
1613 |
1613
|
Håland, Erfjord, Rogaland
|
|
1615 |
1615
|
Jelsa, Rogaland, Norway
|