Historical records matching Lars Olsson Haugtrædet
Immediate Family
-
Privatechild
-
ex-partner
-
father
-
sister
-
sister
-
sister
-
sister
-
sister
About Lars Olsson Haugtrædet
Frå [http://www.varsleppen.com/]
Lars Haugtrædet Eg har mang ein gong høyrt spelemenn frå scena spelt ”Reinlender etter Lars Haugtrædet”. Men kven var denne mannen eigentleg?
Av Aslak O. Brimi
Lars Haugtrædet er eit namn som mange av oss i folkemusikkmiljøet har høyrt om. Ikkje fordi vi nødvendigvis veit så mykje om kven han var, men fordi nokre leikar i tradisjonen vår refererast attende til han. Gode leikar. Leikane kjem frå dei få som lærte av Lars, eller frå opptak som vart gjort av han. Lars Haugtrædet vart født i Skjåk i 1898. Han var nummer sju i ein syskenflokk på ni på Haugtrædet, eit lite sted ovanfor Sygard Gjeilo. Tre systre reiste, som så mange andre fyrst på 1900-talet, til Amerika. Men Lars vart buande her. Fyrst ulike stader i skjåkbygda, både i Lundagrenda og i Bismo, og ei tid på 50-talet forpakta han øvre Krogstad i Reppen. Fyrst på 60-talet kjøpte han eit småbruk på Grafferhaugen øvst i Vårdalen. Han var bygdaslaktar og skomakar, og ikkje minst glad i å gå i fjellet. Eg har sjølv berre høyrt opptak der Lars Haugtrædet speler munnspel, men han spelte fele au. Han var ei kjelde for runddansleiker, særleg frå Skjåk, men også som han laga sjølv. Han spelte ikkje særleg offentleg, men det er opptak av han i fleire private samlingar. Lars Haugtrædet gjekk burt i 1993.
Lars Olsson Haugtrædet's Timeline
1898 |
September 18, 1898
|
||
1921 |
May 27, 1921
|
||
1993 |
September 22, 1993
Age 95
|