Olavius Olson Kaldhol

Is your surname Kaldhol?

Research the Kaldhol family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Olavius Olson Kaldhol (Nevstad)

Norwegian: Kaldhol
Also Known As: "Olavius Olsen Kaldhol (Nebbestad)"
Birthdate:
Birthplace: Nevstad, Ulstein, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
Death: February 25, 1857 (58)
Kaldhol, Hareid, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
Place of Burial: Hareid
Immediate Family:

Son of Ole Ivarsson Tryggestad and Anne Pedersdotter Tryggestad
Husband of Berta Gurine Elisabeth Ellingsdotter Kaldhol
Father of Eli Olaviusdatter Indreflø and Elias Kristoffer Kaldhol
Brother of Tore Hjørungdal and Petrine (Petricha) Olsdtr Nevstad

Managed by: Private User
Last Updated:

About Olavius Olson Kaldhol

Olavius bygde nytt våningshus med stor stove og eit kammers på tverenden. I andre enden var der kjøken og gang. Huset var skeivtekt med ein vedagang på sørvestre sida med inngang frå kjøkenet. Der var og eit lite loft. For døra inn til stova var der breie blåmåla lister, og over døra stod det måla med gullbokstavar 1857. Stova var ikkje heilt ferdig då Olavius døydde. Stova stod til 1932, då kjøpte Hovde-Gustav henn til hønsehus for kr 200. Seinare vart ho flytta opp i Hovdenakken og nytta til hytte. Det var berre tømmer. (Ole Kaldhol 1975).

Olavius Olsen Nevstad (Nebbestad) vart konstituert klokker i Ulstein og Hareid 1835 til og med 1837. Då vart klokkarposten delt, og Olavius vart fast tilsett som klokkar i Hareid og var klokkar til han døydde i 1857. Olavius gjekk i skule noko med prost P.T. Buschmann i Ulstein for å lære seg å syngja, han lærde notane også. Det vart fortalt at prosten brukte ein koparkjel til å slå takta på. Olavius hadde ei uvanleg fin tenorstemme, han song som ei fløyte, fortel gamle folk som kunne minnast han. Buschmann tykte at Olavius song for veikt. "Har du ikkje kraftigere stemme", sa han ein dag. Olavis sette i med all kraft so det ljoma i veggane. "Uff, det var skrekkeligt", sa prosten då. Olavius Nevstad, seinare Kaldhol, vart tilsett som skulehaldar, men ein veit ikkje kva år det var. Han hadde vore skulehaldar 8 år før 1846, men har visstnok vore burte frå skulen nokre år før den tid, for i visitasprotokollen for Søre Sunnmøre prosti 20/9 1824 stend: "Provst Mønster androg i møtet (skulekommisjonsmøte på visitasen) at skuleholder Olavius Olsen Nebbestad ei alene dette år har forsømt skolen, men og de befalede chatechicationer i kirken de helligdage da messefald indtreffer, saa og uden hans (prostens) tillatelse lade uvedkommende give i undervisning i sitt sted rundt om i det ham anfortroede skoledistrikt. For denne hans forsømmelse blev han herved af kommisjonen diktert en mulkt af 2 spd. til skolekassen, ligesom han forhen af provsten er bleven irettesadt". Provst Mønster i Herøy tenestegjorde den tid som sokneprest i Ulstein, då her var prestelaust omlag 3 år. Det kan tenkjast at Olavius har vorte leid for denne skrapa og slutta som skulehaldar. Løna var vel heller ikkje noko å trøyta seg etter, når ein kunne få anna og meir lønsamt arbeid. 1846, 29/9, vart Olavius Kaldhol tilsett som skulehaldar i 5. distrikt i Hareid sokn, (Hareidsdalen og Snipsøyrdalen), med 9 spdl. i årlig lån og var lærar til sin død 1857. Ein som hev gått i skule for Olavius seier at dei lærde ikkje skriva eller rekna. Han spurde og sette fyre leksor, og so var det å sitja og lesa. Ein annan av elevane hans sa at dei fekke skriva ein grand, men ikkje rekna. Olavius var vaksinatør også og har vistnok teke til med det i ung alder. Ein kopeattest han har skrive, er datert Ulsteinvik 11/9 1823. Det vert fortalt at den dagen Olavius fekk helsotta, hadde han vore fram i Hovden eit ærend. på heimvegen song han so dei høyrde han lang veg: "Jeg gaar i fare hvor jeg gaar". Han vart sjuk og lagdest då han kom heim att, han døydde brått. Det var vistnok lungebrann, og heile bygda syrgde over den avhaldne lærar og klokkar. Olavius fekk garden og klokkarembetet etter klokkar Kaldhol. Kilde: Bygdebok for Ulstein og Hareid, band V, side 599.

view all

Olavius Olson Kaldhol's Timeline

1798
October 8, 1798
Nevstad, Ulstein, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
October 13, 1798
Ulstein, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
1824
April 4, 1824
1827
January 15, 1827
1857
February 25, 1857
Age 58
Kaldhol, Hareid, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
April 9, 1857
Age 58
Hareid