Ole Nilsson Sæbø

Is your surname Sæbø?

Research the Sæbø family

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Ole Nilsson Sæbø

Ola Nilsson Sæbø var fødd 1803 og vart gift 1827 med Sitona Albrektsdotter Askelund, Balestrand, dotterdotter til gastgjevar Gjert Falk i Balholm. Ola Sæbø og kona hadde desse elleve borni:

  1. Nils f . 1827
  2. Kristine Marie f. 1828
  3. Karen f. 1829
  4. Gjert Falk f. 1831
  5. Sitona f. 1834
  6. Hansine f . 1837
  7. Anders Tuchsen f. 1842,
  8. Peter Andreas f . 1844
  9. Jensine f. 1846
  10. Olina f. 1849
  11. Fredrike f. 1851

Hansine vart i 1860 gift med J ohannes Andersson Sæbø, og Peter Andreas vart i 1877 gift med Brita Sjnrsdotter Stavedal. Sitona døydde 20 år gamal, og Andreas drukna. Foreldri deira budde dei siste åri på Tenål. Ola Nilsson Sæbø kjøpte seg eit bruk i Bjordal i Kyrkjebø, var der ei tid, men flytte sidan inn att til Vik. Bruket i Sæbø seIde han til Nils Flom frå Aurland, som då budde på Hopperstad.

Kilde: BYGDABOK FOR VIK I SOGN III, Andre halvband, Skriftstyrar OLAV HOPREKSTAD, Utgjevar er Nemndi for Bygdabok, 1958, BOKTRYKK L/L – BERGEN, s. 336



Tidleg handel og gjestgiveri i Vik Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik. Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659. Då er det nemnt to handelsborgarar i bygda; Jon Robertsen frå Kirkwall på Orknøyane og Jens Rasmusson frå Holstein. Begge dreiv handel i Vik i omlag 10 år. Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659. Gjestgjevarløyvet vart frå 1725 disponert av ein annan klokkar, den danskætta Mads Hansen Sæby (1640-1734), og fylgde hans slekt i fleire generasjonar. Slekta skifta namn frå Sæby til Sæbø. Dei hadde også handelsløyve. I 1812 overtok den første bondeguten frå Vik, Nils Olson Åse, som handelsmann og gjestgjevar i Vik. Han tok etternamnet Sæbø og var inngift i dei velståande Daae og Tuchsen-slektene, som hadde store jordeigedomar i Vik, og det var kona Christine Marie Tuchsen som styrde både handel og gjestgiveri. Sonen Ola Nilson Sæbø selde i 1833 handelen og gjestgiveriet til bergensaren Jens Boalth Wallentinsen. Han hadde gard på Hove med eit staseleg bustadhus der det var utanlandske bilettapetar på veggane. Dette huset vart i 1890 selt og flytta til Vange, der det vart gjenreist i enklare stil, og tapeta gjekk tapt. Det var i ein bakaromn i Jens Boalth Wallentinsen sin butikk at storbrannen som gjorde 333 vikjer huslause i 1838, starta (sjå Ulukker i Vik). Wallentinsen hadde teke til å byggje opp att gjestgjevargarden som eit hotell, men bestemte seg i 1847 for å flytte tilbake til Bergen. Han selde det halvferdige hotellet til svogeren Ole Andreas Hopstock frå Risør - og resten av historia finn du under Hopstock Hotell.

view all 13

Ole Nilsson Sæbø's Timeline

1803
1803
1827
1827
1828
1828
1829
1829
1831
September 6, 1831
Vik, Sogn og Fjordane, Norway
1837
1837
1842
1842
1844
1844
1846
November 2, 1846
Sæbø, Sogn og Fjordane, Norway
1849
July 26, 1849
Vik, Sogn og Fjordane, Norway